Monolitten i Vigelandsparken.
Foto: Nima Taheri / NRK

Dei skjulte steinhoggarane

Gustav Vigeland fekk æra. I dag kan NRK fortelje den verkelege historia om kven som bygde nasjonalskatten Monolitten.

I 1919 får kunstnaren Gustav Vigeland ein stormannsgal idé. Han vil lage Noregs største og mest intrikate skulptur ut av éin enkelt stein.

Med Oslo kommune og private sponsorar på laget skaper han etter kvart ein park i sitt eige namn, der 17 meter høge Monolitten blir krona på verket. Det heile sikrar Vigelands plass i historiebøkene. Han blir hylla som eit geni.

Men det er ikkje han som står i 14 år og høgg gull ut av gråstein. Det er det tre steinhoggarar som gjer.

Deira plass i historiebøkene blir minimal. Steinhoggarane blir gløymde. Inntil no har verken offentlegheita eller den attlevande familien visst kva som skjedde med dei.

Dei nye funna til NRK viser at arbeidet kan ha kosta dei dyrt.

Monolittskuret i Vigelandsparken

STEINHOGGAR-TRIOEN: Utanfor arbeidsskuret i Vigelandsparken der Monolitten blei bygd. Frå venstre, dansken Karl Kjær, svensken Nils Jönsson og nordmannen Ivar Broe.

Foto: Vigelandmuseet

Ei nesten umogleg oppgåve

I 1929 er ein diger stein på 280 tonn på plass i Oslo. Om Monolitten kunne snakke, hadde han kanskje sagt som ein realitydeltakar anno 2022: «Det har vært en reise.»

Han har blitt sprengt ut av fjellet ved Iddefjorden, norsk steinindustris vogge. Han har blitt trimma ned, vaska og sendt ut i båt. Etappane har vore mange, på land og vatn, dei har tatt form som ein slags Tour de France eller folkefest i «minutt for minutt»-ånd, med svær mediedekning og flaggande folk langs vegen.

Monolitten i steinbrotet

HOS MODERFJELLET: 4. april 1922 blir monolittblokka skoten ut av dette fjellet ved Hov, Iddefjorden. Deretter blir halvparten av steinen skoren av, til han er i denne storleiken.

Foto: Haakon Eeg-Henriksen
Monolitt-steinen blir lagt på båt

EIN TØFF JOBB: I fire år ventar steinen på å bli frakta til Oslo. Omsider skaffar Vigeland nok pengar. Den unge ingeniøren Eeg-Henriksen vinn anbodsrunda og får ansvaret for reisa. Første etappe blir å få steinen om bord i båt.

Foto: Haakon Eeg-Henriksen
Båttransport av Monolitten

SPESIALKONSTRUKSJON: Steinen blir frakta av to lekterar frå Iddefjorden og opp mot Halden. Der kjem det dårleg veir, og dei må vente, før dei kan føre han vidare til Oslo.

Foto: Haakon Eeg-Henriksen
Monolitt-steinen blir frakta gjennom Oslo

SAKTE: I Oslo blir steinen først ført i land, før han blir dratt gjennom Oslos gater. Gjennomsnittsfarta er seks meter i timen. Denne etappen varer frå september 1926 til februar 1927.

Foto: Anders Beer Wilse / Oslo Museum
Monolitten blir heva

OPP: Vel framme i parken i Oslo får arbeidarane ei ny utfordring. Den tunge steinen skal jo opp. Han blir liggande på bakken i vel eitt år, før ingeniøren får løfta han opp ved hjelp av ein spesiell jernkonstruksjon.

Foto: Oslo Museum / Ruth Raabe
Monolitt-steinen står klar til hogging

KLAR: Monolitt-steinen har kome fram til sin nye heim. No kan hogginga byrje.

Foto: Ruth Raabe / Oslo Museum

Før eit einaste innhogg er gjort i Monolitten, har han allereie kosta rundt 100.000 kroner. Det har tatt år å få han hit.

Prosjektet er antitesen til trøystande linjer som «Du ska få en dag i mårå, med blanke ark og farjestifter tel». Høgg ein feil, er det ingen veg tilbake. Skal Monolitten bli til ein vakker skulptur med 121 figurar, som Vigeland har planlagt, må han hoggast heilt plettfritt.

Gustav Vigeland i atelieret på Hammersborg, 1917

MANNEN MED IDEEN: Gustav Vigeland i 1917. Ein veit lite om kva som låg bak ideen til Monolitten, anna enn at han var inspirert av klassiske måleri om dommedag og oppstoda.

Foto: Ingemundur Eyjolfsson / Vigelandmuseet

Ikkje noko press, altså.

Vigeland sjølv har verken tida eller ekspertisen til dette. Han leitar Norden rundt etter dei aller beste steinhoggarane. Han finn svensken, dansken og nordmannen.

Svensken

Nils Jönsson er førstemann i trioen til å få jobb hos Vigeland. Allereie i 1915, før tankane om ein park formar seg i hovudet til Vigeland, blir Jönsson hanka inn.

Steinhoggar Nils Jönsson

NILS JÖNSSON: Blir i ei avis i 1943 skildra som ein fugl som ein høyrer, men ikkje får sjå, då han unngår kamera. Likevel finst det eit foto i Vigelandmuseets arkiv.

Foto: Vigelandmuseet

Svensken Jönsson er fødd i 1886, i den skånske kommunen Höör. Han snakkar med den karakteristiske skarre-r-en. Han veks opp omgitt av granittstein og skog.

14 år gamal må han flytte heimanfrå og klare seg sjølv då faren døyr. Han blir først dreng på ein gard, så steinhoggar. Etter nokre år i Stockholm og København, vender han nasen mot Oslo. Han må ha rukke å bli ein habil steinhoggar, for han blir etter kvart kresne Vigelands høgre hand i atelieret.

Dansken

Karl Kjær er nestemann. Han får jobb hos Vigeland kort tid før hogginga av Monolitten tar til i 1929. 25-åringen kontaktar sjølv Vigeland, då han har høyrt rykte om at nordmannen treng steinhoggarar. I jobbsøknaden skriv han: «Jeg har lyst til å komme ut, å se og gjøre noe mer, og fremsetter derfor min forespørsel om arbeid hos dem.»

Karl Kjær

DANSKEN: Karl Kjær seinare i livet, i sitt eige friluftsatelier.

Foto: Privat / Lone Kjær

Karl Kjær er fødd i 1904 på jyllandsøya Mors, som berre blir kalla «øya bak havet». Landskapet er flatt, jorda langstrekte. Han er 14 år gamal då han første gong plukkar opp hammaren.

Før han kjem til Vigeland, har han rukke å gå på teknisk skule og studere teikning. Og ikkje minst, han har vore assistent hos steinhoggaren Anders Bundgaard, som er kjent for sitt arbeid med rådhuset i København.

Vel framme i Oslo stikk Kjær seg ut i bybildet med alpelua, ein kontinental touch som varmar det litt hårfattige hovudet.

Nordmannen

Ivar Broe er sistemann inn i trioen, men ingen nykomling. Han har hogd stein sidan han var seks år gamal.

Familien Broe. Mannen til høyre er Ivar Broe, en av steinhoggerne bak Monolitten i Vigelandsparken.

FAMILIEN BROE: Cirka 1910. Andre rekke frå venstre: Alice, Wilhelm, Walther og Ivar. Første rekke frå venstre: Bolette, Erling, Carl, Kristine og Inga.

Ivar Broe blir fødd inn i ein skikkeleg steinhoggarfamilie i 1892. Han veks opp i same område som Monolitten-steinen, ved steinbrota rundt Iddefjorden. Fleire av brørne hans blir også flinke steinhoggarar. Etter kvart flyttar familien til Oslo.

Der søkjer Ivar opptak hos Statens handverks- og kunstindustriskule. Han blir tatt opp i modellklassa og går kveldsskule i to år, medan han jobbar for ulike steinhoggarfirma i Oslo. Ivar får gode karakterar, og byrjar etter kvart å få rykte på seg for å vere blant dei beste steinhoggarane.

Han blir handplukka av Vigeland då Gustav Mod, ein svenske som har vore med heilt i starten av arbeidet med Monolitten, blir sjukmeldt.

Ivar Broes adresse

I ARKIVET: Ivar Broes adresse er notert på ein lapp og gitt til Gustav Vigeland. Det hamnar i hans brevarkiv.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

På kvar sitt hald går svensken, dansken og nordmannen gradene oppover i steinbransjen, frå steinbrot til grovstein til småstein til gravmonument. Då trioen blir plukka ut i 1929 til å hogge Monolitten, har dei nådd toppen.

Skjelv dei, når dei for første gong løftar hammaren og høgg inn i steinen?

Arbeidet går i gang

Trioen stig for første gong saman inn på sin nye arbeidsplass, treskuret som er bygd rundt Monolitten.

Dei veit det ikkje enno, men dei skal vere her i 14 år.

Dei byrjar med å bli kjent med steinen.

Mange trur kanskje at det først og fremst er styrkje som skal til når du jobbar med stein, men brukar du berre kraft, har du tapt. Steinen er uansett sterkare enn deg.

Du må vere smart, og ta omsyn til steinens indre liv. Han er samansett av ulike verkestoff, som gjer at han også har ulike sider. Ei side kan vere grei, medan ei anna er litt verre. Dette er tankar steinhoggarane har med seg heile vegen.

Ivar Broe veit at denne type granittstein heldigvis er kjent for å vere stabil og mindre kranglete enn ein del andre steintypar. Det gjeld å ikkje få overraskingar undervegs som forkludrar planane.

Steinhoggarane finn ut at det er mest formålstenleg å byrje å hogge frå toppen. Dei klatrar til topps av trappa som står rundt steinen. Denne er delt i elleve etasjar, slik at dei kan bevege seg opp og ned i arbeidet.

På innsida av Monolitten-skuret

TRAPPA: Slik ser det ut inne i skuret. Steinhoggarane har bevegd seg opp og ned trappa med hammar i hand.

Foto: Anders Beer Wilse / Oslo Museum

Så tar dei fram hammaren og byrjar å slå, tenkjer du kanskje. Å nei. På ein skulptur som Monolitten er det ikkje snakk om fristilhogging. Her er arbeidet lagt opp etter eit rigid system, der målet er å kopiere Vigelands modell nøyaktig. Han er laga i gips og har mange små kryss på seg.

Monolittsalen hos Vigelandmuseet

MODELLEN: Den livsviktige referansen steinhoggarane heile tida må følgje. Han blir laga i tre delar i Vigelands atelier, slik at det er mogleg å frakte han til parken etterpå.

Foto: Ivar Kvaal / Vigelandmuseet

Steinhoggarane måler avstanden mellom kryssa ved hjelp av eit punkteringsapparat. Apparatet hjelper dei også med å forstå kor langt inn dei skal hogge.

Punkteringsapparat ved Vigelandsmuseet
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ved å overføre dei eksakte måla til steinen, sikrar dei at alt vil «gå opp» til slutt.

Deretter tar dei fram meiselen, ein spiss, i rett storleik, og set han mot steinen. Først no kan dei byrje å slå forsiktig med hammaren mot meiselen. Små flak av stein dett av.

Steinhogginga er i gang.

Livet som steinhoggar

På vinterstid ser dei meir ut som polfararar enn steinhoggarar. Sjølv om det står varmeomn på inne i treskuret, krev minusgradene saueskinnspels og lue.

For kvart slag virvlar steinstøv opp i lufta. Steinen blir om til ein vakker skulptur, men han er også farleg. Å puste inn steinstøv dagleg over mange år kan gi alvorleg lungesjukdom og død. «Ein steinhoggar ser sjeldan sitt barnebarn,» seier eit gamalt ordtak.

Dei tre mennene knip munnen igjen.

Kloink. Kloink. Kloink.

Steinhoggarane jobbar på mellom 1929 og 1943. Sakte, slag for slag, levandegjer dei Vigelands visjon. Ein fot her, ei rumpe der. Dei får definitivt ein spesiell ekspertise og blikk for anatomi. Kanskje studerer dei i skjul kne og nasevengar på folk dei møter?

Trioen er kollegaer med resten av steinhoggarane, smedane og gipsmakarane som jobbar for Vigeland i parken og atelieret. Blant desse blir svensken, dansken og nordmannen berre kalla «Monolittkarane».

Vigelands arbeidarar

VIGELANDS ARBEIDARAR, CIRKA 1940: Frå høgre steinhoggar Nils Jønsson, gipsstøypar Roald Kluge, smed Harald Laland, steinhoggar Vilhelm Broe, smed Harald Hansen, steinhoggar Karl Emil Rasmussen, smedmeister Alfred Mikkelsen, smed Finn Ø. Bentzen, vaktmeister Christian Engh, steinhoggar Karl S. Kjær, steinhoggar Gustav A. Mod og steinhoggar Ivar Broe.

Foto: Vigelandmuseet

Dansken Kjær er pratsam og sosial. Svensken Jönsson er den eldste og held overoppsynet. Nordmannen Broe er ein stille, tolmodig slitar.

Innimellom hogginga blir det også tid til litt moro. Steinhoggarar er kjent for å ha godt samhald og ei sterk fagforeiningsrørsle. På vegner av Vigelandsanlegget deltek Ivar Broe i bedrifts-NM i sjakk. Dei taper, men deltakinga er eit bilete på den kollegiale stemninga.

Ivar Broe med familie

PÅ BILTUR: Ivar Broe, i midten med hatt, er glad i friluftsliv. Bror hans er blant dei første i Noreg med bil. Søskena reiser rundt om i Noreg på tur.

Foto: Privat / Broe-familien

Eit intervju gjort med Karl Kjær i 1943 viser at trioen har glede av arbeidet. «Mens vi hogg gav det oss stadig stoff til nye tanker og ideer,» seier dansken.

Presset aukar

Samtidig som det er givande for steinhoggarane at arbeidet skrider fram, har dei meir å tape for kvart slag.

Går tankar som «vi har jobba feilfritt i eitt år, to år, ti år, vi må ikkje gjere feil no» gjennom hovudet på dei? Ligg dei vakne om natta, og lurer på om det er neste dag dei skal øydeleggje Noregs nye nasjonalmonument?

Det veit vi ikkje. Vigeland pålegg sine tilsette teieplikt om arbeidet i parken. Difor dukkar det ikkje opp dagbøker eller notat frå åra inne i treskuret som kan kaste lys over dette.

Det som er sikkert, er at der ein steinhoggar i dag kan bruke superlim til å fikse på sprekker, har ikkje Monolitten-karane nokon plan B. Dei må gjere alt riktig.

I tillegg er Vigeland kjent for å sparke folk på dagen dersom dei gjer feil. Ein av brørne til nordmannen Broe, som hoggar på ein annan skulptur i parken, får oppleve dette.

Interiør fra steinhuggerverkstedet i atelieret på Frogner, 1940-tallet, med Karl Kjær i forgrunnen

VERKSTADEN: Innimellom jobbinga med Monolitten i parken jobbar steinhoggarane på fleire skulpturar i atelieret til Vigeland. Her ser vi Karl Kjær i forgrunnen, bak han skimtast Nils Jönsson, Ivar Broe og bror hans, Wilhelm Broe.

Foto: Johannes Stage / Vigelandsmuseet

Det som tel til steinhoggarane sin fordel, er at det ikkje er sett ein fast, kort tidsfrist. Kommunen, Vigelandskomiteen og private sponsorar hostar stadig opp pengar slik at arbeidet kan halde fram.

Dei tre steinhoggarane får dessutan jobbe svært sjølvstendig og i fred. Vigeland stoler på dei, han kan gjerne reise vekk på ferie to veker i slengen utan å vere innom skuret. Då er det Jönsson, svensken, som leier arbeidet.

Alt dette er bra, og nødvendig. For det er med steinhogging som med alt anna arbeid: Med stress aukar sjansen for feil.

Risiko for å bli sjuk

I tillegg til faren for å hogge feil, ligg ein nesten usynleg fare i lufta.

Det største problemet for ein steinhoggar er helsa. Ein ting er splintar, som finn vegen inn i hender og ansikt, og så er det steinstøvet. Granitten har kvarts i seg, eit mineral som er så hardt at det kan skjere glas.

Dagleg eksponering for steinstøv med kvarts over 10 år kan føre til ein lungesjukdom ved namn silikose. På folkemunne heiter sjukdommen berre steinlunge. Sjukdomen reduserer opptaket av oksygen i lungene. Eit menneske med steinlunge er dessutan meir utsett for andre sjukdomar, som lungetuberkulose.

I tillegg er kvarts kreftframkallande.

Monolittskuret, ant. april 1934.

MONOLITTSKURET: Kor mykje steinstøv ligg i lufta her inne?

Foto: Vigelandmuseet

Steinhoggarane har ikkje tilstrekkjeleg vern på denne tida.

NRK har vist professor i arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen, Bente Elisabeth Moen, bilete av treskuret som hoggarane jobba i på Monolitten, og bedt henne vurdere arbeidsforholda.

– Å jobbe i eit støvfylt miljø med kvarts aukar risikoen for silikose, di lenger ein jobbar. 10 år er tilstrekkeleg med eksponeringstid for å få ein slik sjukdom, med jamn, dagleg eksponering for støv, seier Moen.

Risikoen for å bli sjuk er til stade for dei tre steinhoggarane.

Konsekvensar

1930-åra blir kriseår i norsk arbeidsliv, men dei tre steinhoggarane har fast, løna arbeid å gå til. Dei får dessutan lønsauke, og arbeidskontraktar frå slutten av perioden viser at steinhoggarane tener meir enn gjennomsnittsløna i Noreg. Dei gjennomfører ei lita klassereise då dei etter kvart busett seg lenger vest i byen, med kortare avstand til arbeidsplassen.

Dansken Kjær gjer det spesielt godt, han sikrar seg ei tomt i Skøyensvingen 10 med utsikt mot Monolitten. Der byggjer han etter kvart hus, for seg og kona, og eit barn som kjem til. Svensken Nils Jönsson forlovar seg seint i livet, og flyttar saman med kjærasten. Nordmannen Broe giftar seg, flyttar ut frå leilegheita han deler med søskena og etablerer seg med kona.

Gapet opp til kunstnaren Vigeland, som har både bustad med temperert badekar og arbeidslokale sponsa av kommunen, er likevel stort.

Leilegheita til Gustav Vigeland

HER BUR KUNSTNAREN: Gustav Vigelands stove. I dag ein del av Vigelandmuseet.

Foto: Øyvind Andersen / Vigelandmuseet

Steinhoggarane jobbar seks dagar i veka, som er vanleg på denne tida. Ein arbeidar i 1930 har i snitt ni feriedagar. Etter kvart blir den private Vigelandskomiteen nedlagt og Oslo kommune overtar ansvaret for dei tilsette.

Åra med kalde vintrar i treskuret har sett spor hos steinhoggarane. Kor djupe blir dei?

Monolitten står klar

Då det byrjar å nærme seg ferdigstilling av Monolitten, dukkar ei ny utfordring opp. Krigen. I 1940 blir Noreg invadert av Tyskland.

Steinhoggarane får halde fram med arbeidet, sidan okkupantane i samarbeid med Oslo kommune prioriterer Gustav Vigelands prosjekt. Dei mektige kroppane passar inn i regimets kunstfilosofi, og Vigeland slepper NS-regimet inn på besøk i parken.

I 1943 står Monolitten ferdig hogd, klar for offentleggjering. Vil den mykje omtalte skulpturen leve opp til folks forventningar?

Monolitten med måse i forgrunnen
Detaljar
Monolitten med figurar i forgrunnen
Parken langt unna

Om han gjer. Skulpturen er eit meisterverk, ifølgje avisene. Unik! Mirakelet i Frognerparken, blir han kalla.

Vigeland sjølv får ikkje oppleve suksessen, han døyr kort tid før opninga. Men han blir gravlagd på statens og kommunens rekning, og løfta fram som eit geni i offentlegheita.

I ei tid prega av pressesensur og nasjonalisme, skriv Nationen: «Gustav Vigelands verk er et bevis for at vårt folk enno er et ungt, skapande folk som holder mål.»

Det regnar nokre rosande ord på steinhoggarane også i samband med opninga, det skal seiast. Nationen skriv at dei er folk med dei beste kvalifikasjonar.

Kort tid etter opninga blir steinhoggarane likevel gløymde.

Monolitten blir raskt Noregs mest populære skulptur. Det blir laga songar om han, han kjem på TV og figurerer i revyar.

Alt dette står i sterk kontrast til kva som så skjer med steinhoggarane.

Døden

Etter at Monolitten er ferdig, jobbar trioen vidare på andre skulpturar i parken her og der.

I 1947 blir både svensken Jönsson og nordmannen Broe innlagt på Ullevål sjukehus.

Ullevål sjukehus i 1933

SISTE OPPHALD: Ullevål sjukehus, her fotografert i 1933.

Foto: Oslo byarkiv / Ukjent

Broe døyr fire dagar før sin 55-årsdag, Jönsson 61 år gamal. Ingen av dei lèt etter seg barn.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå skulle dei kunne forvente å leve 20 år lenger enn det dei faktisk gjorde. Så kva skjedde?

Minneordet i Halden Arbeiderblad fortel at den sørgelege bodskapen om Ivar Broe ikkje var uventa. «Broe var en stillfarande kar, en god arbeidskamerat, rettskaffen som få, en venn som tålte prøven. En arbeiderklassens mann gikk bort».

I Nittedal sit eit søskenpar som hadde Ivar som onkel. Dei fortel at i familien Broe har oppfatninga heile tida vore at onkelen hadde steinlunge.

Sigrid Unni Broe, Jan Erling Broe og Gretha Kristina Broe Nilsen

FAMILIEN BROE: Frå venstre: Unni, Jan Erling og Gretha Kristina Broe er nieser og nevø etter Ivar Broe.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

NRK har ikkje lukkast med å finne dokumentasjon på silikose hos Ivar Broe, men manglande dokumentasjon utelukkar ikkje at han kan ha hatt sjukdomen. Diagnosen kom nemleg ikkje inn i legestudiet før etter krigen. Ein kan rekne med at mørketala blant steinhoggarar og liknande yrkesgrupper var store.

Dødsattesten, som NRK har fått fritt utlevert av Arkivverket, viser at dødsårsaka er ei kreftform som ikkje har beviseleg samanheng med steinhogging. Familien meiner likevel at eit langt liv med steinhogging medverka til Ivar Broes tidlege død.

For Nils Jönsson har NRK heller ikkje funne dokumentasjon på steinlunge, men dødsårsaka, lungekreft, kan ha samanheng med eit liv som steinhoggar.

Før lungekreft blei utbreitt på grunn av røyking, var det mest ein sjeldan yrkessjukdom som ramma enkelte yrkesgrupper som var utsette for støv og kjemiske stoff. På generelt grunnlag seier overlege og spesialist på arbeidsmedisin ved Kreftregisteret, Tom K. Grimsrud, dette:

–Det er ikkje mogleg å fastslå årsaka til kreft for kvar einskild pasient, men ein kan vurdere dette spørsmålet slik dei gjer i arbeidsmedisinske avdelingar. Ofte kan det vere innverknad frå fleire faktorar. Eg trur sjansen er stor for at ein steinhoggar som lever av å hogge granitt, ville fått ein lungekreftsjukdom godkjend som arbeidsrelatert.

Svensken Jönsson og nordmannen Broe er døde. Dansken Karl Kjær overvinn det gamle ordtaket om at ein steinhoggar aldri ser sitt barnebarn.

Monolitten
Foto: Nima Taheri / NRK

Barnebarnet

I 1958 blir barnebarnet til Karl Kjær fødd. Ho veks opp i huset med utsikt mot Monolitten.

Vi sporar henne opp, ringer og avtalar eit møte. Huset i Skøyensvingen er ute av familien no, men Lone Kjær tar oss imot på kjøkkenet sitt, ein annan stad i Oslo. Ute i hagen til Lone ligg det spor etter bestefaren. Små skulpturar. Vi skimtar eit dådyrhovud her, eit kvinnehovud der.

Lone Kjær

BARNEBARNET: Lone Kjær blar gjennom fotoalbuma på kjøkkenet heime, tar ein slurk av kaffien. Snakkar lunt og litt forsiktig.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ho skapar bestefaren til liv med forteljinga si: Om ein fin fyr som blei buande livet ut i Noreg, men sakna Danmark. Han snakka dansk med ein norsk schwung, det let nesten som sørlandsk. Han var glad i god mat og drikke.

Men ho snakkar også om noko anna: Frykta for steinlunga.

Lone kom ofte springande heim frå skulen til lyden av hogging i hagen. Der sat bestefaren i friluftsatelieret sitt. Om ho starta å fortelje om dagen sin før ho hadde fått pusten igjen, fekk ho ofte høyre av bestefar: «Pust med lukka munn».

Var det redsla for steinstøvet som gjorde det?

På 1960-talet startar Kjær kiosk i eit av dei små husa som står ved inngangen til parken. Der sel han sjokolade og prospektkort, og fortel stolt turistar om den gongen han var med og skapte Monolitten.

Kiosken utanfor Vigelandsparken

UTANFOR KIOSKEN: Til høgre held Karl Kjærs kone, Nora, Lone i armane. Til venstre står Noras syster og mann. Karl Kjær er nok opptatt på jobb inne i kiosken.

Foto: Privat / Lone Kjær

Seint i livet får han karriere som sjølvstendig kunstnar. Han deltar på Høstutstillingen, mellom anna. Likevel lever han ikkje eit utsvevande liv; han held fram med å leggje seg til fast tid, ete det same, leve økonomisk.

NRK har funne dokumentasjon som viser at Karl Kjær blir diagnostisert med steinlunge på 1960-talet. Legen noterer at sjukdomen kanskje kan ha inntreft før det.

Likevel lever Kjær eit langt liv, i huset med barnebarnet og resten av familien. Han døyr 84 år gamal, i 1988.

Karl Kjær i hagen med barnebarnet

I HAGEN: Karl Kjær og barnebarnet Lone Kjær utanfor huset som har utsikt mot Monolitten.

Foto: Privat / Lone Kjær

Etter NRKs undersøkingar søkjer barnebarnet innsyn i bestefarens dødsårsak, og får vite at han døyr av lungebetennelse. Dette er ikkje utypisk for ein pasient med steinlunge.

Det vanlege er nok at pasientane med silikose døyr viss dei får ein luftvegsinfeksjon, for det blir for mykje for svake lunger. Ei forkjøling kan bli fatal, forklarar Bente Elisabeth Moen, professor i arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen, på generelt grunnlag.

Atter gløymt

Kvart år spaserer over éin million menneske inn portane til Vigelandsparken, opp til Monolitten. Parken blir rekna for å vere Noregs mest besøkte turistattraksjon.

Monolitten med barn i forgrunnen
Foto: Nima Taheri / Nima Taheri

Kva ville steinhoggarane tenkt? Ville dei bli hugsa?

I offentlege papir signerer dei som «Vigelands steinhoggar» eller «hoggar av Monolitten». Dei attlevande familiane trur steinhoggarane var stolte over jobben dei gjorde. Likevel takka steinhoggarane nei til fleire intervjuførespurnader då dei levde. Det låg ikkje i yrkesforståinga deira å stele merksemd frå kunstnaren.

I dag kan vi tenkje at det er noko påfallande over korleis steinhoggarane har blitt utelate frå historia om meisterverket som dei forma ut med eigne hender.

Gustav Vigeland lagde ein bronsestatue av seg sjølv, med hammar og meisel i hand, som står rett innanfor inngangen til parken. Han passa også på å lage ein bauta med takk til Oslo kommune og investorane.

Noko monument over steinhoggarane finst ikkje.

Gustav Vigeland-statue i Frognerparken

SIGNATUREN: I 1942 planla Gustav Vigeland ei statue av seg sjølv til inngangen av parken. Statuen blir reist i 1993 etter initiativ frå Frognerparkens venner.

Foto: Nima Taheri / NRK

Hei!

Så hyggeleg at du blei med heilt ned hit! Har du tankar om saka, eller tips til nye saker, ta gjerne kontakt. Eg er opptatt av å vise fram kunst- og kulturhistoria på nye måtar, ved å leite fram gløymde perspektiv og nye funn. 

Anbefalt vidare lesnad: