Hopp til innhold

– Tradisjonell og fin VM-genser

Den offisielle strikkegenseren for VM på ski i Oslo 2011 vart i dag presentert av nye og gamle skiheltar. – Tradisjonell og fin, meiner moteekspertar.

I dag presenterte Dale of Norway VM-genseren for ski-VM i Oslo 2011. Sidan 1956 har Dale samarbeidd med Skiforbundet, og har til kvar ski-VM formgjeve ein strikkegenser.

Fleire kjende skiløparar var modellar på lanseringa av den nye VM-genseren, mellom andre Marit Bjørgen, Øystein "Pølsa" Pettersen, og Kjetil Jansrud.

Marit Bjørgen var ikkje nervøs for å vere modell for VM-genseren.

– Det skal nok gå bra. Det vert verre å vise seg fram i oppe Kollen i slutten av februar.

Tradisjonelle element

Marianne Jemtegård

Marianne Jemtegård

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Blant publikum under lanseringa av VM-genseren 2011, var det også nokre moteekspertar.

– Eg synest genseren er tøff. Særleg unisex-modellen som gutane hadde på seg var fin. Den har alle dei tradisjonelle norske elementa som åttebladsroser, men den er samstundes litt meir funky, seier Marianne Jemtegård, redaktør i motemagasinet Vixen.

– Eg er einig, eg synest han var veldig fin, seier Petra Middelthon, moteredaktør i Elle.

– Liknar D&G

Dei synest Dale of Norway har lukkast i å lage ein genser som har klart å modernisere det tradisjonelle.

– Det er gøy at det liknar ganske mykje på det Dolce&Gabbana har vist på motemoloen i vinter. Ein synest kanskje det er dyrt å kjøpe ein Dale-genser, men det er billegare enn å kjøpe D&G i alle fall, seier Jemtegård.

Innan mote er det no ein tendes at ein vil tilbake til det ekte, og fleire hentar no inspirasjon frå Noreg, meiner dei to moteredaktørane.

– Kjem vi til å sjå dykk i ein slik genser til vinteren?

– Ja, det trur eg, seier Petra Middelthon.

– Eg ville gjerne ha hatt den litt lenger, slik at eg kunne bruke han som minikjole med ei belte i livet, seier Marianne Jemtegård.

Nøgde utøvarar

Marit Bjørgen og Øystein Pettersen i VM-genser

Marit Bjørgen og Øystein Pettersen i VM-genser anno 2011.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Skiløparane som skal bruke VM-genseren er også godt nøgde.

– Genseren er veldig fin, med fin passform, han klør ikkje, og han er veldig god å ha på. Når vi arrangerer meisterskap på heimebane bør vi sjå litt bra ut sjølv også. Då er det fint å få ein Dale-genser, så vi får vist oss fram og sjå litt bra ut, seier Marit Bjørgen.

Utøvarane trur det har ein del å seie for lagkjensla at ein har like genserar.

– Det gjer at ein kjenner seg meir som eit lag, også overfor andre, at ein står saman, seier Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

– Det er så klart hyggjeleg å gå med eit norsk flagg i panna. Men det er ekstra hyggjeleg å vise noko litt særnorsk – å vise at det er vi som er nordmenn, og vi skal gje dykk juling, ler Øystein Pettersen.

VM-genser i over 50 år

Sidan 1956 har Dale stått bak alle VM-genserane til det norske skilandslaget. Og på lanseringa av den nyast utgåva var også nokre gamle heltar frå tidlegare VM på ski i Oslo på plass.

Bjørn Wirkola og Oddvar Brå

Bjørn Wirkola og Oddvar Brå i to gamle eksemplar av VM-genseren.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Skiløpar og gullvinnar frå Oslo-VM i 1982, Oddvar Brå og verdsmeister i skihopp under Oslo-VM i 1966, Bjørn Wirkola, har etter kvart fått ei solid samling Dale-genserar.

– Å vise at ein var frå Noreg var viktig, seier Oddvar Brå om tradisjonen med VM-genserar.

– Eg hugsar best den genseren frå VM i Innsbruck 1964, for det var min første, seier Bjørn Wirkola.

Men dei har ikkje noko imot at genserane har vorte litt meir moderne.

– Den nye genseren såg flott ut, og var faktisk litt meir behageleg enn dei gamle, seier Oddvar Brå.

Ski-VM i 1966

Reidar Bekkemellem, Odd Martinsen, Ole Ellefsæter og Gjermund Eggen kledd i Dale fabrikker sin VM-genser til VM i Oslo 1966.

Foto: Scanpix / SCANPIX

  • Kva synest du om den nye VM-genseren?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober