Isabel Marant viste dongeri på dongeri under moteveka i Paris, saman med frynsestøvlettar.
Foto: PIERRE VERDY / AfpProenza Schouler haust- og vinterkolleksjon 2011.
Foto: Stephen Chernin / ApWestern er eit ord som ofte er blitt forbunde med Ben Cartwright og småfeite Hoss i «Bonanza». Men noko er i gjære; slitte skjorter og uforma bukser har blitt forvandla til kule dongeribukser og moderne skjorter, nærmare New York og Paris enn ranchen Ponderosa.
Indianarinspirerte mønster, semska skinn, frynser på frynser og fjær er nokre av elementa på catwalken som røpar vestleg inspirasjon.
– Fleire av designarane har gått tilbake til det opprinnelege, dei har gått i arkiva til motehusa og henta inspirasjon derifrå, men brukt nye stoff. Kanskje heng inspirasjonen frå den ville vesten saman med at vi er opptatt av naturen og vil tilbake til røtene våre, seier moteredaktør i Elle, Petra Middelthon, til NRK.no.
Designarduoen Jack McCollough og Lazaro Hernandez i Proenza Schouler drog på roadtrip til heimstaden Santa Fe for å hente inspirasjon til haustsesongen.
Dei kom tilbake med gamle vevde tepper, som dei klipte opp, sydde om med nye stoff og gjorde om til kjolar. Den gamle handverkstradisjonen og indianarmønster var gjort moderne med bruk av knallfargar og digital print.
«Huset på prærien»
– Heile den ville vesten er ein kjempetrend, og det inneber alt frå cowboyar og indianarar til «Huset på prærien». Det går igjen både til hausten og sommaren, seier Petra Middelthon.
Ho framhevar den amerikanske designaren Ralph Lauren, som hadde ei sommarvisning som var kjempeinspirert av TV-serien «Huset på prærien».
– Fleire har henta inspirasjon frå «Huset på prærien», og miksa brunt skinn, ponchoar og vide støvlar. Det som kjenneteiknar denne stilen er tynne delikate stoff i lag på lag, småblomstrete mønster og blonder miksa med skinn, semska skinn og jeans, seier Middelthon.
Les også:
(Artikkelen held fram under biletet)
Naturleg hår og fjærsmykke frå Isabel Marant.
Foto: PIERRE VERDY / AfpMusikk inspirert av Ennio Morricone
«The Good, The Bad and The Ugly» er kanskje erkeeksempelet på ein klassisk westernfilm, med Clint Eastwood som den klassiske cowboyen i hovudrolla. Klassisk er også musikken, laga av Ennio Morricone, som er blitt til inspirasjon for den amerikanske musikaren Danger Mouse.
Plata «Rome» er ikkje berre inspirert av filmane «The Good, The Bad and The Ugly» og «A fistful of dollars», han har fått med seg nokon av originalmusikarane til Ennio Morricone på innspelinga.
Plata er spelt inn i Morricone sitt gamle studio i Roma, og med på laget er også Norah Jones og Jack White. Heile plata har dei lagt ut for gratis streaming på YouTube.
- Lytt til westernmusikken her:
Western på lerretet
Westernfascinasjonen viser seg også på filmlerretet. «True Grit» hausta gode kritikkar og mange Oscar-nominasjonar i år. Hovudrolleinnehavar Jeff Bridges fann inspirasjon i John Wayne og Matt Damon kledde seg i frynsejakke og cowboyhatt for første gong. Filmpolitiets Birger Vestmo kalla den «ein morosam western med tøffe heltar, skitne skurkar, skarpe duellar, skarpare whisky, menn som må beskytast og kvinner som må beskyttast».
- Les anmeldelsen her
(Artikkelen held fram under biletet)
'True Grit' er ein av westernfilmane som har trekt mykje publikum den siste tida.
Foto: Photo Credit: Lorey Sebastian / Lorey Sebastian«Meek's Cutoff» tar utgangspunkt i prærien i Oregon i 1845, med Michelle Williams som ein av dei heimlause vandrarane, på jakt etter betre kår blant indianarane.
Vogue peiker på at det er ei temmeleg rå og sterk historie, og at det difor kan vere upolitisk korrekt å peike på dei fantastiske kostyma.
– Likevel, det må vi, skriv motebladet.
Digitale cowboyar
Cowboyane har også inntatt nye arenaer. «Red Dead Redemption» er eit action-eventyrspel sett i eit westernmiljø. Mesteparten av spelet finn stad i 1911, med John Marston i «hovudrolla», ein tidlegare kriminell som leitar etter familien sin. Referansane til Clint Eastwood og Sergio Leone er tydelege. Spelet kom ut i fjor på X-box og Playstation, og fekk toppkarakter frå Filmpolitiet.
- Les anmeldelsen her
Likar du betre den gamle ville vesten? Det blir westernsommar på NRK2 i år, med nemnde «The Good, The Bad and The Ugly», «Roosters Cogburn» og mange fleire på programmet, kvar laurdag. Garantert med cowboyar, pistolduellar og vakre kvinner. Gå vestover.
Red Dead Redemption kom ut i 2010 og fekk toppkarakter av NRK Filmpolitiet.
Foto: Rockstar Games