I tv-serien «Trackdown» frå 50-talet finn vi i ein av episodane karakteren Walter Trump. Ikkje nok med det, Trump, som sel slangeolje, hevdar han er den einaste som kan redde verda, og det vil han gjere ved å bygge ein mur rundt byen.
Eit av Donald Trumps viktigaste valløfte var å bygge ein grensemur mot Mexico, som Trump ville tvinge Mexico til å betale for. Men nå gjer Trump opp å få Mexico til å betale muren.
Episoden av «Trackdown» med Walter Trump gjekk på lufta på CBS i 1958 under tittelen «The End of the World», og det var skodespelar Lawrence Dobkin som spelte rolla som Trump. Det skriv nettstaden Snopes.com, som bekreftet saka som har versert i sosiale medium.
Her er eit utdrag av dialogen i episoden med Trump:
Trump: I am the only one. Trust me. I can build a wall around your homes that nothing can penetrate.
Townperson: What do we do? How can we save ourselves?
Trump: You ask how do you build that wall. You ask, and I'm here to tell you.