Leah Isabella Lorentzen Pettersson
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Leahs metode

OSLO (NRK): Ho har berre 17 prosent syn. Likevel klarer ho noko ho eigentleg ikkje skal klare.

Humlan kan inte flyga
för vingarna är för små.
Den struntar i allt vad man säger
och flyger ändå.
(Humlan, Lennart Helsing)

Livet som ballerina er ikkje for alle. Ein må verkeleg ønskje det, og legge ned tusenvis av treningstimar frå ein er veldig liten. I tillegg bør kroppen fungere perfekt.

– Mange spør meg om kvifor eg er så kvit og har så lyst hår. Det er fordi eg har noko som heiter albinisme, forklarer Leah.

Menneske med albinisme har ofte «nystagmus» – ufrivillige rytmiske augerørsler frå side til side. Denne tilstanden gjer det svært vanskeleg å fokusere.

Leah Isabella Pettersson har berre 17 prosent syn. Likevel klarer tolvåringen noko ho eigentleg ikkje skal klare. Ho dansar. I Ballettskolen på Operaen. Utan å sjå klart rundt seg.

– Ballett er livet mitt. Noko eg gjer kvar dag. Frå eg var lita har draumen min vore å danse i Nøtteknekkaren, seier ho.

No kan hennar store draum gå i oppfylling. Ho har fått rolla som mus i Nasjonalballetten si store, tradisjonsrike juleframsyning. Det er berre ei lita hake:

Ho må ha på seg eit stort musehovud medan ho dansar. Når Leah tar på seg hovudet, ser ho nesten ingenting.

– Eg er veldig nervøs for at eg skal stange inn i ting eller snuble.

SVAKSYNT MUS: I snitt blir fire personar født med albinisme kvart år i Noreg. Menneske med albinisme manglar hud- og hårpigment, og er ofte sterkt svaksynt. Spesielt om dei i tillegg må ha på seg eit stort musehovud med berre eit lite kikehol gjennom munnen.

Spionkamera i klasserommet

I eitt år har NRK Super fått lov til å henge på Leah gjennom kvardagen. Ho er nemleg ein av hovudpersonane i sesong 2 av dokumentarserien «Unik», som handlar om barn som må på sjukehus.

Kvardagen til Leah består av mange kreative løysingar. Når ein sans blir svekka, må ein lære seg å kompensere på andre område.

Når ho skal køyre slalåm i skibakken, tar faren på seg ei skibukse med knall farge slik at Leah skal kjenne han igjen frå avstand.

Når ho er på shopping på kjøpesenteret, tar ho med seg ei venninne som kan hjelpe ho med å lese prislappen på varene.

På skulen har ho ei datamaskin på pulten. Maskina er kopla til eit kamera under taket som kan zoome inn på tavla i klasserommet. Med denne teknologien kan ho til og med spionere på medelevane sine. (Ei moglegheit ho sjølvsagt aldri nyttar seg av.)

På ballettskulen får ho inga særbehandling. Alle elvane må opp til eksamen to gongar i året. Om Leah ikkje klarer å henge med nivået, får ho ikkje lov til å halde fram vidare.

Leah Pettersson

BALLERINA: Leah har dansa ballett sidan ho var to år gammal. Ho dansar på Ballettskulen i Operaen fem gongar i veka, i tillegg til eigentrening.

Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

– Det kan vere litt utfordrande å danse på Operaen, for eg ser jo ikkje så godt, seier Leah.

«Litt utfordrande» er nok eit kraftig understatement. Ho øver hardt og mykje, og på eit eller anna mystisk vis klarer ho framleis å henge med på notane.

Vi kjem likevel ikkje unna at det å vere svaksynt også kan vere ganske drit.

– Det er slitsamt og irriterande fordi eg har aldri sett eit ekorn. Viss nokon seier «Sjå, der er eit ekorn!», så ser eg ikkje det. Då seier eg berre «Å ja, eg ser det.». Fordi eg ikkje vil seie at eg ikkje ser det. Eg har sett eit ekorn på bilde, da. Men ja ...

Leah slit med å halde tårene tilbake når ho snakkar om synet sitt. Heldigvis finst det moglegheiter for at det kan bli betre.

Legane på sjukehuset planlegg å operere begge auga hennar. Utfallet av operasjonen kan vere avgjerande for om ho ein gong kan klare å bli profesjonell ballerina.

Leah gruar seg. Veldig.

Sandpapir i auga

Eit par veker før operasjonen møter Leah ein amerikansk augelege på Ullevål sykehus i Oslo. Han har på seg blå skjorte og slips og stiller ho mange spørsmål om familien og skulen.

Medan Leah og legen snakkar, oppdagar han noko svært uvanleg.

Legen har behandla hundrevis av ungar med nystagmus tidlegare. Dei aller fleste bruker å bøye hovudet sitt ned og til sida. Personar med nystagmus ser nemleg betre ut av den øvre delen av auga.

Leah derimot sit med ei rak haldning.

– Ho ofrar synet sitt for nakken, seier legen forvirra.

Den norske legen hennar, som også er i rommet, forklarar at Leah jobbar så mykje med haldninga i balletten.

– Så du er ein ballerina, spør amerikanaren begeistra.

– Ja, svarar Leah og smiler forsiktig.

Inngrepet legane skal gjere er å flytte nokre av musklane som held augeepla på plass. Slik skal den ufrivillige flakkinga med blikket forhåpentlegvis bli mindre. Dagen før operasjonen er ho bekymra for morgondagen.

– Eg er redd for at eg ikkje skal sjå noko når eg vaknar. Eg trur det går bra, men det er ganske ille. Det gjer vondt.

Leah veit kva ho pratar om. For eit år sidan vart ho operert i det eine auget. Då såg ho dobbelt i mange dagar og hadde store smerter etter operasjonen.

– Det kjentest ut som at eg hadde sandpapir i auget. Det er skummelt om eg kjem til å sjå dobbelt igjen, seier ho og tørkar vekk tårene med genseren.

Dagen etter sit Leah på fanget til mamma Linda inne i operasjonssalen.

Ho har på seg ei grøn sjukehusjakke. Ein av legane har teikna to svarte kryss i panna hennar over kvart auge. Rundt handleddet har ho eit gjennomsiktig plastarmband med namnet hennar på.

Ein lege plasserer ei pustemaske over munnen og nasen hennar. 20 sekund seinare sovnar ho.

Leah og mamma

OPERASJON: Leah er redd for at synet skal bli verre etter operasjonen. I så fall kan rolla i Nøtteknekkaren henge i ein tynn tråd.

Foto: Torgrim Grimstad / NRK

Det fælslege musehovudet

Det går fem veker før Leah kan danse ballett igjen.

Dei første dagane kan ho ikkje ein gong bruke telefon eller nettbrett. Ho søv for det meste. Når ho er vaken, les faren Harry Potter for ho på senga.

Etter kvart forsvinn det tåkete sløret frå auga etter operasjonen. Men pupillane hennar dirrar framleis fram og tilbake.

Vart synet betre?

Leah tar ein tenkjepause.

– Eg klarer å halde nakken og hovudet meir rett, og det er litt enklare å fokusere. Men operasjonen har ikkje gjort det enklare å sjå ting på avstand.

No er det uansett berre eit fokus: Å lære seg trinna til rolla som mus i Nøtteknekkaren.

Leah møter ofte opp i Operaen før dei andre, for å terpe ekstra på øvingane. Det blir inga tid til lekser i vekedagane. Dei får ho heller gjere i helgene.

Gjennom hausten øver dei i vanlege treningsklede: trikot og ballettsko. Det er først i generalprøva at ho skal prøve å danse på scenen med musekostymet.

– Ein ser nesten ikkje noko gjennom musehovudet, seier Leah bak scenen.

No får det uansett anten breste eller bere.

Leah tar på seg musehovudet og entrar scenen på ei sklie. Ho rutsjar inn på eit av dei mest kaotiske partia i heile balletten. Scenen myldrar av mus, rotter og soldatar som kjempar mot kvarandre.

Alle som kjenner Leah, har hjartet i halsen.

Det viser seg heldigvis fort at det ikkje finst nokon grunn til bekymring. Snarare tvert imot.

Leah er faktisk ei av dei musene som klarer seg best på scenen!

Danselæraren hennar, Gro Gudim, var usikker på korleis Leah skulle klare seg med musehovudet, men tenkte: «Vi får berre prøve.». No er ho både imponert og overraska over eleven sin.

– Dette er veldig uvanleg. Eg har aldri sett noko liknande, seier danselæraren som har vore tilknytt Nasjonalballetten i snart 50 år.

Men korleis kan det ha seg? Har ikkje jenta berre 17 prosent syn? Jo – og det er nettopp difor ho klarer seg så bra.

Leahs metode

Medan dei andre dansarane plutseleg ser veldig mykje dårlegare når dei får på seg musehovuda, blir ikkje forskjellen like stor for Leah.

Ho har lært seg ein teknikk for å kompensere for det dårlege synet: memorisering.

– Det blir veldig mørkt på scenen, og då føler eg nokre gongar at eg klarer ting betre enn dei andre, fordi eg har laga eit bilde i hovudet.

Leah hugsar ikkje berre kvar ho skal vere på scenen til ei kvar tid, men også kvar ho skal vere i forhold til dei andre dansarane. For dei fleste kan det vere vanskeleg å sjå forskjell på 15 tilsynelatande like mus, men ikkje for Leah.

– Eg blir litt irritert eigentleg, fordi eg ser jo kven dei andre er, ut ifrå kva dei har på seg over pelsdrakta. Dei andre spør alltid sånn: «Kven er du, kven er du?» Kvar gong!

Det er den same teknikken Leah lærte seg då ho var veldig lita. Då memorerte ho kva slags klede klassevenninnene hadde på seg, slik at ho skulle klare å finne dei igjen i skulegarden når det var friminutt.

Leah dansar seg gjennom Nøtteknekkaren med glans. Ikkje berre som mus, men også i rolla som søtsak seinare i stykket.

No ser ho vidare mot større roller, og det store målet om å ein dag bli profesjonell ballerina. Vegen dit er lang. Om ho lukkast, blir ho den første sterkt svaksynte ballettdansaren i Nasjonalballettens historie.

Ingen fleire operasjonar er planlagt. No øver ho seg på å bruke linser, men på grunn av nystagmusen har dei lett for å hoppe ut. Ein ting er i alle fall sikkert. Leah har ingen planar om å gi opp.

– Eg veit det blir veldig hardt, men når det kjem innan frå, så trur eg ein kan meistre alt ein vil.

Leah

Leah Isabella Pettersson

Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Sjå Leah i dokumentarserien «Unik»:

Leah ser bare 17%, men skal likevel danse Nøtteknekkeren på Operaen. Adrian får trøst etter å ha brukket beinet og Sigrid kan endelig reise hjem fra sykehuset. Norsk dokumentarserie om barn på sykehus (2019).

Leah ser bare 17 %, men skal likevel danse Nøtteknekkeren på Operaen. Adrian får trøst etter å ha brukket beinet og Sigrid kan endelig reise hjem fra sykehuset. Norsk dokumentarserie om barn på sykehus (2019).

Sjå resten av episodane her.

Anbefalt vidare lesing: