Hopp til innhold

Norske Eivind (17) gjekk vidare til europeisk musikkfinale

Bratsjisten Eivind Holtsmark Ringstad frå Oslo er klar for den internasjonale finalen i musikkonkurransen Eurovision Young Musicians etter helgas semifinale.

Eivind Holtsmark Ringstad

Eivind Holtsmark Ringstad spelte musikk av Brahms, Hindemith og Weber i semifinalen.

Foto: Erik Dyrhaug / NRK

14 semifinalistar frå like mange land har i helga spelt for den internasjonale juryen i Eurovision Young Musicians – den norske konkurransen heiter Virtuos – og søndag vart Eivind Holtsmark Ringstad utropt som ein av sju finalistar.

Finalen går i Wien fredag 11. mai, og vert sendt på NRK1 kl 22.15.

Sjå i nett-tv: Den norske finalen

Finale framfor 40 000

Ringstad var den siste av semifinalistane som skulle i elden, og han spelte musikk av Johannes Brahms, Paul Hindemith og Carl Maria von Weber.

– Eg er kjempeglad, og gleder meg til finalen, sa den unge bratsjisten etter at finaleplassen var sikra.

Fredag kveld må han førebu seg på å spele for 40 000 på Rådhusplassen i Wien, saman med musikarar frå Armenia, Austerrike, Polen, Tsjekkia, Kviterussland og Tyskland.

– Alle i finalen på ekstremt høgt nivå

– Alle sju som har kome til finalen, er på eit ekstremt høgt nivå, seier Christian Eggen, som er Noregs representant i juryen.

– Det er som om dei har vore solistar på internasjonalt nivå i 20 år!

Konkurransen vert halden annakvart år, og Tine Thing Helseth og Eldbjørg Hemsing er mellom dei tidlegare norske deltakarane i den internasjonale finalen.

Sjå Eivind spele under den norske finalen:

Video Eivind Holtsmark Ringstad i Virtuos-finalen 2012

Eivind Holtsmark Ringstad i Virtuos-finalen 2012

– Har ein nesten skammeleg naturleg musikalitet

Då Eivind vann den norske Virtuos-finalen i mars, fekk han også med seg Den norske solistprisen på 100 000 kroner, og gjeve konsertoppdrag med Kringkastingsorkestret og under Festspillene i Bergen.

Les: Eivind ble årets Virtuos

Kringkastingsorkestrets avtroppande sjefdirigent Thomas Søndergård dirigerte under den norske Virtuos-finalen, og var imponert over den unge solisten:

– Han har ein nesten skammeleg naturleg musikalitet i spelet sitt, med initiativ, klang og nerve. Han musiserer ærleg, og eg er sikker på at eg kjem til å jobbe meir med han i framtida, sa Søndergård etter finalen.

Eivind byrja å spele fiolin då han var fem år, og skifta til bratsj som 14-åring. No går han på musikklinja på Foss vidaregåande i Oslo, og på Barratt Due Musikkinstitutt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.