Hopp til innhold

Då Vilnius fekk turistane til å kome med sex-reklame, fann Oslo eit potent svar

Det var mange som kom då Vilnius profilerte seg som Europas g-punkt. Då ein komikar gjorde narr av kampanjen, følgde Oslo opp med å ta tittelen som Europas klitoris.

Reklamekampanje for Vilnius

Go Vilnius ønskte å setje Vilnius på kartet gjennom reklamekampanjen ​​​​​​​«Vilnius ​​​​​​​ – the G-spot of Europe». Kampanjen ser ut til å ha hatt ein effekt etter at den litauiske hovudstaden har merka ein auke i turiststraumen det siste året.

Foto: Utsnitt fra nettside

Ifølge reiselivsselskapet som skal marknadsføre Vilnius som reisemål, har hovudstaden i Litauen mykje å by på. Blant anna ein gamleby som står på verdsarvlista og eit moderne uteliv.

Problemet er at svært få veit kvar byen og landet ligg. Difor valde dei å lage ein reklamekampanje retta mot den britiske og tyske marknaden, der berre åtte prosent visste kvar landet låg.

Med slagordet «Ingen veit kvar det er, men når du funn det, er det fantastisk. Vilnius – Europas g-punkt», skulle dei lokke turistar til reisemålet.

I alt var det 12,5 prosent fleire som kom etter kampanjen. Ser ein på målgruppa, auka talet på tyskarar og britar med 37,8 prosent og 20,5 prosent, melder CNN.

– Målet vårt er å få unge, nysgjerrige turistar interesserte i å oppdage nye spennande reisemål, seier turistsjefen i Vilnius, Inga Romanovskiene, til kanalen.

Kampanjen skapte også ekstase då han nyleg blei kåra til den beste reiselivskampanjen for ein by under utdelinga av International Travel & Tourism Awards.

Inga Romanovskiene i Go Vilnius

Inga Romanovskiene i reiselivsselskapet Go Vilnius under lanseringa av reklamekampanjen i august i fjor.

Foto: PETRAS MALUKAS

Kontroversiell kampanje

Det skapte debatt då kampanjen blei lansert i august i fjor, kort tid før pave Francis skulle besøke byen. Biskopen i Vilnius, Gintaras Grusas, meinte reklamen kunne vere øydeleggande for byen.

– Kampanjen kan forsterke inntrykket av Vilnius som ein by for sex-turisme og utnyttar kvinneleg seksualitet, sa han ifølgje Newsweek.

Tidlegare ordførar i byen, Arturas Zuokas, kritiserte også kampanjen, og meinte han var gammaldags.

– Ingen i Vesten bruker sexistiske referansar i marknadsføring lenger, spesielt ikkje når vi snakkar om offentlege styresmakter, sa han til AFP.

Kampanjen fekk også stor merksemd i sosiale medium då han blei lansert. Og fekk også brei omtale i talkshowet «Last Week Tonight» med John Oliver.

Oslo tok komikar på ordet

I innslaget avslutta Oliver med å seie at andre reisemål burde følgje Litauens eksempel, og marknadsføre seg med slagord berre for vaksne. Blant byane han «utfordra» var Oslo:

– «Oslo – Europas klitoris». Det er ikkje slik at det så vanskeleg å finne, men folk har ikkje peiling på kva dei skal gjere der, når dei først er der.

Og Visit Oslo valde å ta han på ordet, og lanserte ein kampanje der dei trekte fram sensuelle attraksjonar som Monolitten, Holmenkollens kurver, og sjølve klimakset, ifølgje turistkontoret: «Skrik».

Kommunikasjonssjef Sonja Birch-Olsen i Visit Oslo seier å spele på sex er ein sikker måte å få merksemd på. Men dei meinte dei måtte gi Oliver eit svar:

– Vi prøvde å svare på ein vits som konkluderer med at det ikkje er noko særleg å sjå eller gjere i Oslo. Men Oslo har mykje å by på! Og for å få merksemd om svaret også, var det naturleg å spele litt på dei same elementa, altså sex, i svaret, seier ho.

Svaret blei delt på sosiale medium, og resultatet var tilfredsstillande.

– Visit Oslo har aktive og engasjerte følgarar på Facebook, og denne utradisjonelle posten gav litt ekstra spreiing og positivt engasjement.

Nasjonalgalleriet stenger

Edvard Munchs «Skrik» er sjølve klimakset i eit Oslo-besøk, meiner Visit Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Men Birch-Olsen tvilar på at dei kjem til å bruke slagordet i vidare marknadsføring av hovudstaden.

– Dette er ikkje ei linje vi kjem til å følgje vidare, men vi kjem til å halde fram med å utnytte den merksemda Oslo får i internasjonale kanalar til å fortelje om byen som reisemål, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober