Hopp til innhold

YouTube tek over for MTV

Denne veka fyller YouTube fem år. Nettstaden er på god veg til å avløyse MTV som den viktigaste musikkvideoarenaen.

Skjermebilete Lars Vaular
Foto: Skjermbilete/YouTube.com / NRK

YouTube får skulda både for MTVs død og for å ha revolusjonert musikkvideoutrykket. Denne veka fyller nettgiganten fem år, og mange artistar bruker sida svært medvite for å uttrykkje ein meir personleg bodskap.

Lars Vaular

Bergensrapparen Lars Vaular lanserer stadig nye videoar på YouTube.

Bergensrapparen Lars Vaular er ein av dei som bruker YouTube aktivt for å marknadsføre seg.

— Eg kan gjere kva eg vil. Når det gjeld til dømes tv-kanalar, er det mange fleire ting ein må ta omsyn til, seier Lars Vaular.

Etter å ha eksistert i fem år har nettstaden langt på veg teke over MTVs rolle.

— Det har i alle fall gjeve mange eit spark i ræva til å finne fram til dei enkle, gode ideane igjen. Det er ikkje vits i å bruke så mykje pengar på å lage ein musikkvideo når uansett ingen ser på TV, synest Lars Vaular.

Form framfor innhald

Også direktøren i plateselskapet EMI Music Norway, Bjørn Rogstad, ser det positive i rolla YouTube spelar. Han meiner YouTube har vore med på å bryte ned det klassiske musikkvideo-idealet MTV har stått for.

— Frå MTV har det vorte sett sterke krav til kor dyr ein musikkvideo skal sjå ut. Kor profesjonell videoen ser ut, har alltid vore viktigare for MTV enn innhaldet, meiner Bjørn Rogstad.

— Tingen med YouTube, sosiale nettstader, og alle nye ting på nettet, er at dei legg veldig til rette for uavhengige folk. Det passar mykje betre for ein type som meg, seier Lars Vaular.

Suksessfaktor

Marit Larsen under konsert på Uka-09

YouTube-videoar har vorte viktige for Marit Larsen.

Foto: Arne Kristian Gansmo

YouTube kan også vere ein viktig faktor for ein suksessen til ein artist. Bjørn Rogstad fortel at dei i samband med lanseringa av Marit Larsens førre album lagde ein serie med YouTube-videoar, som var billege å produsere.

— Desse vart veldig raskt vart plukka opp av Perez Hilton, og vart dermed vår mest sette video på mange, mange, mange år, seier Rogstad.

I dag slepp Lars Vaular nok ein musikkvideo på YouTube.

— Eg har nokre musikkvideoar som er veldig enkle, som eg berre klipper sjølv, der eg eigentleg berre stel bilete. Så har eg litt meir ambisiøse videoar der vi filmar, og lagar skikkelege videoar, seier Lars Vaular.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober