Haley Shea

Ey! Haley har stagediva, og det gjekk så bra at ho mista øyreproppane sine i publikum. Ein hjelpsam fan finn dei rett etterpå.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Sløtface til folket

LONDON / OXFORD (NRK): Under radaren byggjer norske Sløtface seg opp som «eit av Europas beste nye band».

Slow and steady wins the race.» (Britisk ordtak)

På ei scene i London står norske Sløtface. Dei er midtvegs uti nest siste konsert på ein seks veker lang europaturné. Det nærmar seg augneblinken der det er uklart om det går rett til himmels, eller bang i asfalten. Augneblinken der ein må satse alt og kaste seg ut i det ukjente. Å nøle kan bli skjebnesvangert.

Vokalist Haley Shea, ho som har blitt kåra til ei av verdas 50 heitaste rockestjerner, skal stupe ut i London-publikummet, ta ein stagedive. Ho er framleis litt støl etter ei hard landing helga før. Konserten i London har vore utseld i mange dagar, 220 personar, inkludert New Musical Express, premissleverandøren av indie-hype, og avisa The Independent, ventar der framme.

Kan ho lande trygt på beina i kveld?

Haley Shea gir alt på scena

Vokalist Haley Shea har amerikanske foreldre, men er sjølv frå Stavanger.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Lasse Lokøy i Sløtface

Bassist Lasse Lokøy, Oxford, 26. oktober 2017.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Stram timeplan

Morgonen etter, i turnébussen på veg ut av London, er gitarist Tor-Arne Vikingstad og bassist Lasse Lokøy opptatt av noko heilt anna. Dei har nettopp vore på jakt etter sponsing hos gitargiganten Fender, og har noko å fortelje:

– Vi møtte svigersonen til Ringo Starr!

Profesjonell intervjuframferd blir raskt bytta ut med ekte, barnleg glede.

– Eg måtte ringe pappa! Då blei han veeeeeldig gira. Innan veka er omme, kjem han til å ha fortalt det til alle på jobben sin, ler Lasse.

Svigersonen til Ringo Starr må stille seg i kø når Sløtface summerer opp årets høgdepunkt. Britisk musikkpresse har hylla dei som «det neste store», og debutplata er ute til gode kritikkar. Dei har blitt radiolista i Australia, og fått merksemd under bransjefestivalen South By Southwest i USA. Den stramme timeplanen avslører at dei er ettertrakta om dagen, dei snakkar verdsvant om «då vi spelte i Paris sist», og har ikkje hatt fri sidan mai.

– Vi har aldri opplevd det som mange eldre musikarar åtvara oss mot då vi var yngre: Å føle at du berre ligg og kavar utan at du kjem deg vidare, seier Haley.

Ho har amerikanske foreldre, og skriv plettfrie engelske tekstar som eit internasjonalt publikum kan kjenne seg igjen i. Om tenåringsangst, nostalgi, uoppnåelege ideal og seine netter. Til lyden av pop-punk.

Sløtface

Jobb og venskap, hand i hand. Frå venstre: Lasse Lokøy, Tor-Arne Vikingstad, Haley Shea og Halvard Skeie Wiencke.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

«Slak oppoverbakke»

Dei siste seks vekene har Sløtface spelt for 2500 personar, i gjennomsnitt cirka 80 folk kvar kveld. Ikkje det største talet, kanskje, men bandet er midt i ein «slak oppoverbakke», der målet er ein internasjonal marknad og musikken som levebrød. Dei tenkjer langsiktig; er maratonløparar, ikkje sprintarar. Det er langt unna rockeklisjeen om å sleppe éi låt, bli signert av plateselskap, slå gjennom og lene seg tilbake for å nyte applausen.

– Ein jobbar heile tida. Utan at vi jobbar for det, så skjer det ingenting, seier Tor-Arne, den energiske og diplomatiske gitaristen i bandet.

Sjølv snakkar bandet om mange små gjennombrot heile vegen. Om å byggje stein på stein.

– Dette er jo utdanninga ein må gjennom viss ein skal bli musikar. Ein må vere litt tolmodig. Det er mykje tid som trengst, seier Lasse.

På det sjette besøket i England byrjar dei å sjå resultat: Det er alltid folk på konsertane som kan låtane. Og: Dei sel ut konsertane.

Sløtface-kollasje

Øvst frå venstre: Jau då, vi er i England. Nedst frå venstre: Sløtface med litt overraskande litteraturutval på turnébussen? Halvard les «A brave new world» av Aldous Huxley, Lasse må lese Dostojevskij for å få studielån. Nedst til høgre: Tomme glas, tomt lokale etter den siste konserten i England.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Jenter skal alltid syngje perfekt, liksom?

Sløtface er eit ambisiøst og profesjonelt band.

Når dei er ferdig med ein konsert, verkar det ikkje som dei går og tenkjer på kva som gjekk bra, og kva som gjekk dårleg. Dei er rett og slett ferdig med ein jobb, ser fram mot neste, stiller seg opp for å selje plater og prate med fans.

Dei er med i dette gamet på ubestemt tid. Dei har planar eit år framover.

– Det blir ikkje nokon sommarferie, nei, seier Haley.

Sløtface på scena i Oxford

Tor-Arne Vikingstad og Haley Shea under konserten i Oxford.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Tor-Arne Vikingstad

Gitarist Tor-Arne på veg ut på scena til ein utseld London-konsert.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

For knappe to år sidan stod Sløtface på scena som ferskingar i Urørt-finalen på NRK. Allereie då hadde dei funne forma, med sin miks av punkattitude, popmelodiar og smarte kulturelle referansar. Nokre ting har likevel endra seg.

Det gamle finaleklippet blir henta opp på mobilen til Lasse.

– Eg angrar på det genservalet der, bryt Tor-Arne ut.

Haley stemmer i:

– Ja, den genseren er utruleg stygg, Tor-Arne! Litt sånn oppkastete.

Men dei finn mykje positivt i framføringa også.

– Til å vere den første gongen vi er på TV, så står vi i alle fall ikkje heilt i ro og er pissnervøse. Det er ganske bra, seier Haley.

Det var etter denne framføringa at ho byrja det ho kallar «eit korstog» mot at jenter ikkje får syngje surt.

– Det er feitt når gutar syng surt, medan jenter skal alltid syngje perfekt, liksom?

Flinkis

Sløtface har aldri vore redde for å kaste seg inn i ein debatt.

– Vi har lyst til å vere småprovoserande på ein veldig snill måte. Seie utagerande ting om feminisme i beste sendetid på NRK, smiler Haley.

Mellom all spelinga har bandet tatt seg tid til å pleie samfunnsengasjementet. I 2016 spelte dei inn musikkvideoen «Sponge state» ved Førdefjorden, side om side med aktivistar som prøvde å stoppe dumping av avfall.

Samtidig som dei jobbar hardt og ikkje skyr dei vanskelege temaa, er Sløtface innimellom berre fire vener i starten av 20-åra på tur. Dei snakkar om ein Halloween-fest dei skal på, leikeslåst, hadde ein plan om å jogge mykje i starten av turnéen, men har gitt det opp. Kanskje er det her noko av appellen til bandet ligg: At dei i den eine augneblinken kan lage musikkvideo om korleis det er å vere redd for å bli valdtatt, og i den andre augneblinken publiserer humoristiske bakomvideoar frå turnélivet («Tor on tour»)?

Dei er ikkje uoppnåelege rockeidol, slit med dei same tinga som andre nokre-og-20-åringar. Sjølv ikkje dagens rockeband slepp unna «flinkissyndromet». Haley fortel at ho var «veldig flink jente» som yngre, at ho som alle andre vil at folk skal like henne, men:

– På scena likar folk deg når du ikkje er snill. Så då kan eg spytte, få blåmerke, stagedive. Det er eit fint utløp.

Haley Shea og Lasse Lokøy backstage i Oxford

Det er masse venting på turné. Lasse tar eit minutt til å sjekke mobilen før konsert.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Lasse Lokøy vekkjer Halvard Skeie Wiencke

Halvard prøvar å slappe av. I det neste sekundet blir han vekt av ein klapp på kinnet.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Frå U til Ø

– You guys gotta draw the Ø.

Dei britiske plateselskapsfolka til Sløtface peikar på ein haug med kvite t-skjorter som ligg på bordet, dei skal til konkurransar på amerikanske radiostasjonar. Som eit slags punkstunt er det bestemt at Sløtface skal teikne sine eigne t-skjorter.

Før heitte bandet Slutface (det var eit slags feministisk statement). Å bytte ut U-en i namnet var eit nødvendig grep, som fort viste seg å bli genialt. Ikkje berre omgjekk bandet sensuren på sosiale media, dei fekk vist fram sin norske bakgrunn. Det gjer ikkje noko no som norsk musikk opplever eit internasjonalt oppsving.

Sløtface signerer plater

Når platene kjem på bordet, organiserer Sløtface seg vant på rekkje og rad for signering.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Tor-Arne Vikingstad signerer t-skjorte

Rockelivet byr på meir enn lydsjekk og konsert. Tor-Arne må også illustrere t-skjorter.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

For Sløtface er det viktig å satse utanfor Noreg. Av dei over 100 konsertane dei har spelt i år, har dei fleste vore i utlandet.

Tor-Arne forklarar at dei kanskje stiller litt svakare i ein norsk marknad enn norske rapparar og artistar, på grunn av engelske tekstar og den «unorske» sjangeren punkpop. Det er difor viktig å rette seg mot ein større marknad.

– Vi har gode organ i Noreg, der målet er musikkeksport. Utan det, så hadde vi ikkje vore her. Samtidig så tar vi ein enorm økonomisk risiko, seier gitaristen.

Førebels tener ikkje Sløtface pengar på utanlandsjobbane. Det er mange utgifter. Dei brukar pengane dei tener i Noreg til å finansiere turneane, og mottar støtte frå staten.

På spørsmål om kvifor dei slår betre an i land som Australia og England, enn i Noreg, svarar Lasse:

– Eg trur ikkje folk i Noreg bryr seg så mykje om rock.

Haley nemner dei engelske tekstane som ein mogleg årsak.

– Når vi gjer intervju i Storbritannia, så vil dei alltid snakke om tekst, men i Noreg blir vi aldri spurt om det. Kanskje det er fordi det er morsmålet deira?

Haley Shea backstage i London

Det går mykje i Yorkshire-te for å ta vare på stemma.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Tor-Arne Vikingstad strekkjer ut

Litt tøying backstage før ein særs viktig London-konsert.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Populær blant foreldra

Mange aldersgrupper er representert på konsertane. Ein del av fansen vi snakkar med, har oppdaga bandet via Facebook eller Youtube, fått dei anbefalt i platebutikk, eller sett dei varme opp for andre band.

– Det er alltid ein eldre mann som står heilt framme med Sløtface-t-skjorte på. Så er det mange unge jenter rett framfor Haley, seier Lasse.

– Eg trur vi har ei ganske sterk målgruppe blant våre foreldre, det er det eg høyrer frå vener og sånn: Eg har ikkje høyrt musikken dykkar, men pappa diggar bandet, seier Halvard.

Han har kanskje rett, for i løpet av denne turneen har to personar feira 50-årsdagen sin på Sløtface-konsert.

Setliste til Sløtface i London, 25.oktober 2017

«Lasse ut i publikum». Fullstendig setliste for Sløtface-konsert i London, 25. oktober 2017. Merk: Bandet avsluttar alltid med å spele av 90-talshiten «Teenage dirtbag» av Wheatus.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Lydsjekk med Sløtface i Oxford

Meir bass i monitor. Lydsjekk på The Cellar i Oxford.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Å hoppe utan å ta sats

Den siste kvelden av englandsbesøket, i studentbyen Oxford: Sløtface har lasta inn utstyret på den vesle kjellarpuben og gjort lydsjekk, det er «første gongen vi er ferdig før tida på turneen».

Snart skal dei heim, berre ein svipptur til Paris for ein konsert først. På nyåret skal det norske publikummet bli minna på at Sløtface finst, før dei gir ut ny plate, og drar tilbake til USA. Men først har dei ei liste over kva dei skal gjere når dei endeleg har fri:

1. Sjå den nye sesongen av «Stranger things».

2. Lage sin eigen mat.

3. Sove.

4. Lage nye låtar.

– Å få lov til å stagedive og vere i fysisk kontakt med folk gjer at eg føler meg tøffare og kulare. Eg gler meg alltid masse til det, seier vokalisten i løpet av intervjuet.

Det gjekk strålande i London.

Haley Shea forsvann ut i publikum, to kvite buksebein stakk opp, ho segla bakover i lokalet. Fansen bar henne trygt tilbake på scena. Det einaste som mangla var øyreproppane, som ein hjelpsam fyr etter kvart kasta fram på scena.

Det var eigentleg ikkje nokon tvil om at scenestupet skulle gå bra. Det skjedde kjapt, og det såg ikkje ut som ho tok sats ein gong. Det såg lett ut.

Suksess gjer ofte det.

Haley Shea stagediver

Haley blir ført heilt tilbake i lokalet, før ho landar trygt på scena igjen.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Sløtface på turnè

I det siste minuttet av den siste konserten i England, hoppar Haley Shea plutseleg ut til folket. Studentane i Oxford diggar det.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Anbefalt videre lesning:

Ellen Andrea Wang

ELLEN ANDREA WANG: Ho har turnert kloden rundt med svære artistar og blitt kåra til ein av verdas fem beste unge kvinnelege jazzmusikarar av den britiske avisa The Guardian.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Svær i smal sjanger. Sjølv ein av verdas mest lovande jazzmusikarar kan ha problem med å trekkje til seg dei store massane. Les saken