Vil ikkje publisere bok på internett

Den nye boka til Cory Doctorow er lansert både i vanleg papirutgåve og gratis på internett i heile verda. Men forlaget i Noreg set seg på bakbeina for at det same skal skje her til lands.

Cory Doctorow

Berre halvparten av boka Veslebror ser deg kan lastast ned gratis på internett. Forfattaren Cory Doctorow skulle gjerne sett at heile boka var fritt tilgjengeleg på norsk på internett.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Forlaget Samlaget legg ut halve boka gratis på internett, men vil du lese heile, må du kjøpe papirutgåva. Dette er mot forfattaren si vilje.

Tilhengjar av gratis publisering på internett

- Eg gjev vekk bøkene mine fordi eg trur eg tenar meir pengar på det. Det same gjeld her i Noreg, seier Cory Doctorow.

Den kanadiske forfattaren er kjend for å vere ein ivrig tilhengjar av gratis publisering på internett. Han meiner gratis elektroniske utgåver av bøker sel dei trykte bøkene.

- Det er ikkje berre ein moralsk eller artistisk oppmuntring å gje arbeidet vekk. Eg trur det er eit kommersielt verkemiddel når eg vel å gje vekk ting det eg skriv, fortel Doctorow.

Boka Little brother er publisert i ei rekkje land på til saman 16 språk. Alle er gjort tilgjengeleg på internett samtidig som den trykte boka er lansert - utanom i Noreg.

Prøver å overbevise forleggar

Den norske versjonen Veslebror ser deg er lansert, men berre halve boka er gratis på nettsidene til forlaget. Forfattaren prøvar no å overbevise sin eigen forleggar om at ein gratis nettversjon gjev klingande mynt i kassen.

- Forleggaren min har endå ikkje komt til det punktet der dei er villege til å legge heile boka ut på internett gratis. Eg trur dei vil gjere det i framtid og etterkvart kanskje også anna stoff, seier forfattaren.

Den norske bokbransjen har ikkje avgjort korleis dei skal handsame bøker på internett. Spørsmål kring opphavsrett og tekniske løysingar er framleis på diskusjonsstadiet.

Det er forlagsredaktør i Samlaget Ragnfrid Trohaug som foreløpig berre vil gjere halve boka til Doctorow tilgjengeleg på internett.

- Dette er ein av dei største debattane som føregår i den norske bokbransjen. Vi har lagt ut halve boka på nett og for å gje lesaren ein moglegheit til å laste ned og lese noko av det. Håpet er at ein også har lyst å lese resten, seier Trohaug.

Lang veg å gå

Trass gratis versjon på internett andre stader, er over nitti tusen utgåver av boka selt. Trohaug ser at argumentasjonen til den kanadiske forfattaren kan ha noko i seg.

- Dei argumenta skal vi tygge meir på i norsk bokbransje og sjå på alle sidene.

Men foreløpig torer de ikkje gå den lange vegen?

- Foreløpig har vi ikkje gått den lange vegen nei.

Kva er det de er så redd for, når Doctorow er eit bevis på det fungerar?

- Vi må sjå på korleis bokbransjen skal handtere dette vidare. Ting er i rørsle, vi må berre sjå kor det endar, seier forlagsredaktøren.

Merkeleg mellomting

Redaktør i NRKbeta Øyvind Solstad meiner dette tyder på at bokbransjen ikkje har lært av dei feila platebransjen har gjort.

- Her er ein forfattar som har gode erfaringar med å marknadsføre og selje bøker på denne måten. Samlaget kunne brukt det som eit eksperiment på korleis dette fungerar i praksis. I staden velgjer dei ein merkeleg mellomting.

- Kva skal ein gjere når ein har lest halve boka, spør Solstad, som er skuffa over at det ikkje ein gong er eit val å kjøpe heile boka som ei pdf-fil.

Kulturstrøm

  • Eddie Money er død

    Den amerikanske rockesangeren Eddie Money er død, 70 år gammel. Money hadde hits som «Two Tickets to Paradise» og «Take Me Home Tonight» og takket for seg som politimann i New York for å bli en av de mestselgende sangerne i USA på 1970- og 80-tallet (NTB).

    Eddie Money
    Foto: Darron Cummings / AP/Scanpix
  • Pondus fikk øl-nei

    Tegneserieforfatter Frode Øverli fikk nei av Helsedirektoratet da han ville bruke tegneseriefigurene Jokke og Pondus på ølbokser, skriver Bergens Tidende.