Dei eldste kinesiske tekster som finst, er rissa inn i skilpaddeskal. Det dreiar seg om spådommar, som etterkvart vart systematisert og kjent under namnet Yijing.
Alternativ kultur
No har einkvar bokhandel med respekt for seg sjøl ein Yijing- avdeling i hylla for "Alternativ litteratur", og dei meir populære bøkene der lovar at rikdom, lykke og suksess vil kome til den som bruker denne eldgamle, kinesiske spådomsboka som rettesnor i livet.
Så langt går ikkje Boktilsynet, men her presenterer vi ei ny omsetjing av Yijing til norsk frå klassisk kinesisk. Ole Bjørn Rongen har gjort denne jobben, og han møter du i Boktilsynet.
Boktilsynet, NRK P2
27. mars 2002