Reidar Homse
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Reidar, den siste Homse

Reidar er ein sta mann. Han aktar å gå i grava med slektsnamnet sitt.
Ein gong Homse, alltid Homse.

Det er ein fin sommarkveld på Ålgård i Rogaland. På Dagsrevyen fortel dei at president Jimmy Carter aktar å gjennomføre boikotten av sommar-OL i Moskva som startar om ein månads tid. For nokre få månader sidan, i romjula 1979, blei Afghanistan invadert av Sovjetunionen. Slikt straffar seg.

Reidar og Anne-Brith får borna på fire og seks år i seng. Dei gler seg til ein roleg kveld i TV-kroken. Berre fotballkampen blir ferdig skal dei kose seg med ein ny episode av Forviklingar. Det er stas å få Amerika rett inn i stova.

Forviklingar (Soap)

Karakteren Jodie i Forviklingar var den fyrste homofile TV-karakteren på amerikansk TV. Det skapte mykje oppstyr. Skodespelar Billy Crystal veit neppe at replikkane hans skapte språkleg krøll i vesle Noreg.

Klokka blir endeleg 2235. Kjenningsmelodien fyller rommet, og Harald Mæles forteljarstemme dreg oss inn i familiane Tate og Campbells bisarre univers.

– I siste episode av Forviklingar bestemte Mary seg for å gjere det godt igjen med Burt, enda han hadde drepe den fyrste mannen hennar.

I sofaen sit Reidar og Anne-Brith og anar fred og ingen fare. Så entrar karakteren Jodie scena, og seier:

– I'm gay.

Og for fyrste gong i norsk kringkastingshistorie står ordet homse på TV-skjermen:

– Eg er homse.

Med nokre tastetrykk har NRKs tekstekontor tatt livet av eit gamalt, norsk etternamn.
For slekta Homse i Rogaland blir livet aldri meir det same. Reidar hugsar det godt:

Premiere på Forviklingar

14. mai 1980 sende NRK fyrste episode av den amerikanske TV-serien Forviklingar.

Foto: NRK Programbladet

– Han på skjermen sa gay, og plutseleg stod det homse der. Kvifor det? Kvifor ikkje pedersen? Eller nilsen? spør han.

– Eg stokk, og tenkte: Kva er det dei skriv? Kvifor omset dei gay til homse? hugsar Anne-Brith.

– Det var då det skjedde noko med namnet mitt. Då dette blei servert på skjermen i skrifts form over heile landet, seier Reidar.

Reidar Homse

Anne-Brith og Reidar gløymer aldri TV-kvelden for 36 år sidan.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I kveldens episode av Nomino får Reidar og Anne-Brith eit gjensyn med Forviklingar og Jodies replikk.

To ord på kolliusjonskurs

Reidar og Anne-Brith er, som alle oss andre, passasjerar på ei reise som aldri tek slutt. Språket endrar seg kontinuerleg, anten me vil eller ikkje. Me må berre henge med så godt me kan. Ekteparet på Ålgård sat tilfeldigvis i framsetet då det vestnorske stadnamnet Homse frontkolliderte med det austnorske slangordet homse.

Fjellgarden Homse, Hå i Rogaland

Då Reidars slektsgard blei rydda i mellomalderen fekk den namn etter vatnet den ligg ved, Homse. Namnet betyr 'sjøen i den vesle dalen'. Dette maleriet heng på veggen heime hjå Reidar og Anne-Brith.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Reidars slekt stammar frå ein fjellgard i Hå kommune på Jæren som ein gong heitte Hvammssær. Dette betyr 'sjøen i den vesle dalen'. Sær betyr sjø, og hvammr betyr liten dal.
Ettersom århundra gjekk blei namnet Hvammssær slipt ned av språket til jærbuene. Hvammssær blei til Homse.
Dette var eit vanleg etternamn på Jæren, godt kjent både på Sandnes og på Ålgård.

Der kjem homsane.

Sa nokon dette på Ålgård eller på Sandnes på 60- og 70-talet, ja då var det fordi brørne frå Homse-slekta kom spaserande.

Om nokon i Oslo sa denne setninga var det ikkje snakk om ei slekt, men om ei legning.

Frå slang til ordbok

I 1957 blir boka 'vi som føler annerledes: homoseksualiteten og samfunnet' utgitt. På side 39 finn ein ordet homse, og dette kan vere fyrste gong ordet blir brukt i eit trykt medium. I fotnoten blir ordet forklart slik:

Sjargong-uttrykk for homofil mann.

Homse i 'Vi som føler annerledes'

Språkforskar ved Universitetet i Oslo, Ruth Vatvedt Fjeld, fortel at slangord blir brukt i skrift fyrst når det er godt innarbeidd i talespråket. Så slangordet homse kan ha dukka opp i Noreg tidleg på 1900-talet. Eller kanskje alt seint på 1800-talet.

Truleg var ordet berre kjent i avgrensa deler av landet. Og i avgrensa miljø. I Rogaland var ordet homse med meininga homofil mann heilt ukjent. Fram til TV-serien Forviklingar kom på norske TV-skjermar.

Hadde gay blitt omsett til homse om NRKs tekstekontor låg på Vestlandet? Neppe.

Hadde Anne-Brith likevel gifta seg med Reidar om ho hadde kjent til ordets austlandske innhald? Garantert.

Anne-Brith Gjesdal

Anne-Brith likte ikkje at etternamnet hennar fekk eit nytt innhald. Då ho tidleg på 80-talet såg ei overskrift om homsane i Se&Hør ringte ho inn til bladet for å klage. Ho fekk ein redaktør på tråden, som svara at ordet homse, det var komt for å bli. - Då tenkte eg: No er det over. Slaget er tapt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Aust møter vest i 1971

18 år gamle Anne-Brith småspring ned bakkane til Gol sentrum. Ho må poste eit brev til kjærasten Reidar. Kanskje han kan forklare?
Attmed henne halsar venninna Kari frå Osterøy utanfor Bergen. Ho er like forundra over dagens hendingar på skulen som Anne-Brith er. Kvifor oppførte jentene frå Tønsberg seg så rart?

Anne-Brith og Kari er to av 91 ferske elevar ved Hallingdal Folkehøgskule. Skuleåret er så vidt i gang, og elevane er i ferd med å bli kjent med kvarandre.
Tidlegare denne ettermiddagen kom nokre jenter innom rommet Anne-Brith deler med ei jente frå Tønsberg. Gjestene, som òg kjem frå Tønsberg, ser eit lite, innramma bilete stå på nattbordet til jenta frå Sandnes.

Hallingdal Folkehøgskule 1971/72

Anne-Brith Sjursen, nederst til høgre på biletet, var ein av 91 elevar på Hallingdal Folkehøgskule. Ingen andre jenter på skulen var kjærast med ein Homse.

Foto: Hallingdal Folkehøgskule / Skredegård Foto, Gol
Reidar Homse som menig

- Han var knallkjekk, seier Anne-Brith. Biletet av Reidar hadde fast plass på nattbordet hennar på folkehøgskulen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Hvem er det? spør jentene frå aust.

– Det er kjærasten min, svarar Anne-Brith. Kanskje er ho litt kry? Ho veit at Reidar er flott å sjå på.

– Hva heter han? spør jentene så.

– Reidar. Reidar Homse, svarar Anne-Brith.

Det skjer noko med ansiktsuttrykka til jentene. Dei spring på dør alle som ein, og Anne-Brith høyrer dei knise og le. Ho forstår ingenting. Er det namnet hans dei ler av?
Ho hiv seg rundt, finn penn og papir, og skriv til Reidar:

– Veit du Reidar, dei ler når eg seier du heiter Homse!

I dag heng det vesle portrettet på veggen på Ålgård, midt blant dei andre familiebileta.

Anne-Brith Gjesdal

- Her heng soldaten min. Det er det finaste biletet eg har på veggen, seier Anne-Brith.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Reidar sit i sofaen med eit breidt smil om munnen. Då han svarte på brevet han fekk av ei oppskjørta Anne-Brith i 1971, måtte han vedgå å ha fått ein del ufine kommentarar eit par år tidlegare. I militærleiren. Nokre medsoldatar frå Trøndelag likte å herje med etternamnet hans.

Då 18 år gamle Anne-Brith høyrde dette sette ho foten ned. Hennar kjæreste skulle ikkje bli underhaldning for dei andre elevane på folkehøgskulen.

– Seinare, då jentene på skulen spurte kva kjærasten min heitte så svara eg: Han heiter Reidar. Ferdig med det. Det fekk vere nok leing og knising.

Herr og fru Homse

30. mars 1974 fekk Anne-Brith sin Reidar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Reidar og Anne-Brith forlova seg så fort ho kom heim att frå folkehøgskulen. To år seinare gifta dei seg i Høyland kirke. Anne-Brith Sjursen blei fru Homse.

– Eg var veldig stolt over å komme inn i Homse-familien. Å bli kalt Homse måtte vere topp! Anne-Brith er framleis stolt. Reidar er det kjæraste ho har.

Homseskapet

Snart var dei fem homsar i huset på Ålgård. Eldsteguten Thomas blei fødd i 1975, Tone kom to år seinare og attpåklatten Kine blei fødd i 1984.

Dei er mange homsar i Rogaland. Reidars far, Peder Homse, hadde fem sysken. Erik Homse, Reidars farfar, hadde fire.

Familieveggen er full av staslege homsar. Og under bileta står arvegodset.

– Når me har gjester serverer eg kaffi frå Homse-kjelen. Det er stas å arve så vakre klenodium.

Homsekjelen

Reidar med Homsekjelen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Anne-Brith viser fram ein skinande blank kaffikjele av den gamle sorten. Og kjelen står til utstilling på toppen av sjølvaste …

– Homseskapet.

Ho seier det utan snev av ironi. Her i huset er Homse eit etternamn. Og for Anne-Brith er det artigaste med Homseskapet at svigerfar Peder og svigermor Laurense Homse brukte det til å gøyme noko hemmeleg:

– Det som var spennande då me arva det var at det var eit barskap! Det trudde jo ikkje me at dei hadde, ler Anne-Brith.

Reidar ved Homseskapet

Reidar viser fram Homseskapet. Han tek det ikkje tungt at etternamnet hans er i ferd med å forsvinne. Han skjønar godt at borna hans og andre yngre slektningar ikkje vil heite Homse. Sjølv har han aldri vurdert å byte etternamn.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Homsens svanesong

Thomas Homse er blitt 13 år. Det er 8 år sidan kvelden då Forviklingar fekk mor og far til å sperre opp augo.
Thomas skal starte i ungdomsskulen til hausten. Han veit godt kva ein homse er. Alle andre på skulen veit det òg.

Under oppropet fyrste skuledag i sjuande klasse er det ingen med namnet Homse i klasserommet.

– Anne-Brith måtte byte etternamn. Slik var lova den gongen. Ungane fekk ikkje skifte åleine fordi dei var under 18 år, så ein av dei foresatte måtte òg byte, fortel Reidar.

Dei valde farmor Laurenses pikenamn. Anne-Brith, som i 1974 var så stolt over å bli fru Homse, heiter i dag Anne-Brith Gjesdal. For bornas skuld.

– Eg likar å presentere meg som fru Homse, for då får eg alltid ein reaksjon frå den eg helser på. Dei seier alltid; Unnskyld?

Men Reidar, han gir seg aldri. Ein gong Homse, alltid Homse.

– Eg var gamal og sta og ville ikkje byte.

Familieturen til Homse

Kvart år går slekta til fots inn til den fråflytta slektsgarden. Og for kvart år heiter færre og færre av dei Homse.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Familieturen til Homse

Skal ein ta seg inn til garden i Hå kommune i dag, må ein ta beina fatt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Etternamnet Homse er i ferd med å døy ut. Reidar syns det er greit. Han har hatt 36 år på å venne seg til at namnet hans betyr to heilt ulike ting. Homofil mann. Og sjøen i den vesle dalen.

– Han kallar seg 'den siste homse', ler Anne-Brith.

Borna deira var ikkje åleine om å seie farvel til slektsnamnet sitt. Ei grein av slekta endra litt på namnet så det ikkje blei så likt homse. Andre bytte til eit anna etternamn, slik Reidars born gjorde.

Kor mange ber namnet i dag?

– Bror min og nevøen min, to syskenborn, ein, to, tre, fire … Reidar tel på fingrane.

– Me er seks att. Og me tek med oss Homse-namnet i grava. Det døyr nok ut med oss.

Etternamnet var truleg dødsdømt uansett. Før eller seinare ville stadnamnet og slangordet ha kollidert med kvarandre.
Men tekstekontoret på Marienlyst sette inn nådestøtet.

Noreg blir snart eitt etternamn fattigare. Men stadnamnet, det lever vidare.

I sjette episode av Nomino møter du Reidar Homse og hans Anne-Brith.

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost