Simon Johannesson Utøya
Foto: Robert Rønning / NRK

Turist på Utøya

Øya var åstad for ei av dei verste hendingane i norsk historie. Er det greitt å reise dit på besøk?

– Kan vi dra til Utøya?

Det var kameraten min Simon frå Island som spurte. Sommaren 2018 hadde han nyleg flytta til Noreg for å jobbe på ein badstueflåte i Oslofjorden. Den første dagen kom han tilfeldigvis i prat med ein av dei som overlevde terrorangrepet, 22. juli 2011.

Samtalen gjorde inntrykk.

No fekk han lyst til sjå staden med eigne auge. Og han ville at eg skulle ta han med.

Det blir nok vanskeleg. Ein kan ikkje berre stikke til Utøya. Det er ikkje noko folk gjer, svara eg.

Tanken på å reise dit var fullstendig fjern. Ein ting var om besøket i det heile var praktisk mogleg. Men var det eigentleg innanfor – med omsyn til dei grufulle hendingane som skjedde der ute? Magefølelsen sa nei.

Kvifor, spurde eg Simon.

– Eg er nysgjerrig. Det som skjedde der merka Noreg for alltid. Eg vil sjå korleis øya ser ut og «pay my respects», forklara han.

Eg tenkte ikkje noko særleg meir over forslaget. Det gjekk inn i kvoten for litt snodige spørsmål frå min islandske kamerat.

Men eitt år seinare spurte han igjen. No skulle Simon flytte frå Noreg. Før han skulle reise hadde han framleis eitt ønske: Å besøke Utøya.

Den same ugne magefølelsen kom tilbake. Igjen prøvde eg å forklare at dette var snakk om ei privat øy. Og ja, ho var vel også ein minnestad, men mest for AUF og dei pårørande.

– Men vi reiser jo til Auschwitz og «Ground Zero». Kvifor ikkje Utøya?

Eg var usikker på om det gjekk an å samanlikne desse stadane, men eg lova å i alle fall sjekke ut moglegheitene. Google-søket «Besøk Utøya» gav eit overraskande svar:

Utøya inviterte nemleg til open dag. Dei freista med omvising på øya, open kiosk med sal av is, brus og gratis vaflar.

Jaha? Tydelegvis var besøket både mogleg og «innanfor».

For å vere på den sikre sida, ringde eg dagleg leiar for Utøya, Jørgen Frydnes.

Han kunne fortelje at øya faktisk har 10.000 besøk i året. Dei aller fleste kjem på grunn av ulike engasjement, leirar, kurs eller undervisningsprosjekt. Men dei hadde også merka behov for ei moglegheit til å berre kome på besøk. Difor begynte dei å arrangere slike opne dagar.

– Den beste måten for å forstå øya, 22. juli og tida etter, er å kome til oss. Vi set veldig pris på besøk, sa han.

Dagen etter sat eg, Simon og fotograf Robert i ein bil med retning Tyrifjorden.

Nazileir og feriekoloni

Tolv personar står på kaia og ventar på «MS Thorbjørn».

Båten har tidlegare frakta tusenvis av engasjerte barn og unge over til Utøya. I tillegg til ein terrorist. Dagens gruppe består stort sett av pensjonistar frå nærområdet.

To ungdommar frå Bærum har også tatt turen. Martin (19) var her på sommarleir med AUF i sommar. No ville han ta med vennane sine så også dei skulle få oppleve øya, men berre ein ville bli med.

– Folk er så skeptiske. Dei synest det er skummelt og er redd for at det same skal skje igjen, forklara han.

Stemninga på båten er lågmælt. Simon ser tankefull ut. Han har sett landskapet fleire gongar før. Både på filmar og fleire nyheitsinnslag i heimlandet.

Simon Johannesson

TURIST: Símon Jóhannesson (31) frå Reykjavík har tidlegare besøkt 9/11-senteret i New York og Auschwitz i Polen. No er han på veg til Utøya i Tyrifjorden.

Foto: Robert Rønning / NRK

– Det er så vakkert her, seier han litt forundra.

Og ja, det er vakkert. Det mørke filteret frå spelefilmane om 22. juli er borte. I staden skin sola på den gul- og grønkledde øya som kjem nærmare og nærmare. Mellom trea ligg det ikoniske kvite trehuset med det raude skiltet.

På kaia står ein høg mann med hendene i jakkelommene og ventar på oss. Det er Jørgen som eg snakka med i går. Han skal gi oss ei omvising på øya.

– Velkommen til Utøya. I dag skal vi gå ein runde inn og ut av ulike historiske kapittel. Vi startar litt kronologisk med gamledagar ...

Jørgen fortel historier om vikingkongar, sjørøvarar og om munkar som brukte Utøya som urtehage. Han fortel om Utøya som feriekoloni. Utøya som tilhaldsstad for den russiske revolusjonsleiaren Leo Trotskij. Utøya som nazileir under krigen.

Men mest av alt fortel han om Utøya som politisk sommarleir for AUF. Han viser bilde av Thorbjørn Jagland som vaskar utedo i trong shorts og Thorvald Stoltenberg som spelar fotball. Han fortel om hundrevis av politisk engasjerte ungdommar som har flokka til øya sidan 50-talet.

Etter 15 minutt har han framleis ikkje sagt eit einaste ord om 22. juli.

– Skal han berre ignorere kva som skjedde her, spør Simon meg litt forvirra.

Eg er faktisk usikker sjølv. Men noko seier meg at sjølv om guiden pratar lett og ledig med hendene i lommene, så er ingenting med denne omvisinga tilfeldig.

Like etter svarar han på det vi går rundt og lurer på:

– Å forstå litt av den politiske historia er avgjerande for å forstå 22. juli. Vi er ikkje berre på ei vakker øy i ein flott del av Noreg, men også på ein heilt spesifikk stad med ei heilt spesiell politisk historie.

Vi skal gå vidare inn på Kjærlighetsstien. Eg har høyrt historier frå denne stien før – historier som får meg til å tenkje på andre ting enn kjærleik.

Kjærleik og død

Det er vanskeleg å vere på Utøya utan å tenkje på død og pine heile tida.

Alt ein har sett og høyrt om terrorangrepet, dukkar opp igjen i minnet. Sjølv hadde eg inga direkte tilknyting til det som skjedde, likevel føler eg at dette også angår meg.

Ei undersøking gjort av NTNU viser at det som skjedde 22. juli 2011 påverka helsa til folk over heile landet. Då dei samanlikna dei første tre dagane etter angrepet med dei same datoane dei tre føregåande åra, fekk dei desse utslaga:

Talet på innleggingar i samband med psykose og schizofreni gjekk opp med 26 prosent.
Sjølvmordsraten auka med 163 prosent.
Talet på innleggingar i samband med hjarteinfarkt gjekk opp med 15 prosent.
Talet på premature fødslar gjekk opp med 23 prosent.

22. juli er eit traume for heile Noreg.

Sjølv på Island merka Simon at noko forandra seg i atmosfæren den dagen i 2011.

– Islendingar ser på Noreg som familie. Alle var fullstendig sjokkerte då det skjedde, seier han.

Det er likevel viktig for Utøya å også fortelje «den andre historia».

Fokuset skal vere på menneska som har vore her, både før, under og etter 22. juli. Omvisinga skal ikkje følgje fotspora til terroristen.

Før vi går inn på Kjærlighetsstien fortel Jørgen difor ei koseleg anekdote om Thorbjørn Jagland. Om då han som ung mann på 70-talet sjarmerte ei av dei kvinnelege deltakarane rundt leirbålet på Utøya. I dag er dei framleis mann og kone.

– Sånne historier er det mange av. Men Kjærlighetsstien er også ein av dei vonde stadane på øya. Her vart 11 personar skoten. Berre ein overlevde.

Utøya

GUIDE: Jørgen Watne Frydnes (nr. 2 frå venstre) begynte å jobbe på Utøya ei veke etter 22. juli 2011. I dag er han dagleg leiar for organisasjonen Utøya AS.

Foto: Robert Rønning / NRK

Vi spaserer langs den korte stien i eige tempo. På venstre side går ei stupbratt klippe ned mot vatnet. Vi har allereie kryssa heile øya på berre eit par minutt. Det blir tydeleg kor lita ho er, og kor vanskeleg det må ha vore å finne gøymeplassar for 564 leirdeltakarar.

På slutten står Jørgen og ventar. Han vil fortelje nok ei historie om kjærleik.

Ho handlar om to ungdommar som møttest på AUF-leir i 1958. Mot slutten av leiren braut guten seg inn på kjøkkenet og stal ein hermetikkboks med ananasringar. Han tok med seg jenta han hadde blitt forelska i for å sjå på solnedgangen frå Kjærlighetsstien. Så tok han opp ein ananasring og spurde om ho ville gifte seg med han. Ho svara ja. Seksti år seinare er også dei framleis saman.

Det er noko insisterande med desse historiene. Stien skal handle om kjærleik. Sjølv om stemninga i gruppa minner meir om gravferd enn bryllaup.

Omvisinga skal framleis innom to viktige stadar på øya. To stadar som kjem til å setje spor i både meg og Simon for resten av livet. Men før vi kjem dit, må vi dvele litt ved det vanskelege spørsmålet:

Korleis skal vi minnast terror?

Råd frå New York

Då Utøya skulle opne opp øya igjen for bruk, følte dei seg først rådlause.

Det fanst ingen liknande erfaringar å dra nytte av i Noregs moderne historie. Dei valde difor å søkje til utlandet for råd. Ein av dei sentrale mentorane dei henta til seg var Cliff Chanin, visepresident for 9/11-minnesenteret i New York.

– Menneska som har jobba med Utøya har vore ekstremt grundige. Dei har hatt tydeleg dialog med dei pårørande og har bygd tryggleik og tillit over tid, seier Chanin.

Då Frankrike spurte Chanin om råd for å bygge sitt nye nasjonale museum for terror, anbefalte han dei å besøke Utøya. Frankrike har ei lang historie med terror og har dei siste 50 åra opplevd 2600 angrep.

Kva er viktigast å tenkje på når ein skal minnast terrorangrep?

– Fokuset må vere å finne kjernen i historia ein skal fortelje. Ein må fortelje opent og ærleg for alle som er interesserte i å lære, samtidig som ein må vise respekt for offera og familiane deira, forklarar Chanin.

Kva er kjernen i historia på Utøya?

– Autentisitet. Det var her angrepet skjedde. Det må dei ta omsyn til, og behandle med respekt og ærbødigheit.

Då franskmennene besøkte Utøya, var det ei av bygningane på øya som gjorde ekstra inntrykk på leiaren for arbeidet med det komande senteret i Paris, Henry Rousso.

– Dette var ei sterk oppleving. Eg vart imponert over arbeidet dei har gjort med kafébygget. Det var ei veldig ekte oppleving, seier Rousso.

Vi må tilbake til omvisinga med Jørgen. Foreløpig har vi sloppe å få brutaliteten midt i fleisen.

Det skal derimot endre seg no.

Skotsår i pianoet

Jørgen tar oss med inn i kafébygget. Her vart 13 personar myrda den 22. juli.

Lille- og Storesalen står meir eller mindre urørt sidan den dagen. Veggane er fulle av kulehol. Bak eit piano ligg fleire visne blomar, hjartesteinar og bilde av smilande ungdommar.

– Desse romma viser dei umoglege vala den dagen. Skulle dei ta til høgre eller til venstre? Skulle dei gøyme seg på toaletta? Dei var jo sikre dødsfeller, med ingen fluktveg. Eller skulle dei gøyme seg til høgre bak pianoet? Dei som gøymde seg på toaletta redda livet. Seks personar vart drepen bak pianoet, seier Jørgen.

Utøya

BAK PIANOET: Stripene på veggen er frå då politiet skrapa vekk blod etter 22. juli. Noverande AUF-leiar Ina Libak vart skoten fire gongar bak pianoet. Ho klarte likevel å kome seg ut. Med hjelp frå vennane sine overlevde ho.

Foto: Robert Rønning / NRK

Fleire i gruppa begynner å gråte. Simon har også tårer i auga. Han bøyer seg ned og ser på eit skotsår i pianoet.

I kafébygget er ikkje Utøya lenger berre ein stad i ei veldig trist historie. Ei historie som sjølv Simon, som berre har vore her eitt år, har høyrt mange gongar. Mellom desse veggane blir Utøya handgripeleg, verkeleg – og dermed umogleg å ikkje ta stilling til.

I etterkant av 22. juli var det ein lang diskusjon om kva dei skulle gjere med kafébygget. Nokre ville rive. Andre ville at det skulle bli ståande. Under prosessen reiste Jørgen rundt i heile Noreg og besøkte 85 pårørande familiar.

Saman med fagfolk kom dei til slutt fram til ei løysing. Dei reiv delar av kafébygget, men let dei romma som var direkte knytt til angrepet stå. Rundt bygde dei eit nytt hus, «Hegnhuset».

Utøya

STERKE INNTRYKK: Besøket i Hegnhuset blir emosjonelt for mange. Utøya brukar også huset til samtalar rundt tema som demokrati, ytringsfridom og toleranse.

Foto: Robert Rønning / NRK

Huset består av 69 breie søyler som held oppe taket, ein for kvar av dei døde. 495 smalare søyler utanfor representerer dei på øya som overlevde angrepet. Den enkle konstruksjonen har av den britiske avisa «The Guardian» blitt omtalt som eit av dei viktigaste husa i verda.

– Når ein snakkar om at dette var eit politisk angrep, så tenkjer ein på politikarar. Men når ein ser bilda av Aleksander 16 år, Emil 15 år ...

Jørgen tar ein liten pause. Han viser oss ei bok med tekst og bilde av personar som døydde på øya.

– Når mange blar i denne boka, og blir kjent med dei som vart drepen, så forstår dei meir av det feige bak dette angrepet. Dette er historier om barn og ungdom.

Utøya

BARN OG UNGDOM: 33 av dei som mista livet på Utøya var under 18 år. I Hegnhuset kan ein lese om nokre av dei.

Foto: Robert Rønning / NRK

Omvisinga på Utøya nærmar seg slutten. Men Jørgen har framleis ein plass igjen å vise oss.

Bursdag

På nordsida av øya heng ein stor metallring mellom trea i skogen. På ringen står det 69 namn.

Dette er Utøya sin private minnestad (som ikkje må forvekslast med den mykje omtalte nasjonale minnestaden som skal kome på fastlandet).

Plasseringa av ringen vart valt etter to kriterium frå dei pårørande: 1: Han måtte ikkje ligge i nærleiken av der terroristen vart fanga. 2: Han måtte ikkje ligge der nokon vart drepen. Dette skulle vere ein felles minnestad for alle.

Då Jørgen begynte å jobbe med dette i 2011, og skulle ta kontakt med alle familiane, så var ein av dei første tankane han gjorde seg at han ikkje måtte ringe foreldra på bursdagen til barnet deira. Han la difor inn alle bursdagane i kalenderen sin saman med minnetekstane som vart lest opp i rettssaka.

– Då minnestaden stod klar, begynte vi ein tradisjon med å henge ein blome i namnet på bursdagen til dei som mista livet. Og i dag skulle «Benny» frå Tønsberg fylt 24 år. Så no heng eg opp ein blome i namnet hennar.

Jørgen Frydnes Utøya

MINNEMARKERING: Alle bursdagane til dei som mista livet blir markert med ein blome i metallringen på Utøya. Dei pårørande kjem også ofte på besøk denne dagen.

Foto: Robert Rønning / NRK

Jørgen tar opp ei rose og festar ho i metallringen. Vi står ei stund i stilla og ser på blomen. Til slutt går vi opp til den nye kaféen for å drikke kaffi, ete gratis vaflar og snakke om det vi har opplevd.

– Det er veldig viktig at dette ikkje blir gløymd. Dei som begynner på ungdomsskulen no hugsar det jo nesten ikkje, seier ein rundt bordet.

– Difor er det viktig at nye generasjonar får kome hit. Neste gong skal eg ta med både kone, ungar og barnebarn, seier ein annan.

Simon sit taus og et vaflar i ullgenseren sin.

Korleis var det på Utøya, spør eg.

– Det var forferdeleg å sjå vondskapen på så nært hald ...

Han tar eit nytt vaffelhjarte i munnen og tygg sakte.

– Men det var også vakkert på ein måte, å sjå korleis liv kan kome tilbake etter ein brann, svarar han.

PS: På heimesida www.utoya.no legg dei ut når dei arrangerer opne dagar for publikum.

Anbefalt vidare lesing:

Offera. Her kan du lese om alle som mista livet under terrorangrepet ved Regjeringskvartalet og Utøya, 22. juli 2011.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!