Hopp til innhold

Kulturstrøm

  • Bygget Pir i Ålesund vant pris

    Det røde betongbygget Pir i sentrum av Ålesund vinner æresprisen Betongtavlen 2022. Prisen deles ut av Norske arkitekters landsforbund og Norsk Betongforening.

    Det seks etasjer høye kontorbygget er tegnet av Mad arkitekter og Sandbakk og Pettersen arkitekter. – Vi er utrolig stolte. Det å tegne ny arkitektur i en by som Ålesund er en stor utfordring, skriver Magnus Pettersen i Mad arkitekter i en pressemelding.

    Pir Ålesund, vinner av Betongtavlen 2022 av Mad arkitekter
    Foto: Mad arkitekter
  • Iran innfører 60 minutts angrefrist for «desinformasjon»

    Iranske medium får no ein angrefrist på 60 minutt til å rette opp i desinformasjon, opplyser styresmaktene sitt cybersenter.

    I ei fråsegn frå senteret heiter det at alle informasjonstenester er pålagde å korrigere desinformasjon innan ein time. Bakgrunn for nyheitsmeldingar må leggast fram i løpet av 24 timar.

    Cybersenteret er underlagt eit råd som er nedsett av Iran sin øvste leiar ayatolla Khamenei. Senteret handterer alle saker som omfattar innlegg og ulike typar informasjon på nettet.

    Organisasjonen Reportere uten grenser ser på senteret som eit sensurorgan.

    Den politiske leiinga i Iran har gjentatte gonger skulda andre land og sosiale medium for å bidra til dei omfattande demonstrasjonane mot prestestyret. Observatørar ser denne framstillinga som eit forsøk på å dekke over den eigentlege årsaka til uroa.

    Den 22 år gamle kurdaren Mahsa Amini blei arrestert i midten av september for å ikkje ha dekka til håret, og døydde i politiet si varetekt. Hendinga utløyste dei landsomfattande protestane som no blir slått ned på av styresmaktene.

    (NTB)