Therese Birkelund Ulvo
Foto: Ingvild Ulset / NRK

Ein musikalsk revansj

BERGEN (NRK): Skal du lukkast som komponist, må du kjempe for musikken.

16 år gammal reiste Therese Birkelund Ulvo frå Bergen til Oslo med ein draum, og tre år seinare starta ho komponistutdanninga.

No er ho 37 år gammal og ein av dei få norske komponistane i sin generasjon som får framført eigne verk jamleg hos dei store norske orkestera.

Ingen kven som helst.

Komponist Therese Birkelund Ulvo og songar og skodespelar Tora Augestad.

RESPEKTERT: Therese Birkelund Ulvo blir skildra som ein komponist med stor arbeidskapasitet, masse engasjement og omsorg. Ho er også festivalleiar for Hardanger Musikkfest og Nordiske Musikkdagar 2019. Her er ho saman med skodespelar Tora Augestad.

Foto: Knut Utler / Hardanger Musikkfest

Men å vere komponist i starten av karrieren er meir sårbart. Ein skal etablere eit namn og eit nettverk. Ein lever frå oppdrag til oppdrag med skjør økonomi og sjølvkjensle, i same periode som ein kanskje får barn og fast bustad.

Therese Birkelund Ulvo har klart alt dette, men ikkje utan motgang.

Denne saka handlar om eit musikkstykke som for Birkelund Ulvo er blitt sjølve lyden av kampen for tilværet – i musikken og i livet.

***

5. mars, 2020: Foajeen i Grieghallen i Bergen fyllast av folk som skal på konsert med Bergen Filharmoniske Orkester. Musikken som skal framførast, er skriven av Therese Birkelund Ulvo. Ho sit i salen.

GRIEGHALLEN: Edward Gardner er dirigent, Ellen Ugelvik og Andreas Ulvo er solistar.

GRIEGHALLEN: Edward Gardner er dirigent, Ellen Ugelvik og Andreas Ulvo er solistar.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Komponisten har nettopp halde ei konsertinnleiing for publikum. Ho er spent.

– Eg er alltid uroleg for store orkesterverk. Men det er større fallhøgde i kveld.

Birkelund Ulvo har fysisk vondt i magen. Ho smiler og snakkar med kjentfolk, men ein merkar ei spenning i utstrålinga, augene avslører at hovudet er ein annan stad.

– Denne gongen må i alle fall kunsten levere.

Det er mykje kjensler involvert i prosjektet, mange og samansette kjensler.

– Stykket er tett knytt til ei komplisert tid. Det merka eg då eg skulle ta det opp igjen i haust. Historia følgde med.

SPENT: Therese Birkelund Ulvo i publikum før konsert.

SPENT: Therese Birkelund Ulvo i publikum før konsert.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Vi er i 2020 no, men stykket «Woven Fingerprints» har vore klart i fem år, og det skulle opphavleg vore klart før det også.

Dessutan skulle det ha vore spelt i Kristiansand, ikkje i Bergen.

Ei stor bestilling, barn og utsetting

På starten av 2010-talet fekk Therese Birkelund Ulvo ei bestilling frå Kristiansand Symfoniorkester om eit halvtimes orkesterverk med to klaversolistar.

Det var ei stor bestilling i samtidsmusikk-perspektiv.

Urframføringa var planlagd hausten 2013, til kvinnenes røysterettsjubileum.

Men så fekk ho eit barn, og i same periode vert orkesterleiinga i Kristiansand skifta ut.

«Ballen blei liggande», og hausten 2013 kom og gjekk. Men på initiativ frå klaversolistane vert det avtalt eit møte med den nye administrasjonen.

Møtet resulterte i ny dato for urframføring av dobbeltkonserten: Andre veka i 2016.

Det blei også avtalt ein førebuande workshop i oktober året før. Ei øving, om du vil. Prosessen såg ut til å vere over kneika, men det blei endringar i planane:

I mai ville orkester-leiinga skunde på workshop-datoen med nokre månadar, og 10. juni fekk komponisten følgjande melding:

Dei måtte avlyse heile prosjektet om orkesteret ikkje fekk materialet snarast.

Birkelund Ulvo fekk dårleg tid, og måtte henge i. Det gjekk bra. Orkester, dirigent, solistar og komponist heldt ein vellukka øving 17. august. Prosjektet var i rute.

Komponisten og solistane fortsette ferdigstillinga av verket i tett samarbeid.

Så smalt det på heimebane.

Dødssjukt kaos

I byrjinga av oktober, blir mannen til Therese Birkelund Ulvo, Eirik, sjuk.

Dei trur det er kreft. Alle alarmar går. Familien går inn i ei intens og uoversiktleg krisetid, mange detaljar er uklare.

Etter utreiingar viser det seg at å vere mandelkreft. Ein kreftform som hovudsakleg rammar personar i høg alder; statistikken viser dermed høg dødelegheit.

Sjukehuset finn spreiing. Prognosane er uklare sidan tilfellet «mann midt i livet med mandelkreft» er uvanleg. Alt er usikkert. I tre veker.

Kreftbehandlinga skal begynne i november, og dette må førebuast. Mellom anna må alle visdomstenner trekkjast. På ein dag. Dei må ut før strålinga, for å unngå nekrosedannelse (celle- og vevdød) og betennelse i ettertid.

I byrjinga av november er Eirik Ulvo i gang med dagleg stråling og cellegift kvar veke. Han vert fort så dårleg at han må leggjast inn på Radiumhospitalet. Strålinga gir noko som liknar brannskadar både inni og utanpå halsen, så han kan ikkje lenger ete eller snakke.

Etter sju dagar må han få all næring via sonde. Han skal halde til på sjukehuset i fleire månader.

– Dei første vekene var på ein måte verst, sjølv om han då ikkje var så dårleg enno. Det var overveldande angstfylt og uavklart.

Mot slutten av oktober hadde Birkelund Ulvo rydda unna alt av oppgåver for å vareta to born, medan faren deira gjekk igjennom ei hard behandling.

Men ho bestemte seg for å ferdigstille det eine prosjektet. «Woven Fingerprints».

Det var nær fullført.

Kanselleringa

Men tida var knapp. Unntakstilstanden på heimebane hadde tatt fokus og ikkje minst tid.

Den 3. november 2015 skriv komponisten til noteforlaget som skulle trykke noteheftet:

«Jeg har helt hinsides dager med unger og sykehus-sjonglering og dødsangst og layout på partitur, om hverandre. Jeg bare nekter å la dette prosjektet glippe oppi det hele. Men forsinket: ja.»

For seint.

Therese Birkelund Ulvo greidde ikkje å levere til fristen fredag 13. november, men måndag 16. november.

Rundt klokka 22 den kvelden, la orkesterdirektøren igjen beskjed på telefonsvararen hennar.

Prosjektet var avlyst. Dei ville kansellere honoraret.

Strengt, men rettvist?

Å ikkje levere til avtalt frist, uansett kva slags grunn ein har, er vel kontraktsbrot og gyldig grunn til avlysing?

Kva er vanleg prosedyre når komponistar leverer seint?

Dei fleste orkester opererer med leveringsfrist rundt seks veker før urframføringar.

– Om komponisten av ulike grunnar blir forseinka, vurderer vi i kvart einskild tilfelle kva vi gjer, seier leiar for programkomiteen i Bergen Filharmoniske Orkester (BFO), Oddmund Økland.

Oddmund Økland

KOMITÉ-LEIAR OG MUSIKER: Oddmund Økland spelar fagott og kontrafagott i orkesteret.

Foto: NRK

Ca. halvparten av dei 25 komponistane som leverte bestillingsverk under BFOs jubileumsår 2015, vart forseinka.

Økland kan ikkje hugse noko tilfelle der dei har avlyst ei urframføring fordi partituret har blitt levert for seint, men for nokre år sidan tilførte dei ein klausul om seinleveranse i standardkontrakten:

«Hvis leveringen blir forsinket mer enn 30 dager, eller har vesentlige mangler, kan Stiftelsen Harmonien heve kontrakten og kreve det betalte beløp refundert, etter å ha gitt komponisten en frist på 30 dager til å rette på forholdet. Force majeure eller sykdom gir saklig grunn for utsettelse av leveransen.»

Force majeure? Jus-språk som betyr «særlege omstende som ikkje er under menneskeleg kontroll og som det derfor på førehand er klart at menneske ikkje kan avverge.»

Birkelund Ulvo leverte notane tre dagar etter frist og åtte og ei halv veker før konsert.

Leiinga i Kristiansand sto på si avgjerd om avlysing:

20. november sender orkesterdirektøren ein e-post til alle involverte om at prosjektet er avlyst.

Han er informert om situasjonen med Birkelund Ulvos mann, og skriv at han har forståing for at arbeidet har blitt forstyrra av familierelaterte problem, men at dette dessverre ikkje endrar konsekvensane av sein levering.

«Jäg har förståelse för att komponerandet under hösten störts av beklagliga problem relaterade til familjen men detta ändrar ju dessvärre inte konsekvenserna av sen leverans av partituret.»

Force majeure?

Birkelund Ulvo skriv til solistane om kva som har skjedd, men at ho framleis håpar at det skal gå seg til når alle får snakka saman.

Solistane som hadde hatt løpande samarbeid med komponisten, hadde øvd inn store delar av verket og var klare til å begynne med prøver trass forseinkinga.

Stemmeskrivaren (som skriv ut dei ulike stemmene til musikarane i orkesteret) kunne levere til sin frist, 1. desember.

Vert prosjektet avlyst, vert solistane arbeidslause i to månader.

Men KSO må framleis betale honoraret deira, halve honoraret til komponisten og utgiftene til workshopen.

Dette måtte vel kunne gå?

Den eine solisten, Ellen Ugelvik, skriv e-post til orkesterleiinga 21. november og lurar på om ikkje dette er force majeure.

Ho skriv: «Verket er sluttført. Jeg forstår selvsagt at det er påklagelig at det ikke forelå et trykket partitur på dato for deadline, men denne situasjonen er force majeure. Dirigent og solister har fått partitur og soliststemmer, og orkesterstemmene er i rute til 1. desember. Etter min mening er det en situasjon vi skal akseptere under disse uforutsette omstendighetene.»

Komponist Therese Birkelund Ulvo meiner sjøl å ha gjort sitt absolutt beste under dei rådande omstenda:

– Eg hadde jobba så hardt og målretta, og det kosta så ufatteleg mykje å mobilisere dei kreftene midt i det eg stod oppi. Og så blei eg liksom berre møtt med at det ikkje betydde noko. Ferdig snakka.

BAK SCENEN, ETTER KONSERTEN: Therese Birkelund Ulvo.

BAK SCENEN, ETTER KONSERTEN: Therese Birkelund Ulvo.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Birkelund Ulvo meiner avgjerda om å ikkje spele verket berre var prinsipiell.

– Det var ingen som opna partituret og på bakgrunn av det musikkfaglege avgjorde at framføringa ikkje kunne gjennomførast. Dét kunne eg jo ha respektert, seier komponisten.

Korleis veit du at ingen opna partituret?

– Det var tydeleg i svara og kommentarane i den tida. Ingen peikte på innhaldet i partituret. Det var berre den gjentatte beskjeden om at det hadde komme etter avtalt dato, og at det handla om prinsipp.

Orkesterdirektøren bekrefter overfor NRK at, ja, det dreide seg om deadline. Det å drive eit orkester med 70 musikere krev sitt.

Kvifor avlysing?

For ein komponist i starten av karrieren kan ei avlysing slik Birkelund Ulvo opplevde, vere øydeleggjande.

– Som komponist kjenner ein seg liten når ein vert stilt overfor ein stor institusjon. Institusjonen har ingenting å tape, men ei avlysing kan vere avgjerande for karrieren til komponisten, seier Jørgen Karlstrøm, leiar for Norsk Komponistforening.

Styreleder Jørgen Karlstrøm, Norsk Komponistforening

Styreleiar Jørgen Karlstrøm.

Foto: Renate Madsen / Norsk Komponistforening

Therese Birkelund Ulvo ville ikkje la hendinga øydeleggje eller definere karrieren, men forstod jo at det ikkje blei urframføring i Kristiansand.

Ho klarte, med hjelp frå Norsk Komponistforening, å få orkesteret til å seie frå seg framføringsrettane slik at ho kunne gå vidare med verket til Bergen Filharmoniske Orkester.

Ei musikalsk oppreising

Og her er vi, fem år seinare. Grieghallen 5. mars 2020, kl. 20:20: Pianosolistane Ellen Ugelvik og Andreas Ulvo, som har vore med på heile reisa er klare bak kvar sitt flygel – omkransa av orkesteret.

INTENST: Ellen Ugelvik, Andreas Ulvo og Bergen Filharmoniske Orkester.

INTENST: Ellen Ugelvik, Andreas Ulvo og Bergen Filharmoniske Orkester.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Musikken som strøymer frå podiet er intenst alvorleg. Ber musikken med seg konteksten han oppstod i?

På bakrommet etterpå møtest komponisten og dei to solistane. Det er god stemning av utløyst spenning etter vellukka prestasjonar. Latter og skåling.

TRIO: Ellen Ugelvik (venstre), Andreas Ulvo og Therese Birkelund Ulvo.

TRIO: Ellen Ugelvik (venstre), Andreas Ulvo og Therese Birkelund Ulvo.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Komponisten blir med ut for ein prat.

– Kva føler du no?

– Det er rart å ha fått urframført eit stykke som eg skreiv ferdig for fem år sidan. Dette stykket representerer så mykje meir enn det daglege arbeidet. Det at framføringa no har skjedd, og at det var fint, kjennast jo som ein revansj. No kan stykket endeleg lausrive seg frå historia si på ein annan måte. No kan det endeleg bli musikk igjen.

Therese Birkelund Ulvo ser letta ut.

– Ja, det kjennast bra. Det er også herleg å kunne sette strek.

– Dette er alvorleg musikk. Er sjølve musikken prega av historia rundt han?

– Det er så vanskeleg å vurdere. Det sit jo i kroppen, men kva utslag det faktisk fekk i partituret ... det er vanskeleg å skilje ut. Det er meir slik at dei musikalske tankane og logikken blei prega av den tynga og desperate situasjonen eg var i.

– Kjem dette verket til å vere med deg vidare?

– Heilt klart. På alle måtar. Det er eit stort arbeid, eit halvtimes verk for to solistar og orkester. Så det musikalske kjem til å vere med meg. Og så er det dei andre aspekta, det som gjeld familien. Men også den maktbruken og -kampen som kan finne stad innanfor institusjonane.

– Verket representerer deg?

– Ja, det gjer det. Og når eg først har vore nøydd kjempe for verket, kjennast det godt at det representerer meg.

Therese Birkelund Ulvo
Foto: Ingvild Ulset / NRK

PS: Eirik Ulvo trassa dei dårlege prognosane, og er erklært frisk.

PPS: NRK har vore i kontakt med den dåverande orkesterleiinga i KSO som seier at komponisten hadde fått rikelege høve til å fullføre og levere verket i tide.

Therese Birkelund Ulvo understrekar at ho ikkje har noko uteståande med administrasjonen ved Kristiansand Symfoniorkester. Ho har seinare fått fleire orkestertingingar. Klarinettkonserten hennar, «Shadows and Shields», vart utvald som Recommended Work under den 63. International Rostrum of Composers i Wroclaw i Polen. I 2017 vart ho ein del av KUPP, eit utviklings- og nettverksprogram for unge komponistar etablert av Norsk Komponistforening, Talent Norge og Music Norway. For Birkelund Ulvo innebar dette eit samarbeid med Oslo filharmoniske orkester. Ho har dessutan arbeidd fleire gongar med både Bergen filharmoniske orkester og Kringkastingsorkesteret.

Noverande direktør for Kristiansand symfoniorkester, Geir Rebbestad, seier til NRK at han ikkje kjennar historia godt nok til å kunne uttale seg om kvifor det blei som det blei. Han er glad for at stykket er satt opp i Bergen.

– Eg synes det er veldig hyggeleg. Og vi treng gode norske komponistar.

Borealis 2: Mentorprogrammet Borealis Ung Komponist. I år med Hilde Annine Hasselberg, Aslak Bjørge Hermstad, Steinar Yggeseth og Eva Pfitzenmaier som deltakarar og Carmina Escobar, Elaine Mitchener, Øyvind Torvund og Therese Birkelund Ulvo som mentorar. Sistnemnde fekk eit eige stort verk urframført av Bfo, dobbeltkonserten Woven FIngerprints, med Ellen Ugelvik og Andreas Ulvo som solistar.

HØR: Mentorprogrammet Borealis Ung Komponist. I år med Hilde Annine Hasselberg, Aslak Bjørge Hermstad, Steinar Yggeseth og Eva Pfitzenmaier som deltakarar og Carmina Escobar, Elaine Mitchener, Øyvind Torvund og Therese Birkelund Ulvo som mentorar. Sistnemnde fekk eit eige stort verk urframført av Bfo, dobbeltkonserten Woven FIngerprints, med Ellen Ugelvik og Andreas Ulvo som solistar.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi i NRK Kultur burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!