Den forelska seriemordaren
Ein av årets mest kritikarroste romanar handlar om kjenslelivet til den norske drapskvinna Belle Gunness.
28. april 1908 brann ein gard utanfor Chicago ned til grunnen.
I dagane som følgde flokka mange skodelystne amerikanarar til branntomta. Det gjekk nemleg rykte om at det låg fleire lik og beinrestar under oska.
Til saman vart det grave fram leivningar etter rundt 40 mannfolk på garden. I ein kjellar vart det funne tre forkola barnelik, og ei kvinne med avkappa hovud.
BRANNTOMTA: Dei makabre funna etter brannen på Gunness farm fekk mykje merksemd i amerikanske aviser på starten av 1900-talet.
Foto: ApSheriffen mistenkte at kvinna utan hovud var eigaren av garden, Belle Gunness, sjølv om ein i ettertid har skjønt at liket ikkje likna på ho i det heile teke. Ingen veit sikkert kvar ho vart av etter brannen.
Det vi derimot veit er at Belle ikkje alltid heitte Belle.
Før ho flytta frå Noreg, heitte ho Brynhild Paulsdatter Størseth. Ho kom frå tronge kår i Selbu og jobba som tenestejente på ein gard i Stjørdal, med håp og draumar om eit nytt og mykje betre liv i den nye verda på andre sida av havet.
Det er denne jenta forfattaren Victoria Kielland ønska å utforske med romanen «Mine menn».
Korleis vart ei beskjeden jente frå Trøndelag ein av dei mest berykta seriemordarane i USA?
Meir enn eit monster
Victoria Kielland hugsar ikkje akkurat når, men ho var i alle fall godt vaksen då ho las ein artikkel om Belle Gunness for første gong.
– Eg var sånn: «Herregud! Kvifor har eg ikkje høyrt om ho før?»
FORFATTAR: Victoria Kielland (f. 1985) kjem frå Fredrikstad, men bur i Oslo. «Mine menn» er hennar andre roman.
Foto: Ola Vatn / NRKBelles historie dukkar opp i populærkulturen med jamne mellomrom, i featureartiklar, podkastar, dokumentarar og spelefilmar. Likevel går ho under radaren for mange.
Victoria let seg fascinere av Belle, og begynte å lese seg opp. Ho syntest den mystiske drapskvinna frå Trøndelag verka karikert. Skildringane av ho var ofte knytt til utsjånaden hennar.
– Ho var berre tjukk, stygg, ekkel og slem. Det var ingenting truverdig med den personen som var framstilt rundt omkring.
Victoria ville difor skrive si eiga bok – ein roman basert på den historiske personen Belle Gunnes. Ho ville skrive seg inn i kjenslelivet til seriemordaren, og gjere ho til meir enn berre eit monster.
BERYKTA: Belle Gunness saman med fosterbarna Myrtle, Lucy og Philip. Dei tre barna vart funne døde i brannruinane på garden utanfor Chicago.
Foto: APForfattaren brukte tre år på å skrive den 198 sider lange boka om Belle. Mykje av romanen er skrive på mobiltelefonen, gjerne på t-banen, sosiale arrangement eller i ledige stunder då ho jobba som resepsjonist på Nasjonalbiblioteket.
«Mine menn» kom ut i sommar, til strålande kritikkar over heile fjøla.
«Slåande vakker roman om norsk seriemordar» skreiv Dagbladet og trilla 6 på terningen. Ifølge Vårt Lands bokmeldar er romanen «fengande, særmerkt og fantastisk godt skrive». Morgenbladet meiner Victoria Kielland er ein av dei beste yngre forfattarane vi har i Noreg.
I boka er personar, stadar og hendingar stort sett henta frå historiske kjelder, resten er fri dikting av forfattaren. Eller som Victoria sjølv skriv på siste side: «‘Mine menn’ er ein litterær fantasi, fritt inspirert av faktiske hendingar.»
Skinnstøvelen i magen
Belles historie begynner i 1876 på garden Rødde i Stjørdal. Ho er 17 år, jobbar som hushjelp og heiter Brynhild.
Ifølge ei segn frå den tida ber ho eit barn i magen. Faren til barnet er odelsgut.
På ein fest skal Brynhild dele den glade nyheita med barnefaren. Ho har tatt på seg sin finaste kjole og fortel bodskapen med skjelvande stemme. Men i staden for ein varm klem, får ho ein hard skinnstøvel i magen.
Brynhild mistar barnet.
Ho reiser frå alt og alle, til USA, med eit mildt sagt kaotisk kjensleliv. Ho tar namnet Belle, og giftar seg med nordmannen Mads Sørensen i 1884. Ekteparet tar til seg fire fosterbarn.
Så begynner folk rundt Belle å døy på mystisk vis.
Sinte kvinner
– Eg trur at noko er øydelagt i Belle frå tidleg alder. Så startar ho ein slags forkvakla repareringsprosess for å prøve å ta tilbake makta over sitt eige liv, seier Victoria.
Forfattaren ønskjer å utforske det kvinnelege raseriet i bøkene sine; det er eit sentralt tema både i debutromanen hennar «Dammyr» frå 2016, og «Mine menn».
– Når menn blir rasande, er det ofte grunna med eit eller anna naturgitt jaktinstinkt, når kvinner blir rasande, er det ofte snakk om galskap. Det er interessant, for eg opplever i alle fall at kvinnene i mitt liv kan vere ganske sinte, men dei har ikkje noko anna utløp for raseriet enn middelklasseformar som trening og skigåing, seier Victoria.
SJELDAN TEMATIKK: Victoria meiner det blir skrive lite om skikkelsar som Belle i litteraturen. – Kvinner som drep er noko av det skumlaste vi veit om, at ho som føder liv også kan ta liv. Det gjer ho til eineherskar, seier forfattaren.
Foto: Ola Vatn / NRKBelle Gunness driv korkje på med trening eller skigåing (i alle fall kan vi ikkje lese noko om dette i romanen).
Ho finn derimot andre måtar for å få utløp for raseriet sitt, svært brutale og groteske måtar, som ein kan sjå i skrekkfilmar med 18-års aldersgrense.
Kjøtkvern i hovudet
Ingen veit sikkert kven som er Belles første offer. To av fosterbarna hennar døyr tidleg, med symptom på forgifting.
I 1900 får ho ektemannen sin til å teikne ny livsforsikring. På den eine dagen han både har den gamle og den nye livsforsikringa, døyr han. Nok ein gong er det mistanke om forgifting, men ein av legane meiner at han døde av naturlege årsaker.
Belle får ein stor forsikringspremie som gjer ho veldig rik. For pengane kjøper ho seg ein stor gard søraust for Chicago.
GUNNESS FARM: På denne garden budde Belle Gunness saman med fosterbarna sine.
Foto: F. Stansbury / Lisens: CC BY 2.0I 1902 giftar ho seg med ein ny norskamerikanar, Peder Gunness. Det tar ikkje lange tida før han ligg død på kjøkkengolvet. I avhøyr med politiet forklarar Belle at han var uheldig og fekk ei kjøtkvern som ramla ned frå ei hylle i hovudet.
Politiet kjøper forklaringa, og Belle endar nok ein gong opp med å få pengar frå forsikringsselskapet.
Når Belle blir enke for andre gong, startar eit nytt kapittel i livet hennar. Ho begynner å skrive brev – hundrevis av kjærleiksbrev.
Den søtaste mannen i heile verda
På starten av 1900-talet sender mange nordmenn i USA inn kontaktannonsar til den norskspråklege avisa Skandinaven. Belle er inkje unntak. Ho begynner å brevveksle med fleire mannfolk gjennom avisa, og auser ut kjærlege ord med blekk på papiret.
«Til min kjæreste venn i hele Verden! Ingen kvinne i verden er lykkeligere enn jeg er. (...) Tenk hvor vi skal glede oss i hverandres selskap! Du, den søteste mann i hele verden. Vi vil komme til å bli gamle alene med hverandre. Kan du tenke deg noe deiligere?»
Det er ikkje vanskeleg å skjøne at mottakaren av dette brevet lar seg sjarmere av slike kjærleikserklæringar. Sjølv om han kanskje bør stusse litt på desse formuleringane i eit anna brev:
«Kom, så snart du kan. Selg alt du kan. (...) Bær dine penger på deg. Sy dem inn i dine klær. Si det ikke til noen.»
FRIAR: Andrew Helgelien frå Hallingdal brevveksla med Belle i to år før han kom på besøk. Han vart funnen under jorda på garden etter brannen i 1908.
Foto: APDen eine friaren etter den andre kom på besøk til Belle med alle pengane sine. Det skal ha variert kor lenge dei ulike mannfolka var på garden, men det enda som regel opp med at Belle forgifta den eine etter den andre med arsenikk. Så slo ho dei i hovudet med ein hammar, parterte kroppane deira i seks delar, og grov dei ned.
Det er lett å tenkje at kjærleiksbreva berre var ein slu måte for Belle å lokke til seg friarar med pengar, men Victoria vel å ta innhaldet i kjærleiksbreva hennar på alvor.
– Mange tenkjer at ho er så innmari vond fordi ho gjer dette igjen og igjen og igjen. Ho sluttar ikkje. Eg tenkjer at ho på eit eller anna vis trur at det skal gå. Neste mann, neste friar, no skal det gå, no kjem den ekte kjærleiken.
«Mine menn» er på mange måtar ein kjærleiksroman om det som dei fleste ser på som ei fullstendig gal kvinne. Er det likevel mogleg for folk flest å kjenne seg igjen i hovudpersonen?
Je suis Belle
Victoria fekk seg kjærast omtrent samtidig som ho skulle begynne å skrive «Mine menn». Ho vart hovudstups forelska, og følte seg villig til å ofre alt for den brennande kjærleiken.
– Eg vart litt gal. Det kaoset eg levde i da, det syntest eg var interessant å skrive om – når ein blir så opptatt av eit anna menneske, at ein berre vil sluke det, og bli ein annan. Det er det Belle også prøvar på i boka, men ho klarer det aldri.
BOTANISK HAGE: Vassliljer dukkar opp fleire gongar i romanen «Mine menn», og blir skildra som små lykter ute på vatnet. På bokomslaget er det også teikna ei lilje i gull. I bakgrunnen på bildet kan de sjå Victoria-huset i Botanisk hage, som husar verdas største vasslilje: Victoria-nykkerosa.
Foto: Ola Vatn / NRK– Du skriv at boka er ein litterær fantasi. Er det din fantasi det er snakk om?
– Ja, boka handlar jo eigentleg meir om meg enn Belle, seier Victoria.
– Det må du forklare.
– Eg skriv jo ut sider frå mitt kjensleregister. Mange av oss kan nok kjenne på ein slags ekstremitet i oss sjølv, som vi likevel klarer å porsjonere ut og handtere i kvardagen.
– Men boka handlar om ein seriemordar?
– Jau da, sjølvsagt. Men det er kanskje difor eg synest det er interessant, fordi det finst plassar i meg som gir gjenklang. Ikkje at eg ønskjer å drepe nokon, men livet i sitt heile ber på så mykje uro. Nokon klarer ikkje å handtere det ekstreme i seg sjølv, og det kan få katastrofale følgjer.
Har du sett Belle?
Belle Gunness blir sett på som den første kvinnelege seriemordaren i USAs historie. I tillegg til å drepe over 40 mannfolk, tok ho også livet av sine eigne fosterbarn.
– Det er kanskje litt søkt å prøve å forstå ein seriemordar, for det er jo heilt ute det ho har gjort. Men det har vore viktig for meg å ikkje skrive om ho er slem eller snill. Eg har prøvd å skrive ei menneskeleg erfaring om noko som går til helvete, seier Victoria.
I åra etter at garden utanfor Chicago brann ned, har fleire hevda at dei har sett Belle Gunness i levande live. Nokon hevda at ho drog til Canada og levde resten av livet forkledd som ein mann.
Victoria trur at Belle rømde sin kos til den amerikanske vestkysten.
– Trur du at ho drap fleire personar der?
– Eg håpar jo ikkje det. Men så langt har eg ikkje spekulert.
PS: I skrivande stund lever kjærasten til Victoria Kielland i beste velgåande.
Hei!
Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Tidlegare i år har eg mellom anna skrive om Ernest Hemingway og den raskaste tekstaren i NRKs historie.