Hopp til innhold

Youtube-stjerne beklagar jødevitsar

I ein 11 minutt lang Youtube-video ber den svenske YouTube-stjerna Pewdiepie om unnskyldning for å ha tulla med jødar.

Felix "Pewdiepie" Kjellberg

BEKLAGAR SEG: Svenske Felix Kjellberg, kjent som Pewdiepie, er verdas største på Youtube.

Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB Tema

28 år gamle Pewdiepie, eller Felix Kjellberg mista tidlegare i veka kontrakten med Disney-selskapet Maker Studios, etter at han blei skulda for antisemittisme.

Blei hylla av nynazistar

Kjellberg, som tener over 100 millionar kroner i året på å vere stjerne på Youtube la ut eit klipp der to menn ler medan dei held eit skilt med teksten «Død over alle jødar».

Ifølge den amerikanske avisa Wall Street Journal skal svensken ha lagt ut ni klipp som inneheld antisemittiske spøker eller nazistiske bilde. Han blir blant anna hylla på ein stor nynazistisk nettstad i USA.

I ein video i dag unnskyldar PewDiePie seg for å ha laga antisemittiske vitsar og seier at han gjekk for langt.

– Eg beklagar orda eg brukte, eg veit vitsane fornærma folk, seier Kjellberg.

Refser media

Med 53 millionar følgarar har PewDiePie den største tilhengarskaren på Youtube. Videoen, som han lasta opp på sin Youtube-kanal i ettermiddag er allereie sett av nær 500 000.

– Eg trur verkeleg at du kan tulle med alt, men eg trur også at det er ein riktig måte å tulle på og ein ikkje fullt så god måte å tulle på. Eg elskar å pushe grenser, men eg er ein nybyrjar har definitivt gjort liknande feil før, seier Kjellberg i videoen.

Samstundes som Kjellberg orsakar seg, bruker han mykje av tida i videoen på å kritisere media for å ha vore urettferdige mot han, og seier at vitsane hans blir tolka ut av kontekst.

– Om det er noko eg har lært om media gjennom å vere ein offentleg person, er det korleis dei grovt feilrepresenterer folk og angrip dei for å fremme seg sjølve.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)