Hopp til innhold

Vurderer om Islamsk Råd Norge oppfyller kriteria for tilskot

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) seier ho ikkje er roa etter møtet med Islamsk Råd (IRN) i dag. Organisasjonen seier den vil halde fram som før.

Leyla Hasic

NYTILSETT MED NIKAB: Ny kommunikasjonsmedarbeidar i Islamsk Råd Norge, Leyla Hasic, forsvarer bruk av nikab.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Kulturminister Linda Hofstad Helleland kalla Islamsk Råd Norge inn til møte i dag for å greie ut om organisasjonen oppfyller vilkåra for statstilskot etter at dei tilsette Leyla Hasic, og for å høyre korleis organisasjonen skal møte uroa etter kritikken mot tilsetjinga.

Det har vore mykje uro rundt Islamsk Råd etter at dei førre veke tilsette 32 år gamle Leyla Hasic som ny administrasjonskonsulent. Leyla Hasic ber det ansiktsdekkande sløret nikab.

Linda Hofstad Helleland

KALLA INN TIL MØTE: Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) kalla IRN inn til møte i dag.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg stilte spørsmål om kva strategiar dei har vidare for si rolle som dialogpartnar og brubyggar. Dei svarte at dei vil halde fram som før, seier Helleland.

– Nå har eg innhenta deira vurdering av situasjonen dei står i og deira rolle som representativt organ. Vi vil halde fram vårt arbeid i departementet med å kartlegge om vi meiner kriteria for tilskot til ein representativ paraplyorganisasjon for muslimar er oppfylt, seier Helleland.

Generalsekretær Mehtab Afsar har bestemt avvist at Islamsk Råd har villeia departementet i sin søknad om brubyggjar-midlane.

– I søknaden skreiv vi eksplisitt at vi ønskjer å styrke sekretariatet, så vi kunne få meir tid og rom til å vere ute og ha dialog og bygge bru, sa Afsar på Dagsnytt 18 i førre veke.

Tilsettinga av Hasic kom etter at Kulturdepartementet løyvde nesten ein halv million kroner for å hjelpe organisasjonen i arbeidet med å styrke dialogen med storsamfunnet og samhaldet muslimar imellom, ifølge Klassekampen.

Med bakgrunn i merksemda omkring Islamsk Råd Norge dei siste dagane ønska departementet ein samtale om rådets rolle som dialogpartnar og paraplyorganisasjon for muslimar i Norge, opplyser kulturdepartementet til NRK.

Methab Afsar

PÅ VEG INN I MØTE: Generalsekretær Mehtab Afsar i Islamsk Råd Norge på veg inn i møte med kulturministeren.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Under ein pressekonferanse i etterkant av møtet med kulturdepartementet avviste generalsekretær Methab Afsar i Islamsk Råd at Leyla Hasic blir organisasjonen sitt ansikt ut.

– Kven får rolla å vere ansikt ut i organisasjonen?

– Det har aldri vore meininga at administrasjonskonsulenten i Islamsk Råd Norge, altså Leyla Hasic, skal ha den rolla. Den rolla har blitt tildelt henne av media, sa Afsar.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)