Per Knutsen

Per Knutsen

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Skriv fordi han er homo

– Eg hadde ikkje blitt forfattar viss eg ikkje hadde vore homo, seier Per Knutsen. Legninga gjorde han også til alkoholikar som 18-åring. No har han gitt ut 30 bøker på 40 år.

Eg ville nok ikkje ha kome på noko så rart viss ikkje eg hadde vore «rar» på eit anna område frå før, seier Knutsen.

Knutsen er aktuell med ny roman, nummer 30 i rekka. Barn som opplever noko vanskeleg, er igjen eit tema.

«Broren til Hugo» har trekk frå livet hans. Slik som han sjølv veks Erkki og den eldre broren Hugo opp i Nordland, og slik som han sjølv har ein av karakterane kjensler for menn.

– Eg tenker ikkje på at eg skriv om homofili, eg skriv om menneske som er homofile, og det kjem av at eg er det sjølv, seier han.

– Ein skriv om det som står ein nærmast.

Romanen "Broren til Hugo" av Per Knutsen

DOBBELT JUBILEUM: «Broren til Hugo» er den nyaste romanen Per Knutsen har gitt ut. Med den feirar han bok nummer 30, og 40 år forfattarskap.

Foto: Hilde Bjrønskau / NRK

Ville bli noko uvanleg

Knutsen var 25 år då gav ut den første boka si, barneboka «Gutten og ørna». Året var 1976, han hadde utdanna seg til lærar, men fann ut at det ikkje var noko for han.

– Eg ville bli noko som ikkje var vanleg, som fekk meg til å synast, som gav meg fridom, seier han.

– Eg fekk kjempegod kritikk for den første boka mi. Så var eg liksom i gang, og tenkte at: «Ja, men då må eg prøve å satse på det her». Og det har eg då gjort.

Fleire bøker skal det bli, lovar 65-åringen, og minner om at han er i pensjonsalderen. Men, skrive, det må han.

– Eg må jo ha noko å stå opp til om morgonen, seier han.

– Og så er det jo «Den draumen me ber på», at eg skal ein gong klare å skrive det heilt store, og at eg fortset med å anstrenge meg, og held hovudet klart, og berre fortset, fortset, fortset.

Prøvde å stoppe eiga bok

Per Knutsen les frå "Broren til Hugo"

FEIRING: Per Knutsen blei nyleg feira av forlaget for å ha skrive 30 bøker på 40 år. Her les han frå den siste boka si, «Broren til Hugo».

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Det skulle gå åtte år frå første utgiving, før Knutsen gav ut ein roman med ein homofil hovudperson. Før det skreiv han seks barnebøker utan at temaet direkte var med.

– I dei tidlegaste barnebøkene mine er det mykje kjærleik til menn, for eksempel den ømheita eit barn kan føle for sin far.

Den andre barneboka han skreiv, «Du må plante flere blomster, Lina Liv», prøvde han å stoppe.

– Den handlar jo faktisk om å bli forelska i ein mann. Det skjønte eg då boka ferdig, så eg ringde forlaget, og sa «De kan ikkje gi ut den boka», men då var det for seint å stoppe, seier han.

– Den kom ut fleire år før eg stod fram som homo, og eg var redd for at innhaldet ville avsløre meg.

Først då «Morderen» kom ut i 1984, stod Knutsen offentleg fram som homofil. Den første ungdomsromanen med homofile karakterar kom i 1988, «Svart Cayal».

– Eg har fått tilbakemeldingar frå folk som meiner dei har fått hjelp i det eg har skrive til å komme vidare i arbeidet med å takle sin eigen homoseksualitet. Så, viss eg har utført nokon gode gjerningar i livet, så må det vera ein av dei gode.

– Så det er eg veldig glad for, og stolt av.

Publikum på feiringa av forfattar Per Knutsen

SMILANDE: Smila sit laust hjå publikum under feiringa av forfattar Per Knutsen sine 40 år som forfattar.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK
Romanen "Mordere" av Per Knutsen

OM HOMOFIL: «Morderen» var den første romanen Per Knutsen gav ut, med homofil hovudkarakter. Boka kom i 1988, tolv år etter at forfattaren hadde gitt ut si første bok.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Har betydd mykje

– Han skriv ærleg, rått, vakkert, om barndom i eit karrig Nordland, om folk som har det vanskeleg, som kjempar mot fordommar, seier Harriet Karoliussen, redaktøren i Cappelen Damm forlag som har følgt Knutsen dei siste 14 åra.

Som forfattarar som har skrive om homofili, så trekkjer Karoliussen fram Per Knutsen saman med Odd Klippenvåg, Tor Fretheim og Gerd Brantenberg.

Dei skreiv alle om homokamp i eit tid då ein også skreiv om arbeidsvilkår og kvinnekamp.

– Sjølvsagt har dette betydd mykje for homofile og lesbiske. Det er noko med det å lese noko som handlar om ein sjølv, seier Karoliussen.

Går frå tematikk til karaktertrekk

Nina Aalstad

BETYR MYKJE: Nina Aalstad i Ubok seier Per Knutsen har betydd mykje for lesarar som kanskje ikkje har funne sin litteratur andre stader.

Foto: Ellen Johanne Jarli

Karoliussen får medhald av Nina Aalstad, leiar Ubok, eit nettsamfunn for unge lesarar, i at Knutsen har vore viktig for homofile.

– Men, det er også viktig for alle andre, at det normaliserast ved at det rett og slett berre dukkar opp i bøkene, seier Aalstad.

Ho meiner det først dei siste ti åra har blitt meir vanleg å ha med homofili som ein del av litteraturen, mykje fordi det har blitt meir ope rundt homofili i samfunnet.

– Det har gått frå å vera tema i ei bok, til at du rett og slett har hovudpersonar eller bipersonar som er homofile, utan at det treng å vera ein problematikk knytt til det, seier ho og seier Knutsen har betydd mykje.

– Han har fleire bøker om karakterar som er litt annleis, eller litt utanfor, seier ho.

Vart alkoholikar som 18-åring

Per Knutsen

PROBLEM: Per Knutsen seier han opplevde det vanskeleg å vera homofil som ung, og dette førte til at han byrja å drikke, mykje. Han fekk til slutt alkoholproblem. Dei siste 18 åra har han vore utan alkohol.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Ein ting eg aldri har snakka om offentleg før er at eg er alkoholikar, eg er tørrlagt alkoholikar, og det er jo ikkje tilfeldig at ein blir det, seier Knutsen.

Han fortel at han som 18-åring starta å drikke, mykje, fordi han var homofil, at det kjendest som ei grufull skjebne.

Etter han stod fram så opplevde han ingen ubehagelege situasjonar rundt det, fortel han. Alkoholproblema måtte han likevel slite med.

– Problemet blir på ein måte løyst, men vanen sit i. For å gjere lang historie kort, så har eg ikkje smakt alkohol på 18 år, seier han og legg til at han slutta fordi det ikkje var moro å drikke lenger.

– Og så trur eg at det forfengelege hjelpte meg også. Det begynte å synast at eg drakk, syntest eg.

Meiner homoar blir skildra som prektige

Knutsen har bidratt til at det er homofile karakterar i den norske skjønnlitteraturen, men han er ikkje åleine.

Han meiner det har vore nok homofile karakterar i litteraturen, men at det ofte har vore kjedeleg å lese om dei.

– Dei er så prektige, det er litt på same måten som det ofte blir skrive om innvandrarar på. Forfattarane vil vise sympati og er redde for å gi oss, eller dei, dårlege eigenskapar, seier han.

– Det er blitt mykje betre dei siste åra, etter som homofili er alminneleggjort og det vrimlar av homsar og lesber, i media og ute i verkelegheita.

– Det er når det gjer vondt det blir bra

Bøker av Per Knutsen

PÅ NYTT: «Å salte et hjerte», «Frøken Markussens rykte», og «Gamle menns elskov» har blitt gitt ut i ei samlebok.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Då romanen «Gamle menns elskov» kom ut i 2010 uttalte Knutsen til NRK, med eit smil om munnen, at han håpa at ingen kom til å lese den.

– Det er ganske brutale, råe, og veldig tydelege skildringar av sex mellom menn der, som eg sjølv kan synest er pinlege å lese, sånn i ettertid.

Knutsen seier han synest dei beste skjønnlitterære tekstane ofte handlar om situasjonar som er forferdeleg pinlege.

– Det er jo når det gjer vondt, eller når det blir ubehageleg, at det blir bra, seier han.

– Ofte når du les ei skikkeleg god forteljing om ein skikkeleg pinleg situasjon, så skjønar du at dette må forfattaren ha opplevd i verkelegheita, for ein så pinleg situasjon går det ikkje an å finne på.

Om Knutsen blir det gjerne sagt at han skriv om det vonde. Han sjølv trur at alle menneske har ein slags grunnstemning ein tar med seg frå ein er liten.

– Den grunnstemninga trur eg ein beheld resten av livet, viss ikkje det skjer eit eller anna veldig drastisk som kan velte om på den.

– Mi grunnstemning er ganske mørk, vil eg seie.

Barnebilete av Per Knutsen

MØRK GRUNNSTEMNING: Per Knutsen seier han har ei mørk grunnstemning med seg frå barndommen. Her er han som toåring.

Foto: Privat

Moren setter seg for å hvile. Errkki vil opp på fanget, men hun er trøtt og orker ikke. Han går ned på kne og holder rundt henne, legger øret inn mot magen hennes og hører på innvollene som arbeider der inne. Hjerteslagene, tunge og seige, går inn i hjernen hans og ut gjennom det andre øret. «Ei», sier hun. «Ei, ei». Hun vrir seg og vil tvinge ham vekk, men rekker det ikke før faren kommer inn. «Du ødelegger gutten», sier han. «Det blir ikke mannfolk av sånt». Han legger hånda under morens hake, løfter hodet hennes opp mot seg og sier, «Smil. Smil, for faen».

Andre kapittel, «Broren til Hugo» av Per Knutsen

Høyr Per Knutsen i Kulturhuset Bok:

Sjå Bokprogrammet med Per Knutsen frå 2010:

Per Knutsen

SJÅ PROGRAMMET: Per Knutsen i Bokprogrammet i 2010.