MIR var i starten ein duo med base i Bergen beståande av Jo Inge J. Frøytlog og Alfred Cornelius Reines Hals. Etter kvart har dei to blitt fleire.
- Vi såg og høyrde at det var behov for både bass og trommer. Difor vart vi fleire då vi etablerte oss i Oslo i fjor, forklarar Alfred Cornelius.
I dag består bandet av fem medlemmar som spelar melankolsk rock.
Suksess på tv, vanskar på bar
Det var fyrst etter ein opptreden på TV2s ”God Morgen Norge” i fjor vår at bandet flytta til Oslo. Jo Inge og Alfred fekk så stor respons på det dei gjorde at ein bestemte seg for å satse hundre prosent på musikk. For å halde dei økonomiske hjula i gang fekk dei hjelp av Jahn Teigen.
- Men det var ikkje berre berre å gjere det. Vi var med i bandet hans ved ein rekkje konsertar, og han booka oss inn fast på ein pub på Aker Brygge. Men etter nokre månadar fekk vi sparken frå puben på Aker Brygge fordi eigaren tapte 10000 kroner i omsetning kvar gong vi spelte der.
Alfred Cornelius og resten av bandet er langt i frå bitter på grunn av det.
- Når hippe Aker Brygge-babes tek med sine kavalerar på byen, er det vel meir eit vilt og hemningslaust party dei søkjer. Ein MIR-konsert vert noko heilt anna, nemleg lytting og konsentrasjon.
På jakt
Etter brotet med Teigen er MIR på jakt etter det plateselskapet som klarer å sjå kven og kva bandet er. Målet er å gjeve lyttaren ein innhaldsrik oppleving. Namnet MIR er med på å forsterke opplevinga.
- Ordet ”MIR” har svært mange tydingar. Det som er felles for dei alle er at dei djupast sett handlar om noko positivt. Musikken vår er kanskje trist i mange sine øyrer, men den musikalske opplevinga er truleg alt anna enn trist, seier vokalist Jo Inge Frøytlog.
Mir er:
Jo Inge Johansen Frøytlog (låtskrivar, vokal, gitar, piano)
Alfred Cornelius Reines Hals (fiolin)
Thomas Emil Jacobsen (trommer)
Håvard Stokkstad (bass)
Aleksandra Bråten (vokal)