Hopp til innhold

Vil byte namn til 'Jackson'

Den ukrainske landsbyen Oktjabrskoje vil endre namn til 'Jackson', som ein hyllest til Michael Jackson.

Michael Jackson
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Innbyggjarane i landsbyen Oktjabrskoje i Zaporizhija regionen, sør-aust i Ukraina har levert ein førespurnad til regionsparlamentet om å endre namn til Jackson, fortel Oleg Kislitsyn, fullmektig i regionsparlamentet, til AFP.

- Det er mange Michael Jackson fans der. Dei vil udødeleggjere han, seier Kislitsyn.

Håper på turistar

Kislitsyn fortel at han hadde eit møte med innbyggjarane på onsdag, for å diskutere framlegget om å kalle opp landsbyen etter den nyleg avdøydde popstjerna Michael Jackson. Kommunestyret skal ta opp saka i august.

Oleg Kislitsyn synest at det er ein god ide, trass i at han sjølv ikkje er Michael Jackson-fan.

- Dei vil lage eit hus-museum og samle platene hans der. Dette er ein deprimert region, alle fabrikkane er nedlagde. Dei håper namnebytet vil tiltrekkje seg turistar, seier Kislitsyn.

Det er ikkje noko klart band mellom Oktjabrskoje og Michael Jackson, men Kislitsyn meiner at globaliseringa av verda gjer at dette ikkje er unaturleg.

Det er ikkje første gongen landsbyen skiftar namn, som så mange andre stader i tidlegare Sovjetunionen. Namnet Oktjabrskoje fekk landsbyen etter Oktober-revolusjonen i 1917, der kommunistane kom til makta.

Kulturstrøm

  • Deler av Twitters kildekode lekket på nettet

    Utdrag av Twitters kildekode har blitt lekket på nettet, og det Elon Musk-eide selskapet leter nå etter den ansvarlige.

    Ifølge et rettsdokument ble deler av kildekoden lagt ut på den Microsoft-eide plattformen Github. Den brukes for deling av kode for programvareutvikling.

    Det skriver The New York Times.

    Kildekoden ble postet av en bruker som kalte seg «FreeSpeechEnthusiast». Ifølge Github ble koden fjernet fredag på forespørsel fra Twitter.

    Nå har Twitter bedt en domstol i California om å gi informasjon som kan identifisere personen bak «FreeSpeechEnthusiast», ifølge dokumentet som ble levert domstolen 24. mars.

    Github har ikke svart på Reuters' spørsmål om hvorvidt de har gitt Twitter denne informasjonen. Twitter har heller ikke svart på en forespørsel om kommentar. (NTB)