Linn Skåber tjafser med håret og smiler og ler.
Foto: Javier Auris / NRK

Linn Skåber på alvor

Ei av Noregs artigaste vil snakke om dei store spørsmåla i livet.

Er det all tida saman med gamle menneske som har endra Linn Skåber? Eller at ho har bikka 50 og blitt vaksen sjølv?

Ho trur ikkje det.

Dei store spørsmåla har eigentleg vore der heile tida. Dei kverna på innsida da ho var 18, òg: Kva er meininga med det heile, kva ventar vi på for å bli lykkelege, korleis nytte tida si best ...

Ho har eit andlet og ein karriere du assosierer mest med gapskratting. Linn Skåber er god til å gjere alt i livet mogleg å le av. Og til å vende nederlag til opptur.

Eit par eksempel:

Da ho blei nekta å spele i sitt favoritt-teaterstykke fordi ho er kvinne, skreiv ho rett og slett eit nytt.

Og når sonen Niels no flyttar ut, noko ho har grudd seg til i 19 år? Vel ... ho har visstnok begynt å glede seg til det òg.

Linn Skåber

Påstand: Denne dama har knekt ein kode vi kan lære av.

Her følgjer fem leksjonar i livet, frå ei kvinne som kan verke provoserande positiv.

Leksjon 1/5: Å gjere det beste ut av det

Når livet gir sitronar, lag limonade, heiter det så fint. Det er dette landskapet vi skal inn i no, ein kan jo få klisjé-allergi og surne allereie her.

Mens eg skriv denne teksten, får ei av døtrene mine korona. Det er straks jul, vi er no ein av dei mange familiane som testar og bannar og tel dagar og er inne heile tida.

Rikeleg høve til å bruke punkt éin i livsvisdom à la Linn: Å finne lyspunktet i ein kvar situasjon.

Eller – Linn og Linn – er det eigentleg pappa Willy Skåber som snakkar her? Han var heilt rå på det der, fortel ho.

– Mamma kunne seie når eg ringde «Drittvær på hytta, det regna kvar dag». Så fekk eg pappa i telefonen. «Vi har hatt ei fantastisk veke, Linn! Det er friskt og luktar så godt ute».

Linn og mor og far.

MOR OG FAR: Linn med Ragnhild Skåber og Willy Skåber.

Foto: PRIVAT

Linn Skåber ler hjarteleg.

Dei fleste av oss har flira med Linn Skåber. I mange år sat ho på «Nytt på Nytt» fredagskveldane, drog vitsar høgt og lågt med eit sjarmerande smil. TV-seriane ho har skapt, som «Hjerte til hjerte» og «Best før», er sånne du nesten ikkje klarer å sjå på: Pinleg og frykteleg gøy.

Linn Skåber og Johan Golden i "Nytt på nytt".

KJENT FJES: Ho var ein sentral del av fredagstacoen i mange år, som ein av humoristane i «Nytt på Nytt». Her saman med Johan Golden.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt

Samstundes har ho spelt seriøse roller på teaterscenen og fått gode kritikkar. Ho har skrive bøker for generasjonane. Om ungdom, vaksne og no sist dei aller eldste. Alvor + skjemt er blitt hennar varemerke dei siste åra.

Og no har ho altså skrive stykket «Mens vi venter på no’ Godt» (laust basert på «Mens vi venter på Godot»). Premieren er 8. januar (i skrivande stund).

Linn Skåber debuterer no som dramatikar og skodespelar hos sjølvaste Nationaltheatret. Øvingane saman med skodespelar og bestevenn Ine Jansen er i full gang når eg treffer dei.

Linn og Ine ler

PRØVETID: Eksistensielt, ja, men det blir sjelden berre gravalvor når Skåber er på jobb. Det tar si tid å kome gjennom manus saman med Ine Jansen.

Linn og Ine
Linn og Ine øver
Ine Jansen
Linn leser

Sufflør Lise Roesen hjelper Linn Skåber med tekst under øvinga.

Det starta med ein klassikar som viste seg å ha kvinneforbod.

«Mens vi venter på Godot» er skrive av nobelprisvinnaren Samuel Beckett i 1948.

Førestillinga handlar om to landstrykarar som står ganske stille og bablar om ... ingenting. Og ventar på ein fyr som (spoiler alert) aldri kjem. Den mystiske Godot.

Nokre vil kanskje her tenke snork. Men Linn Skåber har elska stykket heilt sidan Teaterhøgskulen.

Ho meiner Beckett fanga eit ubehag vi menneska ofte skyv unna. Den vage kjensla av å vente, når berre det-og-det skjer, da ..! (Fyll inn det du lengtar etter i ditt liv).

Planen var altså å tolke klassikaren. Så fekk Skåber og Jansen vite kva salige Beckett heiv inn i testamentet før han døydde i 1989:

– Det skal ikkje vere eit kvinnebein på den scenen, seier Ine Jansen.

Ho (Ine) ristar på hovudet. Det var i grunnen komisk at dei, to erfarne teaterfolk, ikkje kjente til kvinneforbodet (det har vore ei rekke konfliktar knytt til det å gjere «Godot» med hokjønn på scena).

Linn Skåber sjølv blei irritert på grensa til forbanna. Ho hadde jo venta på å spele ventinga til Beckett så lenge! Og så kunne liksom ikkje kvinner vere eksistensielle? Kva var greia?

Men hugs, arven frå far: Gjer det beste ut av situasjonen.

Kunne ho i staden seie noko om venting og tomheit i samtida, frå sitt perspektiv? Først blei det post-it-lappar på veggen i stova. Så blei det e-postar i Ines innboks, til slutt eit heilt manus.

Mens vi venter på no' godt-manus

UTGANGSPUNKTET: Linn Skåber har skrive manuset sjølv, men er stort sett einig i kuttforslaga som kjem undervegs.

Foto: Javier Auris / NRK

Her møter vi to forvirra hovudpersonar med namn «Linn» og «Ine» som stadig tar mobilen opp av baklomma og sjekkar om dei har dekning.

Dei ventar ikkje på Godot, men på at visse personar skal ringe.

Leksjon 2/5: Lag din eigen type flokk

To dagar etter at Linn hadde fødd sonen Niels i 2002, var Ine på besøk på sjukehuset.

Det er ikkje uvanleg med tårer i barselseng, og Linn gråt og gråt, og Ine lurte på kva det var? Jo, ho grudde seg sånn til guten skulle flytte heimanfrå.

Linn Skåber og nyfødt sønn Niels

BABYLYKKE/BARSELTÅRER: Linn Skåber som nybakt mor til Niels.

Foto: Privat

Linn Skåber er ein av dei foreldra som definitivt ikkje synest det er berre-berre å sleppe taket. Men no nærmar tida seg.

Det er dei 19 år gamle sonene (Ine har tvillingar på same alder) Linn og Ine venter på telefon frå i stykket. Kunsten har stole frå verkelegheita.

Linn Skåber og Ine Jansen har vore tett på kvarandre sine liv gjennom samlivsbrot, flytting, barneår, tenåringsår, karrieretoppar og -dalar. Budd i same bygård, ja, ein kort periode budde faktisk Linn og Niels heime hos Ine og tvillingane («overraskande nok blei Ine da mannen i forholdet»).

Linn og Ine

KOLLEKTIV: Linn Skåber kallar Ine søstera si («men ikkje så ho høyrer det, ho får nok litt klaus»). Dei har budd i kollektiv i lag og søkte begge Teaterhøgskulen (og kom inn med to års mellomrom).

Foto: Privat

Når Linn Skåber byrja skrive samtidas versjon av «Mens vi venter ...», var det ein av tinga ho gjerne ville minne oss på: Det er så mange måtar å løyse dette livet på. Ein er ikkje mislukka om det ikkje funkar med klassisk kjernefamilie.

Ine Jansen trekk fram eit ord som får køyrt seg i stykket.

– Denne flokken er så viktig i Noreg i dag, alle vil berre vere midt i ein flokk. Fordi alle på Facebook og i julebrev og overalt og faens oldemor er så besett av FLOKKEN.

Ine og Linn har snakka seg opp i turtal (og fullfører ikkje sjeldan setningane til kvarandre).

– Vi snakkar om opnare samfunn, men vi lukkar oss inne med desse små flokkane. Mens ganske mange sit i realiteten utanfor, seier Ine.

Linn Skåber og Ine Jansen øver

NEI OG ATTER NEI: «Linn» og «Ine» er sinte på mykje. Og dei er ikkje spesielt interesserte i å lytte til dei yngre.

Foto: Javier Auris / NRK

Lykka er kort, og kan dukke opp på uventa stader, det er dei to einige om. I ettertid kan sjølv eit samlivsbrot bli ein lykkeaugneblink. Ei ny byrjing.

Men så er det dei tinga vi menneska ikkje vil at skal forandre seg, som ein berre ikkje slepp unna. Kva gjer ein med dei?

Leksjon 3/5: Ikkje stress med å «nyte det» nok

Mange av dei artige karakterane ho har skapt opp gjennom åra har ei sår kjerne, fortel Linn Skåber. Det triste eller vanskelege ligg ofte kort veg unna ein god latter.

Teaterstykket ho har laga denne gong heiter «eksistensiell komedie» og har alvorlege ambisjonar.

– Det kunne vore fint å få menneske til å skjøne at ventetida er livet. Om vi skjønte det, trong vi ikkje vente på noko heile tida. Det er no det skjer, seier ho.

Poenget er:

– Vi menneska trur at ting skal vare evig! Men det gjer dei ikkje. Alt er forgjengeleg.

Au.

– Eg slit med det der. Eg har ei dotter på fire som eg held tett inntil, men straks er ho tenåring og den ungen finst ikkje lenger ... kva kan ein gjere? spør eg, ikkje utan desperasjon.

– Så mange lurer «nyt eg det nok»? Ikkje stress med det, seier eg. Du kan ikkje alltid tenke på at noko skal forsvinne. Ein skal rive seg i håret, krangle med kjærasten, kjefte, bli venner ... det er livet, seier ho.

Linn som barn

TIDA FLYG: Her er Linn Skåber som barn, også den gong glad i å opptre.

Foto: privat

Eg kjenner eit blaff av trøyst for tidsangsten. Dessutan:

– Når eg ser tilbake som 50-åring pleier eg seie at 30-åra var mest krevjande for meg, seier Linn Skåber.

Og akkurat denne utsegna, som Linn Skåber har delt i intervju og bøker før, har fleire merka seg. Ei bestemt gruppe har faktisk byrja å skrive til ho i meldingsboksen på Instagram.

Leksjon 4/5: Tenn eit lys, skryt av deg sjølv

Den gruppa er i 30-åra. Dei skriv for å takke for at ho ser at dei står i ei heftig livsfase.

Du er plutseleg vaksen på ordentleg. Og idet du skal lære deg å bli ein vaksen, skal du lære deg alt det andre på ein gong.

Kva er Linn Skåbers svar til følgarane?

– Feir deg sjølv litt kvar morgon! Tenn eit lys og trekk pusten. Ros deg sjølv, for alt du trass alt får til.

Så sender dei bilete, 30-something-ane med stearinlyset sitt. Da blir ho glad. Og sjølv ein skeptikar (meg) kjenner at dette knepet må jo få ein sjanse.

(Morgonen etter tenner eg lys mens alle dei andre sit på kvar sin skjerm med heimeskule, barne-TV og Teams. Eg kjem ikkje på noko konkret å rose meg for, men er takksam for alle skjermane og at vi ikkje er tom for kaffi.)

– Gjer du det der sjølv, feirar kva du får til?

– Eg er nesten provoserande god. I dag har eg tent lyset, eg sa til meg sjølv at du er flink som jobbar og taklar smittevern og står på.

Linn skåber smiler

TAKKSAM: Ho blir stolt av alle ho kjenner som klarer å reise seg, inkludert seg sjølv. – Eg mista dei viktigaste folka mine fort og på likt – mor og far. Men eg er glad for dei eg har i livet. Viss ikkje blir alt så rævva, liksom.

Foto: Javier Auris / NRK

Du er skodespelar, komikar og dramatikar. Men dette med å vere ein slags guru ... er det ei ny rolle?

Ho ler godt, ja du kan jo sjå for deg andletet.

– Nei. Det er altfor mykje ansvar! Men det er veldig gøy å få formidla ting eg har tenkt, da.

Før ho skreiv «Mens vi venter på no' Godt», var det nokre spesielle personar som fòra Linn Skåber med mykje ho vil dele.

Leksjon 5/5: Gled deg på andres vegner

I 2021 gav Linn Skåber ut boka «Til oss fra de eldste».

Før det hang ho mykje med skikkeleg gamle menneske. Ho kallar det noko av det finaste ho har opplevd.

– Eg møtte folk som er 90 og 95, ikkje sant ... to av dei er døde no. Det var rart å ordentleg kjenne på kva det er å vere så gammal.

– Kva var det viktigaste du lærte?

– Det var kjensla av oversikt. Mange av dei kjente og mykje takksemd òg. Eg skjønte at minner er så meiningsfylte, det er ein bank du kan hente liv frå.

Linn Skåber snakkar om roa ho møtte, om salve og trøyst. Fleire sa at orda i «Deilig er jorden» på eit tidspunkt blir ekte: Slekt skal følge slekters gang.

– Draumen er å låne av deira ro mens vi er i det kaotiske livet, seier Linn Skåber.

I motsetning til hovudpersonane i stykket ho øver inn, som kavar og ikkje verkar å ha oversikt over noko som helst.

Linn, Ine og regissør Cathrine Telle.

TEAM NO'GODT: Regissør Catrine Telle (med ryggen til) instruerer dei to skodespelarane i ein kald prøvesal. Sjølve stykket vil bli spelt på Kanonhallen, ei ny scene i bydelen Løren.

Foto: Javier Auris / NRK

Linn Skåber står i ein overgang i livet. Nyleg pakka sonen sekken og flytta til København for å gå på skule. Korleis handterer ho det ho har grudd seg for så lenge?

Eit av sitata frå dei eldre har vore særleg nyttig:

Lær deg tidleg å bli glad på andre sine vegner, elles blir livet eit helvete.

Det blei hennar strategi frå den augneblinken Niels kom inn på skulen i Danmark. Å glede seg med andre, kan motverke mykje bitterheit.

Å tulle med si eiga frykt i teaterstykket blei òg ei form for terapi (du hugsar dei to hovudpersonane som desperat venter på telefon frå sønene?). Og:

– Eg har faktisk klart det. Eg gler meg verkeleg over det han skal oppleve framover, seier ho.

– No skal eg nyte det faktum at eg har skapt eit menneske.

Ho kan òg nyte noko anna ho har skapt, saman med Ine Jansen frå sin heilt eigne flokk:

Eit teaterstykke kor to surrebukkar ventar på noko som kanskje aldri kjem – lovleg framført av to kvinner.

Kulturbord (Marco Vaglieri)

PS. Eg melder Linn Skåber undervegs for å få bilete frå barndommen, og sutrar over isolasjon og frykta for jula. Ho svarer straks:

«Å nei!!! Stakkars deg. Sånn blei det for meg i fjor også. Dekket på til tolv ... sønnen min, ei jente som bodde hos oss da, og jeg, med tomt bord mellom oss.
Det ble skikkelig hyggelig :)»

Hei!

Om du har nokre tankar om det Linn Skåber seier her, eller om det at tida går fort og er umogleg å stoppe, eller om heilt andre ting, skriv gjerne til meg. Lykke til i 2022!

Les NRKs melding av «Mens vi venter på no’ godt» her:

Fleire kloke folk om det å bli vaksen/eldre: