Asla Maurstad
Foto: Javier Auris / NRK

Den raskaste tekstaren i NRKs historie

Aslak Maurstad (29) søkte på jobben for moro skuld – enda opp med å knuse sjefen sin gamle rekord.

Aslak veit ikkje akkurat når han lærte seg å skrive lynraskt på tastatur. Han har aldri gått på kurs eller lært seg touchmetoden. Likevel tastar han som ein gud.

I vinter var han på audition for å bli direktetekstar i NRK. Jobben går ut på å tekste direktesende TV-sendingar – og krev at du kan skrive fort som fy.

Under opptaksprøva må du tekste ei rekke ulike klipp på løpande band: Sport, Dagsrevyen, Barne-TV og Eides språksjov.

Til slutt må du tekste 15 intense minutt frå Debatten, med mange folk som snakkar fort i munnen på kvarandre. Her har leiaren for direktetekstarane, Fredrik Island Gustavsen, merka at mange gir opp.

– Vi opplever at fleire seier «Dette går ikkje, eg går heim. Ha det bra.» Som direktetekstar må du kunne takle stress, forklarar Fredrik.

Fredrik Island Gustavsen

Han hugsar Aslaks audition som om det var i går.

Den unge aspiranten hadde gått høgt ut i søknaden og skrive ting som at «denne stillinga passar perfekt for meg» og «utan å overdrive meiner eg at eg kan vere blant dei mest kompetente personane i verda til å utføre akkurat denne jobben».

Fredrik vart pirra. Desse påstandane skulle han få lov til å bevise. Han inviterte Aslak til NRK og sette han framfor ei datamaskin.

Tre, to, ein ...

Testen var i gang og jobbsøkjaren dansa med fingrane på tastaturet som om det ikkje fanst nokon morgondag.

– Han skreiv veldig fort. Vi er vande til at folk skriv fort, men det der var heilt sjukt. Eg har aldri sett nokon skrive så fort før nokon gong i Noreg. Det var ekstremt imponerande, mimrar Fredrik.

ASLAK: Namnet er av norrønt opphav. Det er sett saman av orda áss (gud) og lákr som er ei sideform av leikr (kamp).

Javier Auris / NRK

Aslak skriv over 170 ord i minuttet på ein god dag, det er nesten 1000 tastetrykk. Fredrik hadde den gamle rekorden blant direktetekstarane på 148 ord. Dei fleste av oss vanlege dødelege ligg på mellom 30 og 40 ord i minuttet.

Men å skrive raskt er ikkje det einaste kriteriet for denne jobben. Ein må også skrive riktig, med god rettskriving og grammatikk. I tillegg må ein evne å komprimere det som blir sagt, då det sjeldan er plass til alle orda på skjermen.

– Bekymringa når folk skriv så fort, er at det kan bli dårleg språk. Men teksten til Aslak var ekstremt god. Det var presist og konsist, nesten utan skrivefeil, forklarar Fredrik.

Aslak fekk sjølvsagt jobben.

No er han klar for den store sveineprøva; om litt skal han tekste eit av Noregs mest populære TV-program: finalen i Eurovision Song Contest med over 1,5 millionar norske sjåarar.

Men først må vi grave litt i korleis Aslak vart tekstarane sin ekvivalent til Usain Bolt.

Ein fingerdansar blir født

Den ferske direktetekstaren trur dei kjappe fingrane kan ha ein samanheng med at han spelte fiolin i barndomen. Spesielt venstrehanda vart sterk – etter tusenvis av timar med knallhard øving.

Aslak hata forresten å spele fiolin. Han hugsar at han ofte spelte raskare enn resten av orkesteret på Barratt Due musikkinstitutt, berre for å kome seg heim til guterommet så raskt som mogleg.

Aslak Maurstad spelar fiolin

EIN GLAD GUT: Not! Aslak var ikkje særleg glad då han spelte fiolin, han ville heller spele dataspel.

Foto: Mari Maurstad

Gaming var Aslaks store lidenskap, og det er det framleis. Eg møter han framfor datamaskina i kjellaren heime hos foreldra på Ris i Oslo.

Ein haug med piler flyg over skjermen i ulike retningar, i takt til rask dansemusikk. Fingrane fell mot tastaturet som monsunregn.

Aslak er ein av Noregs beste i dataspelet «StepMania», som er ei slags dansematte for fingrane. Gjennom dette spelet har han perfeksjonert finmotorikken.

Aslak Maurstad spelar StepMania.

GAMAR: For det utrente auge er det fullstendig kaos med piler på skjermen. Men Aslak klarer å kjenne igjen mønster og setje pilene i system. NB: Personen til høgre i bildet er ikkje ein ekte person; det er ein pappfigur av Aslaks far, cellisten Aage Kvalbein.

Foto: Xin Li / NRK

– I likskap med skriving handlar det om å trykke på riktige tastar så fort som ein berre maktar. Bortsett frå at det i «StepMania» berre er fire ulike piler (←↓↑→), og ikkje eit heilt alfabet, forklarar Aslak.

Han forelska seg i spelet som 13-åring på datatreffet «The Gathering» på Hamar. Der var han tilskodar til NM i «StepMania». Aslak vart svært imponert. Han reiste heim og øvde og øvde og øvde og øvde litt meir.

Året etter vart han sjølv med på NM, og enda på tredjeplass.

Det er verdt å nemne at Aslak også er i noregstoppen i vanleg dansematte (altså med føtene). Han har deltatt både i EM og VM, med 19. plass i EM som beste resultat. Det er ikkje uvanleg at pulsen går over 200 på dei raskaste dansane.

DANSEMATTE: Aslak bur i femte etasje i ein bygard, og har difor ikkje samvit til å ha dansematta ståande heime hos seg sjølv. Då er kjellaren til foreldra god å ha. På Twitch-kanalen sin «Klokkismann» strøymer han dansing og verdsrekord-setjing i andre dataspel.

Xin Li / NRK

– Eg elskar jo å spele. Om eg kan trene samtidig er jo det berre ein bonus. Dei fleste gamarar vil jo ikkje sitje stille heile dagen, seier Aslak.

Magiske fingrar

Eg vart kjent med Aslak då vi begynte i same klasse for å studere «Tekst & skribent» på Westerdals høgskole i 2012.

Det første vi lærte om han var at han var sonen til Mari Maurstad, nevø til Toralv Maurstad og ikkje minst barnebarn av den store hardingfele-virtuosen og skodespelarlegenda Alfred Maurstad.

Familien Maurstad

4 X MAURSTAD: Aslak (son), Mari (mor), Toralv (onkel) og Alfred (morfar).

Foto: Javier Auris (NRK) / Cornelius Poppe (NTB) / Sverre A. Børretzen (NTB)

Det kom naturlegvis også fram at Aslak var ein dansematte-dansar av internasjonalt kaliber.

Etter utdanninga valde Aslak å følgje familien sine fotspor og satsa på ein karriere som skodespelar. Han dukkar jamt og trutt opp på skjermen i snodige roller i seriar som til dømes «Hvite Gutter», «Sigurd fåkke pult» og «Basic Bitch» på Discovery.

I sommar spelar han i teaterstykket «Spelet om trona» på Salt i Oslo, som er ein parodi på TV-serien «Game of Thrones».

Basic bitch

SKODESPELAR: Aslak saman med Ada Eide i første sesong av humordramaet «Basic Bitch».

Foto: Discovery Norge

Aslak har hatt nok å henge dei magiske fingrane sine i – men det var likevel ei vag uro som skrapa under overflata: Kva skulle han gjere med dei? Skulle dei aldri få kome ordentleg til sin fulle rett?

Så dukka plutseleg ei lenke til ei stillingsutlysing opp på Messenger frå ei venninne. Nokre få minutt seinare fekk han den same lenka frå ein annan person. Så enda ein, og enda ein.

NRK var på utkik etter nye tekstarar for direktesendt TV – noko mange openbert meinte var ein perfekt jobb for Aslak.

Han hadde jo eigentleg nok arbeid frå før av, men melde seg likevel på audition.

– Eg tenkte først at eg berre skulle søke for å vise dei at eg er den raskaste tekstaren dei nokon gong har sett. Men så kom eg fram til at det var ein ganske teit motivasjon.

Aslak oppdaga nemleg at jobben som direktetekstar både kan vere viktig og meiningsfull.

Høyrselshemma nordmenn

Frå og med sommaren 2020 har NRK vore pålagt å tekste alle program – uansett kva tid dei er på døgnet. Mediehuset har difor 30 direktetekstarar som til vanleg jobbar frå grytidleg morgon til sein kveld – slik at sendingane blir tilgjengeleg for flest mogleg menneske.

Ein stad mellom 700.000 og 1 million nordmenn er høyrselshemma. Det vil seie at nesten 20 prosent av folketalet anten er døve eller har svekka høyrsel. Mange er heilt avhengig av at direktetekstarane gjer ein god jobb for å få noko ut av sendinga.

Aslak fekk mange lykkønskingar då han annonserte den nye jobben sin på Facebook. Ei av desse var frå venninna Maren Sørhaug frå Bergen.

Facebook-kommentar

Maren er døv på begge øyra.

«Har eg moglegheit til å slå på direkteteksting, så slår eg det på. Alltid. Langrenn, skiskyting og andre sportsprogram vart plutseleg gøy då direktetekstinga kom. Eg er heilt hekta», skriv Maren til meg på e-post.

Ho fortel at ho også likar teiknspråkstolking når det er tilgjengeleg, men at direkteteksting fungerer bra for å få fram viktig informasjon, som til dømes pressekonferansar om korona.

Sidan ho er ein av dei som brukar direkteteksting svært mykje, spør eg om ho kanskje har nokre innspel til Aslak og dei andre tekstarane.

«Eg blir imponert når eg ser fleire ord kome inn samtidig, og at dei brukar rettetasten (backspace) lite. Hyppig bruk av rettetasten frustrerer meg. Om nokon til dømes har skrive 'kimmunikasjon', skal eg da verkeleg sitje og sjå på at han trykkjer seg tilbake for harde livet for å rette ein bokstav? Då er det betre å berre kome seg vidare. Vi snakkar om tid!»

Ei ekstra utfordring

Direktetekstarar jobbar aldri meir enn eit kvarter om gongen. 15 minutt med fullt fokus – utan å la seg distrahere av noko anna. Så får dei ein like lang pause, før dei igjen går i gang med arbeidet.

Men konsentrasjonen er ikkje Aslaks største utfordring.

NRKs direktetekstarar er ein gjeng med veldig variert bakgrunn og kompetanse, men felles for alle er at dei har høg allmennkunnskap. Dei held seg oppdatert og må kunne mykje om mange ulike tema.

Aslak er ny i jobben og har framleis mange hol å tette. Utfordringane står i kø om du ikkje har klart å setje deg ordentleg inn i det du skal tekste.

– Kan du mykje om Eurovision?

– Nei, det har eg ikkje hatt særleg interesse av. Eg har aldri sett ei heil sending før, seier Aslak.

Ja ja, vi får håpe det går bra likevel. Om nokre få minutt skal Aslak nemleg tekste finalen i Eurovision Song Contest – ei lang sending med ulike språk og fleire uventa moment.

Aslak Maurstad og Tix

FOKUS: Aslak er djupt konsentrert medan Tix skal synge i finalen. Artisten har ein tendens til å begynne å snakke under låten. Då må Aslak vere klar til å endre teksta med det same.

Foto: Javier Auris / NRK

Før sendinga har Aslak laga hurtigtastar på ord som kan bli vanskelege å skrive. Til dømes alle dei islandske namna på grunn av bokstavane ð og þ. Aserbajdsjan har fått forkortinga «asb», og Eurovision Song Contest har blitt «escc».

For å gjere det ekstra vanskeleg, har eg spurt sjef Fredrik om den ferske direktetekstaren også kan få tekste P3-morgen si spesialsending frå Eurovision på NRK3. Der skal to hyperaktive programleiarar kommentere alt som skjer under finalen utan manus.

Aslak får ein røff start. Han går på etter at alle landa har sunge, og det er klart for pauseinnslag med den nederlandske DJ-en «Afferjack». Det er i alle fall det Aslak skriv, men eg ser på ansiktsuttrykket hans at han føler at noko skurrar.

Han går ut av tekstinga for å google «Afferjack». Aha, «Afrojack» er det sjølvsagt, så går han tilbake til tekstinga. Alt er over på eit lite sekund, og Aslak er «back on track». Han tekstar ut songen som blir sunge («Titanium» av David Guetta) samtidig som han skriv ut all kaklinga til programleiarane oppå songen.

Det skal nesten ikkje gå an, men Aslak klarer det likevel. Tusenvis av timar med dansematte for fingrane kulminerer i dette augeblikket. Fingrane regnar over tastaturet – medan Aslak sit i ei slags skrivetranse.

Aslak Maurstad

EIN GLAD GUT: Aslak elskar den nye jobben sin som direktetekstar.

Foto: Javier Auris / NRK

Når økta er ferdig, hugsar han nesten ingenting. Ei melding tikkar inn frå Fredrik som sit heime og ser på finalen frå sofaen.

«For ei hastigheit!»

PS: Test di eiga skrivehastigheit på nettsida 10fastfingers.com.

Vil du lese meir om språk og skriving? Sjekk ut desse sakene:

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om Gaspar, som trassa bandittar og landminer for å finne eit heilt spesielt tre i Bosnia.