Hopp til innhold

Vil du ha mindre arveavgift?

Kva er eigentleg arveavgift? Her får du gode tips om korleis du kan redusere den mest mogeleg.

Penger
Foto: Scanpix / SCANPIX

Mange nordmenn ser på arveavgifta som urettferdig. I Sverige fjerna dei denne avgifta for to år sidan. Men kva er denne avgifta som fylte opp statskassa vår med heile 1,9 milliardar 2005?

- Dette med arveavgift får fleire og fleire kjennskap til. Og kor mykje denne avgifta er på kjem ann på kven det er som arvar, fortel økonom Siw Ødegaard til Frokost-TV.

Gift eller ikkje?

Det er for eksempel forskjell på om du arvar frå ektefelle eller sambuar.

- Blant ektefelle er det ikkje arveavgift i det heile tatt, blant sambuarar er det litt annleis. I utgangspunktet er det ikkje noko arverett her, men har dei skrive eit testament, har budd saman i 2 år eller har felles born så får dei heller ikkje arveavgift.

Men det er ikkje slik for alle.

- For alle andre som får ei arv, må dei betale avgifta. Då er det slik at dei har eit fribeløp på 250 000 kroner per person dei arvar frå.

Arveavgift

- Med 300 000 over dette betalar du 8% av arveavgifta. Om det er foreldre ein får arva av. Det er 10% om det er frå andre. Over 550 000 kroner er det 20% arveavgift mellom born og foreldre og 30% frå andre.

- Og då er det snakk om høge beløp.

Det fins råd

- Rådet er å kanskje dele arva på fleire. I staden for å ta heile arva sjølv så kan ein då la delar av arva gå vidare til sine born, og då får den personen og eit fribeløp på 250 000 kroner.

Men då må ein faktisk gje desse pengane til borna.

Arveavgift

Andre råd:

- Å dele arva på flest mogeleg

- Avgiftsfrie gåver

- Å gje støtte til studie

Men hugs at det ikkje berre er avgift på arv, men og på gåver.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.