Ellen Andrea Wang
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Svær i smal sjanger

STANGE (NRK): Sjølv ein av verdas mest lovande jazzmusikarar kan ha problem med å trekkje til seg dei store massane.

(Sjå konserten i «Jazzklubben» her)

Du har kanskje ikkje høyrt om ho før, men det har berre vore eit tidsspørsmål.

Ellen Andrea Wang (31) er i haust ute med sitt andre soloalbum og er i ferd med å bli ein markant skikkelse i det internasjonale jazzmiljøet.

Ho har turnert kloden rundt med svære artistar og blitt kåra til ein av verdas fem beste unge kvinnelege jazzmusikarar av den britiske avisa The Guardian.

I haust er ho ute med nytt album og turnerer både inn- og utland i ulike konstellasjonar. Alt går tilsynelatande bra for Ellen Andrea, men sjølv om ho blir hylla av musikkeliten er jazz framleis ein smal sjanger med eit relativt lite publikum.

Dette er noko Ellen Andrea seinast fekk erfare førre veke.

Ellen Andrea Wang & Co på Oslo Jazzfestival

BASSIST: Ellen Andrea Wang medverkar i fleire ulike musikkonstellasjonar. Her spelar ho jamsession under Oslo Jazzfestival 2016.

Foto: Tore Sætre / Flickr

«Three people attending»

29. oktober 2017 er Ellen Andrea Wang i Amsterdam for å spele konsert. Tidlegare same veke har ho hatt stor suksess med fulle hus på jazzklubbane Ronnie Scott's og Spice of Life i London. I Nederland derimot har ho aldri spelt før som soloartist og ho er usikker på om ho har eit publikum.

Heldigvis kjenner ho tre personar i Amsterdam. Om berre dei kjem blir det i alle fall ikkje heilt tomt, tenkjer Ellen Andrea.

Men ingen av dei ho kjenner har høve til å kome.

På Facebook-hendinga har berre tre stykk sagt dei skal kome. Rett etter middagen før konserten diskuterer bandet med arrangøren om dei skal spele eitt eller to sett under konserten. Det er då Ellen Andrea i resignasjon forsiktig må foreslå:

«Maybe we should only have one set, because it's only three people attending?»

Ellen Andrea Wang

PUSTEROM: Ellen Andrea er heime igjen etter turné i England, Nederland og Sverige. Men ho får ikkje kvile lenge på laurbæra. Om få dagar går turen tilbake til England og London Jazzfestival.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Britney

Nokre få dagar har gått sidan konserten i Amsterdam og Ellen Andrea Wang er heime på Stange, utanfor Hamar. Her bur ho i eit gammalt hytteliknande hus saman med mannen sin (som jobbar som musikklærar på den lokale vidaregåande skulen).

På peishylla står eit bilde av paret – på ein Britney Spears-konsert i Las Vegas.

– Vi var i USA i fjor sommar, og då tenkte vi: Britney-konsert, det er «LOL» å gjere, seier jazzmusikaren om den musikalske utskeiinga si.

– Men var det kult?

– Ja, det var faktisk det, innrømmer ho.

– Det var det villaste sceneshowet eg nokon gong har sett, men det var lite synging da, fortset Ellen Andrea.

Konserten i Las Vegas står i tydeleg kontrast til ein ung norsk jazzmusikar sin kvardag, på veldig mange måtar.

Triste tal

– Regelen er at så lenge det er fleire folk i salen enn på scena, så går det bra. Eg har lært meg til å ha lave forventingar til konsertar, det blir ein slags mental måte å takle ting på, seier Ellen Andrea.

Den siste plata hennar, Blank Out, står til pynt i bokhylla. Ho har fått fleire gode meldingar, utan at trafikken på Spotify sine serverar har gått ad undas av den grunn.

– For oss jazzmusikarar er det jo utruleg trist å sjå på sånne «streaming-tal», seier ho.

– Tenkjer du då at du heller burde valt ein breiare sjanger?

– Eg må spele den musikken som eg synest er gøy, og då må eg tørre å sprenge grenser, utan å vite nøyaktig kva det er for noko. Det gjer musikken vanskelegare å setje i bås og dermed vanskelegare å selje, konkluderer Ellen Andrea.

Ellen Andrea Wang

RÅDGJEVAR: «Katten sit i tunet når du kjem. Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden.» Er det noko i desse orda frå Olav H. Hauge? Kan katten hjelpe Ellen Andrea med å få fleire lyttarar?

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Kontrabass?

Jazzen røva hjartet til Ellen Andrea i tidleg alder.

Ho vaks opp i prestebustaden på Søndre Land i Oppland og hugsar far som gjekk i skytteltrafikk mellom preikestolen og flygelkrakken for å spele jazzsalmar med improvisasjonar. Mor var klassisk pianist og dottera begynte å spele fiolin som seksåring.

Etter ti år vart Ellen Andrea lei av fiolinen. Ho hadde lyst til å begynne å spele el-bass – eit klassisk ungdomsopprør som foreldra syntes var litt vel drastisk. Ho kunne ikkje bytte ut fiolinen med el-bass!

16 år gammal reiste Ellen Andrea til Praha. Ho besøkte ein strykeinstrument-butikk saman med faren og såg plutseleg den ruvande kontrabassen framfor seg.

«Eg skal ikkje berre kjøpe ein kontrabass», spurde Ellen Andrea.

Kontrabass er ikkje det mest praktiske instrumentet å kjøpe på shoppingtur i utlandet, men av ein eller annan grunn syntest faren det var ein god idé.

Sidan har ho aldri sett seg tilbake.

Sting

Sjølv om ho ikkje valde den breiaste sjangeren, så skal vi heller ikkje svartmåle situasjonen fullstendig her.

I alle fall ikkje for Ellen Andrea, som etter kvart har blitt ein svært ettertrakta musikar. Ikkje berre som kontrabassist, men også som artist, og ja, av og til som begge deler samtidig.

I 2015 og 16 reiste ho verda rundt med den franske trommeslagaren Manu Katché. Då fekk ho spele for store folkemassar som reiste seg opp og klappa i ekstase. I april i fjor fekk ho til og med spele med sjølvaste Sting på Olympia i Paris.

Sting og Ellen Andrea Wang

STING: I april 2016 fekk Sting spele saman med Ellen Andrea Wang i Paris.

Foto: André D

– Det var den villaste stemninga nokon gong. Eg må ha sett heilt dust ut, mimrar Ellen Andrea og får stjerner i auga.

Men så blir ho innhenta av røyndomen igjen, då ho kjem på kva som skjedde få dagar etter den franske konserteskapaden.

– Få dagar seinare reiste eg heim til Noreg og hadde jazzkonsert på Vestlandet med 30 tilhøyrarar. Det er store kontrastar i musikarlivet, men begge deler er jo konsert, seier ho og smiler.

Amsterdam

– Men kor mange kom det eigentleg på den konserten i Amsterdam førre veke?

Arrangøren trekte nok på smilebandet då Ellen Andrea forsiktig påpeika at «it's only three people attending». For det var nok litt fleire enn tre stykk som hadde sikra seg billett for å høyre det norske stjerneskotet.

– Plutseleg fekk eg høyre av arrangøren at dei hadde selt over 100 billettar, så kom det 140 på konserten! I tillegg skulle alle kjøpe begge cd-ane og begge vinylane, mimrar Ellen Andrea.

Ellen Andrea Wang Instagram

SJOKKA: Ellen Andrea la ut dette bildet på Instagram-historia si etter konserten i Amsterdam.

Foto: Ellen Andrea Wang

Kanskje er det berre jazzfolket som ikkje er på Facebook?

Anbefalt vidare lesing:

Aurora opptrer under Øyafestivalen i Tøyenparken onsdag kveld.
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Savner mer tid til å skrive musikk. Aurora er blant artistene som spiller flest konserter. Men det er ikke bare fordi hun synes det er fabelaktig. Les saken

Terrorstat
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

«Velferdsstaten Noreg er fødd på krig og blodpengar» 40 år etter at punken slo gjennom – er det noko opprør igjen? NRK tok temperaturen på punkfestivalen Kanalrock. Les saken