Kunstnar Hedda Roterud Amundsen i studioet sitt
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Rosarevolusjon

Rosa fekk lenge skulda for kjønnssegregering av gutar og jenter. No er fargen på hovuda til feministar over heile verda. Kva skjedde?

– Som om rosa er synonymt med noko negativt, mindre viktig eller useriøst!

Hedda Roterud Amundsen sukkar der ho sit tilbakelent i eit nedslite studio sentralt i Oslo. Då kunstnaren byrja å bruke rosa i arbeidet sitt, fekk ho tilbakemeldingar om at ho måtte passe seg så uttrykket ikkje blei for «jentete». Ho blei ikkje overraska over reaksjonane, som kom frå både kvinner og menn:

– På ein eller annan måte, så visste eg at eg måtte forsvare fargevalet. Det er ikkje noko som er nøytralt med rosa. Eg fekk tilbakemeldingar om at dette måtte handle om jentegreier, at det var kjensler, at det var yndig, uinteressant. Menn syntest at det var noko som ikkje gjaldt dei.

Amundsen har nettopp kasta eit ferskt rosafarga tekstilverk ut i gangen – målinga lukta for ille. Rundt om i studioet ligg steinar spraya med farge og glitter, popkorn strødd på golvet, store måleri med innslag av rosa står lent mot veggen. Med andre ord tok ikkje kunstnaren til seg kritikken; ho blei berre meir gira på å bruke den utskjelte fargen.

– Å bruke rosa blei eit bevisst val for å forsterke bodskapen og spele på assosiasjonane rundt fargen. Det handlar om å forsøke å snu noko negativt lada til noko positivt.

Hedda Roterud Amundsen jobbar i studio

Kunstnar Hedda Roterud Amundsen jobbar med eit nytt, rosa verk i studioet sitt. Det rosa håret og jakka vitnar om at ho sjølv er ein del av kunsten: – Eg er arbeidet mitt.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Rosa makt. Stempla som sexistisk og vulgær, skulda for å tulle unge jenter inn i prinsesseideal dei aldri kom seg ut av. Debatten har rast rundt den såkalla jentefarge nummer éin mange gongar. No har dei største kritikarane, feministane, trykt han til sitt bryst, eller rettare sagt, hovud. Etter at Donald Trump blei valt til president i USA, drog kvinner og menn over heile verda rosa luer over hovudet. «The resistance rises. How a march becomes a movement,» skreiv Time Magazine og putta motstykket til Trumps «Make America great again»-caps, the pussyhat, på framsida.

Bak initiativet stod ei grasrotrørsle i Los Angeles, som posta strikkeoppskrifter på nett og oppfordra kvinner og menn til å strikke i protest. Med rosa katteøyre slo dei tilbake mot Trumps utsegn om å «grab them by the pussy».

Kongeleg aura. Rosafargen har ikkje alltid vore knytt til det feminine kjønn.

– Før var rosa ein maskulin farge, utvatna frå raudt, med ein kongeleg aura, fortel Jon Amund Søfferud.

Han er hovudlærar og seniorrådgjevar ved School of Fashion Industry, og underviser i nyare motehistorie. Eksempla på menn med rosa i skapet er mange. På måleri frå 1200-talet er Jesusbarnet måla rosa, Jomfru Maria er kledd i lyseblått, den uskuldige fargen. Kjønnsfordelinga var altså totalt motsett av i dag!

Kransenedlegging i Sachsenhausen

Kransenedlegging i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, 1999, med den rosa trekanten som symboliserer homoseksualitet.

Foto: FABRIZIO BENSCH / REUTERS

Symbol for homoseksualitet. Under den andre verdskrigen skjer det noko som skal hengje ved rosafargen heilt fram til i dag. Nazistane merkar homofile i konsentrasjonsleirar med rosa trekantar på fangedraktene. Fargen blir etter kvart eit viktig symbol for homoseksualitet.

– Rosa flyttar seg i retning av feminine kjenneteikn, forklarar Jon Amund Søfferud.

I etterkant av den andre verdskrigen gjer ungdommen opprør mot foreldregenerasjonen og designarar tar i bruk positive fargar. Det er dermed duka for at den kommersielle leiketøysindustrien kan marknadsføre rosa produkt mot jenter og mødrene deira. Frå 1950-talet og utover eksploderer det i rosa leiketøy, kjolar og sminke, med Barbie som det ultimate eksempel. Det er her røtene til «jenteopphenget» i rosa ligg.

500 kvinnemagasin. Ein annan kunstnar, Charlotte Haugen Ladegård, har nettopp måla ein heil vegg rosa i Bærum Kunsthåndverk. På toppen av eit monter ligg ein babyskulptur dekt av halvparten blått, halvparten rosa babyteppe, golvet er dekt av rosa leiker. Om to dagar skal hennar første soloutstilling, «One is not born a woman», opne her. Med utgangspunkt i Simone de Beauvoirs teoriar skapar Ladegård ei glansa, rosa verd med My Little Pony, nakne kroppar og ikkje minst: 500 motemagasin, jakta ned og frakta i ein trillekoffert i vintervêr dei siste to åra.

– Vi, som samfunn, assosierer rosa med noko mindre intelligent. Vi prakkar på ungane blått og rosa, men om du som vaksen kler deg i fargen, så blir du sett på som dum. Det blir berre forventa at vi skal kunne dei usynlege kodane, seier ho oppgitt.

Charlotte Haugen Ladegård

Charlotte Haugen Ladegård samla inn 500–600 kvinneblad og ei stor mengde rosa leiker til si første soloutstilling. Ho kritiserer den rosa, glansa representasjonen av kvinner i marknad og media.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

«I am pretty and perfect» Den unge kunstnaren starta prosjektet for to år sidan som bacheloroppgåve ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho kritiserer ein marknad som dikterer korleis kvinner skal vere – i rosa innpakning.

– Å bruke rosa er ein konsekvens av temaet. Det er ein farge knytt til ideala som berre blir pressa på oss.

Nesten heile prosjektet har sitt utspring i ein genser, knallrosa med sølvskrift, «I am pretty and perfect, just like mommy». Storleik eitt år. Då Ladegård starta prosjektet, var ho irritert på fargen og alle beskjedane som følgde med han.

– Eg skamma meg nok litt over å vere kvinne, og dermed å bruke rosa. No tør eg å insistere på å bruke fargen, eg skammar meg ikkje lenger. Eg har kjøpt meg rosa naglelakk til utstillingsopninga, liksom, ler ho.

Usmakeleg og stygg. Er rosafargen i ferd med å bli kvitt imageproblemet sitt? Då Fanny Ambjörnsson, kjønnsforskar ved Stockholms Universitet, jobba med boka «Rosa – den farlige fargen» på starten av 2000-talet, var fargen «så smått» i bruk blant feministar og homofile og lesbiske miljø, men det var få vaksne som ville innrømme at dei likte rosa.

Barneskulptur av Charlotte Haugen Ladegård

Eit barn ligg på eitt rosa, eitt blått babyteppe. Skulpturen er del av "One is not born a woman" av Charlotte Haugen Ladegård, Bærum Kunsthåndverk.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Dei fleste eg snakka med syntest han var usmakeleg og stygg. Mange hadde sterke, negative kjensler. Eg trur det er i ferd med å endre seg med den nye politiserande forståinga av rosa, seier Ambjörnsson på telefon frå Sverige.

I 2005 nytta det svenske partiet Feministisk Initiativ fargen i logoen sin. Sosialdemokratar i land som Frankrike og Portugal har gjort det same. Når det gjeld rørsla rundt dei rosa luene, peiker både Ambjörnsson og Jon Amund Søfferud ved School of Fashion Industry på at det er eit direkte motsvar til Trump, og slik sett ikkje representativt for heile feministrørsla.

– Trump er tidlegare leiar av Miss Universe, så det rosa blir eit symbol for det kvinnelege, og det at kvinnene tar eit oppgjer med han. Ville vi hatt denne rørsla om Hillary Clinton blei innsett som president? Heilt sikkert ikkje, seier Søfferud frå School of Fashion Industry.

Maskulin farge. Sjølv om ekspertane er einige i at rosa har fått ei ny, politisk meining, er dei ueinige om kva det betyr for mannen og hans garderobe.

Fanny Ambjörnsson trur ikkje det blir lettare for menn i 2017 å velje den provoserande fargen.

– Det ligg ei dobbel meining i rosa: Eg er feminist og kvinne. Det gjer det lettare for kvinner å kle seg i fargen enn menn. Pussyhat skulle vere ein markør også for mannlege feministar, men eg såg ikkje mange menn med lua på seg. Heile prosjektet er tydeleg kvinnekoden, bygd på strikking med rosa garn, og dessutan med assosiasjon til det kvinnelege kjønnsorganet, seier den svenske forskaren.

Kvinnemarsj i Washington D.C

Demonstrantar med rosa lue, såkalla pussyhat, under kvinnemarsjen i Washington D.C, januar 2017.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Jon Amund Søfferud trur derimot at det er meir akseptert for menn i dag å gå med ein kald variant av rosafargen. Denne type rosa symboliserer eksklusivitet heller enn feminitet. Våren 2012 presenterte klesdesignar Riccardo Tisci ein kolleksjon for Givenchy som sette spor langt inn i dagens kjedebutikkar. Tisci brukte ein kald rosafarge, kombinert med olivengrønt, mint og purpur på dei mannlege modellane.

– Det blei dominobrikka som sette i gang bruken av rosa vi ser i herrekolleksjonar frå Acne, COS og andre merker i dag, seier Søfferud.

Han viser til at motedesignarar ofte introduserer nye fargar basert på bestseljarar frå fjoråret, gradvis. Slik byrjar ein majoritet å ta til seg ein ny farge.

– Menneske er vanedyr, vi vaknar ikkje ein dag og plutseleg tvilar på alle val vi har tatt. Vi treng heile tida å bli introdusert for nye idear.

I studioet hos Hedda Roterud Amundsen i Oslo er det nye tekstilverket byrja å tørke, og kunstnaren inspiserer det nøye. Snart skal ho nok ein gong opne studioet for publikums tilbakemeldingar, under arrangementet Oslo open. Amundsen håpar fleire kan knytte rosa til politisk engasjement, heller enn overflate. Sjølv bidrar ho med å sette fargen i kontrast med harde materiale som stein i sine kunstverk.

– Men det er ein lang prosess. Fargen er såpass forankra i unge jenters barndom og det vil ikkje forsvinne med det første.