Flyaspirant før flytrening
Foto: Luftforsvaret

Sander kan bli Noregs neste jagarflypilot

Luftforsvaret treng fleire pilotar. Sander (20) er ein av dei som vil forsvare Noreg i ein eventuell krig.

Det er tidleg på morgonen. Det skarpe ljoset og den klare lufta på Bardufoss gjer Sander skjerpa.

Etter fleire veker med tung teori skal han endeleg få sjansen. Han skal opp i fly for fyrste gong. Sjølv om det er instruktøren som flyg, kjenner Sander på nervane.

For teori skal om til praksis, og det er viktig at han følgjer med og får med seg alt.

Viss ikkje kan han kome bakpå. Det er han ikkje tent med i ein av Noregs mest krevjande utdanningar.

– Det er overveldande i starten. Korleis skal eg klare dette? Det er veldig mykje på ein gong, og mykje du ikkje har gjort før, fortel Sander.

Alt han gjer blir vurdert. Er han god nok til å bli med vidare, eller ikkje?

Sander klarer å halde seg roleg. Fokusere. Etter kvart dett bit for bit på plass. Han føler seg tryggare.

– Å kjenne på den meistringskjensle er herleg, og det gjer du mykje på ein stad som dette, understrekar han.

                    

Flytrening Flyskolen Bardufoss
Foto: Luftforsvaret

Flygarar i Luftforsvaret er ettertrakta for utanlandsk etterretning, og må derfor skjermast. Derfor brukar vi berre fornamn i denne saka.

Reine tilfelle

Den pågåande krigen i Ukraina minner oss dagleg på kor skjør ei fredstid kan vere.

Og kor viktig eit godt Forsvar, og ikkje minst Luftforsvar er.

– Det er viktig fordi viss ein ikkje har eit fungerande Luftforsvar, får vi ikkje utnytta det fulle potensialet til Sjøforsvaret, Hæren, Heimevernet og spesialstyrkane.

Det forklarar sjefen på flygeskulen, Hallgeir Bjørkestøl.

Men det tar lang tid å utdanne flygarar. Og mange vegrar seg for å søke.

Kvifor er det slik?

Det skal vi kome tilbake til seinare.

Men fyrst skal vi spole tilbake eit år.

Da var Sander ein heilt vanleg vidaregåandeelev.

Han hadde aldri drøymt om å bli pilot eller forsvare landet i lufta.

– I hovudsak var det fordi ein kompis av meg søkte. Han fortalde om flygarutdanninga, og eg syntest det var interessant.

Han har alltid vore teoretisk sterk. På vidaregåande gjekk han idrettslinja. Lidenskapen for idrett og trening har alltid vore ein stor del av han. Det såg han nytteverdien av.

                    

For resten av ditt liv

Gjennom ein lang og tøff seleksjonsprosess kom han til slutt gjennom nålauget. Til flygeskulen på Bardufoss.

Heile tida utan å vite noko på førehand kva han og dei andre skulle bli testa på. Det er heilt bevisst at Forsvaret gir dei lite til ingen informasjon på førehand.

– Ein må tenke gjennom kva ein har søkt på, og førebu seg etter det. Det er ein lang utdanning, og har mykje å seie for resten av livet ditt, seier Sander.

Han er vidare. Foreløpig.

Likevel er det lang veg fram til inntak på Luftkrigsskolen. Og enda lenger fram til draumen om å bli jagarpilot.

Flyskolen
Foto: Luftforsvaret

Framleis ikkje trygg

Opphaldet på Bardufoss er den aller siste seleksjonen på kven som er gode nok til å bli flygar i Luftforsvaret.

Da er vegen vidare Luftkrigsskole, der ein får offisersutdanning, før ein går vidare til høgdepunktet: Flygarutdanninga i USA.

Sander og medsoldatane hans lever under konstant press.

Dei fyrste seks vekene hadde dei eksamen kvar fredag.

Dei som ikkje bestod eksamen på to forsøk måtte innsjå den harde realiteten: Å bli sendt heim igjen.

Nå lever Sander av at kvar einaste flopp høgnar risikoen for å ikkje få oppfylt den store draumen om å bli jagarflypilot.

Det einaste Sander veit er at av dei 29 soldatane som er i kullet hans, så er det ein stad mellom 3 og 23 som kjem til å gå vidare.

– Ja, talet på kor mange som går vidare varierer mellom 10 til 80 %, bekreftar Hallgeir Bjørkestøl.

– Det historiske snittet er på 45 %, legg han til.

Flygeskolen Bardufoss
Foto: Mariann Beausire / Luftforsvaret

Sander må ligge i forkant

Bjørkestøl og hans medarbeidarar sin jobb er å velje ut enkeltaspirantar, og sørge for at dei får nødvendig opplæring.

– Militært sett må dei vere flinke til å hoppe mellom mange oppgåver på kort tid. I tillegg til sivilflyging som fokuserer mykje på kva som skjer inni flyet, må våre pilotar også ha god oversikt over det som skjer utanfor flyet sitt, understrekar han.

For Sander sin del betyr det å bruke all si tid på å pugge og trene. Som regel frå åtte om morgonen til ti om kvelden.

– Det krev ein del av deg for at du skal henge med. Sjølv om skuledagen er ferdig halv fire på ettermiddagen, er det vanleg å lese på kveldane og i helgane, fortel Sander.

Kvardagen startar kl. 06 for å gjere rommet klart til inspeksjon. Etter skoleoppstilling og morgonbrief får dei vite kven som skal fly den dagen.

Flygeskolen på Bardufoss
Foto: Mariann Beausire / Luftforsvaret

– Dei som ikkje skal fly brukar tida til «self study». Det er stor forventning frå instruktørane at du skal kunne teorien til flydelen, og derfor blir det mykje studie på eigen hand.

– Du må liggje framfor heile vegen, for viss ikkje blir du gått ifrå. Du må ha to-tre flyturar klare i hovudet ditt heile tida, forklarar han.

Må ta seg saman

Fram til nå har han heldigvis klart å halde hovudet kaldt når det gjeld.

– Det er ein god nøkkel å ta seg saman og halde seg roleg i pressa situasjonar. Slik som når instruktøren trippar litt med foten og synest du er litt for treig, humrar han.

Sjølv om Sander er usikker på kvifor akkurat han har kome vidare, ser han fleire likskapar mellom seg og medsoldatane.

– Alle er teoretisk sterke, har høge ambisjonar, gode verdiar og er tydelege leiarpersonar.

Men å utdanne flygarar tar fleire år. Og Noreg har lenge uttalt at dei treng fleire pilotar.

Norske F-35 på vei til Island
Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

Høge søkartal

For ti år sidan var søkartala låge. Derfor begynte Luftforsvaret med ei aktiv marknadsføring på sosiale medium mot ungdommar i sesjonsalder.

Det har gitt resultat og søkartala har heldt seg stabilt høge dei siste åra.

– I tillegg har vi investert i nye kampfly, helikopter og overvakingsfly. Det kan også vere ei forklaring på at søkartalet har heldt seg høgt, seier Bjørkestøl.

Ei utfordring dei møter på i rekrutteringa er derimot at mange vel bort seg sjølv før dei i det heile tatt søker. Og da spesielt jenter, ifølgje seleksjonssjef Per William Bertelsen.

– I samtale med psykologane så har vi kome fram til at på grunn av at jenter er meir modne og meir sjølvbevisste enn det gutane er, er dei dessverre flinkare til å velje bort seg sjølv fordi dei trur dei ikkje er gode nok.

For Bjørkestøl og Bertelsen er det viktig å presisere at du kan bli ein god flygar uavhengig av kjønn. Ein treng ikkje å vere eit supermenneske for å bli tatt inn til flygeskolen.

Det er vi som sit med kunnskapen om kven som har dei riktige føresetnadene for å tene Noreg i lufta.

Flyaspirant i fly
Foto: Katrine Engebretsen Rønning / Luftforsvaret

Aldri angra

Sander veit kva yrkesvalet betyr for livet hans. Han og resten av kullet følgjer spent med på nyheitene om krigen i Ukraina.

– Ein må vere bevisst på kva ein har søkt seg på. Som jagarflypilot er du spydspissen i Forsvaret, og dermed ein ressurs som kan vere viktig, seier han og legg til:

– Det er eit fysisk og psykisk krevjande yrke. I verste fall må ein ta liv.

20-åringen fortel at han aldri har angra på valet han har tatt. Å få vere flyaspirant beskriv han som eit privilegium.

– Det er mange som har lyst til å vere i skoa eg er i nå. Det er ei moglegheit eg ikkje vil kaste bort.

Snart nærmar det seg avslutning på flygeskolen på Bardufoss. Om 12 veker får Sander vite om draumen framleis flyg.

Sjå flygeskulesjefen Hallgeir Bjørkestøl utføre eit fengslande flyeksperiment i «Alle mot 1» laurdag kl. 19.50 på NRK 1.