Endre Synnes Hagerup på vei ut av taxien til lydinnspilling
Foto: Javier Auris / NRK

Han fyren frå «Heimebane»

OSLO (NRK): Møt heile Noregs fotballnerd – som ikkje kan noko om fotball.

Eit par gongar i veka blir Endre Synnes Hagerup (20) stoppa av forbipasserande.

– Dei lurer på om eg er «han fyren frå Heimebane».

Som om det berre fanst éin fyr i «Heimebane».

Jau då. Endre spelar «Nils», den lokale fotballnerden med briller. Han er humoralibiet i TV-serien som i snitt nådde 900.000 nordmenn per episode i sin første sesong.

Sjølv meiner hovudpersonen at dette delvis skjer fordi trynet hans er så lett å kjenne att.

– Frå puberteten av, når du veks kraftig, så seier gjerne vaksne damer: «Å, eg kjente deg nesten ikkje igjen». Sant?

Blikket hans går over tekoppen og svela som ligg på bordet. Vi sit i kafeen til Botanisk hage, ein av dei få stadane i Oslo med sunnmørsretten sveler på menyen.

– Det har aldri skjedd med meg. Dei berre: «Der er han Endre! Sånn har du alltid sett ut!»

Endre Synnes Hagerup spiser lefse

Sånn har tydelegvis Endre alltid sett ut.

Foto: Javier Auris / NRK

«Jævla Ålesund»

Endre har begeistra norske TV-sjåarar stort. No er det klart for andre sesong.

Den unge skodespelaren er eit uskrive blad. «Nils» er hans første TV-rolle, og dette er hans første store riksdekkjande portrett.

Kven er han?

Vi må dra fram dei heilt grunnleggjande spørsmåla; om alder, interesser, barndomen.

Han vaks nesten opp i «jævla Ålesund», byen som i serien får gjennomgå av lokalsupporterane i Ulsteinvik. Endre kjem frå øya Vigra, som husar Ålesunds flyplass, men teknisk sett ligg i ein annan kommune. Han har eit typisk elsk/hat-forhold til byen.

– Det uttrykket, «jævla Ålesund», det kan eg nesten ta frå hjartet, altså. For sjølv om folk vil seie at eg på kartet kjem frå Ålesund, så er eg faen ikkje ålesundar, ler Endre.

Endre er på mange måtar ein vanleg 20-åring. Han studerer til å bli lærar i Bergen, elskar kampsport, kranglar av og til med kompisane sine, og brukar tøysete engelsk slang.

Samtidig blir han skildra som «ein original», «heilt unik», av dei som kjenner han.

Endre Synnes Hagerup

No skjer det! Det er innspelingsdag nummer 103. Endre skal snart ta av seg hovudtelefonane og gå inn i karakter. Til venstre står Josefine Agathe Hove («Sissel Renate»).

Foto: Javier Auris / NRK

Plukka blomster

Det tok litt tid før Endre fann sin lidenskap her i livet. Det var ikkje fotball.

Han visste ikkje kven John Carew var før han blei med i serien. (Til info: På CV-en til Carew står 91 landskampar, ein Mesterliga-finale, fransk og spansk seriemeisterskap og norsk cupmeisterskap.)

Mor til Endre har fortalt om det eine halvåret guten var keeper på eit fotballag. Ballen var i spel. Ungar sprang for harde livet rundt omkring på bana, slik det skal vere, dei jobba for det neste målet.

Endre gjekk bak mål og plukka blomster. Så kjedeleg syntest han det var å spele fotball.

– Eg veit kva ein corner er. Og innkast. Og at det er eit bestemt tal spelarar på bana. Ja, og så at det finst kort. Det er alt eg veit om fotball, seier Endre ærleg.

Endre Synnes Hagerup

– Men du var ikkje russ i 2010?! Emma Bones, som spelar Camilla i «Heimebane», såg tvilande på Endre då han hadde kledd seg i gammal russegenser under innspeling. Endre smilte lurt og avslørte at han hadde lånt genseren. Han var 12 år i 2010.

Foto: Javier Auris / NRK

Julegåva frå NRK

Korleis enda han likevel opp med å få rolla i ein fotballserie?

Han gjekk andre året på vidaregåande skule i Ålesund, dramalinja, då han høyrde rykte om audition til ein NRK-serie. Endre fekk ein lapp i handa. Der måtte han krysse av for kjønn, hårfarge, sånne ting – og fotballerfaring.

Han hadde eit halvt års erfaring med å plukke blomster bak mål. Han skreiv at han hadde sju års fotballerfaring.

– Eg forstod at dersom eg seier at eg ikkje kan noko om fotball, så er mine odds dårlegare. Så eg laug, og sa at eg var kjempeglad i fotball. Og det lønte seg, tydelegvis.

Endre kom vidare til første runde av audition, og så til andre runde med prøvefilming.

I etterkant har Endre blitt fortalt at han kom inn i rommet, vimsa litt rundt, var klumsete. Han visste ikkje heilt kvar han skulle stå. Han var veldig nervøs.

– Alt eg hugsar frå eg gjekk inn til eg gjekk ut, var at dei lo. Heile tida. Eg skjønte ikkje heilt kvifor. Alt eg gjorde var kjempegøy, seier Endre.

Serieskapar Johan Fasting forstod med éin gong han såg Endre at dette var «Nils», den nerdete, morosame og sympatiske fyren han hadde skrive inn i manuset.

– Det var eit av dei lettaste rollevala vi har gjort, seier Fasting.

Det tok likevel lang tid før Endre formelt fekk rolla. Skodespelarteknikken hans blei testa.

– Vi kan gi han scener der han får hjartet sitt knust, går i kjellaren eller blir audmjuka, og han handterer dei veldig bra. Det må ein vere proff skodespelar for å få til, seier Fasting.

Konklusjonen blei positiv.

Vesle julaftan, siste året på vidaregåande, ringde NRK og fortalde Endre at han hadde fått rolla. Han blei typecasta til rolla som «Nils», det vil seie at han blei bedt om å spele på den han er.

– Det må ha vore den sjukaste julegåva eg har fått nokon gong. Og einaste julegåva eg har fått av NRK, seier Endre og tar ein jafs av svela.

Endre Synnes Hagerup

For ein skodespelar på settet av «Heimebane» startar arbeidsdagen tidlegast tolv og varer til seint på kveld. Endre et lunsj klokka 17 i sminkestolen.

Foto: Javier Auris / NRK

Vendepunktet

Nøkkelen til å finne ut kven Endre er, ligg i kven han var, for ikkje så lenge sidan.

Han plukka ikkje berre blomster bak mål. På barneskulen var han litt borti skodespel, han «spelte Skomaker Andersen og sånn» (det er som om ein kan sjå for seg ei nyinnspeling med Endre i hovudrolla).

Då han vart ungdom, tok den virtuelle verda etter kvart over for den verkelege verda. Endre fortel ærleg at han blei data-avhengig.

Viss dette var ein film, ville det vore den klassiske historia om ein ung gut som finn seg sjølv, ein sakte kamp med Rocky-musikk til.

Endre er langt frå så dramatisk i si utgreiing av kva som skjedde. Det berre skjedde, og han tok konsekvensane av det.

Siste dagen av sommarferien, før han skulle byrje i 2. klasse på vidaregåande, tok mor hans frå han datamaskina. Ho hadde prøvd det før, men han skjønte at det var alvor denne gongen.

No var det to moglege ting som kunne skje:

– Anten, fordi eg var data-avhengig, så kunne eg kjenne på eit vakuum og gå rundt og ha det utruleg kjipt i to månader, og så finne på noko nytt. Eller, så kunne eg hoppe over desse to månadane og byrje å gjere noko nytt med ein gong.

Endre valde det siste. Den dagen drog han på besøk til ein kompis.

Endre Synnes Hagerup

«Oi, har ej liv?» Gleda er stor då vi finn ein gammal spelkonsoll utanfor filmstudioet i Oslo. Ein gong styrte datamaskina livet til Endre. I dag spelar han ein gong i blant.

Foto: Javier Auris / NRK

– Han har ikkje grenser

På den vidaregåande skulen var Rune Sæter dramalærar. Han observerte ein elev som gradvis oppdaga sine styrkjer og sin lidenskap.

– Han fann noko som han syntest var verdifullt, som gav han ein veldig verdi, seier læraren, som også har ei rolle i «Heimebane».

Han er Gunnar, den arge, engasjerte supporterleiaren til Varg.

Varg-supportere

Rune Sæter i fyr og flamme som supporterleiaren Gunnar.

Foto: NRK

Og blir inspirert av Endre.

– Det er sjeldan vare å møte nokon som gir så gass. Det er jo heilt fantastisk for ein lærar, seier Rune.

Blod, sveitte og tårer. Kvar økt. Det er det korte svaret på kvifor Endre lukkast, trur læraren.

– Han har ikkje grenser, han køyrer på. Det er det mange som har noko å lære av, inkludert meg sjølv. Eg hadde sakna det litt, og så møtte eg Endre. Då var det «ja, sånn skal det vere!»

Endre har fortalt at det var mange slump som førte til at han fekk rolla som «Nils».

Rune Sæter trur ikkje på slump.

– Eg trur han har noko spesielt i seg. Styrken og skjørheita i han er veldig tydeleg, samtidig, og det er det som gjer han interessant. Ikkje berre at han er klovnete eller forvirra. Han har mange andre sider ved seg som kjem gjennom skjermen.

For Endre blei det å byrje på dramalinja, og gi opp datamaskina, eit vendepunkt i livet.

– Alt av livskvalitet blei betre. Eg hadde det betre med meg sjølv, seier han.

Kanskje fann han seg sjølv også.

Det viste seg at evna han hadde til å leve seg inn i fantasiverder på skjermen, kunne utnyttast i det verkelege liv.

Det fanst jo ein heil industri som var bygd på illusjonar: Filmindustrien.

Endre Synnes Hagerup

Ein pause i innspelinga av sesong to. Endre tar oppstyret med ro og et ein sjokolade. Blant kompisane sine er han kjent for å vere notorisk forsinka. Han er av typen som pakkar éin time før flyet går.

Foto: Javier Auris / NRK

Kva om?

Draumen er å spele i skrekkfilm ein dag.

Av og til går Endre opp på loftet i kollektivet han bur i.

Han skrur av lyset. Han dreg fram ein spegel. Han tar hetta på jakka over hovudet.

På øyra har han skummel filmmusikk.

Så ser han inn i spegelen.

– Eg veit det ikkje er nokon der, men eg snur meg rundt, sakte og dramatisk, og så ser eg for meg: Kanskje eg ser nokon i mørkeret langt der borte?

Av og til lever han seg sånn inn i det, at det blir skummelt.

Her ligg noko av svaret på kvifor Endre driv med det han driv med. Han elskar å leve seg inn i ting.

Når han snur seg rundt i mørkeret og ser om det er nokon der, går han til kjernen av fiksjonen: Kva om?

Klipp frå sesong to av TV-serien «Heimebane» med Ane Dahl Torp og Endre Synnes Hagerup.

Klipp frå sesong to av TV-serien «Heimebane» med Ane Dahl Torp og Endre Synnes Hagerup.

For han er det verdifullt å sjå på nokon som driv med ting som dei nesten er forelska i. Som ein kunstløpar, som har trent heile sitt liv og har sett alt på spel for å danse på isen. Plutseleg dett ho, og alt ramlar saman for henne.

Endre får nesten gåsehud når han snakkar om det.

– Det å sjå nokon som tar eit arbeid så alvorleg, og jobbar med det så blodig hardt, det trur eg er spanande.

I staden for å tvihalde på serien, er han faktisk litt glad for at han får tid til dei vanlege rutinane sine igjen, no når sesong to er ferdig.

Det spørst kor lenge det varer. Snart vil han søkje Teaterhøgskolen.

Likevel er han beskjeden:

– Eg stod ikkje på ei scene og innsåg plutseleg at eg var dritgod. Eg har kosa meg veldig, og fått kompliment i ny og ne.

Endre Synnes Hagerup under innspilling

I pausen er det Endre-show. Han tar eit kampsport-spark og syng ein kjapp strofe av «Ja, vi elskar». Motspelarane Emma Bones (til venstre) og Josefine Agathe Hove (til høgre i utkanten av biletet) lar seg underhalde. Regissør Stian Kristiansen i bakgrunnen.

Foto: Javier Auris / NRK

Anbefalt vidare lesing: