Prinsesse Ingrid Alexandra i bunad

PRØVETID: Prinsesse Ingrid Alexandra prøver den spesielle bunaden ho får i gåve frå kong Harald og dronning Sonja til konfirmasjonen. Handverkarar har i heile vinter arbeidd for å få folkedrakta ferdig.

Foto: Det kongelege hoff

Bunadsgåva

Konfirmasjonsgåva frå kongeparet til prinsesse Ingrid Alexandra har sett handverkarar frå heile landet i sving – og som har fått dronning Sonja til å ta opp igjen gamle sykunstar.

I vinter fylte prinsesse Ingrid Alexandra 15 år, og starta på konfirmasjonsundervisning. Då var bestillinga for lengst gått ut frå Slottet. Handverkarar hadde fått det store oppdraget med å lage konfirmasjonsgåva frå bestemor og bestefar, ein heilt spesiell bunad frå Aust-Telemark.

Inspirasjonen til den eineståande bunaden har dei henta frå magasina på Norsk Folkemuseum. Bunaden baserer seg på folkedrakter som blei brukte i Aust-Telemark før 1850.

NRK fekk følgje delar av arbeidet med bunaden.

Røter frå Telemark

Heilt sidan ho blei fødd i 2004, som Noregs første kvinnelege tronarving sidan 1380, har prinsessa hatt god tilgang på bunadar. I gåve frå Kristiansand, som er heimbyen til mora hennar, fekk ho fleire bunader frå Vest-Agder, slik at ho hadde noko å vekse i. I tillegg har ho blant anna Asker-bunad som ho brukar på 17. mai.

Prinsesse Alexandra i barnebunad

Prinsesse Ingrid Alexandra i barnebunad i 2006.

Prinsesse Ingrid Alexandra 17. mai 2009

Prinsesse Ingrid Alexandra i Asker-bunad helsar barnetoget på Skaugum i 2008.

Kronprinsfamilien på Skaugum 2013. Kronprinsen i Asker-bunad

Prinsesse Ingrid Alexandra og hunden Milly Kakao på trappa til Skaugum i 2013.

Begge foreldra til dronning Sonja kom frå Telemark, og dronninga har sjølv ein bunad frå Aust-Telemark ho ofte brukar.

Gåva prinsessa får frå besteforeldra til konfirmasjonen, skal vise slektsbanda den komande monarken har til området.

I heile vinter har handverkarar over heile landet arbeidd i verkstadar og systover. Prinsessa har vore med i arbeidet, og har blant anna vore med å velje ut delar og detaljar til bunaden.

Ifølgje ekspertane var det meir pynt på draktene i gamle dagar. Fleire personlege detaljar, og gjerne med stoff eller band kjøpte i utlandet.

– Bunadane i dag er ofte tufta på Hulda Garborg si tenking der det norske var det viktige. Då fall all den fine kjøpestasen bort fordi det ikkje var norsk, seier Thea Temte, som er prosjektleiar ved det kongelege hoff.

Eit personleg forkle

Folkedraktekspert Kari Anne Pedersen ved Norsk folkemuseum har fått oppdraget med å brodere bunadsforkledet til prinsessa.

Kari Anne broderer forkle

Ho har blant anna brodert inn riksløva, slik det var vanleg å gjere før i tida, og monogrammet til kongeparet, sidan det er dei som gir gåva.

Kari Anne broderer

– Ho likte forkledet. Det var ikkje slik at ho må ha med riksløva. Det var meir slik at det var eit gammalt forkle vi kopierte, seier Pedersen.

Også lokale handverkarar i Telemark er engasjerte for å lage bunadsdelar.

Hårbandet blir til

På ein gard i Tuddal i Hjartdal sit Torkjell Sletta og lagar hårbandet som skal brukast saman med bunaden prinsessa skal få.

Torkjell Sletta handflettar hårband

Tradisjonen med brikkevevde hårband har han teke vidare etter mor si.

Veving

Saman men søstra Gro held han gammal kunnskap ved like.

Torkjell og Gro Sletta

– Eg har i grunne sett føre meg fargetonen i håret hennar. Litt mørk, ikkje svart, men den hårfargen ho har, seier Sletta om fargane han har brukt i hårbandet han har vove.

Familietradisjonar

I ein sølvsmedverkstad i Oslo lagar Hilde Nødtvedt konfirmasjonssølja som prinsessa skal få saman med bunaden. Sølja er ein kopi av ei gammal slangesølje frå Haraldsen-slekta, og som blei funne på ei branntomt.

Sølvsmed gjenskaper sølje

SØLJA: På ein sølvsmedverkstad på Vinderen i Oslo lagar Hilde Nødtvedt ein kopi av ei sølje frå Haraldsen-slekta.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

– Ho kom inn til reparasjon, og hang omtrent ikkje saman. Og når eg prøvde å reparere ho, fall ho nesten frå kvarandre, seier Nødtvedt.

Kongelege bunadssokkar

I forbindelse med at handverkarar rundt om i landet blei sette i sving med å lage bunadsdelar til prinsessa, kom også ønsket om at dronninga skulle bidra.

Som ung utdanna dronning Sonja seg i kjole- og draktsaum ved Oslo yrkesskole. Så møtte ho kronprins Harald, som ho seinare gifte seg med. Men å brodere med ulltråd i vadmålsstoff, kan vere ei utfordring for ein nybegynnar.

Med kyndig hjelp frå Helen Juell lærte dronning Sonja seg å brodere vadmelssokkane til prinsessas bunad.

Dronning Sonja og Helen Juell

– Eg har hatt det med meg til Chile, på fjellet og rundt omkring. Eg har vore litt fortvila fordi då har ikkje Helen vore til stades ved sidan av meg. Men etter kvart har eg lært litt. Så no går det litt betre, seier dronning Sonja.

Men då broderiet på bunadssokkane endeleg var ferdige, kunne bestemor vise fram resultatet til den komande konfirmanten.

Raudtrøye-bunaden, som folkedrakta heiter, kostar ifølgje Husfliden i Skien minst 60.000 kroner. Den handlaga prinsessebunaden er ei gåve. Prisen på denne held besteforeldra for seg sjølve.

Prinsesse Ingrid Alexandra i Øst-Telemark-bunad

FERDIG: Prinsesse Ingrid Alexandra j bunaden ho fekk i konfirmasjonsgåve frå bestemor og bestefar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix