Innehaver av Galleri Graff Ingrid Eik Fredstad og Ari Behn under pop-up-utstilling på galleriet i november 2019.

Det blei eit gledeleg gjensyn med Ari Behn då han stilte ut på Galleri Graff i november.

Foto: Glenn Thomas Nilsen / Indre24.no

Frå blomar til balltre

Korleis kunne Ari Behn sitt dødsfall føre til at eit lite galleri i Askim blei trua med vald og søksmål?

Det er første helga i november, og fargerike bilde heng tett i tett på dei gråmåla veggane hos Galleri Graff.

Her, i opninga av gågata i Askim, har galleriet halde hus dei siste ti åra, sidan Iren Graff Lilleng og Ingrid Eik Fredstad gjekk saman om å drive det.

Galleriets historie i byen går eit halvt hundreår tilbake i tid då faren til Iren etablerte det og gav det namnet Askim Ramme- og Glassmesterforretning.

Medan barna i Østfold feira Halloween, har Iren og Ingrid førebudd pop-up-utstilling med fire kjente kunstnarar: Mikael Persbrandt, Line Westgaard, Espen Eiborg og Ari Behn.

Mange tek turen til opninga av Ari Behn si utstilling. Hovudpersonen sjølve har også møtt opp. Det blir servert pølse i lompe og stemninga er god.

Behn held seg i bakgrunnen når dei presenterer han for gjestene. Etterpå snakkar han høfleg med frammøtte og med galleristane.

Pop-up utstilling på Galleri Graff i Askim

Det er sjeldan det kjem så mange folk til Galleri Graff som når Ari Behn hadde utstilling.

Foto: Glenn Thomas Nilsen / Indre24.no

Det er to år sidan sist Ari stilte ut her. Men namnet til Ingrid hugsar han, utan å nøle.

– Det ser ut som blomane kjem ut av biletet, seier Ingrid medan ho ser på dei knallraude tulipanane på eit av bilda hans.

– Ser du, blomane strekker seg opp mot Paradis, istemmer Ari.

– Så rart du seier det. Eg kjem ifrå Paradis. Der har vel du også vore, seier Ingrid og siktar til den offisielle kongebustaden, som ligg like i nærleiken av barndomsheimen hennar i Bergen.

– Det har eg. Det er der dei fine bur.

Nær to månadar etter pop-up-utstillinga med Ari Behn er det julestengt hos Galleri Graff. Ingrid, som har reist heim til mor i Bergen, sit på kjøkkenet og speler «Politisk ukorrekt» med familien.

Det er første juledag. Svoger til Ingrid, som sit i stova og ser 21-nyheitene, kjem inn på kjøkkenet med ei dyster melding. Ingrid er i sjokk over nyheita. Det går ei lita stund så tikkar det inn ein sms på mobilen til Ingrid. Den er frå Iren.

Iren:God 1. juledagskveld. Tusen, tusen takk for flotte hansker og deilig vin. Har du hørt at Ari er død?
Ingrid:Hei. Hørt det nå. Helt fortvilet.
Iren:Ja, så trist da.

– Vi blei heilt slått i bakken då vi fekk beskjeden om at Ari Behn hadde gått bort. Vi tenkte på den næraste familien og på barna. Vi kjente ikkje Ari personleg, han hadde vore i galleriet ved to høve. Han var ein veldig hyggeleg person. Vi var i sjokk, som resten av landet. Så skulle vi stå midt oppi det og ta i mot både ris og ros.

Nettbutikken sviktar

Nettsidene til Galleri Graff har lege nesten brakke. Ei handfull kunstverk i månaden blir selde via nettsida. Dei fleste føretrekker å handle av Iren og Ingrid over disk.

I stille periodar kjem ein stad mellom ein og tre kundar innom. Andre gonger ti. Men det er aldri kø. Galleriet er avhengig av å ha utstillingar og arrangement med kunstnarar som Ari Behn for å få litt blest.

Galleri Graff i Askim

I det kvite murhuset i gågata i Askim held Galleri Graff til.

Foto: Ola S. Hana / NRK

På nettsidene ligg det fem signerte kopiar av Ari Behn til sals. Dei har vore til sals lenge. 3000 kroner er prisen pr. stykk.

Når Ingrid Fredstad legg seg den kvelden er ho slått i bakken av den tragiske meldinga om Ari Behn sin bortgang.

Dagen etter vaknar ho opp til ei lang liste med Messenger-meldingar på Galleri Graff sin konto. Det er berre frå folk som vil ha tak i kunst av Ari Behn. I den første meldinga, som kom 28 minutt etter midnatt, står det:

00.28

Anonym:Har dere Ari Behns bilde «Let go»? Finner det ikke på nettsiden deres, og kunne vært interessert i dette.

Ingrid ringer Iren.

Iren har vore inne på jobb e-posten og sjekka innboksen. Lista med e-postar om sal er endelaus. Den første e-posten om sal hadde kome alt klokka 21.08. Åtte minutt etter meldinga om Ari Behn sin bortgang. Fire stykker rett etterpå.

Dei fem bilda som låg på nettsida var utselde i løpet av nokre minutt. Men nettsida heldt fram å ta i mot ordrar, sjølv om det sto tomt på lager. Det var kome mange hundre ordrar.

«Et rom i offentligheten» av Ari Behn

«Et rom i offentligheten (2)» av Ari Behn

«Et rom i offentligheten» av Ari Behn. Tomt på lager.

«Et rom i offentligheten» av Ari Behn

«Swinging London» av Ari Behn

«Swinging London» av Ari Behn

«Hommage David Bowie» av Ari Behn

«Hommage David Bowie» av Ari Behn

Ingrid byrjar å kaldsveitte. Dei får ikkje stoppa ordrane. Det rasar inn. Den eine etter den andre. Hundrevis. Tusenvis. Laptopen har Ingrid lagt igjen heime i Askim. Passord og brukarnamn til nettsida har ho ikkje med seg. Det er ho som er mest datakyndig av dei to.

Folk sender meldingar på Messenger. Dei ringer til Iren. Og til Ingrid. Telefonen står ikkje stille eitt sekund. Ingrid går fram og tilbake på stovegolvet heime hos mor og snakkar i mobilen. I time etter time 2. juledag. Ho avbryt juleferien og reiser tilbake til Askim.

Innehavarane av Galleri Graff Iren Graff Lilleng og Ingrid Eik Fredstad

Iren Graff Lilleng og Ingrid Fredstad har svara på hundrevis av meldingar og telefonar.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Ingrid legg inn ei melding på heimesida og på Facebooksida til galleriet der ho forklarer kva som har skjedd. At dei ikkje kan ta i mot fleire ordrar. Men folk held fram med å kjøpe.

Det stoppar berre ikkje. Ikkje før Ingrid er tilbake i Askim og får hjelp frå nettleverandøren til å slette bilda frå heimesida. Då stoppar ordrane endeleg å kome. Men då er skaden skjedd.

På litt over eit døgn har det kome meir enn 2000 ordrar. Bankkontoen såg fin ut etter mange sal før jul. Men nå er saldoen på konto plutseleg 1,6 millionar kroner høgare enn den skal vere. Summar galleriet berre kan drøyme om. Folk har ikkje berre kjøpt eit bilete. Dei har kjøpt tre, fire og fem.

– Vi har halde hovudet over vatnet i mange år, så det er klart det er herleg å sjå mange pengar på konto. Men denne gongen var det berre vondt og kjentest nesten uhandterleg.

Nå må Ingrid og Iren kansellere alle ordrane. Ein etter ein. 1,6 millionar kroner skal dei betale attende. Ingrid og Iren har inga tid å miste.

Kvar vakne time brukar dei to på å kansellere ordrar, avbryte Vipps-betalingar, refundere innbetalingar på PayPal, og betale tilbake til folk som har betalt direkte via bank. Ei kort, standard melding følgjer med alle tilbakebetalingane.

«Huff. Bare for å informere deg – ordre #xxxx tilhørende …………….. har blitt kansellert.»

Dei får hjelp av PayPal i England som loser dei gjennom refusjon. Banken deira stiller opp 100 % når dei treng hjelp. Det gjer også leverandøren av nettbutikken, Kamy Kommunikasjon.

I løpet av desse dagane i romjula får dei aller fleste pengane sine tilbake. Dei som har betalt via banken tek det litt lenger tid med, elles er pengane raskt tilbake på kontoen til kunden.

– Vi veit at pengar gjer noko med folk. Ingen vil tape noko.

Likevel, kundane er ikkje nøgde. Dei vil ha bilda dei har kjøpt. At Iren og Ingrid seier at dei ikkje har fleire bilde på lager, har lita hensikt. Mange trur dei lyg. Folk blir iltre.

Ingrid og Iren forsøker å svare så godt dei kan på e-post.

Mange av kundane slår seg til ro med denne forklaringa og har forståing for situasjonen. For andre er ikkje dette nok.

Trugslar og skuldingar om svindel

Folk ringer for irettesette dei, truge dei med søksmål, kalle dei uærlege og lite proffe og for å krevje at dei rettar opp. Tredje og fjerde juledag ringer fasttelefonen jamt. I det dei fullfører ein samtale og legg på, ringer ein ny telefon. Og slik går det gjennom heile dagen i to dagar.

Det kokar i kommentarfeltet på Facebook. Dei blir skulda for useriøs handtering, svindel og mangel på respekt.

Folk mistenker dei for å halde kunsten tilbake slik at dei kan selje den til høgare pris seinare. Nokre har kontakta advokat. Andre har kontakta forbrukarmyndigheitene, skriv dei på e-post.

Laurdag fjerde juledag kjem det ein mann på døra til galleriet. Det er ein stor mann. Han er myndig og sint. Han forlanger å få måleriet han har kjøpt.

«Eg skal ha det bildet. Eg går ikkje herifrå før eg får det.»

Iren og Ingrid seier dei ikkje har noko bilde å gje han. Dei fem bilda dei hadde er for lengst utselde.

Mannen er rasande. Før han går ut av galleriet gjer han det klart at han skal kome tilbake med fleire folk. Han skal kome med eit balltre og knuse galleriet. Han står utanfor og tek bilde av dei to gjennom vindauget.

Galleri Graff i Askim fotografert gjennom vinduet

Galleri Graff er ei familiebedrift som blei etablert i 1964.

Foto: Ola S. Hana / NRK

Det blir ei vond helg. Iren og Ingrid er livredde for heile galleriet. Dei kontaktar politi og Securitas. Dei køyrer ned for å sjekke opp fleire gonger. Lurer på om dei skal ta med seg det som er mest verdifullt heim slik at det ikkje blir øydelagt.

– Det var ei vond oppleving som vi gjerne skulle vore forutan.

– Mange trur dette er ei fantastisk investering

Dagleg leiar i Blomqvist Nettauksjon Knut Forsberg meiner det er særs uvanleg at det blir ein så enorm etterspurnad når ein kunstnar døyr. Berre etter at Hariton Pushwagner døydde i 2018 har ein sett liknande tendensar.

– Dette hysteriet etter at ein kunstnar døyr er heilt unikt. I dette tilfellet er det namnet som sel. Folk vil ha ein bit av Ari Behn. Det er mykje omstende rundt han, i tillegg til at han døydde ung.

At kunsten vil stige i verdi etter at kunstnaren døyr er ein myte, påstår kunsteksperten. Tvert om meiner han det er vanleg at kunsten søkk i verdi etter at kunstnaren døyr.

– Den beste marknadsføraren for kunsten er kunstnaren sjølve. Kva hadde Odd Nerdrum sin kunst vore utan Odd Nerdrum, spør han.

Blomqvist Nettauksjon har bestemt seg for å ikkje ta inn kunst av Ari Behn. Og Forsberg har lita tru på ein god annan hands marknad for hans kunst.

– Han hadde lite kunstutdanning og mangla særpreg. Reint kommersielt er produksjonen hans altfor liten til at det kjem til å bli noko særleg omløp av kunsten hans, trur Forsberg.

Iren og Ingrid har ei sterk tilhøyrsle til jobben. Alle dei sinte telefonane, skuldingane og trugslane om det eine og det andre gjer dei usikre og engstelege. Dei ser for seg heile økonomien gå i oppløysning. Iren søv ikkje om nettene. Ho orkar ikkje lenger snakke med folk på galleriet og til slutt sjukemelder ho seg.

– Eg følte det veldig urettferdig. Eg takla ikkje at nokon synest så ille om oss.

– Det gjer noko med ein når ein får telefon frå ein godt vaksen mann med ein myndig stemme som seier at han har vore i kontakt med sin advokat. Vi har ikkje opplevd dette før. Vi følte oss ganske fortvila. Vi veit kva vi står for og kor seriøse vi er. Det kan vi få kunstnarane våre til å stadfeste.

Innehavarar av Galleri Graff i Askim. F.v. Ingrid Eik Fredstad og Iren Graff Lilleng.

Dei har mykje tapt tid å ta igjen. Etter nettsvikten har alt anna lege på vent.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Midt oppi all kritikken møter galleriet massiv støtte i lokalsamfunnet. Folk kjem innom for å gje Ingrid og Iren ein klem. Dei prøver å overtyde dei to om at galleriet høyrer til i Askim, også i framtida.

– Det er ikkje ende på all støtta vi har fått frå lokale her i Askim. Det har vore utruleg hyggeleg og veldig støttande, seier Ingrid.

Nokre sender mail til galleriet og skammar seg over at dei har kjøpt kunst. Ein av dei skriv:

«Tenk at det var det første eg tenkte på då Ari Behn var død»

Mannen, som var innom galleriet og trua med balltre, har også fått tenkt seg om. Nokre dagar seinare ringer han til galleriet. Han angrar seg og ber om orsaking for oppførselen.