Grieg-fest i Nationalteateret

Grieg-konsert i Nationaltheatret 15. juni 1943.

Foto: Aage Kihle / NTB Scanpix

Då nazistane forsøkte å kuppe Grieg

Ein propagandafilm skulle vere krona på verket.

20. juni 1947 står ein høg, slank mann med minkande hår i ein rettssal på Austlandet, tiltalt for landssvik. Forholda i rettssalen er langt unna det han er vant til: Kinoar og møterom, premierer og flotte middagar.

I retten blir bevismaterialet lagt fram for mannen, som har vore fengsla sidan slutten av krigen. Her er det brev med helsinga «Heil og sæl», eit teikn på tilhøyrsle til Nasjonal Samling (NS). Eit innmeldingsskjema til NS avslører at han omtalar seg sjølv som «propagandakonsulent».

Dette er mannen som i 1943 fekk oppdraget med å lage ein film til 100-årsjubileet for Edvard Grieg, Walter Fyrst.

Han takka ja.

Filmen

NRK, juni 2018. Nokre saker berre dukkar opp ut av ingenting; overrumplar deg, tar tak. Denne starta med ei musikkhistoriebok. Eg var eigentleg på jakt etter noko heilt anna, men kapittelet om Grieg-jubileet i 1943 tok merksemda. Nokre dagar før hans 175-årsdag 15.juni 2018 blir det klart at Grieg har blitt feira før. Av nazistane. På hans 100-årsdag i 1943.

To telefonar seinare finn eg ut at det vart laga ein 300 meter lang propagandafilm til jubileet. 75 år etter at filmen sist blei vist, har to forskarar på jakt i gamle arkiv børsta støv av han.

Signatur Walter Fyrst

Signaturen til Walter Fyrst, funne i brev oppbevart i Riksarkivet.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Kven var Walter Fyrst? Og kvifor fekk han lage filmen om Grieg?

Historia er kronglete.

Brevkorrespondanse, offentlege dokument, ein sjølvbiografi og filmar gir nokre spor.

Fyrst er ambisiøs. Han viser tidleg ein evne til å kome seg opp og fram. Han veks opp i ein velståande familie, men er ei rastlaus sjel.

«Du går som en bikkje bortover veien og snuser litt på hver lyktestolpe du møter,» skal far hans ha sagt, ifølgje Fyrsts sjølvbiografi «Min sti» (1981).

Walter Fyrst sjølvbiografi

På omslaget til sjølvbiografien står ei anbefaling skrive av motstandshelten Max Manus: "Vi lever i et fritt land. Og jeg gleder meg til å lese hans bok."

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Fyrst kan vere kverulerande, men klarer likevel å få stor påverknad før, under og etter krigen. Han er ein mann full av initiativ, skiftar ofte standpunkt. Når han først har tatt side, går han inn med hud og hår. Eit talande eksempel er at Fyrst ved fleire anledningar på 1920-talet skal ha sabotert arrangementa til Arbeidarpartiet på Youngstorget. Han sette opp store høgtalarar og spelte høg musikk for å overdøyve dei.

Etter ein kort periode som nasjonalsosialist, der kommunismen blir sett på som den største trusselen, er han i 1933 med på å stifte NS i nært kompaniskap med Vidkun Quisling. Fyrst fungerer som propagandasjef. Då han giftar seg for andre gong i 1934, er det med NS-skjorte på. Bruda ber ein bukett merka med gult kors på raud bakgrunn, i fargane til NS. Fyrst blir kasta ut av partiet etter berre eitt år på grunn av usemjer med Quisling.

Etter NS-utmeldinga skiftar han spor, og jobbar ei stund med arbeidsformidling og frivillig militæropplæring.

Walter Fyrst

Walter Fyrst fotografert cirka 1935.

Foto: Oslo Museum

I 1940 skjer namnebytet. Ein Ü blir til Y. Fürst kling for tysk, meiner Fyrst sjølv. Likevel melder han seg inn i NS igjen i 1941. Det kan verke som ein motsetnad å endre namnet fordi det kling for tysk, samtidig som ein går inn på tyskarane si side, men dette inngår i NS-linja: NS skal stå fram som minst mogleg tyske, for å trekkje til seg nordmenn.

Innmeldingsskjemaet Fyrst sender til NS, avslører planen hans: «håper å få fast basis for filmproduksjon», skriv han. På spørsmål om kva saker som opptar han, svarar Fyrst: «etter evne å bidra til at den nasjonalsosialistiske revolusjon også blir banebrytende i film og teater.»

Walter Fyrst NS-innmelding

Walter Fyrst melder seg inn i NS att i 1941.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Fyrst går med partinåla på kragen. Han er glødande opptatt av norrøn mytologi og kongehistorie, hevdar at «heil» er ei gammal norrøn helsing, og trykkjer attpåtil opp hefte som reklamerer for dette.

Vegen mot å bli filmpropagandist startar først i Ukraina som frontkjempe for Den norske legion, eit SS-leia soldatkompani med nordmenn. Her har han ansvar for propagandaverksemd, og skriv nokre artiklar for Aftenposten, som er under sensur på denne tida. Opphaldet hos Den norske legion blir ikkje heilt som Fyrst har sett for seg, og nok ein gong endrar han meining. Han vender tilbake til Noreg.

I 1941 er han på plass i Oslo og kjempar for å få innpass i filmverda.

Den første fargefilmen?

I Noreg er det éin kunstnar som går igjen i avisene på denne tida. Edvard Grieg.

Grieg døydde i 1907, men i 1943 ville Noregs største komponist ha fylt 100 år. Tyskarane knyter Grieg til ideen om eit «storgermansk» rike. Hans musikk, med tonar som kallar fram bilete av fjordar og fjell, er lyden av Noreg. Dei vil vinne hjarta til det norske folket. Eit storstilt jubileumsprogram blir sett i gang av det nazi-leia Kulturdepartementet.

Samtidig lengtar motstandsfolk og kulturinteresserte nordmenn etter å heidre komponisten sin.

Grieg levde eit liv som var laga for lerretet. Han var ein dramatisk verdsmann på 1.52, vener med kultureliten, gjekk frå rik til fattig til rik og hadde stor suksess medan han levde. Nordmennene har lenge ynskja seg ein spelefilm om Grieg.

Før krigen har avisene vore fulle av planar og forventningar. Amerikanske Universal Pictures melder si interessere for å produsere ein film om Grieg. På den andre sida av Atlanterhavet sit ein bergensar, George Willoughby i Capitolfilm, og arbeider med eit norsk manus. Interessa for ein Grieg-film er stor. Eit lesarinnlegg i Aftenposten fantaserer om at Grieg-filmen bør bli Noregs første fargefilm – det hadde den store komponisten fortent.

Krigen forpurrar planane, men draumen om ein Grieg-film døyr ikkje.

Ein annan Grieg, diktaren Nordahl Grieg, jobbar med eit hemmeleg filmmanus om sin fjerne slektning Edvard frå eksil i London i 1940–41.

Eit svensk og eit tysk filmselskap er på bana med konkrete planar. Men det norske kulturdepartementet protesterer høglydt. Den store Grieg-filmen må vere norsk. Av uvisse grunnar stoppar også dei internasjonale planane opp.

Revy nr 59

Innslag om Edvard Grieg-jubileet i NRKs Filmavisen, juni 1943. NRK var under nazistisk styring på dette tidspunktet.

Politi i kinosalane

Parallelt med draumane om ein Grieg-film blir jubileumskonsertar planlagt over heile landet av Kulturdepartementet. Hadde det ikkje vore toppen av kransekaka å også ha klar ein film på 100-årsdagen til Grieg? Statens Filmdirektorat, som ligg under Kulturdepartementet og styrer filmproduksjonen i Noreg under krigen, ser sitt snitt til å vinne kappløpet om ein film i tide til jubileet.

«Stor norsk Grieg-film på trappene. Statens Filmdirektorat har planer om å utskrive en manuskriptkonkurranse. Innspilling om et års tid?» skriv Aftenposten 2. januar 1943.

Men dette er berre på papiret. Premissane for ein storfilm er ikkje på plass i den norske filmbransjen. Nordmennene har verken utstyret eller ressursane som trengst.

Ambisiøse Walter Fyrst kjem inn i biletet.

Kan han lage den store filmen om Edvard Grieg?

Fyrst navigerer seg mot dit makta sit: Statens Filmdirektorat. Dei godkjenner dei få som får operere som filmregissørar under krigen. Alle filmar må gjennomgå sensur. Fyrst sender brev med søknad. Ringer iherdig.

Omsider klarer han det. Han får lage film.

Hans første prosjekt blir propaganda-spelefilmen «Unge Viljer» ved starten av 1943. Med skamlaus promotering av Nasjonal Samling fortel filmen historia om ein familie som finn «den rette veg» etter mykje ulukke. Då publikum oppdagar at det er ein rein propagandafilm, reiser dei seg og går frå kinosalane. NS må sette inn politistyrkar på kinoane for å passe på at alle ser filmen ferdig. Folk som forlèt seta sine, blir tvinga til å vente ved inngangsdøra til filmen er ferdig.

Trass motstanden blant folket, er Fyrst er inne i den tyske varmen. Hans neste steg skal bli kraftig omdiskutert. No ventar Grieg.

Walter Fyrst-mappe

Ei mystisk mappe i Riksarkivet. Forskarar fann igjen brev som få hadde sett sidan krigen - sendt mellom Walter Fyrst og Statens Filmdirektorat. Dei kasta lys over ein ukjent propagandafilm om Grieg.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Walter Fyrst tar oppdraget

Det er usikkert akkurat når Fyrst får oppdraget med å lage ein Grieg-film. Det er rimeleg å anta at han melder seg til teneste, og at filmdirektoratet deretter godkjenner søknaden. Dei første spora av at noko er i gjære dukkar opp i brevkorrespondanse mellom Fyrst og Statens Filmdirektorat i februar 1943.

Fyrst får ikkje lage ein storfilm om Grieg, men ein kortare kulturfilm. Desse filmane er, i motsetnad til spelefilmar, 100 prosent kontrollert av NS, og Statens Filmdirektorat bruker store ressursar på dei. Kulturfilmane er lette å få ut til publikum, men propagandaen møter stor motstand.

Prosessen med filmen skal bli langt frå enkel og lettvint.

I mai 1943, knappe månaden før Grieg-jubileet, er det full forvirring rundt filmen. Opptaka er enno ikkje gjort. Det er heftig polemikk mellom Fyrst og Statens Filmdirektorat om utstyr (lampar), personale (fotografar, elektrikarar) og budsjett. Direktør i Statens Filmdirektorat, Birger Rygh Hallan, er irritert over manglande budsjettoversikt frå Fyrst 3. mai 1943: «Personlig vil jeg tilføye at dette må bety at det fra herr Fyrsts side mangler en plan, fantasi og kanskje også evne til å finne det riktige». Tonen er amper. Fyrst blir skulda for å «stele» bilete av andre fotografar til bruk i sine filmar.

Fyrst, på si side, viker ikkje ein tomme, og understrekar at det er viktig at kvaliteten på filmen blir god nok, for han er meint for eksport. Dette avslører at det var eit mål å få filmen ut internasjonalt.

Musikken blir spelt inn av Oslo Filharmoniske Orkester. I motsetnad til vanleg filmkutyme, skjer dette FØR innspelinga av bileta. I tillegg blir ein mannleg skodespelar hyra inn til å lese opp fakta om Grieg.

Hefte laga av Walter Fyrst

Hefte laga av Walter Fyrst, brukt som bevis i landssvikdommen mot han i 1947.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Fyrst er klar over at ikkje alle ynskjer å bli med på ein Grieg-film produsert av Statens Filmdirektorat. Landet er splitta. Fyrst bekymrar seg for korleis han skal få gjennomført opptaka utan at motstandsfolk saboterer. Spesielt til eit brudetog i Hardanger treng han nazi-venlege statistar.

Statistane får han tak i, men ein x-faktor skal spele inn. Naturen jobbar mot nazistane denne våren.

12. mai 1943 skriv Fyrst til Statens Filmdirektorat: «Da bildene for en vesentlig del skal være illustrasjon til musikk, må de være så fullkomne som mulig. Det har derfor ikke vært anledning til å ta opptak hverken i Gudbrandsdalen eller i Hardanger på grunn av at trær og blomster må være noenlunde utsprungne.»

På eit tidspunkt krev Fyrst at han fritt skal få plukke foto frå alle fotografar i Norsk Film til Grieg-filmen, men det verkar ikkje som han får gjennomslag for dette. Han endar difor opp med å bruke bilete som han eigentleg har filma til «Filmavisen», eit program som går som forfilm på kinoane kvar veke med NS-nytt frå heile landet, i tillegg til bileta han har filma spesielt for Grieg-filmen.

Floppen

Forventningane er store då det blir kjent at filmen skal vere klar til jubileet 15. juni 1943, på bursdagen til Grieg.

Dagen før dagen blir Walter Fyrsts film vist på urpremiere i Bergen, med prominente tyske gjestar til stade.

Men blei det ein stor film?

I knappe ti minutt vekslar filmen mellom musikken til Grieg, norske nasjonalsymbol og natur, noteark, Troldhaugen, Hardanger og Bergen. Fossen buldrar. Ei mannsstemme les opp tørre fakta om komponisten. Til dei folkemusikkinspirerte tonane marsjerer eit vakkert brudetog gjennom Hardanger. Kombinasjonen av natur, geiter, bunadar og Grieg er som tatt ut av ei norsk turistbrosjyre. Men biletet av Bergen, synleg i ei av dei innleiande scenene av propagandafilmen frå 1943, avslører at dette likevel er noko heilt anna.

Mørke skip lurer i horisonten.

Ein kinoannonse frå Buskeruds blad, 12. juli 1943, gir oss den kalde sanninga om filmen: «Gratis adgang for NS medlemmer med bekjente. Arr.: Rikspropagandaledelsen».

Faksimile av kinoannonse

Kinoannonse for Edvard Grieg-filmen i Buskeruds blad, 12. juli 1943.

Foto: Faksimile / Buskeruds blad

Filmen blir sett opp som forfilm på norske kinoar.

På dette tidspunktet er den norske pressa underlagt streng sensur. Likevel er kritikken av filmen nokså hard.

Aftenposten er nådelause i sin omtale av filmen 15. juni 1943.

«Hva hjelper strømhvirvler, hvitveis, brånende snø og blomstrende daler, når ikke lyd og bilde er støpt sammen over en idé. Det virker tamt og tilfeldig, uten indre sammenheng. (...) Trollhaugen er ikke trolsk, brudefølget bedagelig. Her mangler fantasi og festivitas.»

Morgenposten 19. juni 1943 må oppklare at «denne er en kortfilm som er laget til jubileet, og at den må ikke forveksles med den storfilm om Grieg som er planlagt.»

Det verkar likevel som om naziregimet er nøgd med innsatsen. Fritt folk, hovudorgan for Nasjonal Samling, skriv om urpremieren til Grieg-filmen i Berlin: «Filmaftenen som hadde samlet fullt hus, derav mange tyske gjester, ble en meget vellykket tilstelning, som utvilsomt virket som en meget god Norges-propaganda.»

Dette verkar nærmast latterleg. Men:

– Det var ein veldig brutal kontekst rundt filmen, seier Arnulf Mattes ved Senter for Griegforskning.

Saman med Michael Custodis ved Universitetet i Münster, Tyskland, står han bak nye funn om Grieg-jubileet i 1943. Forskarane meiner at filmen fortel ei viktig historie om korleis Grieg blei brukt politisk under krigen.

I dag kan NRK vise eit klipp frå filmen:

Film: Nasjonalbiblioteket / Walter Fyrst.

Fyrst, på si side, argumenterer for at filmen er norsk propaganda overfor tyskarane i eit vitneutsegn 11. mai 1945. «Hensikten var å styrke Norges kulturelle posisjon,» forklarar han.

Men ein må lese dokumenta i kontekst. Filmen blei laga på NS-premiss, sjølv om han ikkje viser fram klare NS-symbol. Eit foto av Vidkun Quisling på besøk i Statens Filmdirektorat i 1942, sitert i ei ny doktorgradsavhandling, viser dei tette banda mellom filmindustrien og NS på denne tida.

– Sjølvsagt var det propaganda, seier historikar Hans Fredrik Dahl.

Grieg-jubileum i London 1943

Konsert i Royal Albert Hall ved 100-årsdagen for Griegs fødsel i 1943.

Foto: Scanpix / NTB

LES: Alle «Filmavisen»-program er digitalisert

Etterspelet

«Edvard Grieg-kulturfilmen», som han sidan er blitt kalla i arkivføremål, blei aldri den store filmen, verken for Edvard Grieg, Walter Fyrst eller krigsånda.

Likevel blei Grieg-jubileet i 1943 samla sett eit vendepunkt for korleis det norske kulturlivet stilte seg til krigen. Mange musikarar og kunstnarar opplevde å bli brukt av nazistane. Dei tallause avisomtalane av Grieg-jubileet hadde verknad. I 1943 kom det difor eit forbod initiert av den sivile motstandsrørsla mot å delta i offentlege arrangement. Mange kulturfolk nekta å delta på offentlege konsertar, og i filmar produsert av nazistane. Heretter blei det arrangert fleire undergrunnskonsertar.

– Det Grieg-jubileet viste, var at det ikkje lenger var mogleg å ha ein eigen kultur i eit okkupert land. For eksempel sat ein stor gjeng musikarar på Grini; kanskje fordi dei plystra ein tyskfiendtleg melodi, illustrerer forskaren Arnulf Mattes.

Walter Fyrst lèt seg ikkje stoppe. Allereie 5. juli 1943, mindre enn éin månad etter slaktinga av Edvard Grieg-filmen, skriv han til Statens Filmdirektorat og søkjer om støtte på 2500 kroner til «forarbeider på en vikingfilm».

Han held fram med filmarbeidet fram til krigen er slutt, då han i likskap med mange andre NS-medlemar blir fengsla.

20. juni 1947 blir Walter Fyrst dømd til fire år med tvangsarbeid for landssvik.

Det er først og fremst medlemskapen i NS og frontkjemping for Den norske legion (SS-leia kompani med norske soldatar, journ.merk.) som Fyrst blir dømd for, samt nokre utvalde propagandafilmar. Grieg-filmen er ikkje nemnt.

Walter Fyrst

Etter å ha sona ferdig landssvikdommen og jobba for krigshelten Max Manus, byrja Walter Fyrst å lage film i NRK på 1960-talet.

Foto: Jan Nordby / NRK

Etter å ha sona ferdig dommen, får Fyrst seinare arbeide med reklame hos motstandshelten Max Manus. Han har bestemt seg for å gi Fyrst, og andre tidlegare NS-medlemar, ein ny sjanse, og sette strek over fortida.

Fyrst si reise er enno ikkje over. På midten av 1960-talet, 64 år gammal, får han jobb i NRK som filmprodusent. Her er han produktiv og lagar heile 80 TV-produksjonar. Han blir etter kvart også den første redaktøren av Norsk Filmforbund sitt medlemsblad, Rushprint.

I 1981 gir han ut sjølvbiografien «Min sti», med dei innleiande orda: «Jeg har gjort det jeg følte som en plikt – og jeg har fått svi for det».

Walter Fyrst døyr i 1993, 92 år gammal.

Den store Grieg-filmen kom aldri. Då Nordahl Grieg døyr i ein dramatisk flystyrt i 1943, blir manuset hans liggande og støve ned på ein ukjent plass. Det dukkar først opp igjen i 1989 i Oslo, og blir sidan gitt ut i bokform.

Ein handfull dokumentarar, og ein 300 meter lang feilslått propagandafilm, er det einaste som ligg att.

Anbefalt vidare lesing: