NRK Meny
Normal

Heidrer drepen pianist med musikkvideo

Dagen etter at den russisk-norske pianisten Natalia Strelchenko blei drepen av sin norske ektemann, fekk Viktoria Winge ideen til songen «Fireball».

Viktoria Winge

UNDER INNSPELING: Viktoria Winge under innspelinga av musikkvideoen «Fireball».

Foto: Terje Lind Bjørsvik

– Sangen berre datt ned i hovudet, midt på natta eit par dagar etter drapet. Eg synest det var så brutalt. Ho var eit nydeleg menneske, seier den norske musikaren, modellen og skodespelaren Viktoria Winge.

38 år gamle Natalia Strelle frå Russland hadde tidlegare vore kjærast med broren til Viktoria Winge, som hugsar tilbake på fine kveldar ved pianoet saman med broren sin kjærast.

Natalia Strelchenko

STOR PIANIST: Russiske Natalia Strelle var ein ettertrakta konsertpianist før ho døydde.

Foto: NRK

Strelle var godt kjent i det norske musikkmiljøet fordi ho hadde studert ved Norges musikkhøgskole. Ho var ein av få kvinner som gjorde seg merka som konsertpianist. Etter kvart flytta ho til England for å dyrke karrieren si.

I 2015 blei russiske Natalia Strelle, tidlegare Strelchenko, ein del av den dystre statikken av kvinner som har blitt drepne av sine menn. Den 48 år gamle norske ektemannen blei dømt for drapet.

– Ein gripande musikkvideo

Viktoria Winge vil at «Fireball» skal bli noko anna enn ein vanleg singel. Difor har Winge sitt band Moviestar bestemt seg for å gje profitten av salsinntektene til David Lynch-Foundation, ein organisasjonen som hjelper valdsutsette kvinner å overvinne traume med meditasjon.

I løpet av perioden 1990–2014 skjedde det 206 partnerdrap i Norge, viser ein rapport frå Oslo universitetssykehus, og Kripos er bekymra for talet på partnerdrap.

– Eg håper at vi med denne videoen kan gje noko tilbake dei som er offer for vald. Vi håper at videoen kan auke medviten om vald i nære relasjonar, slik at vi kan hjelpe folk til å finne ut korleis dei kan hjelpe seg sjølve, seier Winge.

Då Viktoria Winge og bandet hennar Moviestar saman med regissør Johanna Raita skulle lage musikkvideoen spurte dei nettportalen dinutvei.no til råds. Nettportalen, som blei lansert i fjor, er ein nasjonal vegviser til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap knytt til vald i nære relasjonar.

Gry Stordahl

ROSER VIDEOEN: Gry Stordahl er redaksjonsmedarbeidar i dinutvei.no.

Foto: dinutvei.no

Gry Stordahl i dinutvei.no roser det musikalske initiativet og meiner musikkvideoen når ut til andre menneske enn dei nettportalen til dagleg når ut til.

– Vi ser at merksemd rundt tema vald og overgrep kan vere eit viktig bidrag til at dei som treng det kanskje søker eller får hjelp, seier Stordahl, som synest musikkvideoen gjer eit sterkt inntrykk.

– Det er ein gripande video, som klarer å formidle at vald skjer i alle type heimar. Når ein veit at kvinna, som denne videoen er basert på, faktisk døydde, så gjer det eit sterkt inntrykk, seier Stordahl.

Kulturstrøm

  • 1,3 milliarder falske kontoer

    Nesten 1,3 milliarder falske Facebook-kontoer har blitt deaktivert i løpet av de siste seks månedene, opplyser selskapet. I en uttalelse tirsdag redegjorde Facebook for selskapets standarder mot seksuelle og voldelige bilder, terrorpropaganda og hatytringer. Det uønskede innholdet på Facebook fra januar til mars utgjør mellom 0,22 og 0,27 prosent av det totale innholdet på det sosiale nettverket, som blir brukt av over to milliarder mennesker (NTB).

  • Mari Boine på Stupetårnet

    Under Festspillene i Elverum skal Boine holde Soloppgangskonsert på Stupetårnet i Hamar. Det skjer 11. august – klokken fem om morgenen. Da etterfølger hun førstemann opp i tårnet, Ole Edvard Antonsen, som hadde ideen i 2016 og mente rytmisk musikk fra et stupetårn «passet perfekt». I fjor tro Bugge Wesseltoft og DJ Strangefruit til med det en anmelder kalte «sløv jazz» fra Stupetårnet (NTB).

    Mari Boine på Varangerfestivalen
    Foto: Knut-Sverre Horn / NRK