Hopp til innhold

Vil smelle av restrakettane

Skal ulovlege rakettar for 35 millionar kroner få fyrast av 31. desember i år, eller skal dei destruerast i forbrenningsovnar? - Lat oss få selje dei, seier importørane. - Eit forbod er eit forbod, seier styresmaktene.

Fyrverkeri
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Høyr:  Vil smelle av restrakettane

For å redusere antal skader og ulukker har Justisdepartementet gitt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i oppdrag å utforme eit nytt regelverk der blant anna rakettar med styrepinne blir forbode å bruke for privatpersonar.

Forslaget til nytt regelverk skal snart ut på høyring, og forbodet blir truleg innført før nyttårsafta i år.

Fyrverkeri

Då den fyrste dagen rann i 2008, sat importørar og forhandlarar framleis på fyrverkeri som blir omfatta av eit forbod.

Foto: Aina Rødal / NRK

Men då den fyrste dagen rann i 2008, sat importørar og forhandlarar framleis på fyrverkeri som blir omfatta av eit forbod, og bransjen har rekna ut det finst varer til ein verdi av 35 millionar kroner i Norge som snart vil vere ulovlege å selje.

Kan føre til konkursar

Rolf Terkelsen, leiar i Norsk Pyroteknisk Bransjeråd, seier dei sjølvsagt vil bidra til å redusere talet på ulukker, men han ber no om å få selje restlageret i stadenfor å destruere det. Han seier kostnadene blir for store for dei 8-9 importørane, og er redd det vil føre til konkursar. Får dei ikkje selje rakettane, seier han styresmaktene må kompensere tapet dei sit att med.

Terkelsen er dessutan kritisk til at eit forbod blir innført så fort, og seier Justisdepartementet lova dei meir tid. Varene frå Kina blei nemleg bestilt lenge før justisminister Knut Storberget varsla eit mogleg forbod.

Men avdelingsleiar i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Siri Hagehaugen, seier bransjen hverken vil få dispensasjon eller kompensasjon. Ho meiner dei har fått god tid til å førebu seg på regelendringa, og dessutan gjeld forbodet berre for privatpersonar. Bransjen kan framleis selje slikt fyrverkeri til profesjonelle aktørar.

Norgesglasset NRK P1

 

 

 

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)