Will Smith
Foto: NBC / NBCUNIVERSAL VIA GETTY IMAGES / WARNER BROS. / SF STUDIOS
Foto: NBC / NBCUNIVERSAL VIA GETTY IMAGES / WARNER BROS. / SF STUDIOS

Frå Fresh Prince til Oscar-favoritt

Ei dramatisk scene for snart 30 år sidan staka ut kursen for Will Smith.

Oppdatert 28. mars: Då er det offisielt: Will Smith har vunne sin første Oscar. Her får du vite kvifor skodespelaren var den aller største favoritten til å vinne prisen.

***

Will Smith starta karrieren som rappar og gjøglar, og har vore elska av folket i over 30 år. Filmane hans har til saman tent inn over 9 milliardar dollar, noko som gjer han til ein av dei mest populære skodespelarane i historia.

Men den gildaste filmprisen, sjølvaste Oscaren, har han aldri fått. I år er derimot medium som GQ og Variety klar i si tale:

No er det Will Smiths tur til å vinne det gylne trofeet.

Skodespelaren er nominert for rolla i «King Richard». Filmen handlar om Richard Williams, som mot alle odds klarte å trene opp døtrene sine, Venus og Serena, til å bli to av dei beste tennisspelarane i verda.

Scene frå King Richard

KING RICHARD: Will Smith som Richard Williams, saman med Demi Singleton som Serena (til venstre) og Saniyya Sidney som Venus (til høgre).

Foto: Warner Bros./SF Studios

Om han skulle få sin første Oscar for nettopp ei farsrolle, blir nok kjenslene ekstra sterke. Det vanskelege forholdet til sin eigen far har spelt ei avgjerande rolle for Will Smith, både i livet og karrieren.

Blod på soveromsgolvet

Willard Carroll Smith jr. vaks opp som nest eldst av fire søsken i West Philadelphia på 1970-talet. Ifølge sjølvbiografien «Will» frå 2021 har han fantasert om å drepe faren sin.

Will skildrar faren som både varm og utrygg; han forsørgde familien og møtte opp på basketballkampar, men kunne også vere valdeleg når han drakk.

Då Will var ni år gammal, såg han faren slå mora så hardt i hovudet at ho fall saman på soveromsgolvet. Minnet om mora som spytta blod i ørska, brann seg fast på netthinna hans.

Sidan har han gått med ei skuldkjensle gjennom livet, for at han ikkje våga å forsvare ho den dagen.

Familien Smith

FAMILIEN SMITH: Will saman med faren Williard sr. og veslesøstra Ellen utanfor heimen i West Philadelphia på starten av 1970-talet. Wills far døde i 2016.

Foto: Will Smiths offisielle Facebookside

For at noko slikt ikkje skulle skje igjen, begynte Will å lage ablegøyer og god stemning heile tida. Så lenge faren var i godt humør, var familien trygg.

På midten av 1980-talet var den amerikanske hiphopen framleis ganske uskuldig. Dette var før alle rapptekstane skulle handle om rus, vald og horeri, og gangsterrappen hadde enda ikkje blitt allemannseige.

Alt låg difor til rette for at tøysekoppen Will Smith kunne teame opp med barndomskompisen «Jazzy Jeff» og danne det som skulle bli ein av USAs største hiphop-duoar.

Fresh Prince og Jazzy Jeff

HIPHOP-DUO: Wil Smith og Jeff Townes møtte kvarandre på ein ungdomsfest, og fann tonen med det same.

Foto: David Corio / Redferns

DJ Jazzy Jeff & the Fresh Prince hausta Grammy-prisar, og erobra den amerikanske Billboard-lista gong på gong med songar som «Parents Just Don't Understand», «A Nightmare on My Street» og «Summertime».

Duoen skulle nok gjerne berre ha vore musikarar på heiltid, hadde det ikkje vore for at Will ikkje var så flink til å betale skatt. (Han var jo berre tenåring, stakkars, og naturlegvis ikkje vand med å handtere millionar av dollars på kontoen sin.)

I 1989 kom den saftige rekninga frå skattemyndigheitene; Will skulda over 1 millionar dollar og mista både hus, bilar, motorsyklar, stereoanlegg og biljardbord. Han trong pengar, mykje pengar, og var difor ikkje vond å be då TV-kanalen NBC ringde.

Hausten 1990 vart den første episode av komiserien «The Fresh Prince of Bel-Air» spelt inn. Will hadde inga skodespelarerfaring, men det var heller ikkje så viktig. Han skulle berre spele ei fiktiv utgåve av seg sjølv, og kunne halde fram med den tøysete veremåten sin.

Fresh Prince of Bel-Air

DEN UTVIDA FAMILIEN BANKS: Frå venstre: Butleren Geoffery, Carlton, Hilary, Ashley, Vivian og Philip. Bakarst står hovudpersonen Will.

Foto: NBC / NBCUniversal via Getty Images

Will fekk også ta med seg kameraten DJ Jazzy Jeff (som heller ikkje hadde betalt skatt og skulda masse pengar).

«The Fresh Prince of Bel-Air» vart ein enorm TV-suksess, også langt utanfor USAs landegrenser. I Noreg har dei seks sesongane gått i loop over fleire år på TV 2 og TVNorge.

I dag – 30 år etter serien vart spelt inn – er det framleis den rolla Will Smith er mest kjent for. Uansett kvar han reiser, skal folk få han til å rappe den fengande opningssongen eller danse den udødelege Carlton-dansen.

Will Smith har fleire gongar sagt at dette er serien som gjorde han til skodespelar. Det store vendepunktet kom i den 24. episoden i fjerde sesong.

Då skulle rolla hans for første gong møte faren sin i serien.

Klemmen som gjorde Will til skodespelar

Heile utgangspunktet for «The Fresh Prince of Bel-Air» var at rollefiguren Will, som hadde budd aleine med mor si i eit belasta nabolag, skulle flytte inn i villaen til den rike onkelen og tanta si.

Fram til slutten av fjerde sesong var faren berre eit stort spørjeteikn.

Så kom han plutseleg på besøk og ville vere ein del av sonen sitt liv. Will vart sjeleglad – han hadde brått fått ein far i livet – men gleda skulle ikkje vare lenge. Berre i løpet av den korte episoden på 23 minutt drog han sin kos igjen.

Scene frå Fresh Prince of Bel-Air

FRESH PRINCE: Den lettbeinte humorserien fekk ein ny dimensjon då Wills far kom på besøk i slutten av sesong fire.

Foto: Everett Collection

Stemninga i studio var noko heilt anna den dagen. Serien vart spelt inn med publikum, som flira i tide og utide, men under den siste scena i episoden var det heilt tyst – alt bygde seg opp mot at faren skulle forlate sonen sin.

Scena var så trist og rørande at du kan høyre snufsing frå crew, publikum og medskodespelarar i slutten av episoden. Skodespelaren Ben Vereen, som spelte Wills far, braut ut i gråt med ein gong han gjekk ut døra.

«DADDIO»: Sjølv om Will Smith budde saman med sin verkelege far i oppveksten, kunne skodespelaren bruke mykje av si eiga smerte frå barndomen. I episoden kallar han faren for «Daddio», det same kallenamnet som han brukte om sin verkelege far.

Ifølge regissør Shelley Jensen var dette augeblikket som staka ut kursen for resten av Will Smiths skodespelarkarriere. Frå no av spelte han ikkje berre ein karikert figur, men ei djup og kompleks rolle.

Denne episoden er også eit klimaks for heile «Fresh Prince». Will går frå å vere utan far, til å få ein far, til å plutseleg ikkje ha ein far likevel, før han innser at han faktisk har ein trygg og god farsfigur i livet sitt: Onkel Phil, spelt av James Avery.

Avery var det store forbildet for Will Smith. Han var ein skolert skodespelar som hadde mykje å lære vekk til den unge kollegaen sin. Under denne episoden var han spesielt viktig for ein nervøs Will.

James Avery og Will Smith

RIP ONKEL PHIL: Skodespelaren James Avery døde 31, desember 2013. Will Smith hylla læremeisteren sin på Facebook med å skrive: «Some of my greatest lessons in acting, living and being a respectable human being came through James Avery. Every young man needs an Uncle Phil. Rest in Peace.»

Foto: NBC / NBCUniversal via Getty Images

I ein episode av podkasten Rap Radar frå 2018 mimra Will tilbake til visdomsorda Avery sa til han i studio:

Slapp av. Du har det i deg, du veit kva du skal gjere. Sjå på meg. Bruk meg. Ikkje spel rundt meg, spel med meg.

Under den siste klemmen på slutten av scena lente Avery seg tett inn til Wills øyre og kviskra: «That’s fucking acting right there.»

(Medan Onkel Phil fekk ein sterkare relasjon til Will gjennom serien, kan ein dessverre ikkje seie det same om relasjonen til DJ Jazzy Jeff. Wills surrete kamerat gjekk Onkel Phil på nervane, noko som førte til at han stadig vekk bokstavleg talt vart kasta ut av huset.)

Laster Giphy-innhold

Første Oscar-forsøk

Då den siste episoden av «The Fresh Prince of Bel-Air» gjekk på lufta i mai 1996, var Will Smith ein fullblods skodespelar. Berre eit par månadar seinare hadde actionfilmen «Independence Day» premiere.

Her spelar han hovudrolla som den modige jagarflypiloten Steven Hiller, som redda verda frå vondsinna romvesen. Filmen var den mest sette i 1996 (framfor «Mission Impossible» og tornadofilmen «Twister»).

Will Smith

PILOT: 20th Century Studios var skeptiske til Will Smith, og var redd for at hudfargen hans ville gjere den internasjonale marknaden mindre interessert i filmen. «Independence Day» enda opp med å tene 817 millionar dollar på verdsbasis, på den tida var det nest mest i historia etter «Jurassic Park».

Foto: ©20thCentFox / Everett Collection

Vidare følgde den eine actionfilmen etter den andre: «Men in Black», «Enemy of the State» og «Wild Wild West» (som han valde framfor å spele Neo i «Matrix»). Slike filmar kan vere svært populære blant folket, men vinn som regel ikkje Oscar-statuettar.

Om du derimot spelar ei eksentrisk hovudrolle, i ein biografisk film, som att på til fortel ei historie om ein ekte amerikansk helt ... Då er du inne på noko. «Ali» (2001) var ein slik film; han handla om boksaren Muhammad Alis veg til verdsherredøme.

Will Smith som Muhammed Ali

ALI: Will Smith møtte bokselegenda fleire gongar under innspelinga av filmen. Skodespelaren var også med på bere kista under Alis gravferd i 2016.

Foto: FRANK CONNOR / AP

Will gjekk «all inn» i rolla. Han la på seg mange kilo med musklar, og trena boksing med ein profesjonell trenar. Han møtte også den ekte Ali fleire gongar for å lære å snakke som han.

Om du ikkje har sett «Ali», så er det ingen ting å skamme seg over, for det er det heller nesten ingen andre som har gjort. Filmen vart ein gigantisk flopp, og fekk eit underskot på 100 millionar dollar. Men slik måtte det dessverre gå når han hadde premiere to veker etter «Ringenes Herre».

Det skal likevel seiast at «Ali» fekk ganske gode kritikkar. Will Smith fekk også sin første Oscar-nominasjon, men nådde ikkje heilt opp i konkurranse med Denzel Washington og filmen «Training Day».

Will hadde uansett bevist at han kunne bere ein heil film på skuldrene sine, utan hjelp frå romvesen og eksplosjonar. Det var berre å prøve igjen.

Andre Oscar-forsøk

I 2006 skulle Will nok ein gong spele ei eksentrisk hovudrolle, i ein biografisk film, som att på til fortel ei historie om ein ekte amerikansk helt.

Filmen «The Pursuit of Happyness» handla om aksjemeklaren Chris Gardner, som gjekk frå å bu med sonen sin på gata til å bli mangemillionær.

Will fekk spesielt mykje skryt for å spele ei truverdig rolle i denne filmen. Kanskje ikkje så rart når ein ser kven han spelte mot, det var nemleg den ekte sonen hans: sju år gamle Jaden Smith.

Will Smith og Jaden Smith

FAR & SON: «The Pursuit of Happyness» var Jaden Smiths skodespelardebut. Seinare har han spelt i ei rekke filmar, blant anna Harald Zwarts «The Karate Kid» frå 2010.

Foto: Rights Managed / Mary Evans Picture

Under innspelinga lærte Will si viktigaste lekse så langt om kva det vil seie å vere ein god far.

Når alt kjem til alt handlar det om kor mykje tid du brukar med barnet ditt. Om det er på golvet i eit offentleg toalett (som i filmen), eller i ein millionvilla (som i Wills verkelege liv), så handlar det til sjuande og sist om tid, sa Will under pressekonferansen til filmen.

Utsegna står i sterk kontrast til den fråverande faren Will spelte mot i «The Fresh Prince of Bel-Air». Men Will møtte også seg sjølv i døra; han hadde vore mykje vekke frå heimen i periodar.

Under innspelinga av denne filmen var han plutseleg saman med sonen sin ti til tolv timar kvar dag.

Will Smith vart nok ein gong nominert til Oscar, og nok ein gong nådde han ikkje heilt opp. Moglegvis vart han enda meir skuffa denne gongen. Nyleg sa han til magasinet The Blast at «The Pursuit of Happyness» er den beste av alle dei 32 filmane han har spelt i.

(Alle gode ting er) Tredje Oscar-forsøk

I filmen «King Richard» prøvar Will Smith nok ein gong å spele ei eksentrisk hovudrolle, i ein biografisk film, som att på til fortel ei historie om ein ekte amerikansk helt.

Nok ein gong utforskar han farsrolla, med å spele den standhaftige trenarpappaen Richard Williams. Denne gongen er det enda eit ekstra lag i historia: Den verkelege Williams fekk to kraftige hjerneslag i 2016. Han lever framleis, men slit med helsa.

No reiser Will Smith rundt på prisutdelingar saman med døtrene Venus og Serena, som ein slags svanesong for å heidre pappaen deira.

King Richard

FAMILIEN WILLIAMS: Søstrene Serena og Venus har begge vore rangert som verdas beste tennisspelar. Til saman har dei vunne 55 Grand Slam-titlar.

Foto: WARNER BROS./SF STUDIOS

Så langt har det fungert ganske bra. Han har vunne rubbel og bit av prisar som til dømes «National Board of Review», «Golden Globe», «Critics Choice», «BAFTA» og «Screen Actors Guild». Sistnemnde har vore ein av dei sterkaste profetane for kven som stikk av med Oscar; 21 av 27 gongar har dei to prisane hatt same vinnar.

Vi kan sjølvsagt ikkje vere heilt sikre, men vi kan i alle fall slå fast at the Fresh Prince aldri har vore nærmare å vinne sin første Oscar.

Om spådomen skulle slå til, vil han i så fall bli den femte svarte skodespelaren i heile Oscar-historia til å vinne prisen for beste mannlege hovudrolle.

Oscarnominerte 2022

DEI NOMINERTE FOR BESTE MANNLEGE HOVUDROLLE: Javier Bardem («Being the Ricardos»), Benedict Cumberbatch («The Power of the Dog»), Andrew Garfield («Tick, Tick … Boom»), Will Smith («King Richard») og Denzel Washington («The Tragedy of Macbeth»).

Foto: AP

Magasinet GQ samanliknar prisutdelinga i år med 2015, då Leonardo DiCaprio endeleg stakk av med prisen for rolla i filmen «The Revenant». Var det hans beste rolle? Mest truleg ikkje (sjølv om han sov inne i eit hestelik). Men DiCaprio måtte jo på eit eller anna tidspunkt også få ein Oscar, og no var tida moden.

Slik er det også for Will Smith i år. Er «King Richard» verdas beste film? Neppe. NRKs filmkritikar Birger Vestmo var lunken og gav han terningkast 4. Det same gjorde VG. Men filmen er ikkje dårleg, og no passar det veldig bra å gi prisen til Will Smith for heile den eventyrlege karrieren. Frå Fresh Prince til King Richard.

Oppdatert 28. mars: Will Smith fekk sin Oscar, men vel så mye merksemd fekk det at han slo komikaren Chris Rock i andletet.

PS: «King Richard» går framleis på norske kinoar. Han er også mogleg å sjå på strøymetenesta HBO Max.

Ta kontakt!

Hei! Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om Lars Vaular og Amy Black Ndiaye i rapsikalen «Verden er min».

Anbefalt vidare lesing: