Rikard Nordraak
Foto: Ukjent / Oslo Museum

Den unge flammen

Mannen bak «Ja, vi elsker» blei berre 23 år gammal.

Tidleg i mars 1866 ligg ein norsk 23-åring på dødsleiet i Berlin.

Han hostar og hostar. Lungebetennelsen han fekk i november, var i røynda tuberkulose, og kreftene hans svinn hen.

Rikard Nordraak kjenner at kroppen er i ferd med å gi opp. Likevel håpar han.

«Kan jeg klare meg fram, så håper jeg til Gud å komme hjem i mai. Og så gir vel Vårherre litt styrke igjen så jeg kan virke i den hellige kunsts tjeneste og være med på å bygge opp der hjemme i det skjønne Norge,» skriv han i eit brev til familien.

Han skal aldri få sjå Noreg igjen, men på mange måtar lukkast han likevel med å vere landet til nytte.

Krona seg sjølv

Rikard Nordraak er saman med diktaren Bjørnstjerne Bjørnson ansvarleg for at vi alle reinskar halsen og tar sats ved «og den saganatt som senker, senker drømme på vår jord».

Eit nedstøva namn blir til ein saftig skjebne når vi drar han ut av historiebøkene. La oss berre slå det fast med ein gong: Både mannen og livet hans er uvanleg.

Første spor til originalitet ligg i namnet.

Han blir fødd 12. juni 1842 i Christiania. Fødselsattesten viser «Richard Nordraach». Som vaksen endrar han namnet til ein meir moderne norsk stavemåte lenge før dette er daglegdags – ut med ch og inn med k i både for- og etternamn.

Som barn er han kvikk, ressurssterk og idérik. Mor er dansk og full av omsorg, far krevjande målarmeister og talentfull hobbymusikar. Familien har piano i stova, og Rikard byrjar å spele tidleg.

I 1850 flyttar søskenbarnet Bjørnstjerne Bjørnson, som er i byen for å studere, inn hos familien.

Rikard er åtte år, Bjørnstjerne ti år eldre og i ferd med å bli forfattar. Han observerer at den unge guten er ein leiartype, kanskje litt som han sjølv, og har musikalsk talent. Rikard nyttar nemleg kvart festlege høve til å komponere. Som då han leikar at han er keisar. Kroninga er ikkje komplett før han har laga ein eigen keisarmarsj.

Bjørnstjerne blir forundra over melodien og klarleiken i marsjen som Rikard framfører.

Kanskje ser han det allereie her: Guten kan brukast til å lage melodiar til dikta hans.

Bjørnstjerne Bjørnson i 1857

BJØRNSTJERNE BJØRNSON: Fotografert i 1857, nokre år etter at han budde hjå Nordraach-familien. Om melodien til nasjonalsongen sa han seinare: «Når man synger den, er det som om man ser oppetter et fjell. Brystet utvider seg uvilkårlig med det samme. Energi ildnes av den, vår samfølelse luer sterkere når den er sunget.»

Foto: Mesna Foto / Aulestad, Bjørnstjerne Bjørnsons hjem/CCBY 4.0

Bestemt

I tenåra blir Rikard sendt til København på forretningsskule, men opphaldet blir eit skalkeskjul for å dykke ned i musikken. Han byrjar å gå i lære hos ein operasongar og komponist.

Nokre menneske må gå mange omvegar før dei finn sitt kall i livet, kanskje lukkast dei aldri. Rikard Nordraak er ikkje ein av dei.

17 år gammal får han sin første komposisjon i trykken.

Draumen er ein norsk nasjon, eigd av folket, som kan hevde seg ute i Europa.

I 1860 har Noreg lagt bak seg 400 år med dansk styring og er i union med Sverige. Nordmennene er styrt av svensk konge, men har fått smaken på fridom gjennom si eiga grunnlov av 1814. Forfattarar, kunstnarar og musikarar jobbar for sjølvstende. Folketonar, eventyr og dialektord blir samla inn. Mannskor og orkester blir etablert.

Rikard passar perfekt inn i si samtid. Han er opptatt av store komponistar som Mozart og Beethoven, men aller mest, dei norske folketonane.

Nasjonalromantikken, den kunstnariske rørsla som rir Europa, framelskar slike nasjonale symbol. Men der nokre er mest opptatt av å presentere glansbilete, vil Rikard bruke folkemusikken til å skape ny, sjølvstendig kunst.

Han bestemmer seg for å studere musikk på fulltid.

Ironisk nok må han reise til Berlin for å jobbe for Noregs sak.

Rikard Nordraak på frimerke i 1942

FRIMERKE: Rikard Nordraak blei æra med frimerke på 100-årsdagen sin i 1942.

Foto: Dagbladet / Norsk Folkemuseum

Den originale

Dei neste åra vekslar Rikard Nordraak mellom Berlin, København og Christiania som ein ung kosmopolitt. Hans store idear må til utlandet, for det finst nemleg inga norsk musikkutdanning ved midten av 1800-talet.

Han er trygg på eigne evner og jaktar eit originalt uttrykk. Innstillinga er: «Komponer for å tilfredsstille din lengsel, så vil du også glede andre. Man har dessuten ikke lengsel etter det man allerede har; i en ufrivillig lengsel og alvorlig trang ligger det alltid originalitet».

Komposisjonane er ofte komponert til dikt, gjerne av fetteren, og ganske enkle. Likevel har dei særpreg.

Han kan finne på å leggje inn ein halvtone der det vanlegvis ville vore ein heiltone – ein giss i staden for ein G. Dette er eit typisk folkemusikkgrep.

Ikkje sjeldan prøvar lærarane å rette på krumspringa. Dette viser gamle manuskript, der Nordraaks skrift er blanda med lærarens kommentarar. Nordraaks idear blir forsøkt retta til tradisjonell klassisk komposisjon.

Rikard let seg ikkje stoppe. Han har trua på seg sjølv som komponist og menneske, og er god til å overtyde folk om ideane sine.

I eit brev skriv han: «En sann kunstner bør la seg lede, for feilfri er ingen, men falle til jorden for skarp kritikk, det gjør han aldri. Den stemme jeg har i mitt indre føler jeg er i samklang med Guds, og den kan intet menneske overdøve. Vær ydmyk, men ikke feig og motløs.»

Det kan verke som om Rikards sjølvtillit påverkar dei rundt han. Dei neste åra skal han tiltrekkje seg både kvinner og store komponistar.

Eit rockestjerneliv

Etter kvart som Rikard utviklar talentet sitt, opererer Bjørnstjerne som ein slags personleg marknadsførar for han.

I 1860 får 18 år gamle Rikard innpass i Det Norske Selskab. Det er ei fornem foreining med norske kulturfolk, stifta av Bjørnson og Henrik Ibsen, og med mål om å fremje den nasjonale saka.

Plutseleg får Rikard framføre eigne komposisjonar for heltane sine, blant anna den suksessfulle spelemannen Ole Bull. Han får rosande omtale, men Bull skal seinare omtale Nordraak som litt lat, sjølv om han har talent.

Bjørnstjerne Bjørnson trår til igjen i 1862 då Rikard ber om hjelp til å finne ein forleggjar som kan gi ut songane hans. Den eldre fetteren instruerer tydeleg: Kontakt den og den, så skal han plante verket hos kritikarar i dei store avisene.

Rikard Nordraak

SJARMØREN: Rikard Nordraak skriv i eit brev: «Jeg har en forunderlig makt over kvinnen, hvor jeg kommer hen.»

Foto: Norsk Biografisk Leksikon / Nynorsk Pressekontor

Som sagt, så gjort. Året etter får verket rosande omtale i Aftenbladet.

Orda banar veg for Rikard, men først og fremst banar Rikard veg for seg sjølv.

Han er ikkje inderleg berre i kunsten, også i livet. I dagboka frå 1859–60 får vi eit innblikk i hans aktive romantiske liv.

I mars 1860 er han gal av kjærleik til Nora.
Månaden etter er han villig til å gå i døden for Elina.
Tre dagar seinare opplever han sitt livs eventyr saman med Louise.

I september og oktober blir han meir langvarig forelska i Marie. Innan desember er dei to trulova.

Dette er ikkje den siste forlovinga i Nordraaks korte og hendingsrike liv. I eit brev skriv han: «Jeg har en forunderlig makt over kvinnen, hvor jeg kommer hen.»

Kva er det som drar kvinnene mot han?

Ikkje nødvendigvis utsjånaden. Publikum skal ha blitt skuffa då dei såg han ved ein konsert, denne store mannen som hadde blitt snakka fram av Bjørnson. Forfattaren Jonas Lie set fingeren på det i denne skildringa:

«Et rødt hår ned i en lav, litt underlig formet panne, et overfregnet og hva jeg vil kalle uklart ansikt med saftige, grove livsprutende trekk, som likevel kunne få et så fint og betagende åndelig uttrykk (…). Han bar en usedvanlig sid frakk, hvitt halstørkle og røkte sigar.»

Rikard Nordraak, derimot, er stolt over sitt raude hår og kan finne på å kalle seg sjølv «Den røde djevelen». Han brukar alt til sin fordel. Det må vere sjølvsikkerheita som sjarmerer.

Dette skal snart smitte over på Noregs største komponist.

Grieg møter Nordraak – og omvendt

Tidleg i 1864 studerer 20 år gamle Edvard Grieg i København.

Han har fleire vellukka konsertar med eigne verk bak seg, og byrjar å bli kjent i musikkmiljøet. Likevel er han forsiktig, sjenert og usikker på kva han kan.

21 år gamle Rikard er ikkje like kjent, men i sitt eige hovud er han den største kjendisen.

Dei to møtest tilfeldig på Tivoli i København. Opningsreplikken viser at Nordraak sidestiller seg sjølv med Grieg.

– Nei, men så skal vi to store menn verkeleg treffe kvarandre, seier han.

Grieg blir forundra over kven denne sjølvsikre mannen er og tenkjer «her er ein person som trur han er framtidas Bjørnson pluss Ole Bull».

Likevel set han pris på Rikards sjølvtillit og optimisme. Dei to blir vener.

Grieg fortel vidare om det første møtet til Verdens Gang i 1900: «Det var på samme tid en så rørende naivitet og elskverdighet over han, at han tok meg med storm. Jeg hadde til det øyeblikk aldri tenkt på muligheten av å verken være eller kunne bli en stor mann. Jeg var elev, intet annet. Dertil fryktsom, menneskesky og sykelig. Men denne seiersikkerhet var medisin for meg. Og fra det øyeblikk var vennskapet som hadde det vært evig.»

Rikards inntrykk av Edvard er at han tenkjer for mykje og ser mot kva andre gjer, heller enn å sjå inn mot seg sjølv. Han prentar inn i venen: Om du lærer deg å følgje hjartet og kjenslene, så kan du finne din eigen veg.

Rikard blir kompisen som drar Grieg med ut på djupet.

Det verkar ikkje å herske særleg misunning eller konkurranse mellom dei to, for dei er einige om prosjektet – kva veg norsk musikk bør ta. I staden for omtalar dei kvarandre i rosande ordelag.

Ikkje minst blir Grieg mektig imponert over nasjonalsongen som Nordraak komponerer.

Edvard Grieg ca. 1870-80

BESTEVENER: Edvard Grieg møter Rikard Nordraak i 1864. Dei to grunnlegg eit musikkselskap saman og jobbar på kvar sin kant for at Noreg skal få sin eigen store kunstmusikk.

Foto: Claus Peter Knudsen / Oslo Museum

Ja, vi elskar «Ja, vi elsker»

«Ja, vi elsker» strekk seg over eit unormalt langt tonesprang til å vere allsong. Han er overambisiøs. Mange har nok opplevd å starte så mørkt dei kan, men likevel ende opp med pipestemme ved slutten av songen.

Teksten er skriven av Bjørnstjerne Bjørnson. Diktet «Norsk Fædrelandssang» blir til i 1859 som ein slags instruks til den nye svenske kongen av Noreg. I 1863 omarbeider han diktet i samband med ein krig og revisjon av Grunnlova.

Då diktet skal bli tonesett til Grunnlovsjubileet i 1864, gir Bjørnson sjølvsagt oppdraget til sin kjære fetter i Berlin.

Nordraak komponerer melodien ein stad mellom 1863 og 1864.

Han set seg til på rommet sitt og jobbar natta over med ein enkel skala som går oppover, mektig i starten, så meir ettertenksamt, før tonane nærmar seg ein grande finale. Langt heimanfrå attskapar Rikard folketonane han har høyrt og set dei inn i ein ny, kunstnarisk samanheng.

I teksten drar Bjørnson inn tema som samhald, styrke, og til og med noko som ikkje finst i mange andre nasjonalsongar, nemleg skamkjensle. At vi i vår historie kan ha gjort noko mot andre land som vi burde skamme oss over. Rikard tolkar teksten meisterleg. Han skriv ei hymne, ikkje ein marsj, sjølv om ettertida ofte skal spele han slik.

Manuskript "Ja, vi elsker"

«JA, VI ELSKER»: Eit utdrag frå manuskriptet til nasjonalsongen. Merknadane med blyant og penn er gjort av dirigenten som leia første framføringa. Desse endringane er truleg godkjent av Nordraak.

Foto: Rikard Nordraak / Nasjonalbiblioteket

Premieren på «Ja, vi elsker» er litt som ein konsert «alle» hevdar at dei var på. Mange har fortalt at dei høyrde eller prøvesong songen først.

Truleg har Rikard sendt melodien med bod neste morgon til pianisten Erika Lie Nissen. Ho og Rikard har tidlegare vore trulova, men held kontakten, og Rikard stoler på hennar vurderingar.

Han må ha fått positive tilbakemeldingar, for etterpå byggjer han ut melodien for mannskor. Dette trekket viser korleis Rikard har fingeren på pulsen – mannskor er nemleg den nye begeistringa.

Første offisielle framføring blir under Grunnlovsjubileet 17. mai 1864. 24 songarar frå tre ulike mannskor, blant dei Den Norske Studentersangforening, får æra.

Dirigenten har fortalt om den første øvinga at songen «klang straks, den elskedes straks og alle følte: her er vår nasjonalsang kommet!»

Songen blir først framført på Eidsvoll, og seinare den ettermiddagen, på trappa til Universitetet ved Karl Johans gate. Der har over 200 songarar komne til. Tidspunktet er perfekt. Som Bjørnson seier, tar «Ja, vi elsker» opp i seg pusten til eit heilt folk, nokre tiår før Noreg blir sjølvstendig.

Edvard Grieg påpeikar at som allsong er «Ja, vi elsker» «en hard nøtt å knekke», fordi han i tonesprang beveger seg frå stove-etasjen til den høgste kvist.

Han har rett. På den eine sida verkar songen å vere skriven for profesjonelle. Ein må nesten vere operasongar for å nå opp.

På den andre sida går songen rett til kjernen av Nordraaks prosjekt. Han vil løfte nordmennene, få dei til å tru at det gøymer seg ein operasongar i kvar og ein, gi dei kjensla av at så klart klarer vi dette!

Grieg konkluderer med at melodien sigrar over dei praktiske utfordringane, takka vere harmoniseringa med teksten, og kvaliteten.

«Ja, vi elsker» blir ganske raskt nasjonalsongen i kraft av sin popularitet. Gategutar byrjar å plystre han. Folket vel han.

21 år gammal har Rikard Nordraak klart det utrulege.

På mange måtar har Rikard laga ein melodi som speglar kven han sjølv er; ein person i to etasjar, overambisiøs og stolt, men med rom for ettertanke og andre menneske.

Sjølv om Nordraak får ros utad, verkar det som han blir meir einsam. Å vere original har sin pris.

Storverket

Der han er rik på sjølvtillit, er han fattig i eigedom. Han lever frå hand til munn, har sjeldan råd til å fyre i kakkelomnen, og er ofte sjuk.

Rikard Nordraak driv frå seg folk i Berlin. Han kritiserer lærarar og andre kunstnarar. Unntaket er systrene Lie, som han framleis held kontakten med, og Edvard Grieg.

Vinteren 1864–65 grunnlegg Nordraak og Grieg musikkselskapet Euterpe saman. Målet er å få framført meir nordisk samtidsmusikk.

18. mars 1865 held Euterpe sin første konsert. Over tusen menneske har møtt opp i København. Her får Rikard verkeleg skine. Han dirigerer eit orkester på 39 mann og eit stort kor med solist.

På programmet står mellom anna «Kaares sang», eit nytt verk som Rikard har skrive til Bjørnsons skodespel «Sigurd Slembe». Skodespelet handlar om eit tidlegare kapittel i den norske kongehistoria, om han som prøvde å overta trona etter Sigurd Jorsalfar.

Orkesteret startar triumferande, før ei einsleg, mektig barytonstemme kjem inn og syng den dramatiske historia. Verket kan minne litt om Mozarts dødsmesse «Lacrimosa», med norske folketonar lurt innimellom. Ut frå orkesterdelen kunne ein kanskje gjetta Grieg som komponist, men så kjem mannskor-innslaget som er så typisk for Rikard Nordraak.

Publikum viser stor begeistring. Mellom anna kjem diktaren HC Andersen opp til Rikard etterpå for å skryte.

I dag står verket igjen som ei sår påminning om alt han kunne fått til.

Eit halvt år seinare ligg Rikard Nordraak på dødsleiet, 23 år gammal.

Dødsleiet

Etter suksessen i København byrjar Rikard å komponere scenemusikk til Bjørnson-stykket «Maria Stuart i Skotland», som igjen viser hans store evne til å leve seg inn i ein tekst og omsette ho til musikk. Dette skal bli hovudverket hans i omfang.

Nordraak lever i si eiga verd utan å bekymre seg for omgjevnadane. Han er ikkje ein bekymra type. Det blir hans bane.

I november 1865 får han lungebetennelse. Frå sjukdomssenga i Berlin lastar han seg sjølv i eit brev: «Jeg stolte for mye på min natur, min uforsiktighet i den rå og kalde høst ga meg mange advarsler fra mine venner, men jeg lo bare av det, inntil jeg med en gang lå for døden.»

Eigentleg skulle han reist med Grieg til Italia. Då Grieg kjem til Berlin, må dei konstatere at så ikkje skjer. Grieg forlèt han for å spele nokre konsertar i Leipzig, men lovar å kome snart tilbake.

Rikard arbeidar vidare med scenemusikken frå senga.

Så får han høyre at Grieg har reist til Italia med ein tysk ven. Har han ikkje forstått kor ille det står til med Rikard?

I sitt siste brev til Grieg skriv Rikard litt såra, men like fullt elskeleg: «Og har du en stund, hvor du hører tonene fra Norden, da tenk på din syke venn, hvis hjerte er så fullt av det, men hvis stemme er så svak (…)»

Dei to møtest aldri igjen.

I det siste brevet håpar Rikard å kunne vende tilbake til Noreg i mai. Han skal aldri igjen få høyre songen sin sunge på 17.mai. Etter fem månader med sjukdom, omgitt av legar og husverten, døyr Rikard Nordraak 20. mars 1866.

Sjølv om vi i ettertid kan lese alle godorda om Nordraak, glir gravferda hans umerka hen, og vitnar om ein einsam ung mann. Han giftar seg aldri. To menneske møter opp i gravferda: Husverten og ein jødisk ven.

Utover 1900-talet får Nordraaks idear ny aktualitet når Noreg blir sjølvstendig. Han blir heidra med minnesmerke i Berlin, København og Oslo, før urna hans blir flytta til Vår Frelsers Gravlund i 1925.

Rikard Nordraaks gravstein

GRAVSTEIN: Rikard Nordraak blei først gravlagt i Berlin, men i 1925 blei urnen hans flytta til Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Foto: Javier Auris / NRK
Rikard Nordraak blir gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Oslo

HØGTID: Mange møtte opp i seremonien.

Foto: Ukjent / Oslo Museum
Folk følgjer Nordraaks urne til grava

KØ: Innan 1925 hadde Rikard Nordraak blitt eit kjent namn i Noreg. Folk stod i kø for å seie farvel.

Foto: Ukjent / Oslo Museum
Rikard Nordraaks kiste kjem til Noreg i 1925

NORSKE FLAGG: Folkemengda hylla nasjonalsongens far.

Foto: Ukjent / Oslo Museum
Bauta over Rikard Nordraak

BAUTA: Rikard Nordraak er også heidra med bauta ved Slottsparken i Wergelandsveien, Oslo. Denne vart sett opp i 1911.

Foto: Javier Auris / NRK

Sjølv om han ikkje får vende tilbake i live, får Rikard oppfylt ynsket om å bli Noreg til nytte – gjennom sin inspirasjon på samtidige kunstnarar.

Grieg går vidare til å bli Noregs største komponist, med «Klaverkonserten i a-moll», scenemusikken til «Peer Gynt» og sine lyriske stykke. Han lukkast med å foreine norske folketonar og eigne visjonar og bli kjent over heile verda. Samtidig gløymer han aldri venen. Etter Nordraaks død gir Grieg ut eit klaverhefte med komposisjonane hans.

Mest av alt blir Nordraak Noreg til nytte gjennom den staute melodien til nasjonalsongen. Songen blir sunge ikkje berre til fest og fridom, men i tunge stunder og krise.

Då dei 5000 fangane i fangeleiren Grini stiller opp til siste appell før frigjeringa 8. mai 1945, syng dei «Ja, vi elsker» med full hals. Tynne og utslitne kroppar må rette seg opp i ryggen for å nå toppen av den to etasjar-lange melodien.

Mange songar dukkar opp i anna tonedrakt eller alternative tolkingar ettersom åra går. Det er gjort få, mislukka forsøk på dette med «Ja, vi elsker».

Ingen har lukkast med å overgå Rikard Nordraak.

I desember 2019 blir «Ja, vi elsker» offisielt stemt fram som Noregs nasjonalsong av Stortinget, etter å ha vore i bruk i over 150 år.

* Alle direkte sitat i denne artikkelen er henta frå «Rikard Nordraak 1842-1942» av Liv Greni og omgjort til moderne norsk.

Kjelder: Store Norske Leksikon, «Rikard Nordraak 1842-1942» av Liv Greni, «Historien om «Ja, vi elsker»» av Jon Gunnar Jørgensen, Anne Jorunn Kydland Lysdahl og Vigdis Ystad, «Norges musikkhistorie bind 2: 1814-1870: Den nasjonale tone», «Med Spark i Gulvet og Quinter i Bassen. Musikalske og politiske bilder fra nasjonalromantikkens gjennombrudd i Norge» av Harald Herresthal, intervju med Anne Jorunn Kydland (førsteamanuensis ved Nasjonalbiblioteket, seksjon for musikk) og notemanuskript frå Nasjonalbiblioteket.

Hei!

Har du tips til kva mi neste sak bør handle om? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skildra eit gamalt måleri som blei foreina med sin betre halvdel, lurt på kvifor det er einhjørningar overalt, og fortalt historia om då Edvard Munch fekk visittkortet til Josef Terboven

Anbefalt vidare lesnad: