>
Ettekomarar på scena
Ein konsert med sterkt familiert tilsnitt. Ikkje den mest velregisserte konsert. Men, publikum fekk eit triveleg møte med kvedaren, blant anna gjennom arkivopptak frå NRK.
Mest interessant var det å følgje ettekomarane som var hyra inn som utøvarar til konserten.
Førebilete
Aslak Brekke (1901-78) var den første bygdesongaren som fekk sleppe til i NRK, allereie i 1931 song han på direkten. Ein viss mentalitet i hovudstaden er utestengt frå norsk kjensle, skreiv Eivind Groven i sine notatar etter at det vart klaga på programma med Aslak Brekke. Seinare vart det sterk interesse for songen tin Aslak. Og i dag er Aslak Brekke, frå Åbø i Ytre Vinje, førebilete for den mannlige syngemåten i Telemark.
Familiesong
Ragnhild Rinden
Til konserten var det samla nære slektningar av Aslak. Alle fortalde anekdoter og historier om sitt forholdt til Aslak og folkemusikken.
"Det var ikkje som kvedar vi kjende Aslak", men som bestefar, fortel Ragnhild Rinden. Saman med impulsar frå moderne musikk vart det difor ikkje direkte læring og vidareføring av tradisjonen.
Som far so son
Men mange av utøvararne har likevel bere med seg tradisjonen. I so måte var det kanskje ikkje overraskande at Karstein Brekke, son til Aslak Brekke, var den som låg nærast faren i uttrykk. Dette skuldast ikkje minst at han har ein stemme som ligg tett opp til faren si tenorrøyst.
Konserten sett under eitt gjev ingen tvil om at mange av slektningane til Aslak kunne vore dyktige kvedarar. Godt supplert under konserten var dei også av telemarkingane Geirr Lystrup og Halvor Nordjordet.
Knut Rinden
Likt og ulikt
Yngstemann og oldebarn, Knut Rinden, vrenger ut ein gitar-solo med variasjonar over ein av oldefaren sine songar. Då bryt den blide og nøgde programleiar Agnes Buen Garnås inn: "Å høyr, han spelar ikkje likt han heller frå gong til gong".
Og det er vel slik folkemusikktradisjonen er, anten den vert framførd vokalt eller instrumentalt.
Konsert under Landskappleiken på Rauland 2001. Raulandsakademiet fredag 29. juni 2001.