Frank Marstokk og Reidar Sørensen på Skrova fyr.
Foto: Øyvind Bratt / Rana blad

To gamle menn og havet

SKROVA FYR (NRK): For andre gong i livet har Frank og Reidar rømt frå alt og alle. Denne gongen for å bu på ei lita øy i havgapet.

Sjå for deg dette:

Du og kameraten din sit i ein båt.

På veg over eit av Noregs heftigaste havområde, langt nord for polarsirkelen.

Sola har ikkje stått opp på mange veker. Det einaste lyset du ser, kjem frå eit 24,5 meter høgt fyr på ei lita øy i havet.

På dette fyret skal de bu og overleve.

Båten set dykk av og seglar vidare. Tilbake står de med to koffertar og ein open bag med frosne vinflasker.

Du set baggen frå deg på steinmuren. Flaskene knuser og den kraftige vinden fargar både deg, fyret og kameraten din raud. Det gjeld å kome seg i hus. Fort som fy. Men når du skal låse deg inn, oppdagar du at Kystverket har skifta hengelås.

«What the fuck», tenkjer du kanskje da.

Det var i alle fall det musikarane Frank Marstokk (65) og Reidar Sørensen (63) tenkte då dei møtte den stengde døra ein vinterdag i 2014.

Dei ferske fyrvaktarane hadde tatt farvel med samfunnet. Eit samfunn dei hadde levd i utkanten av gjennom store delar av livet. No skulle dei slite seg heilt laus – til fridomen på Skrova fyr i Lofoten.

Men så var det denne hengelåsen da, i sterk kuling langt ute på Vestfjorden ...

Fristadane

Frank og Reidar visste heldigvis råd.

Dei var vande med å bryte seg inn stengde dører.

Kameratane braut opp hengelåsen og kom seg inn i sin nye heim. Hendinga vart likevel eit brutalt møte med fyrlivets harde realitetar.

SKROVA FYR: Ligg 68° nord på Saltværsøya i Vestfjorden.
Fyret vart automatisert og avbemanna 29. juli 2005.

Det har gått fem år når eg besøkjer Frank og Reidar ein sommardag på fyret. I mellomtida har Frank hatt kreft. Reidar har nesten blitt avhaldsmann, då han sat vêrfast på øya i 18 dagar og gjekk tom for vin.

Likevel klamrar dei seg framleis fast.

– Det er ein slags fridom, seier Reidar.

No har dei tatt seg ein velfortent pause frå innspeling av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det folkekjære TV-programmet som besøkjer menneske som bur for seg sjølv, langt utanfor allfarveg.

Vi set oss på ein benk og speidar utover mot Lofotveggen. Reidar tenner seg ein røyk. Frank fyller opp glaset med kvitvin.

Det er på tide å stille det uunngåelege spørsmålet:

Kvifor?

Kvifor vel to godt vaksne karar å busetje seg på ei forblåst øy så langt ute i havet?

Svaret på spørsmålet gøymer seg i nokre skilsetjande sommardagar i 1972. Det er denne sommaren Frank og Reidar ønskjer å ta meg med tilbake til.

Reidar Sørensen og Frank Marstokk på Skrova fyr i Lofoten.

I SOLVEGGEN: Reidar Sørensen og Frank Marstokk nyt at sommaren er i ferd med å kome til Lofoten.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Frank (18) og Reidar (16) kom ut av kinosalen med stjerner i augo.

Dokumentarfilmen om Woodstock-festivalen hadde endeleg nådd den vesle bygda Hemnesberget i Nordland.

Dei bestemte seg for å legge ut på turné med kameratane i rockebandet sitt «Freak». Fem gutar spleisa på ein turnébil og erobra by etter by. Bodø, Harstad, Fauske, Narvik, Tromsø ...

– For oss var dette sensasjonelt. Det var sånn det var å vere rockeband. Kvinnfolk og fest kvar dag, mimrar Frank.

Dei unge musikarane var bitne av basillen. Dei følte seg klare for den store verda, og vende difor bilen sørover. Ikkje til Trondheim. Ikkje ein gong til Oslo. Enda lenger sør.

Freak på 70-talet

TIDLEG 70-TAL: Frank heng ut døra til venstre medan Reidar sit bak rattet.

Foto: privat

Dei hadde nemleg høyrt at om dei verkeleg skulle bli noko her i livet, så var det berre ein plass å reise: København.

Det var berre eit problem. Reidar var 16 år.

Du fekk ikkje bli med, Reidar?

– Nei, eg skulle begynne på vidaregåande. På jern og metallinja.

Det var bestemt av mor og far?

– Ja, spesielt far, seier Reidar alvorleg.

Dermed reiste resten av bandet sørover utan vokalisten sin. Møtet med den danske hovudstaden vart eit sjokk for tenåringane.

– Byen var heilt sjukt stor. Vi hadde jo vore i Bodø og Tromsø før, men København. Vi var skitredde, mimrar Frank.

Freak braut seg inn i ein hestestall i Fristaden Christiania. Den nedlagde militærleiren hadde blitt okkupert av hippiar nokre få månadar i førevegen. Det var difor framleis mange ledige hus å busetje seg i.

Det at bandnamnet skapte gode assosiasjonar til hippie-subkulturen «freakarane» i California, kom også godt med. Sjølv om dei innrømmer at dei hadde null snøring på kva «freak» eigentleg betydde.

– Vi syntest berre det var eit djevlig tøft namn, seier Reidar og flirer.

Bandet skaffa seg fleire spelejobbar i København, men fann tidleg ut at noko elementært mangla.

– Det var sånn: «Faen, Reidar Sørensen, dette må du berre oppleve. Det er for sjukt til at du ikkje skal få oppleve dette», seier Frank.

– Så måtte de jo synge alt sjølv, skyt Reidar inn.

– Ja, det var frykteleg strevsamt. Det var då vi klakk ut ein hemmeleg plan om å smugle Reidar ned til København.

Etterlyst av Interpol

«Eg skal besøkje ein kompis i Mo i Rana i helga», sa 16 år gamle Reidar til mor si då han bad ho om å køyre han til bussen på Hemnesberget.

Dette var sjølvsagt berre tull.

Nokre timar seinare sat han på sørgåande tog til Værnes flyplass. Han hadde klipt av armane på flanellskjorta for å sjå ut som ei ekte rockestjerne. I lomma hadde han 300 kr.

Då han møtte i skranken fekk han vite at flybilletten kosta 380 kr.

– Faen, tenke eg da. Heldigvis hadde eg fått ei klokke i konfirmasjonsgåve som eg stampa.

På flyplassen?

– Ja, eg berre gjekk bort til nokre tilfeldige personar. Det var ei fin klokke. Certina, eller noko sånn. «Den var djevlig fin, sa dei. Kva skal du ha for ho?». «80 krona!» sa eg. Eg kunne jo sagt 280, men nei, det var akkurat 80.

På veg til flyet kom Reidar plutseleg på at han hadde stelt ei halvflaske konjakk av faren sin for å ha med seg på turen.

– Eg kunne jo ikkje berre hive brennevinet. Så eg gjekk inn på toalettet og drakk opp flaska. Då eg kom ut var eg så skeiv at eg ikkje såg land, mimrar Reidar.

På sett og vis klarte han likevel å kome seg om bord i flyet. På Kastrup stod resten av bandet og venta med instrumenta i bilen. Dei hadde nemleg fått seg spelejobb på ein av byens råaste barar: Club-Revolution.

Freak

GØYM DØTRENE DYKKAR: Frå venstre: Frank Marstokk, Odd-Johan Horseng, Thorleif Larsen, Øystein Johansen og Reidar Sørensen.

Foto: privat

– Det var kult som faen. Hippiar, masse kule damer, glamrock. Det var som å kome til «heaven». Vi måtte spele i fem timar og hadde eit lusete bandrom i kjellaren. Det einaste vi fekk å ete var kylling og pommes frites, seier Frank.

– Eg syntest jo det var heilt fantastisk, seier Reidar. Ein heil grilla kylling!

– Det var full trøkk. Men så mista jo du stemma.

Ei halvflaske konjakk og fem timar synging var ikkje den beste kombinasjonen for Reidar. Teknikken for å få tilbake stemma i slike situasjonar var å drikke enda meir brennevin.

(Nesten 50 år seinare har Reidar framleis varige men frå svært brutal behandling av stemmebanda i ungdomen. Les: hås stemme.)

Medan gutane sov ut i ein hestestall dagen etter, begynte Reidar sine foreldre å ane ugler i mosen. Sonen deira kom ikkje heim med bussen.

– Dei sette hardt mot han eg lata som eg skulle besøke i Mo i Rana. Og han klappa jo i hop, og sa korleis det låg an. Så far min drog rett til lensmannen og fekk meg etterlyst gjennom Interpol, fortel Reidar.

«Fuck the police»

Vi må ta ein liten pause i historia. To jagarfly frå Luftforsvarsbase Bodø kjem nemleg flygande rett over oss.

– Ikkje treff fyret, ropar Frank medan drønnet frå jetmotorane gjallar mellom Lofotfjella.

Reidar tenner seg ein ny røyk. I morgon reiser han sørover til Mo i Rana for å gravlegge mor si. Sommaren 1972 blir neppe dratt fram som eit høgdepunkt i hennar minnetale. Sonen er ikkje stolt over alle dei søvnlause nettene han påførte ho den perioden.

– Eg fekk djevlig dårleg samvit for mor og far, seier han.

Nyheita om at Reidar var etterlyst nådde også København. Heldigvis var ikkje Christiania den første plassen politiet begynte å leite. Gutane var på dette tidspunktet raka fant, og levde på det billegaste rugbrødet dei kunne finne. Likevel ser dei tilbake på desse dagane som nokre av dei beste i livet.

Freak begynte nemleg å få seg fleire og fleire spelejobbar, på nokre av dei kulaste utestadane i København. Utover hausten dukka dei til og med opp på plakaten til «Rainbow festival» i Sverige. Saman med store band frå datida som Gasolin' og Al Stewart.

– Vi vart einige om å ta denne festivalen. Men så måtte vi reise heim med Reidar etter det, seier Frank.

– Eg hugsar det var tent bål blant publikum då vi stod på scena. Det var litt Woodstock-aktig, mimrar Reidar.

Etter konserten kom ein svensk politibil køyrande inn på området. «Har de sett det norske bandet Freak», spurte dei.

«Nei, dei har vi ikkje sett. Dei er ikkje her i alle fall», svarte hippiane på festivalen.

– Dei var jo veldig sånn «Fuck the police!», seier Frank.

Bandet fekk hjelp til å gøyme bilen bak scena. Politiet måtte forlate området tomhendt. Men det var nære på. Tida var inne for å krype til korset og vende nasane nordover igjen – mot Hemnesberget i Nordland.

Korleis var det å kome heim til mor og far?

– Det var ikkje bra, veit du, svarar Reidar.

– Og vi andre vart jo uglesett. Det tok fleire år før vi snakka med mor di. Det var vår skuld at sonen hennar rømde, seier Frank.

Rockebandet Freak var historie.

Frank derimot nekta å gi seg. Han reiste ned igjen til København. Fekk seg jobb som musikkprodusent. Spelte trommer i fleire band. Reiste verda rundt med den danske duoen «Laid back».

Reidar vart verande lenge i nord. Han stifta familie og jobba i posten. I vaksen alder søkte han seg inn på Teaterhøgskolen i Oslo, og kom inn. Plutseleg var han skodespelar, vann Amanda-pris og hadde fleire hovudroller på TV, film og scene.

Nattsøsteren

SKODESPELAR: Reidar Sørensen har spelt fleire store roller gjennom karrieren. Mest kjent er han kanskje som Cato Isaksen i TV-seriane basert på Unni Lindells kriminalromanar.

Foto: Nordisk Film / NRK

Dei levde vaksenlivet til det fulle. Dessverre fekk både Frank og Reidar også same erkjenninga utover livet. Gode ting tar ofte slutt.

Forhold tar slutt. Vennskap tar slutt. Jobbar tar slutt.

Freak derimot, tok eigentleg aldri heilt slutt.

Kulturfyret

Glørne etter sommaren 1972 vart liggande å ulme like under huda til bandmedlemmane.

Året 2008 kom «Shine a light», Martin Scorseses dokumentarfilm om The Rolling Stones, ut på kino. Nok ein gong gjekk bandmedlemmane i Freak ut av salen med stjerner i augo.

– Vi var berre sånn: «Fy faen!». Vi kan ikkje slutte. Vi må starte eit nytt Freak, seier Frank.

På dette tidspunktet var musikarane godt over 50 år. Dei spelte inn plate og fekk ymse spelejobbar. Ein av desse var på VM i skreifiske (eller VM i skreifylla, som Reidar kallar det) på øysamfunnet Skrova i Lofoten.

Det var her dei fekk høyre om fyret som stod ledig ute i havet.

Både Frank og Reidar hadde følelsen av at noko nytt måtte skje. Noko radikalt nytt. Noko som kunne måle seg med hestestallen i Fristaden Christiania i 1972.

Dei bestemte seg for å ta kontakt med Kystverket. Vinteren 2014 hadde dei ordna seg ein leigeavtale som begge var nøgde med. Visjonen var klar:

– Eit internasjonalt kulturfyr, seier Frank.

Her skal folk få kome og la seg inspirere av den ville naturen til å skape nye kulturuttrykk.

I tillegg spelar produsenten Frank og skodespelaren Reidar inn lydbøker. Bragepris-vinnaren «Havboka» frå 2015 er mellom anna spelt inn her. Riktig nok er dette berre ein syssel dei kan drive på med når vinden ikkje er altfor sterk mot husveggen.

Så må vi heller ikkje gløyme Freak. For korleis driv ein eigentleg rockeband ute på ein stein i havet? Svaret er enkelt: Ein inviterer resten av bandet på besøk.

– Det går mot slutten

Bandet samlar seg i stova for ei øving.

Dagens besetning består av Frank Marstokk (trommer), Reidar Sørensen (vokal), Øystein Johansen (gitar) og Odd-Johan Horseng (gitar). Desse karane har vore med heile vegen sidan starten i 1970. Dette gjer Freak til eit av Noregs eldste aktive rockeband.

Freak 2019
Freak 1972

FREAK 1972 OG 2019. I løpet av denne tida har Thorleif Larsen (i midten bak) forlate bandet.

I tillegg har dei i seinare tid også fått med seg Arnt Fredrik Hansen på bass og Erik Nilsson på orgel.

På kjøkkenet etter øvinga blir både Frank og Reidar emosjonelle. Spesielt Frank som kjente døden puste han i nakken då han vart behandla for kreft i vinter.

– Eg føler at neste kapittel er veldig nærme. Vi har blitt så gamle at vi må ta vare på alle stundene vi har saman. På sett og vis er vennskapa mykje sterkare no enn for 20 år sidan. Vi veit at det ...

Frank må ta seg ein liten pause.

– ... det går mot slutten, fullfører Reidar.

– Glaset er halvfullt, seier Frank.

– Halvtomt, rettar Reidar.

– Det er det det er. Halvtomt. Og det må vi ta vare på. For det som er i glaset er like godt, som om det var fullt, seier Frank.

Reidar reinsar halsen og nikkar. Han ser ned og pressar underleppa fram, slik aldrande menn ofte gjer når djupet i eins indre begynner å opne seg.

– Det var ganske bra sagt det der. Eg synest eg var heldig med den, seier Frank nøgd.

Kameratane må tilbake til resten av bandet. I kveld inviterer dei nemleg til konsert, på Lofotens minst tilgjengelege pub, «Den gylne oter» i båthuset på fyret.

Dei første båtane har allereie begynt å kome. Publikum er spente. Rykta går om at Freak til og med har øvd inn nytt materiale.

Sjå episoden frå Skrova fyr i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»:

For andre gong i livet sitt har barndomskompisane Reidar Sørensen og Frank Marstokk rømt frå alt og alle, denne gongen til ein isolert fyrstasjon i Lofoten. Men då Frank får kreft, blir det nye livet sett på prøve.

For andre gong i livet sitt har barndomskompisane Reidar Sørensen og Frank Marstokk rømt frå alt og alle, denne gongen til ein isolert fyrstasjon i Lofoten. Men då Frank får kreft, blir det nye livet sett på prøve.

Høyr spesialepisoden om rockebandet Freak i P1-programmet «P.I.L.S.»:

I denne utgåva av P.I.L.S. med Finn Tokvam og Bård Ose får du historien om Freak og to av medlemmane, som også dukkar opp i programmet Der ingen skulle tru... på NRK1 på søndag.

I denne utgåva av P.I.L.S. med Finn Tokvam og Bård Ose får du historien om Freak og to av medlemmane, som også dukkar opp i programmet Der ingen skulle tru... på NRK1 på søndag.

Anbefalt vidare lesing: