Vil ikkje kommentere sponsorkritikken

- "Oslosenteret for fred og menneskerettigheter" bør kvitte seg med Aker ASA som sponsor, meiner SV-politiker Ivar Johansen. Aker sitt underselskap Aker Kværner blir etterforska for medverknad til tortur på Guantanamo-basen på Cuba.

Kjell Magne Bondevik og Burmas eksilstatsminister Sein Win.
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

På Guantanamo-basen på Cuba er omfattande tortur og grove brot på menneskerettane dagleg kost for fangane. Norske Aker Kværner har innrømma å ha utført vedlikehaldsoppgåver i fangeleiren i fleire år. Det nasjonale statsadvokatembetet undersøker no om det er grunn til å reise tiltale for medverknad til tortur.  

 

Eit senter som har omgrepet menneskerettar i seg, må fordømme brot på menneskerettane

Ivar Johansen (SV)

Samtidig mottek Oslosenteret for fred og menneskerettar sponsorpengar frå moderselskapet Aker ASA.

Ivar Johansen i SV er kritisk:

- Eit senter som har omgrepet menneskerettar i seg, som en del av sin logo, må forholde seg til brot på menneskerettane, seier Johansen.

 

 

Ivar Johansen (SV)

Kjell Magne Bondevik vil ikkje uttale seg om sponsoravtalen med Aker ASA.

- Bør finne andre finansieringskjelder

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik oppretta Oslosenteret for fred og menneskerettar i januar i fjor. Med på laget er også tidlegare olje- og energiminister Einar Stensnæs som er direktør og stortingspresident Thorbjørn Jagland som er styreleiar.

Kjell Inge Røkke og Aker ASA er ein av mange private sponsorar og bidreg med 1 million kroner årleg av eit budsjett på 10 millionar. Senteret bør revurdere avtalen, meiner Johansen.


- Enten må dei finne andre finansieringskjelder - noko som ville vere klokt - eller så kan dei i alle fall markere at dei er uavhengige ved å meine noko om Guantanamo-basen og Aker Kværner sitt engasjement der, seier Johansen. 

 

- Amnesty ville ha takka nei

Også Amnesty International Norge, og generalsekretær John Peder Egenæs, stiller spørsmål ved ein slik sponsoravtale.

 

 

Øistein Mjærum og Kjell Magne Bondevik
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Vi kunne aldri - slik situasjonen er - ha teke i mot finansiell støtte frå Aker. Slik Aker Kværner og Aker ASA har opptrått i Guantanamo Bay-saka, kunne vi ikkje gjort det, seier han.

 

- Bondevik må på banen


I slutten av mars var Oslosenteret på tur til Cuba for å vurdere eit fredsprosjekt der. Samtidig blir altså ein av sponsorane etterforska for å ha medverka til tortur eit steinkast unna. Også Egenæs meiner det er på tide at Oslosenteret går ut med ein offentleg kritikk av Aker Kværner.

- Eg synes det ville vere heilt på sin plass at ein tidlegare statsminister - som i kraft av å vere statsminister gjekk ut og fordømte mishandlinga og fangebehandlinga i Guantanamo Bay - gjekk ut og sa kva han meinte om Aker Kværner si tidlegare verksemd der.

 

Vil ikkje meine noko om Aker Kværner


Pressekontakt for Oslosenteret, Øistein Mjærum, avviser at sponsoravtalen med Aker ASA er problematisk, men vil ikkje kommentere skuldingane mot Aker Kværner.

Thorbjørn Jagland
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

 

 

- Vi har ingen meininger om Aker Kværner, vi har ei meining om fangebehandlinga på Guantanamo-basen, som vi fordømmer på det sterkaste. Den motarbeider kampen for ei tryggare verd, seier han.

- Så de har ingen meininger om norske verksemder sitt engasjement der?

- Aker Kværner er ikkje dømt for noko på Guantanamo, men vi forholder oss fritt til å kritisere alle norske verksemder som eventuelt måtte vere involvert i fangebahandlinga på Guantanamo, seier Mjærum. 
  

Kan bli rettssak


Etterforskinga av Aker Kværner ligg hos det nasjonale statsadvokatembetet, som seier dei jobbar med saka så fort dei kan. Dersom det skulle bli ei rettssak mot Aker Kværner vil det vere den første mot eit norsk selskap for handlingar i utlandet.

Kulturstrøm