Hopp til innhold

Yoga for mor, baby og bamse?

Norge Rundt blei med på trening med 20 små og store yogautøvarar.

Mor og barn yoga

Margunn og datteren Mia er gode yogapartnere. Eg fekk meg ein bamsepartner!

Foto: NRK

Margunn Steinsland Aguilar har trent yoga i mange år, også når ho var gravid. Kort tid etter at ho hadde født Mia begynte ho å trena yoga med babyen. Det er ikkje Margunn åleine om, kvar veke møtes yogainteresserte mødre til time på Yogarommet i Bergen.

Norge Rundt blei med på ei trening, og sidan eg ikkje har baby fekk eg låna med meg ein bamse.

Babysmil i heile lokalet

Babyyoga

Det er god tid til å helsa på kvarande.

Korleis kan ti mødre og ti små babyar trena saman i eit lokale? Eg såg for meg høglytt skriking og kaos, der tok eg feil. Babyane var oppslukte av aktiviteten. Når mor gjorde øvingar åleine såg dei på med store auge, og når mor gynga dei i ei anna øving var det babysmil i heile lokalet.

Timen stoppar ikkje opp om nokon treng ny bleie, eller er svolten. Alle deltek i sitt tempo, det er babyane som styrer showet.

- Yoga gir alt

Instruktør Line Damli seier at alle kan gjere yoga, og at målet er å gje utøvaren ei kjensle av glede og inspirasjon. Mange av dei som begynner med babyyoga kjem frå gravidyoga-kurs, ifølgje Damli.

Men kva får ein ut av dette?

Mia på eitt år er veldig glad i andre babyar, og timen gir ho ein god moglegheit til å gje dei andre babyane ein kos, ifølgje mora. For Margunn gir yogaen nærast alt. Å få trena saman med dattera som likar øvingane, og energien yogaen gir som ho tar med seg etter timen.

Og korleis trening med ein bamsepartner gjekk får du sjå i sendinga på fredag!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober