NRK Meny
Normal

Neil Young går i strupen på genmat-Monsanto

Neil Young kjem med konseptalbum mot genmat-giganten Monsanto og kaffekjeda Starbucks. Den gamle rockaren fyrar av musikalske breisider mot «fascistiske politikarar» og gigantiske multinasjonale selskap.

Neil Young Oilsands Neil Young

SYNG UT: Neil Young har laga hits som 'Heart of Gold' og 'Rockin in the Free World'. No rettar han rocken sin mot genmanipulert mat.

Foto: Mark Blinch / Ap

Neil Young tidlegare laga album der han protesterer mot krig og George W. Bush eller syng om å køyre miljøvennleg bil. Denne gongen er det store amerikanske selskapet Monsanto som blant anna lagar genmodifisert mat, som får føle Young sin både vrede og humor.

PEOPLE NEIIL YOUNG

FRED OG KJÆRLEIK: Canadiske Neil Young har engasjert seg i mange år mot krig og for miljøvern. Han har også vore ute i media mot tjæresand og oljeprosjekt i Canada.

Foto: JULIE JACOBSON / Ap

– Politikarar og selskap arm i arm

Monsanto lagar både genmodifiserte frø og i tillegg sprøytemiddel mot ugras. Ein av grunnane til at Neil Young er forbanna på Monsanto er at dei har gått til søksmål mot statar som Vermont for å stoppe merking av genmodifisert mat. Starbucks får peppar av Young fordi dei ikkje vil opplyse til nettsida hans om dei brukar genmodifisert kaffibønner.

I ein av songane sine så syng han på karakteristisk protest-vis:

«When corporate control takes over the American farm, with fascist politicians and chemical giants walking arm in arm»

Saka fortset under bildet

COLOMBIA-PROTEST/ Demonstrator take part during a protest against Monsanto Co in Bogota

DEMONSTRASJONAR: New York Post skriv at artisten Young og organisasjonen Greenpeace er med å svelte fattige barn, fordi dei er mot genmodifisert mat. Dette bildet er frå ein av mange demonstrasjonar mot Monsanto.

Foto: JOHN VIZCAINO / Reuters

– Young jobbar for å svelte verdas fattige

Den gamle rockaren sitt engasjement mot Monsanto og mektige selskap sin kontroll over både mat og bønder møter ikkje berre applaus.

Ein kommentator i New York Post meiner at Neil Young og andre motstandarar mot genmodifisert mat i realiteten er med å nekte dei fattige mat. Meiningsmotstandarane meiner at genmodifisering vil gje auka matproduksjon og vil redde fattige liv.

Young er sjølv bonde

Neil Young bur sjølv på ein farm, og det er noko av bakgrunnen for engasjementet hans mot Monsanto. Young er også kjent for at han var med å starte støttekonsertane Farm Aid, saman med Willie Nelson. På det nye albumet «The Monsanto Years» har han med seg musikarane Lukas og Micah Nelson, begge soner av Willie Nelson.

Agent Orange

Neil Young har truleg hatt ein torn i sida til Monsanto sidan 1960-talet. Rockaren lagde fleire protestsongar mot Vietnam-krigen. Monsanto på si side produserte gifta Agent Orange som det amerikanske militæret brukte for å øydelegge den vietnamesiske jungelen med.

Den dag i dag blir folk barn i Vietnam født med misdanningar grunna den Monsanto-produserte gifta Agent Orange. Young blir no truleg den mest profilerte kulturpersonlegheita som deltek i den internasjonale protesten mot selskapet.

Sist gong Young hadde konsert i Norge var i på Koengen i Bergen i fjor sommar. Artisten legg ut på ein USA- og Canada-turne i sommar der han skal spele delar av protestalbumet «The Monsanto Years» som blir lansert 16. juni.