Nasjonalballetten UNG på øving
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Pressar seg for å uttrykke kroppspress

Dei er unge, på toppnivå i balletten, og dei jobbar heile tida for å bli betre. Kva skjer når ballettdansarar skal uttrykke kroppspress gjennom dans? Og kjenner dei sjølv presset?

– Me prøver å få fram det «imaget» eller det biletet, portrettere at ein av og til kanskje føler at ein ikkje strekk heilt til, at ein ikkje ser heilt riktig ut, seier Anette Antal.

Ho er 23 år gamal, og presenterer seg sjølv som «profesjonell ballerina». Det brune håret hennar er sett fint opp, og sminka er naturleg.

Ho og dansepartnaren hennar, 20 år gamle Luca Curreli frå Italia, har akkurat øvd på ein ny koreografi, med tema kroppspress. Dei har prøvd å finne ut korleis dei skal kunne visualisere press.

– Det er på ein måte eit indre press som blir vist fram, ved at me halar litt i kvarandre, at me gjer store vanskelege rørsler, at ein blir kasta litt rundt. Eg trur det er slik me prøver å formidle bodskapen, seier Anette.

Anette Antal og Luca Curreli

KROPPSPRESS: Dei halar og drar litt i kvarandre, gjer store bevegelsar, kastar kvarandre rundt, og det skal uttrykke kroppspress.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tematiserer kropp i dans

Anette og Luca er to av ti i Nasjonalballetten UNG, eit kompani for unge talent i alderen 17 til og med 23 år gamle. Kompaniet vart oppretta for eit knapt år sidan, og no førebur dei seg til si første førestilling, med premiere i mai.

Tre ballettar skrive spesielt for kompaniet skal urframførast.

– I dagens samfunn har alle noko dei ikkje er nøgd med når deg gjeld kroppen. Det kan vera håret, nasen, munnen, ein føler seg kanskje stor, ein vil bli tynnare, eller så er ein ikkje nøgd med beina, seier Kaloyan Boyadjiev.

Han er den koreografen som har laga ein dansen med tema kropp. Han seier at sjølv dansarar ikkje er nøgde med kroppane sine.

– Ballett er linjer, og sjølv om dansarane har perfekte kroppar når ein ser dei frå utsida, så seier dei at dei ynskjer å endre noko når du snakkar med dei, seier han.

– Det er kven du er som tel

Øving med Nasjonalballetten UNG

INTENST: Også på øvinga går det intenst føre seg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det aukande fokuset på kropp, at ein i dag faktisk kan endre kroppen, er noko Boyadjiev ynskjer å få fram.

– Sjølv på TV er det program om å endre utsjånaden. Det er veldig i tida, og folk tar imot. Det er ikkje så dyrt lengre, og fleire doktorar tilbyr slike tenester, seier han.

Han ramsar opp alt ein kan endre og manipulere på kroppen.

– Verda har blitt så mykje om kva du ser. Fordi ting går så fort i våre dagar så har ikkje folk tid til å bli kjend med deg. Dei dømmer deg for utsjånaden din. Sjølvsagt vil ein då stå fram best mogeleg, men det som er viktigast er kva som er på innsida.

– Det er dette det handlar om, denne driven etter å bli perfekt, men ein kan aldri bli perfekt.

Han ynskjer å få fram ei kjensle hjå publikum.

– Eg vil drive dei til eit visst punkt, til eit sinne i deg sjølv om at ein ikkje er perfekt. Om at verda, eller andre menneske dyttar deg mot det å ville vera perfekt, men det er kven du er som tel. Alle vil hugse deg for kven du er, ikkje for korleis du ser ut.

Anette Antal og Luca Curreli

INSTRUERER: Koreograf Kaloyan Boyadjiev (bak) ser nøye etter på kva som kan gjerast betre når Anette Antal og Luca Curreli dansar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det gjer noko med deg mentalt

Finn Skårderud

POSITIV: Sjølv om han seier det er mykje eteforstyrringar i ballettmiljø, så er psykiater Finn Skårderud positiv til at Nasjonalballetten UNG skal uttrykke kroppspress i ballett.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Kvar kultur på kloden har ideal om korleis kroppar skal vera. Om dei skal vera store eller små, tjukke, eller tynne, seier Finn Skårderud.

Han er psykiater, professor, og forfattar. Han har tatt seg tid til å sitte ned i ein svart stol i ei sofagruppe på kontoret sitt i Villa Sult på Frogner, staden der han mellom anna behandlar folk med eteforstyrringar.

Han held fram med å fortelje kva kroppspress er.

– Me som lever her no har nokon veldig strenge idear om den såkalla ideelle kroppen, truleg strengare enn for berre ti år sidan. Kroppspress er den opplevinga folk måtte ha av at slik burde dei sjå ut, seier Skårderud.

Villa Sult er også formell samarbeidspartnar med Nasjonalballetten UNG, og som psykiater veit Skårderud godt kva press kan gjere med ein.

– Det gjer noko med deg mentalt, at ein kan bli opptatt av det ved ein sjølv som ein ikkje er nøgd med. Det stimulerer ein kroppsmisnøye eller ein misnøye med seg sjølv. I praktisk forstand betyr det ein forsuring av livet, seier han.

– I neste omgang er dette ein blant mange risikofaktorar for til dømes psykisk helse og spesifikt eteforstyrringar og sjølvskading.

– Dei aller, aller beste har rimeleg sunt sinn

Veggane på kontoret til Skårderud er dekorerte med kunst, nokre bilete med harde svarte strekar forma som ansikt. Ein annan stad i rommet heng eit bilete av det som liknar eit lukka sceneteppe.

– Eteforstyrringar har det, og er, mykje av i balletten, slik som med toppidrett, som med rytmisk sportsgymnastikk, stup, turn, og med meir. Det er kanskje ikkje i dei som presterer ypparst, men kanskje i dei i grenselandet under, seier han.

– Viss ein har eteforstyrring så kjem ein seg ikkje så lett på dei største og beste scenane, men i kulturen rundt er det mange som strevar. Dei aller, aller beste har rimeleg sunt sinn, for viss ikkje kan du ikkje prestere på slikt nivå i lengda.

Han meiner det verste eit menneske kan gjere, er å seie at «eg er offer for» noko.

– Då har ein gjort seg sjølv til eit vesen utan påverknad av seg sjølv, og det er noko av det farlegaste. Det liknar mykje på psykiatrisk sjukdom der ein er offer for symptom, seier Skårderud.

– Me må tenkje at me er aktørar, at me kan påverke. Ein kan sakne at ungdom jaktar etter å påverke sin eigen kvardag. Difor er eg veldig spent på den balletten. For den vil openbart noko, altså å påverke, til å tru at ein sjølv kan påverke eige liv.

Sjå video frå øvinga til Anette og Luca:

Anette Antal og Luca Curreli er to av ti dansarar i Nasjonalballetten UNG. No førebur dei seg til lanseringen av kompaniet deira, og her fortel dei om sitt forhold til dans.

SJÅ VIDEO: Anette Antal og Luca Curreli førebur dei seg til lanseringen av Nasjonalballetten UNG. Dans betyr mykje for dei to. Musikk: Amon Tobin - Lost & Found (Machinefabriek Deconstruction).

– Kjem an på kvar du er

Men, er kroppspresset verkeleg så ille i balletten som ein skulle tru?

– Eg synest det kjem veldig an på kvar du er i verda, kva kompani du er med i, og kva sjefar du har. Her på huset er dei veldig flinke til å sjå det fine i alle dei forskjellige dansarane, seier Anette Antal.

– Eg synest verkeleg ikkje at det er noko kroppspress på den måten som det kan vera på andre hus der du får høyre at «Nei, du ser ikkje bra ut. Grunnen til at me ikkje casta deg til dette er fordi du må gå ned eit par kilo».

Som koreograf formar Kaloyan Boyadjiev heile tida dei to dansarane sine, dei repeterer, han kjem med innspel.

Han innrømmer at det er litt ironisk at han fokuserer på kroppspress og press, men han meiner det balletten bikkar meir mot sunne ideal. At dansarane ikkje kan ha til dømes eteforstyrringar.

– Det gir feil inntrykk for andre dansarar, og dei kan tru at dei må vera tynne for å få roller. Publikum ville heller ikkje likt det, og dansarane ville heller ikkje hatt nok styrke til å gjennomføre ei førestilling, seier han.

– Det er veldig viktig å vera i best mogeleg stand, legg han til.

Øving med Nasjonalballetten UNG

TAR OVER: Koreograf Kaloyan Boyadjiev tar gjerne over under øving, og viser korleis dansen skal vera.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Presset er konstant

– Me er konstant under press, men sjølvsagt reagerer alle folk på det på forskjellige måtar, seier Luca Curreli.

Me er konstant under fysisk press, og endå meir mentalt, seier han.

Han har også opplevd sterkare press, då han gjekk på skulen, om vekt.

Han meiner presset er lågare når ein dansar er med i eit kompani. Likevel meiner han at ein som dansar heile tida må prestere, nytte sjansane, vise kva dei kan.

– Me er alltid på scenen, og scenen er press, sjølvsagt. Uansett kor mange gonger du har dansa, uansett kor mykje erfaring du har. Når du går på scenen må du imponere folk, du må røre ved folk, seier han.

– Me vil alltid gi vårt beste. Vera best, men ikkje å vera betre enn andre, men å vera vårt beste. Kvar dag. Så eg trur presset er konstant i ballettverda.

Anette Antal er einig i at det er press, men mest av alt gler ho seg til premiere.

– Sjølvsagt er det arbeidspress. Du kjenner på presset, men det er på ein måte positivt press, sidan me er glade i det me gjer.

Nasjonalballetten UNG øving

SPENTE: Som to av ti talent i Nasjonalballetten UNG, er Anette Antal og Luca Curreli no spente på å lansere Nasjonalballetten UNG.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Høyr saka frå NRK P2 Kulturhuset:

HØYR RADIOSAK: Ved Nasjonalballetten UNG er det hektiske prøvar før dei første førestillingane som eige kompani i mai. Mykje står på spel for dei unge dansarane, der nettopp prestasjonar, perfeksjon og kroppspress er tematikken.