Hopp til innhold

Vogue rosar Jenny Hval

Den internasjonale motebibelen Vogue Italia anbefaler Jenny Hval for sine lesarar. Artisten får også merksemd frå prestisjemagasina The Wire og Mojo.

Jenny Hval

Tredjealbumet til Jenny Hval skal ut i nesten heile Europa og USA. Ho får rosande omtale i store magasin.

Foto: Karl Edwin Scullin

Songaren Jenny Hval, tidlegare kjent som Rockettothesky, er aktuell med si tredje plate, «Viscera». Den skal ut i nesten heile Europa og USA, og no kjem det skryt frå uventa hald. Italienske Vogue, det mest kjende motebladet i heile verda, rosar Jenny Hval.

«Lyttar du til musikken hennar høyrer du ein artist med stor kompetanse, både intellektuelt og musikalsk. Når det gjeld karriera hennar har ho ikkje gjort nokon feilsteg. Akkurat no hyllar dei kulturelle prestisjetidsskrifta den iskalde, surrealistiske songaren. Ho har allereie oppnådd eit godt rykte i det chice musikkmiljøet» skriv magasinet , som også dekkjer musikk.

Jenny Hval

Jenny Hval skal turnere i Europa og USA.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Europeisk lansering

– Kjempegøy! Eg var litt overraska over at Vogue skreiv om plata mi, men syns dei presenterte den på ein veldig fin måte. Dei har forstått kva den handlar om, og bladet har svært kulturinteresserte lesarar, seier Jenny Hval til NRK.no.

Plata skal ut i Italia og resten av Europa i løpet av mai, og Hval har fått gode tilbakemeldingar frå fleire land. I mars var ho med i ei utgåve av det amerikanske musikkmagasinet The Wire.

– Det var stort, eg er fast lesar av The Wire og det er menneske eg føler eg kan kommunisere med. Eg har ikkje eit stort apparat rundt meg, men er opptatt av å nå ut internasjonalt og jobbar langsiktig med det, seier Hval.

Den tyske filmregissøren I.J. Biermann lagde musikkvideo med Hval då han var i Noreg for ei tid tilbake. Videoen blir også presentert på nettstaden til The Wire :

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mojo er interessert

«Viscera» skal ut i Storbritannia, USA, Tyskland, Italia, Frankrike, Danmark, Sverige, Spania, Portugal, Japan, Belgia, Nederland, Luxembourg, Austerrike og Sveits. Plateselskapet Rune Grammofon opplyser at spesielt fleire britiske magasin har etterspurt plata.

Verdskjende Mojo Magazine har bekrefta at dei vil melde plata når den kjem ut.

Neste veke skal artisten spele konsertar i Danmark og Nederland, og i mai reiser ho til Spania, der ho har spelt fleire gongar før.

Plata fekk gode kritikkar både i Sverige og her heime i Noreg. Fleire engelske journalistar nytta musikkbransjetreffet by:Larm i Oslo til å skrive om artisten.

Les også:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh