Hopp til innhold

Vil ikkje la «Thelma» konkurrere om Amanda

Den kritikarroste filmen «Thelma» kjem ikkje til å delta på Amandaprisutdelinga neste år. Grunnen er at produsentane av filmen meiner det i klassa beste kinofilm blir lagt for stor vekt på publikumsappell.

Thelma

«Thelma» har fått svært gode kritikkar, og er godt besøkt på kino. Men produsentane av filmen meiner det er feil at besøkstal skal ha noko å seie når den beste kinofilmen skal kårast under Amandaprisutdelinga.

Foto: Motlys AS / SF Studios

Filmen «Thelma» var opningsfilmen under Filmfestivalen i Haugesund i år, og er norsk Oscar-kandidat. Men det er uaktuelt at filmen vender tilbake til byen for å delta på Amandaprisutdelinga neste år, skriv VG.

I reglementet til prisen står det blant anna at vinnaren av prisen for beste kinofilm må ha publikumsappell. Det likar produsentane av filmen så dårleg, at dei har meldt frå om at det ikkje er aktuelt for dei å delta til neste år.

Dei meiner at regelen betyr at ein norsk Gullpalmevinnar eller Oscar-vinnar for beste framandspråklege film som ikkje har hatt eit stort nok publikum blir diskvalifisert frå å vinne Amanda.

Thomas Robsahm og Joachim Trier

Produsent Thomas Robsahm (t.v.) og Joachim Trier fekk Nordisk Råds filmpris for filmen «Louder Than Bombs» i fjor. No gjer reglementet til Amandaprisen at dei ikkje vil melde på deira nye film, «Thelma».

Foto: Olafur Steinar Gestsson / NTB scanpix

Meiner «Thelma» er kvalifisert

«Thelma» hadde kinopremiere 15. september, og er så langt seld over 32.000 billettar. Filmen er den sjette mest sette film på kino den siste veka. Produsent Thomas Robsahm avviser overfor VG at dei gjer dette for egen del.

– «Thelma» har ein klar publikumsappell, så vi gjer ikkje dette for eigen del, tvert i mot smerter det oss fordi vi meiner «Thelma» vil kvalifisere til fleire prisar. Men vi kan ikkje lenger finne oss i at Amandaprisen opererer på ein heilt annan måte enn alle andre nasjonale filmprisar i verda, seier han.

Den førre filmen til Joachim Trier, «Louder Than Bombs», blei sett av nesten 22.000 på kino. Medan «Oslo 31. august» frå 2011 blei sett av nesten 65.000, og debutfilmen «Reprise» selde over 49.000 billettar.

Mange har kritisert og protestert mot at eit stort kinopublikum skal vere eit kriterium for å vinne prisen.

Skal sjå på reglementet

Leiaren for Amandakomiteen, Tonje Hardersen, seier til avisa at dei alltid er opne for å endre reglementet.

– Vi evaluerer og diskuterer eventuelle endringar kvart år, men dette har vikke gjort enno i år, slik at dette utspelet kjem oss litt i forkjøpet. Komiteen har sitt første møte etter sommaren onsdag, og då vil dette bli diskutert.

Dei siste åra har Amandaprisen til beste kinofilm gått til «Kongens nei», som blei sett av over 730.000, «Bølgen» som blei sett av over 830.000 og «Børning» som blei sett av over 380.000.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)