Anna-Lisa Kumoji ifm Stjernekamp
Foto: Ulrik Kramer / NRK

Var døden nær: – Eg tar ingenting for gitt

Dette er historia om Anna-Lisa Kumoji som lurte døden og fekk draumen om å bli artist oppfylt.

– Eg har grått veldig mykje denne veka. Eg er jo eit kjenslemenneske, men eg har ikkje vist den sida til folk flest.

Den siste tida har du sett Anna-Lisa Kumoji briljere på Stjernekamp.

Ho har stått på scena og underheldt publikum med den kraftfulle stemma si og sitt sprudlande vesen.

Ho kan beskrivast som sjølve inkarnasjonen av livsglede.

Ho går alltid med eit smil om munnen og får også andre som er i nærleiken til å trekke på smilebandet.

Men få veit at bak denne gleda så ligg det eit levd liv med tunge og mørke erfaringar som Anna-Lisa har klart å kome seg vidare frå. Gong på gong.

Anna Lisa Kumoji - Stjernekamp 2021

LIVET: Anna-Lisa Kumoji har opplevd mange nedturar i livet.

Foto: Ulrik Kramer / 2021

Eg har opplevd mykje frå tidleg alder. Eg veit at livet er skjørt. Sidan eg var lita har fokuset mitt vore å finne lykka uansett kva.

– Eg tar ingenting for gitt.

– Alltid vore litt annleis

Historia om Anna-Lisa startar i 1990. I Asker.

Her veks ho opp i ein kreativ og spirituell heim med ein far frå Ghana og ei mor frå Bodø, og etter kvart også med veslesyster Akuvi. Ho har også ein 17 år eldre halvbror som ho ser innimellom.

I heimen var det alltid rom for å utforske sine kreative sider.

Anna-Lisa Kumoji som ung

LITA: Anna-Lisa Kumoji heime i Asker.

Anna-Lisa Kumoji som ung

SØSKENKJÆRLEIK: Anna-Lisa Kumoji og veslesyster starta tidleg med musikk.

Anna-Lisa Kumoji og faren

LEIK: Anna-Lisa og faren hennar.

Anna_lisa Kumoji og familien

FAMILIEN: Anna-Lisa saman med mor, far og veslesyster.

Anna-Lisa Kumoji og broren hennar

HALVBROR: Anna-Lisa saman med halvbroren sin.

– Eg har alltid vore litt annleis med ein veldig kreativ sjel, og heime har det alltid vore plass for å vere litt annleis.

Faren er musikar og mora miljøterapeut med kunstnarsjel, og begge trur på at det finst noko meir mellom himmel og jord – ei kraft større enn oss menneske er klar over.

– Mamma og pappa har to forskjellige tolkingar av det, og så har eg utvikla mi eiga greie av det, seier ho og smiler bredt igjen.

– Det finst ei meining. Ingenting er tilfeldig.

Anna-Lisa Kumoji ifm Stjernekamp

– Når dét er så tydeleg for meg er det lettare å kome seg vidare frå ting som er vanskeleg fordi eg veit at eg har noko å lene meg på – det er den krafta, fortel ho.

Anna-Lisa Kumoji ifm Stjernekamp

Fyrste gong ho kjente på mørket og at døden var nærverande var allereie som barn.

Eit nært familiemedlem var alvorleg sjuk av livstruande sjukdom.

– Denne personen var sjuk gjennom store delar av oppveksten, og det har ført til at eg hadde ein litt vanskeleg barndom. Det har tært på, seier ho.

Personen var nær døden, noko som førte til at Anna-Lisa brukte mykje tid på sjukehuset.

Den andre gongen mørket sneik seg inn på ho var i 2011.

Anna-Lisa er 21 år og bur i Asker saman med mor og syster.

To avgjerande minutt

Akkurat den ettermiddagen i påska er ho aleine heime. Ho søv i senga si når det byrjar å brenne.

Vindauga i andre enden av leilegheita eksploderer og alle alarmar står på full guffe.

Dei eldraude flammane beveger seg oppover og bortover, tar tak i treverket og veks i omfang. Ho ligg der utan å få med seg kva som skjer.

Bevisstlaus.

Flammane openberrar seg som ein sirkel rundt senga hennar.

Der ligg ho. Heilt urørt.

– Her er det nokon som rett og slett har våka over meg, seier ho.

Anna-Lisa Kumoji

OVERLEVDE: Anna-Lisa Kumoji overlevde brannulykke.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Til slutt kjem naboen og reddar ho ut av leilegheita.

Det er snakk om to korte minutt som avgjer at ho kjem ut levande.

– Brannkonstabelen fortalde meg at hadde dei kome 120 sekund seinare hadde flammane tatt meg.

Ho slepp unna brannskadar, men røyken tar feste i lungene hennar. Det er alvorleg. Ho fell i koma og blir bore ut av den brennande leilegheita.

– Alt handlar om «mindset»

Det følgjer fleire månadar med behandling. Så startar kampen for å kome seg attende til ein normal kvardag. Det er lettare sagt enn gjort.

Ho blir sjukmeldt i seks månadar. Ho har konstant hovudpine. Ho mistar stemma. Ho blir kaputt av å gå opp ei trapp.

Dei fleste ville ha lagt seg i fosterstilling og tenkt at både livet og musikalkarrieren er over.

Ein kan finne ein spade og grave seg ned i ein nedgåande spiral.

Eller ein kan velje å tenke på det positive.

Anna-Lisa gjer det sistnemnde. Ho ser ljoset.

Anna-Lisa Kumoji - Stjernekamp 2021

HÅP: Anna-Lisa Kumoji har jobba hardt for å kome dit ho er i dag.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Alt handlar om «mindset»: «Herregud. Tenk at eg kom meg ut. Eg klarte meg.». Eg veit at det var ei rekke «tilfelle» som gjorde at eg kom meg levande frå det. Men for meg var det Gud, seier ho med alvor i stemma.

– Eg tenkte at denne brannen ikkje skal prege draumen min.

Ho hadde fått plass på Bårdar Akademiet, men med anbefaling om å vente eit år. Det ville ikkje Anna-Lisa.

– Målet mitt var å kunne vere i god nok form til Bårdar Akademiet, om eg så måtte stå over dei fyrste dansetimane.

– Ei gåve

Ho jobbar ekstremt hardt med logoped og fysioterapeut. Kvar einaste dag joggar ho for å kome i form. Og ho fullfører akademiet med glans.

Dei siste åra har ho gjort seg bemerka som multi-artist. Ho har spelt i musikalar som Flashdance og «The Book of Mormon», ho har vore gullfinalist i Melodi Grand Prix og korist for ei rekke artistar.

Snart er ho også ute med si fyrste EP som soloartist.

– Det ser eg på som ei gåve.

– Eg er glad for det eg får til med mine føresetnadar, og det må alle gjere, for då blir livet så mykje deiligare.

Anna-Lisa Kumoji Stjernekamp 2021

– For ting skjer, men reis deg opp igjen og så gjer du det beste ut av det.

Anna-Lisa Kumoji Stjernekamp 2021

– Då vil du sjå at du blir enda meir takksam enn før den hendinga inntraff, understrekar ho.

Anna-Lisa Kumoji

«Jeg glemmer deg aldri»

Denne hausten er det Stjernekamp som står for tur. 31-åringen, som tidlegare har vore korist i same program, har endeleg fått vist fram råskapen og styrka ho har til det norske publikummet.

– Det er beintøft med masse energi. Vi mista pusten!, sa Mona B. Riise etter fyrste sending.

Så god stemning vart det at Tshawe nærmast gjekk i taket etter framføringa hennar.

Tsawe med hæla i taket under stjernekamp 2021

SPINNVILT: Tshawe med hæla i taket etter framføringa til Anna-Lisa Kumoji i fyrste sending av Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Men denne laurdagen deler ho ei heilt ny side av seg sjølv når ho skal framføre songen «Jeg glemmer deg aldri».

Songen er opphavleg ein kjærleikssong av Hellbillies, men nå har den vorte pusta til live igjen med serien «Rådebank».

– Det minna meg om kor skjørt livet er, og om ein tragedie eg sjølv har opplevd i mitt eiga liv, seier ho.

– I «Rådebank» skjer det ein tragedie, og eg vart veldig treft då låten kom medan dei bar kista til den unge guten.

Nok ein gong kjem mørket.

Det handlar om halvbroren hennar. Det vonde omsluttar seg fullstendig rundt han.

Familien visste at han sleit. Med rus. Men dei skjønte ikke omfanget.

I 2019 var det slutt.

– Det var det som skjedde med broren min. Han hadde det veldig tøft, og så slutta han å leite etter ljoset. Viss du ikkje finn det, be om hjelp, for det klarte ikkje broren min. Vi skjønte ikkje alvoret før det var for seint.

Når ho går på scena på laurdag er broren hennar med ho.

Bodskapet hennar er at nokon vil oppleve større tragediar enn andre, men det finst alltid eit ljos.

Anna-Lisa Kumoji - Stjernekamp 2021

LJOSET: – Leit etter ljoset. Om du ikkje finn det, be om hjelp, oppfordrar Anna-Lisa Kumoji.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Sjølv om ho synest det er vanskeleg å vere så open om seg sjølv har ho skjønt at det er viktig.

– Ein må tore å vere sårbar når ein ber om hjelp, og derfor må eg sjølv tore å vere sårbar om at eg har kjent på tematikken og har hatt folk i nærmaste krets som gav opp alt håpet.

Ho som har stått i bakgrunnen, står nå fremst på scena. Aleine i mørket. Syngande om ljoset.

For broren sin.

«Jeg glemmer deg aldri».