Line Ramstad
Foto: See Da Pah / Gyaw Gyaw

Jungelarkitekten

KAYIN, MYANMAR (NRK): Line Ramstad bygger hus på stadar der mykje har handla om å rive ned.

– Når vi kjem fram, må du passe deg for landminer. Om du må på do, kan du heller be oss andre om å vende ryggen til. Berre ikkje gå inn i skogen!

Line Ramstad gir dei siste instruksane bak sota vindauge i ein blå Toyota pickup. Vi køyrer på ein humpete kjerreveg gjennom tett jungel i Myanmar.

For Line er dette kvardag. Den 43 år gamle arkitekten frå Årnes i Akershus har levd og budd saman med det krigsutsette karenfolket i over ti år.

Målet for bilturen er den vesle landsbyen Je Po Kee, kor vi skal besøke ein skule som Line og organisasjonen hennar Gyaw Gyaw (Steg for steg) har teikna og bygd.

På lasteplanet sit to væpna geriljasoldatar som generalen i Karen National Liberation Army har sendt med for å passe på oss. Berre for sikkerheits skuld.

– Narkotikahandelen langs grensa har auka veldig etter at vegane i området har blitt betre, forklarar Line.

Langs kjerrevegen passerer vi fleire tobakk- og peanøttplantasjar som opnar seg som lommer i jungelen. Nokre få steinkast unna renn elva Moei som skil Myanmar frå nabolandet Thailand.

Rundt ein sving ser vi plutseleg ein geriljaleir like ved vegen. Soldatane der tilhøyrer ei anna gruppe enn dei bak på lasteplanet vårt. Ein mann kjem ut og ber sjåføren vår stoppe bilen og bli med inn i leiren. Vi snur oss rundt og ser at soldatane på lasteplanet også er borte.

Eg, Line og kollegaen hennar Paw Eh Wah blir sitjande aleine igjen i bilen.

– Vi må be, seier Paw Eh Wah og ser bekymra ut av vindauget.

– Du må be, seier Line. – Eg håpar.

For min del tenkjer eg det må vere greitt å heilgardere seg. Eg gjer difor begge deler.

Paw Eh Wah

BEKYMRA: Paw Eh Wah er dagleg leiar av Gyaw Gyaw. Her skodar ho inn i geriljaleiren medan vi sit i bilen og ventar i uvisse.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Byrjinga

Line kom til Søraust-Asia for første gong i slutten av 2008. Saman med to arkitektstudentar frå NTNU skulle ho teikne og bygge ein barneheim i Thailand, like på grensa til Myanmar.

Då prosjektet var ferdig, reiste studentane vidare, medan Line vart verande. Ho var ikkje klar til å reise, og begynte i staden å jobbe på nye byggeprosjekt saman med dei lokale arbeidarane ho hadde blitt kjent med.

– Eg hadde jo berre akkurat begynt å skjøne litt av kva som føregjekk rundt meg, forklarar ho.

På andre sida av elva var det full borgarkrig mellom ulike karenske geriljagrupper og den myanmarske militærjuntaen. Tusenvis av menneske vart drive på flukt til Thailand. Sjølv om Line var på «riktig» side av grensa, fekk ho sjå krigen på nært hald.

– Det var heilt djevlig. Det var mykje skyting og landminer og det kom mange halve kroppar over elva. På det meste høyrde eg lyden av 23 landminer på ei veke, seier Line.

Den vanskelege situasjonen gjorde at Line vurderte å gi opp, men det vart med tanken.

Ho drog heim til Noreg – men ikkje for å nyte fredelege dagar i eit velfungerande sosialdemokrati. I staden sa ho opp jobben, selde leilegheita og drog tilbake igjen til Thailand.

Line var lei av å sitje på kontor i Noreg og teikne på prosjekt som kanskje kunne bli noko om fleire år – langt unna byggeplassen. I jungelen kunne ho sjølv vere med og bygge, bli kjent med dei som skulle bruke huset og sjå det konkrete resultatet av teikningane.

– Det kjentest så meiningsfullt. Eg hadde også fått eit veldig fint fellesskap med arbeidarane. Eg vart kjent med konene, svigermødrene og borna deira, og fekk ein stor vennegjeng.

Ti år seinare har Line den same vennegjengen.

Dei bur i same landsby, festar saman og bygger hus saman på begge sider av grensa mellom Thailand og Myanmar.

Gyaw Gyaw

GYAW GYAW: Line Ramstad med nokre av kollegaane sine. Dei fleste av desse har jobba saman sidan starten i 2009.

Foto: Vincenzo Floramo

Med støtte frå norske bedrifter har Line til og med innført sitt eige vesle sosialdemokrati, midt i jungelen. Alle i teamet får lik løn, feriepengar, sjukepengar og sparar pensjon.

– Eg er veldig nøgd med det. Kanskje ikkje like nøgd med å kome heim til Noreg utan cash, da, seier Line og ler.

Dei siste åra har situasjonen på grensa blitt mykje rolegare. Dei fleste landminene er også allereie tråkka på.

I 2012 vart det også signert ein fredsavtale mellom militæret og dei ulike geriljagruppene i det austlege Myanmar. Likevel har avtalen vorte broten fleire gongar.

Spøkelsesbyen

Tilbake til den blå Toyotaen på kjerrevegen i jungelen:

Eg, Line og Paw Eh Wah blir sitjande i bilen i fem minutt, ti minutt, femten minutt.

Leiren vi står utanfor tilhøyrer geriljagruppa BGF. Dei er også karenarar, men deserterte over til den myanmarske militærjuntaen i 1994.

Bilturen i dag skulle eigentleg vere grei skuring. Eg har vore i dette område fleire gongar før og veit at tilhøva er relativt rolege. Men eg blir usikker når verken Line eller Paw Eh Wah verkar å vere veldig komfortable med situasjonen.

Vi er berre hundre meter frå Thailand, men kjem likevel fram til at det beste alternativet er å vente i bilen litt til.

Så kjem sjåføren og dei to soldatane tilbake.

Dei smiler og småpratar på veg ut av leiren. Sjåføren set seg bak rattet og soldatane hoppar opp på lasteplanet.

– Alt bra, spør Paw Eh Wah.

– Alt bra, svarar sjåføren.

Vi køyrer vidare, litt forvirra og ganske letta.

Sjåfør

STØDIG SJÅFØR: Generalen i Karen National Liberation Army har sendt med oss sjåfør og soldatar for å få oss trygt fram til landsbyen Je Po Kee.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Det blir aldri heilt klart kva sjåføren eller soldatane gjorde i leiren, men mykje tydar på at det denne gongen berre var snakk om eit vennskapleg besøk.

Vegen går vidare sørover. Vi kryssar elver og passerer fleire tobakksplantasjar. I lufta svirrar kjempestore sommarfuglar under tretoppane.

Kontrasten blir difor stor når vi plutseleg køyrer gjennom ein liten by, midt inni jungelen. Små kvite betonghus med grøne tak står tett i tett på rekke og rad. Men kvifor er alle husa tomme?

– Sjå på desse husa. Dei innbyr ikkje akkurat til hyggeleg samvær, seier Line.

Det viser seg at byen er finansiert av internasjonale bistandsmiddel i samarbeid med dei myanmarske styresmaktene. Hensikta er å lokke dei karenske flyktningane tilbake til heimlandet. Mykje tydar på at prosjektet foreløpig ikkje går heilt etter planen.

Spøkelsesby

SPØKELSESBY: Desse husa er bygd for å lokke karenarane tilbake til heimlandet. Det står fleire byar som denne nedover langs grensa mot Thailand.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Husa er heilt nakne, monotone og er forma ut på utruleg lite gjestmildt vis. Det er ingen jobbar, ingen struktur. I tillegg er dei bygd på den mest dyrkbare matjorda. Kven vil vel bu her?

Line ristar på hovudet. Den fritalande arkitekten er ikkje nemneverdig imponert over dette prosjektet. Men reagerer likevel aller mest på det politiske spelet bak det heile.

Ho meiner dette er ein metode styresmaktene brukar for å få kontroll over dei rurale områda, samtidig som dei kan seie til resten av verda at dei hjelper flyktningane med å flytte tilbake.

– Dette er ein måte å vise makt og musklar på. Dei kjem utanfrå, tar land og bygger hus. Dette har ingenting å gjere med lokal utvikling og demokrati.

Mange karenarar er også redde for at slike byar legitimerer nærværet av det myanmarske militæret i området.

Line har mange sterke meiningar om utviklingsarbeid. Men korleis skil hennar organisasjon seg ut frå spøkelsesbyen?

Svaret finn vi kanskje i Je Po Kee, som vi endeleg har kome fram til.

Den vesle landsbyen ligg på ei lita høgde med utsikt over grenseelva nede i dalen. Like ved fotballbana ligg skulen som Line og kollegaane hennar i Gyaw Gyaw har bygd.

soldatar

BLÅ TOYOTA: Jungelvegane i Myanmar krev høge bilar med firehjulstrekk.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Je Po Kee

– Sjå så bra det har blitt, seier Line stolt.

For berre nokre få år sidan vart denne landsbyen jamna med jorda. No har fleire hus blitt bygd, til og med ein barneskule. Dette er første gongen Line ser det ferdige resultatet.

Seks små klasserom står tett i tett i ein sirkel med uteområde i midten. Eit felles tak dekker heile skulen.

Line Ramstad

ARKITEKT: Line Ramstad framfor skulen ho har teikna i Je Po Kee. Skulen vart nyleg også omtala i det amerikanske tidsskriftet for berekraftig arkitektur, «Green living and design».

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Det er skikkeleg sterk vind her til tider, så det er viktig med eit aerodynamisk tak, med runde hjørne mot vindretninga for å unngå turbulens, forklarar Line.

Gyaw Gyaw brukte to år før dei i det heile tatt begynte å bygge skulen i Je Po Kee. Solvinklar, vindretningar og regntida har blitt nøye studert, og ingenting er gjort på måfå.

Alt er lokalt. Elefantar har frakta inn tømmer til takkonstruksjonen. Veggane er bygde med adobestein (soltørka murstein av leire).

Den viktigaste delen av planleggingsprosessen er likevel dialogen med skulen og innbyggjarane i landsbyen.

– I prosessen har vi involvert foreldra, rektoren, landsbyen, nabolandsbyane, det karenske utdanningsdepartementet ... Alle er involverte.

Line passar også på at landsbyleiaren føler at han bevarer kontrollen og held oppe posisjonen sin i lokalsamfunnet.

– Når vi har planleggingsmøte pleier eg alltid å foreslå å bygge midt på fotballbana. «Nei, det går ikkje!» seier landsbyleiaren da. «Vi kan jo ikkje bygge midt på fotballbana!» Så endar vi som regel opp med ein vinn-vinn, forklarar Line og smiler.

Vi går over fotballbana og ser på dei ulike klasseromma. Designet er enkelt og funksjonelt. Akkurat slik Line ønskjer det skal vere. Nokre skodelystne ungar stikk hovuda inn døra for å sjå kva som går føre seg.

Line Ramstad
Foto: NRK

I dag er det dessverre inga undervisning. Det er ferie, og dei fleste elevane har tatt vegen heim til enda meir avsidesliggjande område i jungelen.

Soldatane vi har med oss begynner også å bli utolmodige. «Skal vi reise vidare snart?»

Ja da, snart. Men først skal Line og Paw Eh Wah setje seg ned og teikne litt i sanden. Dei planlegg nemleg ei ny bygning – med soverom til elevane som bur lengst unna og som ikkje har høve til å reise heim kvar dag.

Hus for hus, steg for steg, gyaw gyaw.

Det tar mykje lengre tid å bygge enn å rive. Heldigvis har Line framleis god tid. Ho har ingen planar om å gi seg med det første. På spørsmål om ho kan tenkje seg å utvide organisasjonen i framtida gir ho eit klart og kontant svar:

– Nei, nei, nei. Vi skal absolutt ikkje bli større. Men det er jo morosamt om andre startar nye «Gyaw Gyaw» rundt omkring, konkluderer ho.

***

Nokre få veker etter besøket i Je Po Kee braut det nok ein gong ut væpna samanstøyt mellom Karen National Liberation Army og den myanmarske hæren, lenger nord i staten Kayin.

Karenfolket går framleis ei usikker framtid i møte.

Line Ramstad

PLANLEGGING: Line Ramstad og Paw Eh Wah planlegg ei ny bygning med soverom for elevane på skulen i Je Po Kee.

Foto: NRK

Anbefalt vidare lesing: