Magne Stendal
Foto: Javier Auris / NRK

Magne døyper barn som snart kan døy

Stat og kyrkje er skilde, likevel er tilbod om nøddåp framleis fast prosedyre ved norske sjukehus.

«Fylt av beven foran ukjent fremtid, legger vi vårt barn i dine hender. Det som skjer i dåpen gir oss trygghet.»

Sjukehusprest Magne Stendal siterer eit vers frå dåpssalmen «Fylt av glede». Namnet på songen står i sterk kontrast til stemninga i rommet på nyføddintensiven ved Ullevål sykehus.

Tida er knapp. Den vesle jenta som ligg i kuvøsa framfor han har mest sannsynleg ikkje lenge igjen å leve.

Magne dyppar dei tre lengste fingrane sine i dåpsfatet. Han fører handa inn lufteluka og teiknar krossen med vassdropane i panna til barnet.

«Etter vår Herre Jesu Kristi ord og befaling døyper eg deg til namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande.»

Ein av foreldra tørkar av panna med eit kvitt tørkle. Presten legg handa på barnet og seier med sindig stemme:

«Den allmektige Gud har gjort deg til sitt barn og tatt deg inn i sitt rike. Han styrke deg med sin nåde til det evige liv. Fred vere med deg.»

14 år seinare kjem ikkje pappa Morten til å hugse noko av dette.

Arvesynd og eksorsisme

Nøddåp har djupe historiske røter – tilbake til då den kjente teologen St. Augustin utvikla læra om arvesynd rundt år 400 e. Kr.

Omgrepet gjekk ut på at mennesket var født syndig.

For å oppnå frelse, måtte ein bli døypt, og det så fort som mogleg. Det handla om kvar mennesket skulle hamne etter livet. I himmelen eller helvete.

I Noreg var det straffbart å vente lenger enn åtte dagar med å døype barnet fram til 1771. Det vanlege var å døype barnet mellom ein til tre dagar etter fødselen. På denne tida var demonutdriving også eit viktig ledd av dåpsritualet.

Den korte fristen gjorde det vrient å nå fram til kyrkja i tide. Spesielt i bygder der ein budde langt unna kyrkja. Om det i tillegg var vinter og barnet var sjukt, kunne det også medføre stor fare for helsa.

Løysinga vart nøddåp i heimane. Ein trong faktisk ikkje ein gong å vere prest for å utføre dåpen. Kven som helst kunne ta vatn på barna sine hovud – og dermed sikre dei billett til himmelriket.

Fast prosedyre

Magne Stendal har jobba som sjukehusprest på Oslo Universitetssykehus i snart 40 år og utført fleire hundre nøddåpar. Han er vant til å bli tilkalla når situasjonen er veldig kritisk. Men sjølv om han har kontor i nærleiken, så er det ikkje alltid han rekk fram i tide.

Ein treng framleis ikkje å vere prest for å døype barn i Noreg. Det har overlege Kirsti Haaland vore vitne til fleire gongar.

– Av og til skjer ting veldig fort. Då hender det at ein sjukepleier eller ein lege døyper barnet, seier Haaland.

Tilbod om nøddåp er fast prosedyre på sjukehus i Noreg.

– Det hender barna blir veldig dårlege etter fødsel. Då pleier vi å spørje foreldra om dåp er noko dei gjerne vil ha før barnet eventuelt dør. Det er ikkje sånn at spørsmål om dåp er synonymt med «barnet ditt kjem til å døy», men vi prøver å vere tidleg ute.

Er det mange foreldre som takkar ja til nøddåp?

– Det er mange som ønskjer det. Overraskande mange, synest eg.

Kvifor er du overraska?

– Folk står ikkje akkurat fram som veldig religiøse. Det er ikkje like mange personlege kristne lenger. Men likevel er dåpen viktig, seier Haaland.

Færre foreldre døyper barna sine i kyrkja, færre giftar seg i kyrkja, men talet på gravferder i kyrkja held seg framleis på eit stabilt høgt nivå. Noko av forklaringa er nok at dei som døyr ofte er eldre og meir religiøse, men kan det også ha ein samanheng med at Gud blir viktigare i nærkontakt med døden?

Overlegen seier foreldre kan ha fleire grunnar til å døype barnet i hui og hast på sjukehuset. Nokre ønskjer eit ritual, ei markering som ønskjer barnet velkomen til livet. Medan andre kan ha sterkare religiøse grunnar.

– For nokre dreier det nok seg også om overtydinga frå gammalt av, at viss du døydde før du var døypt, så kom du ikkje til himmelen. Kanskje trur vi eigentleg ikkje på det, men eg trur likevel det er noko som sit litt i oss, seier Haaland.

Dåp = frelse?

Vi må tilbake til presten. For er det eigentleg slik at den norske kyrkja framleis lærer at dåpen er vegen til frelse?

– Historisk låg jo vekta i betydeleg grad på at dåpen var innfallsporten til dei evige salar. Det er ein sterk tradisjon i vår kultur – samtidig må vi ikkje oversjå at reformatorane (dei kyrkjelege leiarane bak reformasjonen, jour.merk.) var tydelege på at det ikkje var grunnlag for å trekke den motsette slutninga.

Ok, så de lærer at dåpen fører til frelse, men at barnet ikkje nødvendigvis går fortapt om det ikkje blir døypt?

– Ja, det bør vere visse grenser for kor firkanta teologien skal vere. Hugs på at vi sjukehusprestar også skal støtte foreldre som ikkje fekk høve til å gjennomføre dåp, for eksempel fordi barnet allereie var dødt ved fødselen. Den kristne Gud er ikkje blind for livets harde realitetar. Så her må vi ha fleire dører opne samtidig, seier Stendal.

Magne Stendal

SJUKEHUSPREST: Magne Stendal har jobba som sjukehusprest i 39 år. Han har også den einaste teologen som har doktorgrad frå Det medisinske fakultetet i Oslo.

Foto: Javier Auris / NRK

Det finst altså også håp for dei udøypte, skal vi tru presten. Likevel er det ikkje å kome unna at ordet «nøddåp» gir assosiasjonar til noko som hastar.

Kvifor er dåpen så viktig?

– Dåpen er ein respons på Jesus sin invitasjon til fellesskapet med den treeinige Gud. Og slik har det vore heilt sidan urkristendomen (det første hundreåret etter Kristus, jour.merk.). I den grad fellesskapet er viktig, er dåpen også det, seier Stendal.

Sjukehuspresten er også tydeleg på den psykologiske funksjonen med nøddåp.

– Når foreldra, og tidvis også den medisinske ekspertisen, opplever «å kome til kort …», blir barnet lagt i famnen til ein som rekk lenger og har meir å by. Den psykologiske effekten av eit slikt innslag skal ein ikkje undervurdere.

Kyrkja sitt dåpssyn forklarar uansett ikkje kvifor det framleis er ein så integrert del av den kliniske prosedyren på norske sjukehus – spesielt ikkje etter stat og kyrkje skilde lag i 2012.

Men det verker likevel som få har store innvendingar mot praksisen. Sjølv ikkje Human-Etisk Forbund, som snarare tvert imot synest kyrkja har gjort ein god jobb.

Generalsekretær Trond Enger seier dei anerkjenner at mennesket har behov for seremoniar og ritual rundt dei store dramatiske hendingane i livet, samtidig håpar han sjukehusa snart skal begynne å tilsette fleire sjukehus-humanistar i staden for berre prestar.

For å skjøne meir av betydinga rundt dette ritualet er det kanskje verdt å snakke med nokre av foreldra som sjølv har hatt små barn i livsfare, og som har takka ja til nøddåp.

Far til ei kritisk sjuk dotter

I januar 2005 fekk Morten Roland og Eva Holm spørsmålet ingen foreldre ønskjer å få.

Den ein dag gamle dottera deira pusta ikkje som ho skulle. Ho låg i ein høgfrekvent respirator og legane var usikre på om ho kom til å klare seg. Ville foreldra døype barnet medan det enda var mogleg?

– Verken eg eller Eva er veldig aktive kristne, men vi var i ein unntakstilstand. Det var ikkje noko vanskeleg val for oss der og da, seier Morten.

Kom spørsmålet overraskande på?

– Ja, vi hadde ikkje forventa å få spørsmålet. Dette var heller ikkje noko vi tenkte på då det kom opp. Men det hadde jo på ein måte vore vanskeleg å takke nei.

Foreldra takka ja til dåp og sjukehusprest Magne Stendal døypte vesle Sofia med foreldra og sjukepleiarane som vitne på dåverande Ullevål Universitetssykehus.

– Eg hugsar ingenting av det som vart sagt, berre at det var ei veldig sterk og surrealistisk oppleving. Alvoret i situasjonen vart forsterka. Vi visste ikkje om vi kom til å få denne moglegheita igjen.

Hadde de tanken om kvar barnet skulle hamne i etterlivet i bakhovudet då de valde å døype?

– Eg trur jo det – at det også var ein av grunnane til at vi var opptatt av å gjennomføre dåpen. Sjølv om det ikkje var rasjonelt, så var det eit håp i situasjonen, svarer Morten.

Tilstanden var lenge kritisk for dottera Sofia, og foreldra førebudde seg på det verste. Men mot alle odds vart helsetilstanden betre. Nokre dagar seinare kunne familien reise heim med eit barn som var utanfor livsfare.

Når barnet først er døypt er det ikkje mogleg å døype det igjen i den norske kyrkja. Men familien hadde likevel ei markering med fadrane i kyrkja som liknar ein vanleg barnedåp, berre utan sjølve dåpen.

Dette kunne vore ein fin slutt på denne saka, men sanninga er at sjølv om legevitskapen har kome ganske langt, så døyr barn framleis.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at om lag 150 barn i Noreg døyr i første leveår.

Kva betyr dåpen for foreldre til barn som ikkje overlever?

Mor til ein død son

Allereie ved ultralydundersøkinga i veke 18 skjøna Ellen Landa at noko ikkje var som det skulle. Sonen i magen hadde hjartefeil, og det var ikkje gitt at han kom til å leve. Ho og mannen valde likevel å bere fram barnet.

Då vesle Jens kom til verda i september 2004 gjekk det likevel betre enn først frykta. Det gjekk faktisk så bra at foreldra fekk reise heim med sonen etter nokre veker. Men mot slutten av november vart han igjen akutt sjuk med hjartesvikt.

På sjukehuset møtte foreldra sjukehusprest Magne Stendal. Han la fram nøddåp som ei moglegheit.

– Det vart naturleg å takke ja til. Vi er begge døypte og konfirmerte i kyrkja, og vi har også døypt dei tre andre barna vi har fått etterpå, forklarar Ellen.

To dagar seinare var det klart for dåp på sjukehuset. Både foreldre, besteforeldre og dei som var tenkt å vere fadrar hadde pynta seg til dåp. Sonen Jens hadde fått på seg dåpskjole, sjukehusprest Magne hadde på seg kvit prestekjole.

– Det var veldig, veldig fint. Vi gråt og lo oss gjennom heile seremonien. Magne var så flink, så roleg og behageleg. Det var som å vere i ei gravferd, seier Ellen.

Magne Stendal, Ellen Landa, Jens Landa

NØDDÅP: Sjukehusprest Magne Stendal saman med mor Ellen Landa og sonen Jens.

Foto: privat

I romjula vart Jens floge med sjukehusfly til Birmingham i England for å gjennomgå to svært krevjande hjarteoperasjonar. Jens døydde like etter den andre operasjonen, 18. januar 2005. I ettertid hugsar Ellen dåpsdagen som den finaste frå denne perioden.

– Eg tenkjer ikkje at dåpen var noko vi måtte gjere. Eg trur ikkje barn er født med skuld på den måten. Då måtte vi jo også ha døypt dei andre barna med det same. Men vi opplevde likevel at det var veldig riktig å gjere det.

Ellen og mannen fekk heldigvis «god tid» til å døype sonen før det var for seint. Men nokre gongar er barnet døydt allereie ved forløysinga. Kva kan ein då gjere, sjukehusprest Magne Stendal?

Barn som aldri rekk å bli døypt

I tida etter forløysinga oppmuntrar presten foreldra til å ha det døde barnet hos seg medan mora er lagt inn på sjukehuset.

– Det er for å bygge opp under kjensla av at «dette barnet er vårt barn», sjølv om det er dødt. Mange reagerer med å distansere seg frå barnet fordi dei er i sjokk. Då er det viktig at dei får hjelp til å «ta til seg barnet». Dette viser seg på lengre sikt å vere viktigare enn ein skulle tru, seier Stendal.

Handlar alt dette kanskje djupast sett om å forsone seg med situasjonen?

– Ja, det kan ein seie i den forstand det gjeld å kome på talefot med det som har skjedd. Å godta situasjonen er ikkje lett for nokon. Dette blir ofte forsterka, dersom ein hoppar over det fysiske nærværet med barnet dei første døgna etter forløysinga.

Dette er kanskje eit dumt spørsmål, men: Går det an å døype døde barn?

– Spørsmålet er naturleg og slett ikkje dumt. Svaret er at det ikkje er praksis å døype døde menneske, heller ikkje barn. Dåpen er relatert til livet og dei levande.

Sjukehuspresten fortel at dei likevel har ein eigen seremoni for barn som aldri har vore levande utanfor mors liv. Noko dei kallar ei velsigning.

– Handlinga liknar veldig på dåpsritualet, men vi har ikkje med sjølve dåpen. Inntrykket er at mange foreldre opplever dette som ei verdig erstatning, seier Stendal.

Kjelder:
Professor i historie, Øystein Rian.
Professor i teologi, Øyvind Norderval.

Anbefalt vidare lesing og lytting: