Sankthans i Middagsbukta
Foto: Nima Taheri / NRK

Den store båtfesten

ASKER (NRK): Bli med til Noregs største samlingsstad for fritidsbåtar.

Ti kilometer sørvest for Oslo, litt nord, og inn eit smalt sund mellom to øyar, ligg Middagsbukta. Kvart år kjem tusenvis av båtfolk akkurat hit, for å ruse seg på sommaren.

Store batterihøgtalarar dunkar ut musikk i alle retningar, han blandar seg med lyden av skåling, skråling og song. I lufta heng ein eim av olje, sjø, champagne og damp frå våte handklede. Og midt i alt mylderet: ein rumperakett, som sprutar eld ut mot himmelen.

Kva slags stad er dette?

Middagsbukta

Rånestripa

I uminnelege tider har Noreg vore ein stolt sjøfartsnasjon. Vi har fiska torsk i stormfulle hav, erobra Sørpolen, fanga kvalar på andre sida av jorda, og kryssa Stillehavet på ein flåte av balsatre.

Sjølv om talet på yrkesaktive sjømenn har gått ned dei siste tiåra, har vi aldri hatt fleire båtar enn akkurat no. Under pandemien passerte vi 1 million fritidsbåtar i Noreg – det plasserer oss i verdstoppen av land med flest båtar i forhold til folketalet.

Fritidsbåtar er ofte ikkje bygd for høge bølgjer og strabasiøse sjøreiser. Dei trivst best i roleg sjø, og i dette høvet passar Middagsbukta perfekt. Her er det nesten alltid vindstille.

Tett med båter i Middagsbukta i Oslofjorden i slutten av mai i fjor.

MIDDAGSBUKTA: Sundet mellom øyane Langåra og Brønnøya i Asker kommune blir skildra som Noregs mest populære naturhamn. På finvêrsdagar om somrane kan det vere så fullt av båtar at det er vanskeleg å kome seg fram. Dette bildet er tatt ein solskinsdag i slutten av mai, 2021.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Middagsbukta har vore ein favoritt sidan dei første fritidsbåtane kom på slutten av 1800-talet. Då fann borgarskapet ut at det gjekk an å berre segle rundt på måfå, utan ein konkret plan for seglasen. Når solgangsbrisen begynte å ta seg opp på ettermiddagen, tok dei gjerne turen til den lune bukta for å nyte middagen i ro og mak.

I dag er bukta kjent for å vere ei slags rånestripe for fine båtar. Yachtar, seglbåtar og cabincruiserar til fleire millionar kroner ligg tett i tett, medan mindre båtar seglar forbi og ser på dei i beundring.

Middagsbukta

LUKSUS: Middagsbukta ligg i Asker, kommunen er kjent for å huse nokre av Noregs rikaste personar.

Når vi seglar inn Middagsbukta ein solskinsdag i juni, er dei første vi møter to tatoverte karar i ein isbåt. Det vil seie, det er vel meir ein slags flåte av aluminium, med regnbogeflagg hengande under eit provisorisk tak.

Skip ohoi! De ser litt varme ut. Skal det vere ein is? spør skipper Iver Alexander Standnes.

Isbåten i Middagsbukta

ISBÅTEN: Iver Alexander Standnes og Lars Brekke sel is og brus til varme båtfolk.

Iver og kameraten Lars Brekke køyrer den flytande iskiosken rundt frå båt til båt i bukta, med lydanlegg som spelar høg musikk. Når dei nærmar seg ein ny båt, skrur Iver på ein song som han trur folket i båten vil setje pris på.

Eg går ofte for «Peaches» av Justin Bieber, då ser eg dei stikke hovuda opp over båtripa, som hundar som plutseleg har lukta noko godt, forklarer Iver.

Og apropos hundar, det er påfallande mange hundar i Middagsbukta, i alle fall 50 prosent av båtane har minst ein hund på passasjerlista. Isbåten er inkje unntak, der skipshunden Pelle Zinco passar på at isen kjem trygt fram til riktig kjøpar.

Isbåten i Middagsbukta

Medan Lars fiskar fram to Daim-is frå frysaren, kjem ein diger yacht glidande roleg forbi.

Berre vent, om ti år har eg også ein slik, seier Lars og smiler.

Middagsbukta er ikkje berre ei rånestripe der rike folk kan vise fram dei store båtane sine, det er òg ein stad der folk med litt mindre båtar kan kome og drøyme om suksess, slik at også dei ein dag får råd til å kjøpe seg enda større båtar.

Iver vil ta oss med lenger inn i bukta, der ligg nemleg båten til ein som har opplevd stor suksess. Båten heiter «Race Day», og er eigd av den tidlegare racerbåtsjåføren Birger Halsaa.

Birger Halsaa i Race Day i Middagsbukta

YACHT: Birger Halsaa speidar utover Middagsbukta frå båten sin «Race Day».

«Race Day»

Birger Halsaa har vore stamgjest i Middagsbukta sidan barndomen, og eig ein påkosta italiensk yacht av typen Sessa Marine Oyster med 1000 hestekrefter bak propellane.

På 1970-talet var Birger ei internasjonal idrettsstjerne; han reiste verda rundt og konkurrerte mot verdas raskaste Formel 1-båtar, med toppfart på over 200 km i timen.

Faksimile VG
Foto: Faksimile VG

Birger treivst godt som racerbåtsjåfør, sjølv om risikoen var svært høg. Det seier seg sjølv at å køyre båt i over 200 km i timen ikkje er det tryggaste du kan gjere, spesielt ikkje på 1970-talet.

Det var veldig mange ulykker, på det verste var det seks dødsfall på ein sesong. Nesten alle banene vi køyrde på er ulovlege i dag. Vi køyrde mykje gjennom betongkanalar i storbyar utan skiljeveggar, forklarar han.

Birger Halsaa

No nyt Birger rolegare dagar i båten «Race Day» med kjærasten Rigmor Bøen og hunden Fatima, sjølv om båtnamnet indikerer at han langt ifrå har gløymd den glade racing-tida.

I racing handlar alt om denne eine dagen. Då gjeld ikkje all pratinga og førebuingane lenger. When the checkered flag drops, the bullshit stops, seier Birger.

Rigmor Bøen og Birger Halsaa

KOSELEG MED BÅT: Rigmor Bøen, Birger Halsaa og hunden Fatima slappar av i Middagsbukta.

Birger brukar minst 300 timar på vedlikehald av «Race Day» kvart år, noko han gjer som ein naturleg del av kvardagen. For han har båt vore ein lidenskap gjennom heile livet. Det gjeld langt ifrå for alle båteigarane i Middagsbukta.

Medan vi putrar rundt i bukta, møter vi fleire som har kjøpt sin første båt i løpet av dei siste to åra. Ein av desse er ingeniøren Magnus Hedly.

Festen

– Det er dette som er Middagsbukta, ropar Magnus med full kraft når vi stig om bord i båten hans.

Fest i Middagsbukta

PARTY: Magnus Hedly (i midten av bildet) inviterer til fest på båten sin i Middagsbukta. Då han skulle kjøpe båt, var det viktigaste kriteriet at han skulle ha plass til mange vennar om bord.

Han arrangerer fest, og har fylt opp båten sin med vennar og kjente som dansar og drikk medan songar som «Respekt for Grandiosa» og «Kaptein Sabeltann» dundrar ut frå anlegget.

Magnus kjøpte sin første båt i 2021, og klinka like godt til med ein italiensk miniyacht til 1,2 millionar kroner. No er han i Middagsbukta så ofte som råd; i sommar låner han vekk leilegheita si til nokre ukrainske flyktningar, og bur sjølv på båten.

– Eg vil jo uansett heller vere her så mykje som mogleg, seier han og ser ut over bukta som er fylt til randa av feststemte båtar.

Magnus skildrar Middagsbukta som ein svært inkluderande plass, der folk faktisk snakkar med kvarandre, og strekker ut ei hand når nokon treng hjelp.

Middagsbukta

Då Magnus sleit med å ankre opp, på sin første tur i bukta, høyrde han plutseleg ei røyst frå båten ved sidan av.

«Treng du hjelp», spurde mannen i den andre båten. Og det trong Magnus. Den gode hjelparen heitte Rune Tranholt, og etter å ha hjelpt den blodferske skipperen, tok dei ei øl saman på dekk i solnedgangen.

I dag kallar han Rune for ein av sine beste vennar.

Rune Tranholt i Middagsbukta

HJELPAREN: Rune Tranholt har vore ein mentor for Magnus i middagsbukta.

Rune har vakse opp med båt, og hengt i Middagsbukta kvar sommar gjennom heile livet. Han seier at han ser ei tydeleg forandring frå då han var her i barndomen på 1980-talet.

Båtane har blitt mykje større, samtidig som langt fleire folk ikkje har noko særleg erfaring på sjøen.

– Før var bukta fylt opp av båtfolk, men no er her berre folk i båt, seier han og smiler ertande til kameraten.

Middagsbukta

Vi tek oss ein liten pause frå båtlivet, og tar ein tur opp på land for å sjå om vi finn nokre av hyttenaboane på Brønnøya. I ein av hagane står ein eldre mann med eit glas kvitvin i handa og ser resignert utover Middagsbukta.

Dette er heilt horribelt. Eg blir veldig frustrert, for du ser så mykje dårleg sjømannsskap. Og så er det berre full guffe med musikk heile tida. Ein stereo der, ein stereo der og ein stereo der.

Han peikar ut alle dei ulike båtane som spelar musikk i bukta; lyden blandar seg til ein kakofoni som blir slengt mot hytteveggen bak han. Den høge musikken frå båtane har kome særleg dei siste åra, då store batteridrivne høgtalarar begynte å kome i butikkane.

Vi som er her saknar båtfolket. For dette er ikkje båtfolk. Båtfolket var omtenksame og hadde respekt for andre sine privatliv. Då låg snekkene pent side om side i bukta.

Birger Olsen i tresnekka utanfor Middagsbukta

SJELDAN VARE: I dag er Birger Olsen ein av svært få skipperar med trebåt i Middagsbukta. Han kjøpte plattgattaren frå Frp-politikaren Terje Søviknes for fem år sidan, og har sidan pussa og smurt inn båten med 18 lag lakk.

Sjølv om mykje har forandra seg med båtkulturen (og -ukulturen?) i Middagsbukta, er i alle fall kjønnsrollemønsteret stort sett det same som det var i gamledagar. Av fleire hundre båtar i bukta har nesten ingen av dei kvinneleg skipper.

Eit av få unntak er Natalie Alexandersen Narud. Ho er fullt klar over at ho er sjeldan vare.

Natalie Alexandersen Narud i Middagsbukta

SKIPPER: Natalie Alexandersen Narud

Natalie sin båt

Då Natalie og familien flytta til Asker i 2020, vart ho raskt tatt med ut til Middagsbukta. Ho forelska seg i den gode stemninga, med musikk og mykje folk i godt humør.

Natalie ville også kjøpe seg båt, og valde seg ein Draco 2100 SC frå 1980-talet, designa av den norske båtkonstruktøren Kåre Drangsholt.

Og for at det ikkje skulle bli nokon misforståingar over kven av ho og mannen som er sjefen om bord, valde ho å døype båten «Natalie sin båt».

– Eg trur nok menn kan ha lett for å berre ta litt over slike ting, sidan det er slik det alltid har vore. Det var difor eg ville kjøpe han sjølv, så eg kunne bestemme, forklarar ho.

Natalie sin båt

FAMILIEN ALEXANDERSEN NARUD: Far Sune, mor Natalie, son Felix (10) og dotter Saga (5).

Natalie tar ofte med seg familien til Middagsbukta. Ungane Felix (10) og Saga (5) herjar i vatnet, medan foreldra sit i båten og slappar av.

Sjølv om festfaktoren tidvis er høg i bukta, meiner mannen hennar Sune (og fleire andre vi snakkar med) at det var mykje meir fyll i bukta før.

– For nokre år sidan var det jo veldig vanleg å drikke og køyre båt. Det er det ikkje så mange som gjer lenger, no blir det jo nesten som å drikke og køyre bil, seier han.

(Promillegrensa for fritidsbåtar under 15 meter vart senka frå 1,5 til 0,8 i 1999.)

Kvelden er enda ung, og båtlivet i Middagsbukta skal leve lenge vidare, men for oss er tida inne for å vende nasen heimover. På veg ut av mylderet legg vi merke til ein båt som ligg litt for seg sjølv utanfor bukta.

Ein mintgrøn seglbåt i tre, som skil seg ut i mengda.

Middagsbukta

Båten frå regnskogen

Det er ikkje tilfeldig at vi finn familien Bjørnbakken Birkeland og båten deira «Galatea» litt utanfor Middagsbukta.

– Det er jo ein fin plass utanfor sesong, men når bukta er fylt opp av plast, karbonfiber og stereoanlegg, så er ho ikkje like sjarmerande, forklarar far Even.

«Galatea» er både plast- og karbonfiberfri; skuta er laga av mahogni frå regnskogen i Honduras, og designa av den svenske seglaren og båtkonstruktøren Arvid Laurin i 1967.

Middagsbukta

MANNSKAP: Dotter Runa Birkeland, svigerson David Buverud, mor Unn Bjørnbakken og far Even Birkeland.

– Det som gjer at denne båten skil seg ut frå mange andre båtar er at du ikkje har den skarpe overgangen mellom skrog og dekk. Her går alt i eitt, så er det massiv mahogni, heile båten er ein planke, seier Even.

– Kor mykje tid har de eigentleg? For no kan de få eit langt foredrag, skyt dottera Runa inn frå sida.

Runa Birkeland utanfor Middagsbukta

KLAR FOR SEGLAS: Runa Birkeland og Unn Bjørnbakken.

Vi har dessverre ikkje tid til meir båtprat. Det er i ferd med å blåse opp til stiv kuling ute i Oslofjorden, og båten vår er ikkje bygd for kvite bølgetoppar.

Dei som har planar om å bli verande i Middagsbukta kan derimot ta det heilt med ro, her er sjøen framleis blikk stille.

Intervjua i denne saka er gjort over tre dagar i slutten av juni og starten av juli 2022.

Skip ohoi!

Hei! Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!