NRK Meny
Normal

– Fildelingskampanje set opphavsrett framfor personvern

Fire nye lovendringar må til for å stoppe ulovleg fildeling, meiner 37 norske opphavsrett-organisasjonar. – Dette fjernar grunnleggjande rettar, meiner Elektronisk Forpost Norge.

Nedlasting og fildeling, illustrasjonsbilde

Ulovleg fildeling er eit stort problem, meiner 37 opphavsrettorganisasjonar. Dei har kome med forslag til fire lovendringar.

Foto: AP

37 norske opphavsrettorganisasjonar står bak oppropet Dele – ikke stjele , mot ulovleg fildeling på internett. Dei har no sendt inn sine innspel til Kulturdepartementet sin revisjon av åndsverkslova .

Elektronisk Forpost Norge (EFN) reagerer på forslaga Dele – ikke stjele har kome med.

– Dei vil gjere det veldig enkelt å fråta heilt vanlege menneske heilt vanlege rettar, som retten til å vere på internett. Dei vil hente ut data om kva du har lasta ned, blokkere tilgang til nettstader, og sperre tilgangen til internett, seier nestleiar i Elektronisk Forpost Norge, Bjørn Remseth.

Føreslår lovendringar

Opphavsrettorganisasjonane meiner at åndsverkslova, slik ho er i dag, ikkje er god nok til å stoppe ulovleg fildeling.

Dei føreslår difor fire lovendringar:

  1. Ein må sikre rettsleg tilgang til å samle inn, registrere og lagre trafikkopplysingar slik som IP-adresser.
  2. Ein må sikre ei praktisk ordning for å få informasjon om identiteten bak IP-adressen (abonnenten). Utan denne informasjonen kan opphavsretten ikkej handhevast av opphavsretteigarane ved sivilrettslege tiltak.
  3. Ein må etablere ei varslingsordning overfor fildelarar, som ved gjentekne krenkingar skal sanksjonerast med fleire tiltak.
  4. Ein må innføre ein klar og utvitydig heimel for å kunne sperre (blokkere) tilgangen til nettstader som formidlar ulovlege filer. Eit slikt pålegg må kunne rettast mot internettleverandøren.

– Viss vi ikkje løyser dette med opphavrett på internett på ei overordna nivå, risikerer vi at all kulturskaping klappar saman, fordi det ikkje vert mogleg å tene pengar på å lage musikk, filmar og bøker, seier Bjarne Buset i Den norske forleggerforening.

– Fjernar grunnleggjande rettar

EFN forstår likevel til ein viss grad forslaga frå opphavsrettorganisasjonane.

Bjarne Buset

Bjarne Buset frå Den Norske Forleggerforening, ein av 37 organisasjonar som står bak notatet til Kulturdepartementet.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

– Dei har eit rimeleg behov for å verne om rettane til opphavsretteigarane, men dei går veldig langt i å fjerne heilt grunnleggjande rettar for vanlege menneske, seier Remseth.

– Dersom ein stengjer tilgangen til The Pirate Bay, som har erklært at dei ikkje tek omsyn til opphavsretten, så avgrensar ein i ein viss forstand fridomen. Men den grensa er folk nøydde til å forstå, seier Bjarne Buset.

Men han presiserer at ein trass at ein vil ha eit system med åtvaringar, ynskjer ein ikkje at nett-tilgangen skal verte stengt heilt, slik det til dømes er i Frankrike.

Usamd i kritikken

Overvakinga som må til for å gjennomføre forslaga, er EFN svært skeptiske til.

– Tenk om nokon skulle be om å få oversikt over alle breva du mottek, kva aviser du les, kva du låner på biblioteket – det er minst like intimt å få vite kva IP-adresser du har vore i kontakt med, seier Remseth.

Bjarne Buset meiner at EFN har eit fundamentalistisk og bakstreversk syn på overvaking på internett.

– Eg er heilt usamd i den kritikken. For det første føregår det allereie meir overvaking enn det vi her diskuterer, seier Bjarne Buset.

Ein nøytral instans, til dømes Medietilsynet bør vere ansvarleg for ei slik overvaking, slik at informasjonen ikkje kan misbrukast, meiner Buset.

Sivil rettssak

EFN reagerer også på punktet om at ein vil ha moglegheit til å føre saker for sivil rett.

– I ei sivil rettssak har ein ikkje rett til å få oppnemnt forsvarar. Dersom du må betale forsvarar av eiga lomme, og i tillegg møter ein veldig rik motstandar, stiller du langt dårlegare i ein sivil rettssak, seier Bjørn Remseth.

Det vil føre til at mange ikkje ha råd til å forsvare seg, trass i at dei kanskje ikkje har gjort noko gale, hevdar Remseth.

– Det viktigaste er at det vert effektive måtar å handheve opphavsretten på. Men det er også viktig at ein ikkje øydelegg informasjonsfridomen, rettstryggleiken eller trakkar over personvernet, seier Bjarne Buset.

  • Korleis meiner du ein best kan syte for at opphavsretten vert overhalden?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.