Ein vinterkveld i New York, 1949:
Fotografen Walter Chandoha var på veg heim då han oppdaga ein liten grå kattunge som låg og skalv av kulde i snøen.
Han hadde sjølvsagt ikkje hjarte til å la kattungen bli liggande, og la han difor i jakkelomma og tok han med heim til kona Maria.
KATTEFOTO: Walter brukte ofte ei fjør for å få merksemda til kattane då han tok bilde av dei.
Foto: WALTER CHANDOHA ARCHIVEWalter hadde mykje moro med kattungen, og begynte etter kvart å ta opp kameraet for å dokumentere det nye kjæledyret sine viltre påfunn. Ikkje lenge seinare selde han sitt første kattebilde.
Det vart langt ifrå det siste.
Kattebølgja
På 50-talet vart kattar eit populært fotomotiv i USA, og Walter var mannen å vende seg til for å få bilda som kunne smelte sjølv dei kaldaste hjarta.
Walter Chandoha på jobb i 1977.
Foto: Walter Chandoha Archive– Kattar vart brukt til å illustrere nesten kva som helst, sa fotografien i eit intervju med CNN i 2016.
Walter Chandoha tok kattebilde for store magasin som Life og National Geographic, i tillegg til reklamekampanjar for små og store selskap. Dette gjaldt sjølvsagt også kattemat-leverandørane
– I ein periode var 90 prosent av bilda på katte- og hundemat-pakkane mine fotografi, sa Walter til CNN. (Ja, han tok også bilde av hundar.)
Walter sine kattebilde fant til og med vegen heilt Noreg og framsida av Hjemmet i 1955:
HJEMMET: På bildet i midten ser vi framsida til vekebladet Hjemmet i 1955. – Eg tenkte på dette bilde med ein gong eg såg førespurnaden frå Noreg, seier dottera Fernanda til NRK.
Foto: WALTER CHANDOHA ARCHIVELøyndomen bak det perfekte kattebildet
Å ta bilde av levande dyr er ein vitskap som Walter brukte fleire tiår på å perfeksjonere. Han fant tidleg ut at han trong hjelp frå kona Maria for å ta det perfekte bildet.
– Maria heldt dyra i posisjon medan eg gjekk bak kameraet og bjeffa eller mjaua for å få merksemda. Ho kunne kjenne på musklane om dyra slappa av, og om eg såg noko spennande skje sa eg: «Maria, no!» og så tok ho hendene unna, sa Walter i eit intervju med New York Times i 2014.
GRAND CENTRAL STATION: Walter sine dyrebilde pryda ein stor reklameplakat på ein jernbanestasjon i New York.
Foto: WALTER CHANDOHA ARCHIVE / WALTER CHANDOHA ARCHIVEWalter har også gitt ut mange fotobøker om dyrefotografi. Mellom anna «How to Shoot and Sell Animal Photos» og «All Kinds of Cats» som inspirerte kunstnaren Andy Warhol sine katteillustrasjonar på 50-talet.
«Maskoten til internett»
I 2015 anslo CNN at det var rundt 6,5 milliardar kattebilde på internett. Populære memer som «Lolcat», «Grumpy Cat» og «Cats that look like Hitler» har spreidd seg som eld i tørt gras over heile verda.
No blir katten ofte kalla maskoten til internett.
GRUMPY CAT: Denne katten vart verdskjendis etter at eit bilde av han dukka opp på nettstaden Reddit i 2012.
Foto: Matt Sayles / APWalter likte bilda han såg på verdsveven, men let seg likevel ikkje imponere av fotografane.
– Tolmod, det er der eg skil meg ut frå bilda på Facebook eller Google. Dei kan vere flotte, men dei er eingongstilfelle. Klarar fotografen å ta det same bilde mange gongar i ulike variasjonar? Svaret er nei. Dei fleste av bilda er berre heldige blinkskot, sa Walter til Financial Times i 2017.
Walter Chandoha døde 11. januar 2019, heime saman med katten sin Maddie. Han vart 98 år gammal og tok over 90.000 kattebilde.
WALTER CHANDOHA: 1920 – 2019.
Foto: WALTER CHANDOHA ARCHIVEPS: Denne saka er inspirert av artikkelen «Walter Chandoha, Photographer Whose Specialty Was Cats, Dies at 98» frå New York Times, 18. januar 2019.