Kulturstrøm

  • Vulvaskjerf vekker oppsikt

    Det nye skjerfet «The Touch of Fur shawl» frå motehuset Fendi har fått svært mykje omtale på internett det siste døgnet. Grunnen for oppstyret er at mange meiner skjerfet liknar mistenkeleg mykje på eit kvinneleg kjønnsorgan. Motehuset har no fjerna den hudfarga versjonen frå nettsidene.

    Skjerf
    Foto: Fendi
  • Mottar ærespris i Marrakech

    Skodespelaren Robin Wright, kjent frå blant anna Forrest Gump og House of Cards, mottar «The Golden Star» på Marrakech Film Festival i Marokko. Wright mottar prisen for prestasjonar både på film og TV, i tillegg til arbeidet hennar med veldedige organisasjonar i Kongo, melder Hollywood Reporter.

    FILE PHOTO: Cast member Wright poses at the premiere of "Wonder Woman" in Los Angeles
    Foto: Mario Anzuoni / Reuters
  • Mortensen debuterer som regissør

    Amerikansk-danske Viggo Mortensen debuterer som regissør for den kommende filmen «Falling». Ved siden av å være regissør er Mortensen også produsent – samt manusforfatter for filmen, som handler om relasjonen mellom en sønn og hans aldrende far. (NTB)

    Toronto International Film Festival (TIFF)
    Foto: Valerie Macon / AFP